Hopp til innhold

Klart råd frå veterinær: Puss tennene på hunden helst kvar dag

Så mange som åtte av ti hundar har tannproblem, ifølge veterinær. Rådet er å pusse tennene til dei firbeinte vennene våre.

Fortennenene til Ronja (11 mnd)

KVALPETENNER: Kvalpen Ronja får ein sjekk hos veterinæren.

Foto: Caroline Bergli Tolfsen / NRK

Kvalpen Ronja på 11 månader får ein kontroll av tennene.

– Det er små kvalpetenner. Sylskarpe tenner, som alle har komme ut, seier veterinær Bjørn Erik Østgård ved Fredrikstad Veterinærpraksis.

Akkurat som oss menneske kan hundar og kattar få problem med tennene.

Det kan bli både tannstein, betennelsar, hol og andre problem.

Rådet frå veterinærane er klinkande klart – det held ikkje å pusse tennene ein sjeldan gong.

Veterinær Bjørn Erik Østgård og Ronja (11 mnd)

Veterinær ved Fredrikstad Veterinærpraksis, Bjørn Erik Østgård og Ronja.

Foto: Caroline Bergli Tolfsen / NRK

– Ein gong i veka er litt for lite. Det er ein fordel annankvar dag eller helst gjere det til ein rutine kvar dag, seier Østgård.

Han anbefaler å venne kvalpen til dagleg tannpuss tidleg.

– Begynn gjerne når dei er meir enn fire månader og oppover.

For kattar skal ein også følge med, råder Østgård. Tannpuss gjeld også for dei.

Les også Fortvilet: Folk dumper dyr i esker i vinterkulda

Kenneth Ask

Har du hund heime, kan det også vere lurt med tyggebein i tillegg til tannpussen.

Men:

– Akkurat i overgangen mellom tann og slimhinne kan det vere vanskeleg å få det til å fungere. Og det er best å få bort det plakket som legg seg der. Da er det tannkost som er det beste.

Tannbørste for hund

Tannbørsten er viktig for å passe på tennene til dei firbeinte.

Foto: Caroline Bergli Tolfsen / NRK

80 prosent har tannproblem

Sigbjørn Hesthammer Storli er veterinærspesialist i odontologi. På klinikken i Tønsberg ser han mange dyr med tannproblem.

– Det er dokumentert gjennom vitskaplege studiar at cirka åtte av ti hundar og sju av ti kattar, har ein tilstand som er behandlingskrevjande når det gjeld infeksjon, lidingar eller problem inne i munnen.

Han seier det kan vere alt frå ein mindre alvorleg tannkjøttbetennelse, til meir alvorlege ting der betennelsen har gått ned i røtene på tennene. Dette blir kalla periodontitt.

Sigbjørn Storli

Veterinærspesialist i odontologi, Sigbjørn Hesthammer Storli ved Dyretannklinikken.

Foto: www.jpmfoto.no

– Nokre hundar og kattar er genetisk disponerte for denne tannsjukdommen. Da har det med gena våre å gjere og dei får ein ikkje bytt ut så lett. Men da er det enda viktigare å halde oppe ein god tannhygiene. Da må ein pusse tennene på den firbeinte vennen sin kvar dag, seier han.

Ifølge veterinærane er det ikkje alltid lett å sjå at hunden eller katten har problem med tennene.

Men dårleg ande, at dei berre tygg på den eine sida eller at det er meir tannstein i ei side av munnen, kan vere indikasjonar på at det er noko gale.

Storli anbefaler at ein kontrollerer tennene til hunden eller katten ein gong i året hos veterinær.

Les også Bekymret for manglende kunnskap: – Kaninen ville sultet i hjel uten hjelp

Kanin med lange, skjeve fortenner.

Forskjell på hunderasane

– Det plakket som vi merkar sjølv når vi ikkje har pussa tennene på ein 2–3 dagar,
merkar du at kjem veldig fort på hundar òg, seier Østgård.

– Viss du ikkje fjernar det, så mineraliserer det seg og så får du tannstein.
Og tannsteinen gjer at det blir hardt, ei ru overflate, der det er lettare at bakteriar og sånn festar seg.

Tannstein kan vere ei større utfordring for dei mindre hunderasane, enn for dei større.

Noko av årsaka, er at det er smalare i munnen.

Ronja (11 mnd)

Kvalpen Ronja hadde ingen problem med tennene sine.

Foto: Caroline Bergli Tolfsen / NRK

– Om det er ein liten hund på 2 kilo eller ein stor hund på 80 kilo, så har dei like mange tenner. 42 tenner. Har hunden ein stor og lang kjeve, så står tennene etter kvarandre med godt mellomrom.

Men hos dei mindre hundane blir tennene ofte trykte meir saman.

– Dei blir vridde for å få plass, og da blir det trongt.

Dermed oppstår tannstein og tannløysing oftare, forklarer Østgård. Tannkosten er derfor ekstra viktig for dei små.

Les også Må fjerne død knølhval i Mossesundet: – Det blir ikke så delikat

Tre personer står i vinterlandskap og ser på buken til en død knølhval som stikker opp fra isen.

Les også Sultne rådyr i sprengkulda: – Ser ut til at det vil stryke med en del rådyr

Rådyr i hagen i Sarpsborg.