Hopp til innhold

Isabel var hypokonder: – Eg droppa alle framtidsplanar, eg skulle jo snart døy

I heile barndommen og oppveksten var Isabel Berge (22) sikker på at ho kunne døy når som helst.

Isabel Berge (21)

Det å konstant vere redd for å døy er veldig krevjande. Isabel veit kva ho snakkar om.

Foto: Mirjam Svendsen, NRK

Antakeleg byrja redselen etter at ho vart hasteinnlagt på sjukehus som femåring. Ho hugsar berre små glimt. Feberen var veldig høg, og ho vart henta i ambulanse med blinkande lys og sirener.

– Det stod jo ikkje om livet, men for meg var det så dramatisk. Eg vart så redd at eg kasta opp, seier Isabel Berge.

Isabel Berge

Isabel Berge var eit kreativt barn, som likte å tenkje og undersøkje.

Foto: Elisabeth Svendsen / Privat

Etter dette byrja ho å følgje med på alle signala til kroppen, og etter kvart tolka ho alt som teikn på dødelege sjukdommar. Ho var redd for kreft. For hjerneslag. Og hjarteinfarkt.

– Eg vart ekspert på å lese meg opp på diagnosar. Hadde eg vondt i magen, sjekka eg symptoma. Det kunne jo vere tarmkreft, seier ho.

Men aller mest merksemd fekk hjartet.

– Eg talde hjarteslag heile tida. Gjekk dei for fort? Eller kanskje for sakte?

Når dødsangsten tok overhand, vart ho kvalm og skjelven. Ho kasta opp og fekk ikkje sove. Ofte enda det i panikkanfall.

Heldigvis hadde ho foreldra der. Dei prøvde å roe henne og hjelpe henne til å tenkje logisk:

«Du er eit barn. Du får ikkje hjarteinfarkt når du er ni år», eller «Du kan ikkje ha malaria, for du har ikkje vore i eit område der det finst malariamygg».

Men etter kvart hjelpte det ikkje kva foreldra sa. På det verste var dødsangsten der heile tida.

– Eg droppa alle framtidsplanar, eg skulle jo snart døy, fortel Isabel.

Når foreldra ikkje strakk til, bar det til fastlegen.

– Eg har ikkje tal på kor mange EKG-testar eg har teke.

Som 14-åring fekk ho diagnosen «hypokondri».

– Det var ikkje så overraskande. Eg hadde jo lese meg opp på den diagnosen òg, seier Isabel.

Isabel Berge

Isabel Berge som 14-åring. Ho fortalde berre sine aller næraste om diagnosen.

Foto: Ole Henning Svendsen / Privat

Som ein ladd pistol

Omtrent 50.000 nordmenn lid av hypokondri, eller overdriven helseangst. Det kan vere ein frykteleg tilstand for den som lid av det. Berre ordet i seg sjølv kan av mange opplevast veldig stigmatiserande, fordi folk veit for lite om kva det inneber.

Ingvard Wilhelmsen er lege og professor emeritus med hypokondri og psykiatri som spesialfelt.

– Av andre kan dei oppfattast som sjølvopptekne, men så er dei på ekte livredde. Prosjektet til ein hypokonder er å ikkje døy akkurat no, seier han.

Wilhelmsen samanliknar frykta til hypokonderen med å ha ein ladd pistol mot tinningen, og ikkje vite når han går av.

Ofte går det i redselen for å døy av kreft, hjartesjukdom eller slag.

– Ein begynne å følgje nøye med på signala frå kroppen. Ein lyttar, grublar og tolkar kvart signal som teikn på alvorleg sjukdom, seier Wilhelmsen.

Og så aukar angsten, og angstsymptoma melder seg:

– Du får hjartebank, blir svimmel, og kjenner deg endå sjukare. Og så ber det rett til akuttmottaket.

Respekt skaper tillit

Fastlegane møter folk med helseangst kvar dag, og det er ei fin grense mellom det som er normal bekymring og det som er sjukleg.

– Går det utover funksjonsnivå og fritid, då er det sjukleg, seier Øyvind Stople Sivertsen, fastlege ved Bjølsen legesenter.

Ein viktig føresetnad for at pasientane skal tru på at dei er friske, er tilliten mellom pasient og lege. Og tillit blir etablert over tid. Derfor er det avgjerande at du går til ein lege som kjenner deg.

– Folk med helseangst må møtast med respekt og tid. Ikkje stadig nye undersøkingar, seier Sivertsen.

Pasientane må utrustast med verktøy så dei kan hjelpe seg sjølv:

– I staden for å gi vekevise undersøkingar, må vi gi dei kunnskap om kva eit faresignal er. Vi må gi dei tryggleik nok til å vite når dei skal oppsøkje lege og når det er greitt å halde seg heime.

– Tankar er veldig ofte tull

Dersom redselen for å vere alvorleg sjuk held fram over tid, og forsikringa til legen om at du er frisk ikkje er roande, så har du ein diagnose.

Wilhelmsen, som også driv landets einaste hypokonderklinikk, seier at å prøve å kontrollere døden er å bruke krefter på noko som er umogleg.

– Vi skal alle døy, men ingen av oss veit når eller korleis.

For å komme ut av det, må pasientane få hjelp til å endre haldningane til sine eigne tankar.

– Tankar er veldig ofte tull, derfor må vi skilje mellom kva som er tankar og kva som er verkelegheit, seier han.

Risikoen for at du ikkje vaknar opp i morgon er veldig liten.

– Det er farleg å leve, men i og med at gjennomsnittsalderen for kvinner er 84 år, så er det ikkje farleg, avsluttar professoren.

Søk hjelp

Isabel Berge

Isabel Berge i dag.

Foto: Mirjam Svendsen / NRK

For Isabel var det nettopp hjelp til å snu tankesettet som gjorde kvardagen mykje lettare. Ikkje minst har samtalane med fastlegen og psykologtenester vore avgjerande.

– Viss katastrofetankane melder seg no, seier eg til meg sjølv: «Dette er berre ein tanke akkurat som alle andre tankar». Og: «Det er ikkje oppgåva mi å stille ein diagnose. Det er det legen som skal gjere».

Men, det tek tid. Og ein må øve seg på det.

NRK forklarer

Kva er hypokondri?

Kva er hypokondri?

Kort fortalt

  • Hypokondri er ei angstliding.
  • Blir ofte omtalt som «helseangst», det vil seie angst for eiga helse.
  • Overtydinga om at ein har ein alvorleg sjukdom kan variere. Men overtydinga om at ein er sjuk held seg gjerne trass i gjentekne forsikringar av lege om at ein er frisk.
Kva er hypokondri?

Symptom?

  • For at diagnosen skal stillast må ei rekkje symptom ha vore til stades i minst seks månader, og angsten for å vere sjuk verke hemmande på utdanning, jobb, familieliv eller andre sosiale forhold.
Kva er hypokondri?

Kor vanleg er det?

  • Om lag éin prosent av Noregs vaksne befolkning lid av hypokondri. Det finst truleg mørketal.
  • Dei første symptoma på sjukdommen viser seg oftast i 20-30 årsalderen.
  • Ramma omtrent like mange kvinner som menn.
  • Sjukdommen opptrer ofte samtidig med andre psykiske lidingar, som depresjon, generalisert angstliding, somatiseringsliding og tvangsliding.
Kva er hypokondri?

Kva er årsaka?

  • Alvorleg sjukdom i nær familie, dødsfall eller ein ny livssituasjon, som til dømes å få barn, kan utløyse hypokondriske førestillingar.
Kva er hypokondri?

Korleis kan ein bli kvitt det?

  • Den best dokumenterte behandlingsforma for hypokondri er kognitiv terapi.
  • Grunntanken i terapien er at tankane til menneske i stor grad bestemmer kjenslene og handlingane deira.

 

Kva er hypokondri?

forts. Korleis kan ein bli kvitt det?

  • Hovudmålet er å få personen til å akseptere at det er frykta for å bli sjuk som er problemet. På den måten kan arbeidet med å bli kvitt helseangsten byrje.
  • Deretter er det viktig å lære å tolke signala frå kroppen på ein realistisk måte, og godta at signala ikkje kjem av alvorleg sjukdom.

Kjelde: Folkehelseinstituttet

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)