For kring eit halvt år sidan vart Arne Haugplass svært dårleg, og ekteparet hasta til legevakta. Likevel gjekk det over tre timar frå han kom dit til han fekk behandling. Det var hjerneinfarkt, ein tilstand der rask behandling er kritisk.
– Eg masa og masa på dei i luka, fortel Rita. Utan å vite kva som feila mannen prøvde ho fleire gongar å få han inn til legen.
Meir venting
Da Arne endeleg fekk innpass, vart det bestilt ambulanse frå Moss til akuttmottaket i Fredrikstad. Men personen som skulle få tak i ambulanse bestilte ikkje ein såkalla raud tur - ein hastetur. Difor måtte ekteparet vente endå ein time i uvissa.
– Hadde eg visst kva som feila Arne, så hadde eg kasta han i bilen og køyrt til Fredrikstad sjølv, seier Rita.
No er korttidshukommelsen til Arne øydelagt og mesteparten av synet er mista. – Livet er øydelagt, seier han. Den tidlegare restaurantmannen er no uføretrygda, har mista førarkortet, og kan verken lese bøker eller sjå TV.
På grunn av det dårlege korttidsminnet er Arne fullstendig avhengig av kona, som må passe på alt frå medisintider til betaling av rekningar.
Legevakta i Moss får sterk kritikk. Foto: Silje Østmoe, NRK