Baron Guy de Rothschild med kone og hest
Foto: MARQUETON / AP

Dei var Europas mektigaste

Få familiar har vore meir myteomspunne eller rikare enn Rothschild. No sel dei arvesølvet.

To raude fløyelsstolar til 9 millionar kroner? Eller ein forgylt kommode til 4 millionar?

Desse tinga stod ein gong plassert på eit fransk slott, omgitt av kjendisar som Audrey Hepburn og Grace Kelly. I oktober kan kven som helst by på dei, når auksjonshuset Christie's i New York auksjonerer bort samlinga til den jødiske bankfamilien Rothschild.

Familien har hatt verdas største privateigde formue og verdas største private kunstsamling.

Dei har gitt namn til 153 insekt, 58 fuglar og 1 sjiraff. Dei har finansiert statar og kongehus og bygd jernbaner. Og blitt utsett for tallause konspirasjonsteoriar.

Korleis blei dei så mektige, og kvifor sel dei no?

Rothschild-illustrasjonsbord 1

Familiehistoria

«Alle bankar har ei historie, men berre Rothschild har ein mytologi,» skreiv den britiske historikaren Niall Ferguson i sin biografi over familien.

Rothschild-dynastiet strekkjer seg over 200 år. Historia startar innanfor fire murar.

I 1744 vart Mayer Amschel Rothschild fødd i jødegettoen i Frankfurt am Main.

Judengasse i Frankfurt am Main, ca. 1868

DET FØRSTE HUSET: I Judengasse i Frankfurt am Main, cirka 1868.

Foto: Th. Creifelds

Dei fleste som vaks opp her, levde heile livet sitt på innsida av murane, men Rothschild blei send i lære hos ein forretningsmann i Hannover. Her kom han i kontakt med mange prominente kundar gjennom å selje sjeldne myntar og medaljongar.

21 år gamal kom Rothschild tilbake til Frankfurt, der han bygde opp byens leiande mynt- og antikvitetshandel ved hjelp av bror sin.

Mayer Amschel Rothschild (1743 - 1812)

DYNASTIETS FAR: Mayer Amschel Rothschild (1743–1812).

Foto: Mary Evans Picture

Så starta brødrene det som skulle bli familiens hovudgeskjeft: ein bank.

Her må vi ta ein fot i bakken for å forstå kva Rothschild, då og no, tente alle pengane på. Lars Fredrik Øksendal, professor ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap ved Handelhøgskolen Innlandet, forklarar.

I Noreg tenkjer vi DNB eller Sparebank 1 når vi høyrer ordet «bank», men det er ikkje den verksemda Rothschild eigentleg driv med, seier han.

Rothschild-familien skapte nesten på eiga hand ein ny måte å låne ut pengar på, nemleg den private obligasjonsmarknaden.

Det vil seie at Rothschild utferda verdipapir til folk og institusjonar som trong å låne pengar. Pengane kom ikkje frå Rothschild, men frå investorar som Rothschild skaffa. Rothschild garanterte for lånets sikkerheit, men trong mindre eigenkapital enn ein tradisjonell bank. I tillegg forvalta han formuane til etter kvart ganske så prominente folk.

Det store gjennombrotet kom då han fekk landgreve Wilhelm den 9. som kunde. Rothschild forvalta formuen så bra at landgreven sat igjen med mykje ekstra etterpå, og namnet Rothschild fekk dermed ein klang av eksklusivitet og kvalitet.

Landgreven av Hessen på kontoret til Mayer Amschel Rothschild

GJEVT BESØK: Landgreve Wilhelm den 9. besøker Mayer Amschel Rothschild på kontoret. Biletet er måla av ein tysk kunstnar.

Foto: Moritz Daniel Oppenheim / National Trust

Det Rothschild driv med, er ei form for koplingsverksemd. Det er på mange måtar eit omdømespørsmål. Viss eit lån er tilrettelagt eller garantert av Rothschild, så er det eit uttrykk for kvalitet, forklarar Øksendal.

Frøet var sådd. No venta resten av Europa.

Rothschild-illustrasjonsbord 3

Suksess

I løpet av totre generasjonar blei Rothschild-familien ekstremt mektige og rike.

Mayer Amschel Rothschilds søner vidareførte familieforretninga i fleire europeiske byar éin i London, éin i Paris, éin i Wien, éin i Napoli, og sistemann tok over i Frankfurt.

I 1841 skreiv den tyske poeten Heine: «Pengar er guden av vår tid, og Rothschild er hans profet.»

Rothschild blei synonymt med å vere rik. Historia bak den kjente låten frå musikalen «Spelemann på taket», «Om eg var ein rik mann», heitte eigentleg «Om eg var ein Rothschild».

Familien figurerte i avisene, og folk let seg fascinere av dei, kanskje fordi det også var eit slør av mystikk rundt Rothschild. For eksempel fekk dei berre gifte seg med andre i slekta, for å hindre at makta over selskapet fall ut av familiens hender. Dei hadde òg sitt eige familieskjold og -ordtak, som ein ekte adelsfamilie. «Harmoni, integritet, flid.»

Rothschilds familieskjold

FAMILIENS ORDTAK: På latin.

Foto: Rothschild / Lisens: CC BY SA 3.0

Ved inngangen til 1900-talet hadde Rothschild-familien verdas største privateigde formue. Dei blei kalla «den jødiske kongefamilien», og dei la seg til ein livsstil som passa kallenamnet.

I løpet av 100 år bygde dei 60 slott og hus rundt omkring i Europa. Hit inviterte dei fasjonable gjestar på revejakt, fest og middag.

Mrs. Monique de Rothschild på revejakt

PÅ REVEJAKT: Mrs. Monique de Rothschild var einaste kvinne i denne jaktgruppa i 1971. Ho var kjent for å vere ein habil rytter og jeger.

Foto: Zuma press

Dei konkurrerte i heste-og billøp, og dei fekk musikk dedisert til seg av komponistar som Chopin og Rossini.

I tillegg til handels- og bankverksemda, var familien engasjert i velgjerd, kunst og vitskap. Dei har difor mange hus, gater og dyr oppkalla etter seg. Til og med ei øy i Antarktis.

Eit britisk medlem av familien, baron Lionel Walter Rothschild, er i stor grad ansvarleg for at Rothschild-namnet fann sin veg inn i dyreriket.

Lord Walter Rothschild med sebraer

DYREVEN: Lord Walter Rothschild med sebraer som trekkhestar i England.

Foto: American Library of Congress

Han lagde eit zoologisk museum i sin eigen hage i England, med alle slags eksotiske dyr, og denne hagen høyrer i dag til Natural History Museum i London. Rothschild var ein dyktig forskar, og på grunn av innsatsen for dyreriket blei 58 fuglar, 153 insekt og 3 edderkoppar oppkalla etter han.

Eit fransk medlem av slekta, Maurice de Rothschild (18811957), var oppdagar i Etiopia og Aust-Afrika og sikra at også ein sjiraff blei oppkalla etter familien.

Rothschild giraffe

EIN ROTHSCHILD-SJIRAFF: Ein av verdas mest truga artar av sjiraffar. Akkurat denne sjiraffen blei fødd i 2013 på eit zoologisk senter i Connecticut, USA.

Foto: Reuters

Å gå rundt i slotta deira var som å bevege seg i eit museum. Familien hadde nemleg bygd opp verdas største private kunstsamling. Delar av denne blir selt hos Christie’s 11. oktober.

Rothschild-illustrasjonsbord 2

Kunsten på slottet

Rothschild tente store pengar, men brukte dei, også.

Tinga som går på auksjon no, tilhøyrde den franske delen av familien. James og Betty Rothschild skapte ei samling som kunne samanliknast med dei hos kongefamiliar og italienske prinsar. Kunsten vart plassert på slottet Ferrières utanfor Paris.

Slottet Ferrières

SLOTTET MED ALL KUNSTEN: Ferrières. «Ingen konge har råd til dette! Det kan berre tilhøyre ein Rothschild,» sa keisar Wilhelm då han besøkte slottet.

Foto: Hervé Champollion / akg-images

Auksjonskatalogen gir eit innblikk i korleis det kunne sjå ut i Rothschilds fasjonable hus.

1600-1650, PROBABLY PARIS OR FONTAINEBLEAU

FISK: Ei sisterne til vasken? Denne er laga i Frankrike mellom 1600 og –1650. Blei også konfiskert av nazistane under krigen, før ho blei tilbakelevert til Rothschild-familien.

A FRENCH RENAISSANCE DIAMOND-SET AND ENAMELED GOLD BADGE OF SAINT MICHAEL AND THE DRAGON

SANKT MIKAEL OG DRAKEN: Ei brosje i diamantar og gull datert til første halvdelen av 1500-talet. Konfiskert av nazistane i 1940, tilbakelevert til Rothschild-familien seinare.

A MONUMENTAL ORMOLU MOUNTED HARD STONE CABINET ON STAND

GULLFORGYLT: Dette kabinettet blei opphavleg bestilt av det som var Europas mektigaste familie før Rothschild: Medici-familien i Firenze. Stod plassert på Rothschilds slott Ferrières.

A PAIR OF LATE LOUIS XV GILTWOOD AND WHITE-PAINTED FAUTEUILS

STOLAR: Datert til 1770-71. Tilhøyrde Madame du Barry, kongeleg elskarinne til Louis den 15., deretter kjøpt av Rothschild. Verdivurdering: Mellom 6,5 og 10,8 millionar kroner.

A GERMAN SILVER-GILT MOUNTED NAUTILUS CUP AND COVER

LUKSURIØS KOPP: Lagd i 1602-1606 i Augsburg, Tyskland, med element frå Kina på 1500-talet.

AN HISPANO-MORESQUE EARTHENWARE BLUE AND LUSTRED CHARGER

TALLERKEN: Cirka 1435-1460, Valencia. Ørna med krone på i midten er emblemet til Romarriket.

A DERUTA MAIOLICA ‘BELLA DONNA’ PLATE

TALLERKEN 2: Lagd av Nicola Francioli cirka 1520-30. Tilhøyrde baron Alphonse de Rothschild (1827–1905), gjekk deretter i arv, konfiskert av nazistane og tilbakelevert til familien etter krigen.

A LOUIS XV GILT-BEECHWOOD CANAPE, ATTRIBUTED TO NICOLAS HEURTAUT, CIRCA 1760

SOFA: Lagd for Louis den 15. i kvit og raud silke.

A ROMAN SARDONYX CAMEO PORTRAIT OF THE EMPEROR CLAUDIUS

MINI-PORTRETT: Portrettet av keisar Claudius stammar frå antikken. Mange slike portrett blei seinare montert om til smykke, her av ein tysk kunstnar cirka 1593-1596. Konfiskert av nazistane under 2. verdskrigen.

«Ingen pris er for høg når ein jaktar på dei store meisterverka,» sa eigaren av tinga, James Rothschild. Han var bankmann for den franske staten.

Forfattaren Edmund de Waal skildrar slottet slik i boka «Haren med øyne av rav»: «Fremfor alt var det mye gull: gull på møblene, på billedrammene, på vinduskarmene, i billedteppene, og omkring – overalt – så man Rothschild-familiens forgylte symboler.»

Så flott og omsverma var stilen til familien, at han fekk eit eige namn. «Rothschild-stilen» var kjenneteikna av, i tillegg til gull, brokade, luksuriøse materiale som fløyel og ein djup raudfarge.

Hotel Rothschild i Paris

STILEN: Gull, gull, gull. Sett på Hotel Rothschild i Paris.

Foto: Erich Lessing / akg-images

På slottet hadde familien på 1950- og -1960-talet famøse maskeradeball med spesialbestilte kostyme frå designaren Yves Saint Laurent. Gjestane var blant anna filmstjerna Audrey Hepburn, songaren Liza Minnelli og fyrstinna av Monaco, Grace Kelly.

Audrey Hepburn & Baron Guy de Rothschild i 1964

GALLA-MIDDAG: Baron Guy de Rothschild og filmstjerna Audrey Hepburn på ein av familiens festar i 1964.

Foto: Keystone Pictures USA / Zuma press

Livet deira var omgitt av kunst, men livsstilen blei også ein form for kunstverk. Antrekka, musikken, kva stol dei sat i når dei las avisa.

Men synlegheita hadde ein pris. Som jødisk familie blei Rothschild offer for konspirasjonsteoriar og krig.

Konspirasjonsteoriar

Den første konspirasjonsteorien om familien daterer seg heilt tilbake til 1846. Då blei følgjande historie presentert i ein antisemittisk pamflett som fekk stor sirkulasjon i Europa: at Rothschild hadde tent formuen sin på blodbadet ved slaget ved Waterloo i 1815.

Slaget ved Waterloo, ein belgisk landsby, stod mellom Napoléon Bonaparte på den eine sida og britane og prøyssarane på den andre sida. Napoleon tapte, og slaget enda napoleonkrigane.

Måleri av Napoleon Bonaparte

NAPOLEON: Tapte slaget ved Waterloo 18.juni, 1815.

Foto: Paul Delaroche / Ap

Kva var så Rothschilds rolle i dette?

Skribenten av pamfletten hevda at Nathan Rothschild, son av Mayer og grunnleggjar av familiens bank i London, hadde vore ved Waterloo, observert og venta på at franskmennene tapte, før han hasta tilbake til England. Der skal han, 24 timar før nyheita om slaget blei kjent, ha gjort investeringar på børsen for å kapitalisere på blodbadet. Skribenten hevda at Rothschild tente 20 millionar franc på investeringa, ein enorm sum på den tida.

Nathan Mayer Rothschild (1777–1836)

SJEF FOR LONDON-BANKEN: Nathan Mayer Rothschild (1777–1836) blei utsett for konspirasjonsteorien om slaget ved Waterloo.

Foto: Moritz Daniel Oppenheim / Rothschild Collection 𝒲.

Konspirasjonsteorien har levd vidare og blitt vist til i leksikon, bøker og filmar, heilt inn i vår tid. Men i 2015 beviste den britiske avisa The Independent at historia nettopp var ein antisemittisk konspirasjonsteori, ved å gå opp spora i gamle kjelder. Rothschild var aldri på slagmarka, han var ikkje den første som kom med nyheita om slaget og han ville ikkje hatt tid eller moglegheit til å oppnå denne enorme summen på børsen. Han kan ha tent nokre pengar på slaget, men det gjorde også tallause andre investorar. Rothschild blei forfølgt fordi han var jødisk, av ein antisemittisk skribent.

Ei heilt fersk bok, «Jewish Space Lasers – The Rothschilds and 200 Years of Conspiracy Theories» tar for seg konspirasjonsteoriane rundt familien. Her skriv forfattaren, Mike Rothschild (som ikkje er i slekt med den rike familien – det finst fleire familiar med namnet), at Rothschild-familien ofte har blitt skulda for å profittere på å gi ut lån til begge sider i ein krig, når dei i verkelegheita stod på sida og såg to statar som dei hadde som kundar, gå til krig mot kvarandre.

Under 2. verdskrigen tiltok konspirasjonsteoriane.

Krigen

Antisemittismen heldt fram med å forfølge familien utover 1900-talet, då nazistane tok makta og starta folkemordet på jødane – Holocaust.

Forfattaren Mike Rothschild skriv at familien blei spesielt utpeikt som propagandasymbol for å dehumanisere jødane. Hitler namngav familien i talane sine. Han hevda dei kontrollerte verdspressa og hadde skulda for Tysklands økonomiske og militære uføre. Ingen av delane hadde rot i verkelegheita.

Nazistane produserte ein eigen propagandafilm i 1940, der Rothschild-familien blei portrettert som vondskapsfulle jødar på jakt etter gull, koste kva det koste ville, knytt til slaget ved Waterloo. «Rothschild» blei vist på kinoar også i det nazi-okkuperte Noreg.

I dag florerer dei antisemittiske konspirasjonsteoriane vidare på Internett.

Familien har stort sett svart med stillheit.

For å redde livet måtte familien flykte under 2. verdskrigen. Mange av dei enda opp i USA. Den austerrikske delen av familien blei tvinga til å selje banken i Wien grovt under verdi til nazistane. Husa og slotta til familien rundt omkring i Europa blei okkuperte og plyndra, og den store kunstsamlinga fordufta i det som er eit av dei største og mest organiserte rana i kunsthistoria.

Denne kommoden, som no blir auksjonert bort for rundt fire millionar kroner, blei konfiskert av nazistane i 1940, øyremerkt for Hitlers museum i Linz. Kommoden var deretter innom eit kloster og ei saltgruve for lagring, før han blei oppdaga av amerikanske soldatar etter krigen og tilbakeført til familien Rothschild.

TATT: Denne kommoden, som no blir auksjonert bort for rundt fire millionar kroner, blei konfiskert av nazistane i 1940, øyremerkt Hitlers museum i Linz. Kommoden var deretter innom eit kloster og ei saltgruve for lagring, før han blei oppdaga av amerikanske soldatar etter krigen og tilbakeført til familien Rothschild.

Faksimile: CHRISTIES

Nesten 4000 kunstverk i familiens eige vart tatte – mange av luftvernminister og kunsttjuv nummer éin, Hermann Göring, som gav enkelte av verka vidare til Hitler. I tillegg kom møblar, smykker og andre verdifulle eigedelar.

Rothschild-illustrasjonsbord 4

Søksmål og drama

Etter krigen kjempa familien for å få tilbake forretningane, husa og eigedelane sine. Som for mange andre jødar, tok det lang tid. Mykje gjekk tapt for alltid. Men i 1999 måtte den austerrikske staten tilbakelevere kunst verd 40 millionar dollar til familien.

Familieselskapet hadde krympa, og samtidig lukkast ikkje familien i USA med å ta over marknaden der på same måten som i Europa. Evelyn de Rothschild, tidlegare leiar av London-banken, har seinare sagt at dette var ein grov feil frå familiens side.

På 1970-talet sat familien på ein liten bank i London, ein i Paris og ein i Sveits. I 1981 nasjonaliserte den franske regjeringa alle landets bankar, for å ta landet i ei meir sosialistisk retning, og dermed forsvann også familiens bank i Paris. Framtida såg mørk ut for Rothschild.

Baron Guy De Rothschild på ei pressekonferanse i London-banken i 1967

LONDON-BANKEN: Baron Guy de Rothschild held pressekonferanse i 1967.

Foto: Keystone Features/Hulton Archive / Getty Images

Men David Rothschild, fødd i 1942, starta eit nytt selskap for å kompensere for banken i Paris. Han fekk søskenbarnet som dreiv firma i Sveits til å investere, og vice versa. Etter kvart fekk David store kundar, som British Airways, inn i stallen.

Klangen av Rothschild-namnet funka framleis, og i den nye banken i Paris jobba Emmanuel Macron – mange år før han blei president i Frankrike.

Emmanuel Macron og David Rothschild, 2019

GAMLE KOLLEGAER: Emmanuel Macron og David Rothschild, her sett på eit arrangement i 2019.

Foto: Ludovic Marin / AFP

Før Murdoch-familien og TV-serien «Succession» fanst Rothschild-familien. Og sjølvsagt har det vore søksmål og kamp om familienamnet, ettersom familien etter kvart var delt i mange forskjellige land.

Den eine delen hadde samla London- og Paris-bankane i eitt selskap, Rothschild & Co. Men på dette tidspunktet blei den sveitsiske delen av familien bekymra. Dei sat allereie på eit selskap med namnet Edmond de Rothschild og frykta at familien ein dag skulle miste kontroll over Rothschild & Co. Då ville det verst tenkjelege kunne skje, nemleg at nokon utanforståande overtok familienamnet.

Den sveitsiske familien saksøkte difor Rothschild & Co. Etter tre år med rettsgang fram og tilbake blei selskapa einige. Ingen fekk bruke Rothschild-namnet åleine, dei måtte bruke heile forretningstittelen på nettsider og liknande. Saman skulle dei jobbe for å beskytte familienamnet i finanssektoren.

I dag tar familien nye grep for å bevare namnet Rothschild.

Rothschilds slott

Nye 200 år?

18. september kjøpte familien ut dei andre aksjonærane i Rothschild & Co. og tok selskapet av børsen. Professor Lars Fredrik Øksendal ved Handelshøgskolen Innlandet forklarar kva valet inneber.

Det handlar om å bli mindre avhengig av marknaden og kunne fokusere på langsiktig vekst.

Han forklarar at ein typisk treng marknaden for å få ein pris på eit selskap, men at viss perspektivet er at ein skal eige selskapet til evig tid, så treng ein ikkje prisen.

Det interessante her, meiner Øksendal, er at Rothschild går mot den typiske trenden i familieselskap.

Normalforløpet for eit familiefirma er at det blir starta opp av gründerar, ein får etter kvart inn nye eigarar, og familien sel seg ut. Til slutt har ein berre igjen eit familienamn på selskapet, der familien i beste fall er perifere minoritetsaksjonærar. Rothschild, derimot, tar selskapet tilbake i familiens kontroll.

Rothschild-familien samla i 1994

MYSTISK: Rothschild-familien gir sjeldan intervju. Her er ein stor del av familien samla til 250-årsjubileet i 1994 i Frankfurt am Main.

Foto: Régis Bossu / Getty Images

Korleis står familieselskapet seg i dag, samanlikna med tidlegare?

Øksendal meiner Rothschild som namn i internasjonal finans var vesentleg sterkare på 1800-talet enn i dag.

Eg trur ikkje det skuldast at Rothschild har blitt mindre viktig, men at finans som sektor har vakse så veldig at den reelle betydninga er mindre. Men familien er myteomspunnen, så dei har ein ekstra aura som andre aktørar ikkje har, seier Øksendal.

Han forklarar at marknadsverdien til DNB, for eksempel, er åtte gongar så stor som den til Rothschild & Co., men at det som er fantastisk med Rothschild, er kor lenge dei har greidd å overleve.

I utgangspunktet er det eit mirakel at ein bank greier å bli 200 år. At ein familiedriven bank då greier å bli over 200 år, det er sjeldan.

Rothschild & Co. er verdas eldste investeringsbank.Øksendal framhevar ein «kombinasjon av ekstremt tilpassingsdyktigheit og overlevingskraft».

På sett og vis kan det verke som om familien er på veg inn i ein ny gullalder. I dag opererer Rothschild & Co. i 40 land og tilbyr rådgjevings- og konsulenttenester og forvalting av rikdomen til store institusjonar og styrtrike privatpersonar.

Alexandre de Rothschild

SJEFEN: Alexandre de Rothschild er styreleiar for Rothschild & Co. i dag.

Foto: Bloomberg via Getty Images

I tillegg til å halde fram med obligasjonar finn dei stadig nye jaktmarker, som å produsere vin i Kina, for Kina. Det er ein heilt ny marknad som familien satsar på at skal bli «big business».

Rothschild-vin på auksjon

VIN PÅ AUKSJON: Familien har lenge produsert vin, men no satsar dei også i Kina. Her frå ein tidlegare auksjon i Hong Kong, 2011.

Foto: LAURENT FIEVET / Afp

Namnet Rothschild held framleis fram med å fascinere, såpass at det opnar dører for svindlarar som brukar namnet. Folk gløymer å stille spørsmål, dei er berre overlukkelege over å kunne vere nær ein Rothschild. Ein slik svindlar kom seg inn i den eksklusive medlemsklubben Mar-a-Lago til tidlegare president i USA, Donald Trump, i 2022. «Anna Rothschild» hevda at ho tilhøyrde den russiske greina av familien (som ikkje eksisterer).

Faksimile av sak om svindlaren Anna Rothshcild
Faksimile: Pittsburgh Post-Gazette

Rothschild blir også stadig vist til i populærkulturen, seinast i den nye sesongen av TV-serien «Babylon Berlin» og i ein låt av rapparen Drake.

Nicky Hilton Rothschild og James Rothschild på Oscar-utdelinga i 2020

PAR: Det nyaste tilskotet til familien er Nicky Hilton, syster av Paris og hotellarving, som gifta seg med sjuande generasjon Rothschild, James.

Foto: Evan Agostini / AP

No vil familien modernisere seg og gjere seg klar for nye tider. Totalt 600 ting, flesteparten i seg sjølv verd mange millionar, blir auksjonert bort i ein serie av auksjonar. Auksjonshuset Christie's opplyser at grunnen til at familien sel arvesølvet, er at nye generasjonar moglegvis er lei av den gamle stilen.

Dermed kan andre folk med pengar skaffe seg ein liten flik av namnet Rothschild – og europeisk historie.

COVERS AND STANDS (TERRINES ET PLATEAUX)

PORSELEN-SETT: Frå 1762. Kjøpt av baron Alphonse de Rothschild (1827–1905), gjekk deretter i arv. Konfiskert av nazistane i 1940, funne igjen av amerikanske soldatar og returnert til familien i Frankrike i 1946.

Foto: Christie's Images Limited

Anbefalt vidare lesnad: