Familien Murdoch. Rupert og Anna og datteren Elisabeth (foran). James og Lachlan i armene til sine foreldre.
Foto: David Graves / REX / NTB SCANPIX / Shutterstock editorial

Den ekte familien bak «Succession»

I denne saka får du 7 likskapar mellom den fiktive familien Roy og Murdoch-dynastiet.

Siste sesong av «Succession» er godt i gang, og HBO-serien om den styrtrike familien Roy når stadig nye sjåarar over heile verda.

Serieskapar Jesse Armstrong hevdar at dramaet er inspirert av fleire ulike personar, men det herskar liten tvil om at det i all hovudsak er snakk om ei tydeleg inspirasjonskjelde – nemleg den styrtrike mediemogul-familien Murdoch.

Familien Murdoch er kjent for å vere ein av verdas mektigaste, og har direkte eller indirekte påverka fleire storpolitiske avgjerder i Europa og USA dei siste tiåra. Serieskaparen har vore fascinert av familien i lang tid, og skreiv allereie i 2009 eit filmmanus med tittelen «The Murdochs».

The Murdochs / Jesse Armstrong

Filmen vart aldri laga. Moglegvis fordi ingen produsentar hadde mot til å yppe med makta på den måten. Jesse Armstrong begynte i staden å skrive ein serie med svært lik tematikk, og sommaren 2018 rulla den første episoden av «Succession» over TV-skjermane.

Serien har sidan vunne ein haug med prisar, og spesielt den siste sesongen har fått fleire kritikarar til å skildre han som ein av verdas beste. (Roleg no, det kjem ingen spoilerar frå sesong 4 i denne saka.)

Om du følgjer dramaet eller ikkje, har du sikkert fått med deg at «Succession» er inspirert av Murdoch-dynastiet. Men kor mykje er eigentleg likt?

Vi har gått serien nærmare etter i saumane, og presenterer hermed sju slåande likskapar mellom fiksjonen og verkelegheita.

Patriarkane

Rupert Murdoch og Logan Roy (Brian Cox).

FEDRAR: Rupert Murdoch og Logan Roy.

Foto: NTB SCANPIX og Craig Blankenhorn HBO

«Successions» serieunivers krinsar rundt familiens midtpunkt og overhovud, Logan Roy (Brian Cox). Rolla har fleire likskapar med Murdoch-dynastiets gudfar Rupert Murdoch.

Begge er eldre menn med skrøpeleg helse, begge har bygd seg opp frå små kår til å bli to av dei mektigaste mediebaronane i verda, begge støttar den politiske høgresida i USA, og ikkje minst: ingen av dei har peikt ut ein klar arvtakar til å styre familieverksemda vidare.

Mediehusa

ATN News

NYHEITER: Mykje av handlinga i «Succession» krinsar rundt den familieeigde TV-kanalen ATN.

Foto: HBO

Logan Roy og Rupert Murdoch eig kvar sine mektige medieimperium.

Førstnemnde eig Waystar Royco-konsernet, som mellom anna består av fleire store riksaviser i Europa og USA, i tillegg til den amerikanske TV-kanalen ATN.

ATN har fleire likskapar med Rubert Murdochs Fox News, som har vore ein del av familiens verdsomspennande konglomerat: News Corp.

Arvingane

Likskapen mellom Roy- og Murdoch-familien blir verkeleg slåande når vi ser på arvingane til dei to patriarkane. Rupert Murdoch har rett nok to fleire barn enn Logan Roy, men elles er det svært mykje likt.

Lat oss begynne med dei to eldste.

Prudence Murdoch og Connor Roy (Alan Ruck)

ELDST I FLOKKEN: Prudence Murdoch MacLeod og Connor Roy.

Foto: NTB Scanpix og Macall B. Polay / HBO

Connor er Logan Roys eldste barn frå hans første ekteskap. I serien har sonen inga interesse for business, og er heilt kopla av maktkampen mellom dei tre andre barna.

Rupert Murdoch har også eit barn frå sitt første ekteskap, dottera Prudence. I likskap med Connor har ho i stor grad halde seg vekke frå farens businessimperium, og er ikkje direkte involvert i drifta av konsernet.

Begge har uansett nok til salt i grauten. I serien finansierer Connor sin eigen presidentvalkamp. Prudence har ifølge Financial Review i 2019 ei formue på over 3 milliardar dollar.

Lachlan Murdoch og Kendall Roy (Jeremy Strong)

FAVORITTAR TIL Å TA OVER TRONA: Lachlan Murdoch og Kendall Roy.

Foto: NTB SCANPIX OG Macall B. Polay / HBO

Kendall er Logan Roys eldste son frå hans andre ekteskap. I starten av serien jobbar han som organisasjonsdirektør i farens konsern, og blir av mange sett på som arvtakaren til dynastiet. Når faren blir alvorleg sjuk, prøvar Kendall å kuppe makta. Men den dristige planen går heilt skeis når faren kjem til hektene igjen, og Kendall må etter kvart forlate familiedrifta.

Lachlan er Rupert Murdochs eldste son frå hans andre ekteskap. Han vart også sett på som arvtakar, og hadde ein leiande posisjon i News Corps styre då han plutseleg sa frå seg stillinga si i 2005. Grunnen til avgangen skal ha vore usemje med andre styremedlemar angåande framtida til fleire av familiens TV-kanalar, der faren valde å ikkje støtte sonens ønskjer.

Lachlan kom tilbake til familiedrifta ni år seinare. Om Kendall Roy følgjer same skjebne, er framleis uvisst.

Elisabeth Murdoch og Siobhan Roy (Sarah Snook)

DEI DYKTIGE DØTRENE: Elisabeth Murdoch og Siobhan Roy.

Foto: NTB SCANPIX og David Russell / HBO

Logan Roys einaste dotter heiter Siobhan, men blir som regel berre kalla «Shiv». I starten av serien jobbar ho som politisk rådgjevar for ein amerikansk senator, og er dermed ikkje ein del av drifta til konsernet.

Når faren freistar med å gjere ho til arvtakaren sin i familieverksemda (noko som viser seg å vere eit tomt løfte), blir ho derimot engasjert i drifta. Før ho etter kvart forsvinn ut igjen. Av søskena står ho fram som den mest sjølvstendige, og den med mest orden i sysakene.

Elisabeth Murdoch er Ruperts dotter frå hans andre ekteskap. Ho har vist seg å vere ei svært dyktig businesskvinne, og har i likskap med «Shiv» vore inn og ut av farens konsern. Når ho ikkje har vore under farens vengar, har ho mellom anna starta produksjonsselskapa «Shine» og «Sister», som har produsert seriar som «The Biggest Loser», «MasterChef» og «Chernobyl».

James Murdoch og Roman Roy (Kieran Culkin)

REBELLANE: James Murdoch og Roman Roy.

Foto: NTB SCANPIX og Graeme Hunter / HBO

Roman er Logan Roys yngste son og rebellen i familien. I serien får vi vite at han har jobba i farens produksjonsselskap, som lagar filmar med høge budsjett for dei store folkemassane.

James Murdoch er Ruperts yngste son, og har også ei fortid i familiens produksjonsselskap, som administrerande direktør i 21st Century Fox. I likskap med Roman var han i ungdomen kjent som det svarte fåret i familien.

Både James og Roman har vore djupt involvert i nokre av dei største skandalane til familieselskapa. Dette kan du lese meir om i del 6, «Skandalane».

Konkurrentane

Rhea Jarrell (Holly Hunter) og Nan Pierce (Cherry Jones)

MATRIARKEN: Nan Pierce (til høgre) er overhovud for ein av familien Roys største konkurrentar.

Foto: HBO / Peter Kramer

I «Succession» møter vi også familien Pierce, som eig det rivaliserande mediekonsernet PGM. Pierce skil seg ut frå Roy-familien på fleire måtar. Medan Roy er relativt nyrike, kjem Pierce frå gamle pengar. Dei vender seg mot den politiske venstresida, medan Roy satsar tungt mot høgresida.

I den verkelege verda er det lett å dra parallellar til Sulzberger-familien, som har eigd og drive avisa New York Times sidan 1800-talet. Avisa har vore ein klar konkurrent og motpol til Murdoch-eigde Fox News, noko som har vore tydeleg i dei siste amerikanske valkampane.

Det finst også likskapar mellom Pierce og familien Bancroft. Dei eigde avisa Wall Street Journal over fleire generasjonar før Murdoch kjøpte ho i 2007.

Politisk innflytelse

Presidentkandidat Donald Trump snakker med Rupert Murdoch i 2016.

VENNAR MED MAKT: Rupert Murdoch og Donald Trump.

Foto: Carlo Allegri / Reuters / NTB Scanpix

Sjølv om vi aldri verken får sjå eller vite namnet på presidenten i «Succession», anar vi at det er ei nær kopling mellom Logan Roy og USAs øvstkommanderande. Dei snakkar saman i telefonen, og Logan hevdar at TV-kanalen hans bidrog til å få han vald som president. I sesong 3 blir det dårleg stemning mellom dei, og Logan får kanalen sin til å angripe presidenten med kritiske nyheiter.

I Storbritannia har Murdoch-avisa The Sun vore ein svært viktig faktor i den britiske valkampen. Om vi ser vekk frå David Camerons siger i 2010, har avisa sin favoritt til å bli ny statsminister vunne valet kvar gong sidan 1970-talet.

I 1992 var leiaren for det britiske arbeidarpartiet, Neil Kinnock, storfavoritt til å vinne valet, men The Sun ville det annleis. På valkampdagen var overskrifta på framsida: «Om Kinnock vinn i dag, kan den siste personen som forlèt Storbritannia vere vennleg og skru av lyset?»

Kinnock tapte valet, stikk i strid med alle prognosar og meiningsmålingar. Morgonen etter tok The Sun æra for valresultatet med denne freidige overskrifta: «It's The Sun Wot Won It».

The Sun backer Tony Blair på front i 1992.

EIN GLAD GUT: The Sun støtta også Tony Blair i valkampen om å bli statsminister i Storbritannia. Blair er passande nok også gudfar til Rupert Murdochs nest yngste dotter, Grace.

Foto: ANDY STYCZYNSKI/SUN / AP / NTB Scanpix

I USA er det ei kjent sak at Murdoch og Donald Trump har hatt direkte kontakt på telefon gjennom presidentperioden, og at Fox News har fått ein heilt eigen tilgang til presidenten samanlikna med alle andre mediehus.

I desse dagar får relasjonen mellom Trump og Fox News svært mykje omtale; Murdoch er nemleg innblanda i ei rettssak som kan vise seg å bli ein av dei største skandalane i familiens historie.

Skandalane

Demonstrasjoner utenfor Fox News.

DEMONSTRASJONAR: Fox News er for mange ein kontroversiell TV-kanal, og har vore i hardt vêr fleire gongar.

Foto: DREW ANGERER / AFP / NTB SCANPIX

Verken Roy- eller Murdoch-familien har vore framand for å tråkke over lik for å oppnå astronomisk suksess.

Mot slutten av «Successions» første sesong får Roman ansvar for ei rakettoppskyting av eit av TV-selskapa sine satellittar i Japan. Han prøvar å få oppskytinga klar til søstera sitt bryllaup, og tar dermed ikkje alle tryggleiksrutinar på alvor. Raketten endar opp med å eksplodere på utskytingsrampa.

I sesong 2 må Logan og eldsteson Kendall møte i retten etter at Waystars cruiseskip-selskap har blitt skulda for å skjule ein rapport som melder om seksuell trakassering, overgrep og mogleg drap.

Logan og Kendall Roy i retten i Succession, og James og Rupert Murdoch i retten i London.

RETTSSAK: Både Roy- og Murdoch-familien har førstehandskjennskap med rettssalar.

Foto: HBO / DAVID MOIR / REUTERS

Scena frå rettssaka kan minne om då Rupert og yngsteson James måtte møte i retten i 2011. Då hadde den Murdoch-eigde britiske tabloidavisa News of the World blitt skulda for å hacke fleire telefonar. Kjendisar, politikarar og medlemar av kongefamilien var blant dei som hadde blitt hacka. Det heile enda med at avisa vart lagt ned, og James måtte trekke seg som administrerande styreleiar for Murdochs britiske aviser.

I mars 2021 vart Fox News saksøkt av Dominion Voting Systems for 1,6 milliardar dollar. TV-selskapet er skulda for å spreie falske påstandar om at Dominions stemmemaskiner hadde blitt tukla med under det siste amerikanske presidentvalet.

Det har kome fram fleire meldingar som beviser at Rupert Murdoch og fleire journalistar i Fox News visste at skuldingane var falske, men at dei likevel heldt fram med å spreie dei, i frykt for å miste sjåarar.

Påstandane om at stemmene hadde blitt manipulert var med på å bygge opp under Donald Trumps narrativ om at valet hadde blitt stole, som igjen førte til storminga av den amerikanske kongressbyggninga, 6. januar 2021.

Rettssaka mot Fox News begynner 17. april 2023 i delstaten Delaware, og varer i fem veker.

Å selje eller ikkje selje?

Roy-søskenene Siobhan (Sarah Snook), Roman (Kieran Culkin) og Kendall (Jeremy Strong) har inngått en meget skjør allianse i begynnelsen av sesong 4.

FRAMTIDA: Siobhan, Roman og Kendall Roy diskuterer noko viktig.

Foto: HBO

Godt ute i siste sesong av «Succession» er Waystars og Roy-familiens framtid framleis svært uviss. Blir selskapet seld, og om ikkje, kven av ungane kjem i så fall til å ta over styringa?

Rupert Murdoch selde det meste av 21st Century Fox til Disney for 71,3 milliardar dollar i 2017. Dermed er det berre ein liten del av familiedynastiet som står att, mellom anna Fox News, som blir kalla Murdochs hjartebarn.

Ifølge magasinet Vanity Fair er stemninga amper i Murdoch-familien. Brørne James og Lachlan er ikkje på talefot, og James skal vere svært kritisk til drifta av selskapet og spesielt Fox News.

I dag er det berre eldsteson Lachlan som er igjen saman med faren i familiedrifta, men alle dei fire eldste barna har lik stemmerett i styret. Når 92 år gamle Rupert Murdoch ein dag døyr, vil verda følgje spent med.

Hei!

Har du nokre tankar om denne saka, eller tips til andre historier vi burde sjå på? Send meg ein e-post! Resten av NRK Kulturs langlesingar finn du her

Anbefalt vidare lytting og sjåing:

NRK møtte Brian Cox, som spiller Logan Roy i TV-serien Succession.

NRK møtte Brian Cox, som spelar Logan Roy i «Succession».