Mysteriet med det delte måleriet

OSLO (NRK): Det hang hos museet i 200 år. Så oppdaga dei at halvparten mangla.

Nasjonalmuseet, juli 2016:

Ein av museets tilsette kom hastande inn i kjellaren der kostbar kunst låg spreidd utover. Han hadde blitt tilkalla for å filme noko heilt spesielt.

Midt i rommet sat ei kvinne bøygd over eit bord i djup konsentrasjon. I handa hadde ho ein bomullspensel. Forsiktig førte ho han over eit gamalt, skjørt måleri.

Kvinna, som heiter Satiness Eisele, har ansvar for å ta vare på dei gamle måleria til museet. Reinsinga er ein rutinejobb som sjeldan byr på store overraskingar.

I dag var eit unntak. Som på eit flakslodd skrapa ho fram nye detaljar i biletet.

Ho såg opp på kollegaen som for nokre sekund sidan hadde hasta inn i rommet.

– Sjå på dette.

Ei fruktkorg med lubne eple og spreke ferskenar stirte opp på dei. Det høgre hjørnet av måleriet hadde nettopp vore dekt av svart lakk, men no viste det fram eit halvt kirsebær.

Merkeleg. Kva meir låg under lakken?

Kameraet kom på, og Satiness pussa vidare. Ein raud liten flik tok form.

Detaljen avslørte at noko definitivt var i gjære. Eit halvt blomsterblad. Ingen annan stad i måleriet såg ho blomstrar. Magen gjorde eit hopp. Kunne det vere at....?

Ho tok fram lommelykta og lyste langs sida av biletet. Den taggete kanten bekrefta mistanken.

«Stilleben med frukt», eit av dei første kunstverka som Nasjonalmuseet kjøpte for 200 år sidan, var ikkje eit fullverdig måleri. Det hadde blitt saga av. Og måla over med vilje.

Satiness Eisele ved Nasjonalmuseet

FUNN: Kvinna som oppdaga dei merkelege detaljane i biletet, Satiness Eisele.

Foto: Robert Rønning / NRK

Detektiven får oppgåva

Ein halv Rembrandt. Ein Banksy delt i bitar. Internasjonalt finst det nokre eksempel på at kjente måleri har blitt kutta i to. Der delane er blitt skilde frå kvarandre, er det høgst uvanleg å finne ein match.

Det er første gong at Nasjonalmuseet oppdagar noko som dette:

"Stilleben med frukt" av van der Ast før konservering

FØR REINSING: Ei vakker fruktkorg plassert på eit bord. Ingenting muffens ved dette.

"Stilleben med frukt" av van der Ast etter reins

ETTER REINSING: Blassare i fargane og synleg slitt. Ytst i høgre kant kjem nye detaljar til syne, som...

Delt blomsterblad

DETTE: Ein flik av eit blomsterblad. Kvar er blomstrane? Og...

Det delte måleriet

DETTE: Delte kirsebær...

Sagtenner på delt måleri

... og SAGTENNER: Bittesmå merke i kanten av Nasjonalmuseets måleri.

I to år ligg det opne spørsmålet der. Om ikkje dette er heile måleriet, kvar er resten?

Ingen kan svare.

Kunstverket er måla av Balthasar van der Ast i første halvdel av 1600-talet. Museet treng ein person med inngåande kunnskap om denne perioden.

Møt nederlandske Cynthia Osiecki, vår detektiv og helt.

I 2018 er Cynthia nytilsett ved museet. Ho får overlevert mysteriet av oppdagaren Satiness, som skal ut i foreldrepermisjon.

«Dette er noko for meg,» tenkjer Cynthia.

Jobben hennar som kurator handlar om å finne historiene bak kunsten. Ho er rå på å grave fram opplysningar frå fortida, og som meisterdetektiven Hercule Poirot er ho målretta, strukturert og tolmodig. I motsetnad til den sta belgiaren har ho sjølvironi. Denne kjem for eksempel til uttrykk ved at ho lattermildt åtvarar nordmenn før ho uttalar harkelyden som kjenneteiknar det nederlandske språket.

Kan Cynthia oppklare saka?

Alt ho har å gå etter, er kirsebær og blomsterblad.

Cynthia Osiecki på Nasjonalbiblioteket

EKSPERT: Cynthia Osiecki studerer gamle aviser frå Nasjonalbibliotekets arkiv på laptopen. Den ærverdige lesesalen gir ei historisk ramme.

Foto: Robert Rønning / NRK

Søk etter offera

Detektiven går til verks som i ei krimetterforsking. Cynthia må finne:

  • Offer
  • Motiv
  • Gjerningsperson

Først noterer ho ned det ho veit om offera.

1. «Stilleben med frukt», oljemåleri på treplate. Lokasjon: Nasjonalmuseet, Oslo. 55 x 64 cm. Kjøpt på auksjon i 1837 av den danske kongens kasserar under «anonym» signatur. Signaturen «Balthasar van der Ast» er skjult under ramma.

Offeret har synlege skadar på høgre kant, og verkar å ha blitt brutalt kutta i to. Avsagde detaljar er blitt måla over med intensjon om å skjule. Skadane tyder på at det finst eit offer til.

Baksida av det delte måleriet

BAKSIDA: Måleriet er nummer elleve i museets inventarliste, som betyr at det er eit av dei første dei kjøpte.

Foto: Dag A. Ivarsøy / Nasjonalmuseet

Sjølv om Cynthia ikkje kjenner til offer nummer to på dette tidspunktet, identifiserer ho særtrekk som ho leitar etter. Vi kan kalle dette John Doe, ein vanleg klassifikasjon av ukjente offer i krimsaker.

2. John Doe, oljemåleri på treplate. Lokasjon og tilstand ukjent. Antatt likt høgdemål som offer nummer ein. Det er sannsynleg at offeret hadde kirsebær og raude blomstrar på seg i gjerningsaugneblinken.

Antekne skadar på venstre kant, kan ha blitt måla over med intensjon om å skjule.

Når det gjeld motiv, så har Cynthia ein teori om at gjerningspersonen har kutta måleriet i to for eiga vinning. Praksisen vaks fram då kunsthandelen vart profesjonalisert rundt hundreårsskiftet 1700/1800.

I prinsippet er det ikkje ulovleg å øydeleggje eit kunstverk, så lenge du er eigaren, men dersom du endrar verket og så gjer det tilgjengeleg for allmenta, kan det stille seg annleis. Det blir uansett sett på som ein tvilsam etisk praksis.

Å kutte eit måleri i to, er dessutan eit sjansespel. For å tene på det, må ein få delane til å sjå ut som to separate originalar. Berre då kan ein vinne jackpot. Blir ein avslørt, sit ein igjen med to delar som er mindre verdt enn originalen.

Gjerningspersonen kan ha blitt drive av desperasjon, som i ein konkurssituasjon, eller ha vore iskald og kalkulert.

Ein annan teori er at måleriet har blitt skada, og at gjerningspersonen har forsøkt å redde den eine delen ved å kutte av den andre. Cynthia ser på «skade» som eit mindre sannsynleg motiv enn «profitt», sidan avskjeringa har blitt skjult under måling. Det tyder på at vedkomande har ynskt å late som om det er eit originalmåleri.

Detektiven har identifisert offer og motiv, men lar gjerningspersonen liggje foreløpig. Ho må først fastslå korleis heile måleriet ein gong såg ut. Berre då kan ho identifisere tidspunktet for ugjerninga. Då eitt måleri blei til to.

Dermed startar ho med dei mest handfaste bevisa ho har. Kirsebæret og blomsterbladet.

Er John Doe i live, eller tapt for alltid?

Problema tårnar seg opp

Cynthia har ingen garanti for at den andre delen framleis finst. Han kan vere øydelagt.

Dersom han er i live, så betyr ikkje det at han nødvendigvis er mogleg å finne. Kunstnaren, Balthasar van der Ast, måla over 220 verk. Dei aller fleste av desse er i privat eige, noko som vil seie at dei i praksis er skjult for offentlegheita.

Håpet er at måleriet er eigd av eit museum eller har blitt lånt ut til eit. Då bør det eksistere offentleg informasjon om det.

Cynthia startar som mange av oss ville gjort: med eit Google-søk på «van der Ast». Ho blir møtt av hundrevis av vasar, tulipanar og fruktkorger. Det er til å bli svimmel av.

Mange liknar på måleriet i Oslo, men det er vanskeleg å sjå detaljane skikkeleg. Nettbileta har ikkje god nok kvalitet.

Cynthia sukkar, men har lært at ein ikkje skal konkludere ved første augekast.

Ho finn fram ei bok om målaren. Kanskje kan ho finne sitt første spor der?

Cynthia Osiecki med van der Ast-bok

SPOR: Cynthia gjer fleire viktige funn i katalogen om Balthasar van der Ast.

Foto: Robert Rønning / NRK

Mannen bak det heile

Når ein går langt tilbake i tid, blir til og med enkle opplysningar som fødselsdatoar kompliserte. Ingen noterte ned fødselsdatoen til Balthasar van der Ast. Rettsdokument indikerer at han var 25 år i 1618, noko som betyr at han vart fødd i 1593 eller 1594.

Han vaks opp i den nest største hamnebyen i nordlege Nederland, Middelburg. Der hadde handelsimperiet til nederlendarane, Det foreina ostindiske kompani, kontor. Balthasar budde med andre ord i ein smeltedigel, der handel med eksotiske plantar, dyr, frukt og porselen var eit vanleg syn. Byen hadde også ein botanisk hage med medisinske plantar.

Han kom ikkje frå ein kunstnarfamilie, men enda opp i ein. Systera hans blei nemleg gift med målaren Ambrosius Bosschaert den eldre. Han var ein pioner innanfor stilleben.

Cynthia kjenner stilleben som vakre, men litt kjeldelege, måleri av pynt. Vi andre må ta ein fot i bakken. Det rare ordet har ingenting med bein å gjere, men er samansett av to tyske ord, still og leben. Det betyr stilt liv, og viser til måleri av livlause ting, som blomstrar, frukt og glas. Stilleben blei populært i Nederland på 1500- og 1600-talet.

I dag pyntar vi på verkelegheita gjennom Instagram, på denne tida pynta kunstnarar på verkelegheita gjennom stilleben. Mange av bukettane dei måla, for eksempel, var totalt urealistiske. Vekstar som aldri ville blomstra samtidig, frå ulike delar av verda, står side om side. Ingen hadde desse bukettane heime på bordet, men dei kunne hengje på veggen som ein draum.

Å eige stilleben blei sett på som eksklusivt, men i dag finn du kopiar på Ikea. Det har kanskje gjort at stilen blir sett på som litt harry, på linje med elg i solnedgang eller H.O.M.E.-bokstavar. Men du og du, kor flotte dei ekte stillebena er!

Du er forresten ikkje den første som har sagt stille-ben på ein norsk måte. La oss prøve igjen: Still. Lebenn. Still. Lebenn. Bra.

Då far til Balthasar van der Ast døydde, flytta han altså inn med meisteren av stilleben. Det må ha vore her han lærte å måle profesjonelt.

Etter kvart byrja Balthasar å måle det han såg. Som dette:

Still Life with Fruit and Flowers
Basket of fruits
Stilleben med frukt
Fruit Still Life with Shells and Tulip
Plate with Fruit and Shells

Cynthia les i boka at det ikkje er første gong at van der Asts verk blir utsett for amputasjon. Kvifor?

Hans måte å måle på la til rette for det.

I denne tida var det vanleg å måle eitt motiv per måleri. Ein mann. Ein blomsterbukett.

Balthasar skilde seg ut. Han laga i tillegg større måleri med to eller tre motiv på. Ei fruktkorg og ein bukett. Eit bord med to fruktkorger. Dette var eit smart businessgrep. Både «vanlege» kjøparar og rikfolk fann noko dei hadde råd til hos han.

Utan viten og vilje gjorde Balthasars innovative grep måleria sårbare for amputasjon. Å kutte eit landskap, for eksempel, vil vere ekstremt synleg. Kva med ei fruktkorg og ein annan ting ved sidan av? Det kan gå, viss du kuttar midt på og målar fint over kanten.

Dette er Cynthias første spor. Ho får bekrefta mistanken om at måleriet i Oslo høyrer til eit større måleri, og at blomsterfliken kan vise til ein vase eller liknande på den andre halvdelen av måleriet.

Balthasar skilde seg ut frå sine samtidige kollegaer på éin måte til. Han måla aldri det same motivet to gongar. Det var alltid ein ny detalj i blomsterbuketten eller fruktkorga.

Dette er Cynthias andre spor. Sporet fortel henne at dersom ho finn eit måleri med denne type blomster og kirsebær på venstre side, så er det mest sannsynleg ein match.

Balthasar van der Ast blei litt gløymd som kunstnar på 1800-talet, men populariteten har sidan stige. I dag er verka hans ettertrakta. Dei heng på museum i St. Petersburg, Amsterdam og Washington.

Fleire gongar blar Cynthia gjennom boka og studerer bileta.

På side 157 kjem ho over eit måleri av ein stolt vase, overfylt med roser og raude tulipanar. Ho har flaks! Her kjem det første gjennombrotet: Måleriet med vasen har blitt lånt ut av ein privat samlar til eit tysk museum. Kan dette vere ein mogleg match?

På bordet ligg det kirsebærklasar. Storleiken er tilnærma lik måleriet i Oslo.

Det er éin strek i rekninga. Blomstrane er plassert langt inn i biletet og ikkje heilt ute i venstre kant. Kan biletet ha blitt fiksa på i etterkant, som måleriet i Oslo?

For å fastslå om det kan vere ein match, treng Cynthia gode høgoppløyselege bilete.

Dersom måleriet har vore på auksjon nyleg, så vil informasjonen ho treng vere tilgjengeleg i ein salskatalog. Der får eventuelle kjøparar informasjon om opphav og tilstand, og dessutan store foto som det går an å zoome seg inn på.

Kan ho vere så heldig?

Søket blir intensivert

Cynthia søkjer hos ulike auksjonshus etter måleriet. Igjen har ho flaks. Katalogen til eit av verdas leiande auksjonshus, Sotheby's, viser at måleriet seinast blei seld i 2010.

Ho zoomar seg inn på biletet. Det ser veldig likt ut i fargar og komposisjon. Ho får bekrefta at det er smalare enn måleriet i Oslo, men likevel ikkje så gale at det ikkje kan vere skore ut av same måleri. Det kan jo vere at delar av måleriet forsvann i avskjeringa.

Ho blar seg nedover nettsida. Auga les grådig informasjonen som står der.

Del to av det avkutta måleriet

MINDRE: Delen med vasen er mykje mindre enn fruktkorga som finst i Oslo. Kan dei likevel høyre saman?

Foto: Andreas PAULY / Andreas PAULY

Det er då ho ser det magiske nøkkelordet. Måleriet er merka som eit «fragment». Som betyr at det er kjent at måleriet må ha vore ein del av noko større.

Cynthia får vatn i munnen. Ho er nærme eit funn.

Ho noterer følgjande informasjon om den moglege John Doe:

«Stilleben med tulipanar, iris, roser, forglemmegei, krysantemum og hypericum i eit Roemer-glas, med kirsebær, ei plomme, ein tulipan og ei larve på ei steinhylle».

No får detektiven bruk for det internasjonale nettverket sitt. På baksida av van der Ast-boka står eit nederlandsk namn som ho kjenner igjen.

Ho sender to e-postar.

Til Satiness Eisele, kvinna som oppdaga mysteriet, skriv ho: «Eg trur at eg har funne den andre delen».

Til museet i Tyskland presenterer ho tesen sin: «Eg har eit van der Ast-måleri som eg trur høyrer saman med dette. Kan de hjelpe meg å kome i kontakt med personen som eig det?»

Cynthia får hjelp

Peter van den Brink er direktør ved Suermondt Ludwig Museum i Aachen. Byen er tysk, men ligg på grensa til Nederland og Belgia.

Han står bak boka som Cynthia har lese i. Dette er den einaste katalogen over van der Asts liv og kunst.

Peter van den Brink har lenge vore forbanna på auksjonshus og kunsthandlarar som kuttar bilete i to. Han har oppdaga fleire van der Ast-måleri som har lide denne skjebnen, det siste eksempelet er frå 1996. van den Brink fann først måleriet som ein original i ein auksjonskatalog. Så spora han opp ein mindre, avkutta versjon i ein auksjonskatalog datert nokre år seinare.

No sit han og ser på den utrulege e-posten han har fått frå ein nederlandsk kollega i Noreg. Enda eit avkutta eksemplar av van der Ast?

Peter van den Brink

MUSEUMSDIREKTØR: Heldigvis får Nasjonalmuseet hjelp av Peter van den Brink.

Foto: Patrick McMullan

Kanskje blir han igjen litt irritert på profittørane før han tar det inn: E-posten representerer ein sjanse til å rette opp uretten.

Innan ein time svarar han Cynthia entusiastisk: Dette må vere ein match!

Ikkje nok med det. Peter van den Brink set Cynthia i kontakt med personen som eig offer nummer to: Ein anonym samlar.

Dersom Cynthia kan få lagt dei to bileta ved sidan av kvarandre, kan dei kanskje få eit svar på gåta.

Vil ein svært så privat samlar vere med på dette?

Den private samlaren

Det er to utviklingar i saka som viser seg å vere livsviktige for å finne John Doe.

Den første er at Nasjonalmuseet oppdagar at deira måleri er delt. Berre frå denne sida kan tråden trekkjast ut. Den private samlaren er allereie klar over at hans måleri er eit såkalla fragment, men han ville aldri vore i stand til å finne den andre delen – nettopp fordi Nasjonalmuseets måleri ikkje har vore merka som «eit fragment».

Den andre lukksalige utviklinga er at den private samlaren er ein type som ikkje først og fremst samlar for profitt, men ut av kjærleik til kunst. Det er difor han ofte lånar ut verka sine til ulike museum.

Han vil gjerne hjelpe til med å løyse mysteriet. Cynthia og Satiness blir invitert på besøk heim til han.

Kan måleriet bli eitt etter eit fleire hundre år langt avstandsforhold?

Besøk

Nokre månader seinare, tidleg om morgonen, står Cynthia og Satiness utanfor døra til samlaren. Sanninga skal kome fram.

Måleriet er så skrøpeleg at dei ikkje kunne pakke det med, så i kofferten har dei ein plakat av fruktkorga i den reelle storleiken. Planen er å leggje plakaten ved sidan av samlarens måleri for å sjå om puslespelet går opp.

Dei kjem inn i ein svært så imponerande heim. Samlaren eig heile tre hus fylt med kunst. Praten sit laust og det er god stemning, for årsaka til besøket er noko alle tre er brennande opptatt av. Dei set seg ned i ein sofa og ser opp på veggen.

Der heng han. Vasen. Svart, pæreforma, overlessa av roser og nellikar. Øvst tronar tulipanane. Nedanfor vasen ligg ein klase kirsebær. Så langt, alt i orden.

For godt trente auge er det tydeleg at måleriet har blitt kutta, som sannsynlegvis er grunnen til at denne biten vart avslørt for lenge sidan.

Dei spør samlaren om han kan ta måleriet ned frå veggen. Han hektar det av.

Når han tar måleriet ut av ramma, kan dei sjå kuttemerke på begge sider.

Samlaren legg måleriet forsiktig ned på bordet. Cynthia plasserer fruktkorga ved sidan av. Dette er avsløringa ho har venta på.

van der Ast-måleria er saman igjen

MOBILFOTO: Fargane blir blasse, sidan dei ikkje har tenkt på å ta med profesjonelt fotoutstyr. Dette ser kanskje ikkje heilt ut som ein match, men det er fordi måleria har blitt fiksa på for å skjule svindelen.

Foto: Cynthia Osiecki

For eit vanleg auge er det kanskje ikkje heilt openbert at måleria høyrer saman. Eit trent auge kan likevel sjå det.

– This is it!

Cynthia og samlaren er i ekstase. Dei jublar, for dei forstår at nokon kan ha flytta blomstrane frå venstre side lenger inn i biletet med vilje. Det er den einaste detaljen som ikkje stemmer.

Dei snur måleriet for å undersøkje.

Ein ekstra bit har blitt sett på og limt over på venstre side. Kanskje for å skjule spora?

Det verkar 99 prosent sikkert at dei ser ned på to måleri som ein gong var eitt. Detektiven har funne offer nummer to.

Den siste prosenten

Seinare lagar museet ein rekonstruksjon som viser korleis måleriet eigentleg såg ut før svindelen.

Rekonstruksjon av van der Ast-måleri saman

DELT OG SAMAN IGJEN: Ein rekonstruksjon viser korleis måleriet ein gong såg ut. Ein del i høgre hjørne manglar, han forsvann i avkuttinga.

Foto: Børre Høstland / Nasjonalmuseet

Frå 2020 og i to år framover får Nasjonalmuseet låne John Doe av den private samlaren. Røntgenbilete skal sikre den siste einprosenten som dei er usikre på.

Deretter skal fruktkorga og vasen bli stilt ut, side om side, i det nye museet.

Kjærleikshistoria har likevel eit skår i seg. Fruktkorga er skjør og måleria har to ulike eigarar. Når dei blir stilt ut, må dei difor hengje i to separate rammer.

Stykkevis og delt, for alltid, men saman igjen.

Epilog

Det store mysteriet er løyst. Her sluttar historia for den allmenne hop.

Ikkje for nysgjerrige detektivar. Gjerningspersonen er framleis på frifot.

Ein haustdag i 2019 sit Cynthia i Nasjonalbibliotekets lesesal og søkjer etter svar. Tastetrykk og papirblafring fyller lufta. Dei sterke taklampane lyser gult ned.

– Det blir ikkje så lett, dette, sukkar ho.

Sidan funnet av John Doe har ho forska vidare på opphavet til måleria. Når vart dei skilde?

Førebels går vasens stamtavle berre tilbake til 1961, då måleriet blei seld anonymt på Sotheby's i London. Fruktkorga, derimot, har ho spora opp i ein auksjonskatalog frå 1837:

Skildring av "Stilleben med frukt"

UKJENT: Skildring av Oslo-måleriet.

Foto: Frederik Conrad Bugges auksjonskatalog av 1837

Ho veit at Nasjonalmuseet kjøpte måleriet av Frederik Conrad Bugge, kunstsamlar og kasserar for den danske kongen. Storkaren eigde nesten 200 måleri. Fem år før han døydde selde han plutseleg alt.

Auksjonen er viktig for norsk kunstsamlingshistorie. Nasjonalmuseet la totalt 29 måleri i handleposen. I tillegg handla kunstnaren J.C. Dahl på vegner av seg sjølv og ein samlar, og nokre av desse kjøpa fann vegen inn i Nasjonalmuseet og kunstmuseet Kode i Bergen.

Historia til mange måleri kan dermed falle på plass om Cynthia finn eit svar.

Det ho veit, er at Bugge ikkje er gjerningspersonen. Då Bugge kjøpte fruktkorga, mest sannsynleg ein stad mellom 1824-29, var det merka med same mål som det har i dag. Ergo må måleriet ha blitt delt før.

Dermed må Cynthia minst eit ledd til bakover i tida for å finne svar. Kven handla Bugge med?

Utfordringane står i kø.

  • Bugge handla over heile Europa og kan ha hatt folk som handla for seg. Nedslagsfeltet er stort.
  • Måleriet var signert «anonym» då Bugge kjøpte det. Det finst tusenvis av bilete der kunstnaren ikkje er kjent, i motsetnad til van der Asts 220 måleri.
  • Høgde- og breiddemål, samt motivskildring, manglar ofte i gamle auksjonskatalogar. Sjølv om biletet er omtalt, kan det vere umogleg å finne.

Utruleg nok, har detektiven trua. Ho har allereie identifisert fleire moglege folk som Bugge handla med.

– Eg trur at vi er veldig nærme å få eit svar på gåta, seier ho plutseleg.

– Åja?

– Eg trur at den som gjorde det, er eitt eller to ledd unna.

Som i ein god krim, er det rom for ein oppfølgjar.

Cynthia Osiecki les i dansk avis

JAKTA HELD FRAM: Cynthia er vant til å bla gjennom danske aviser med snirkleskrift. Tidlegare har ho forska på kunsthandel mellom Preussen, Danmark og Nederland.

Foto: Robert Rønning / NRK

Kjelder: Sotheby's auksjonskatalog, intervju med Peter van den Brink, Cynthia Osiecki og Satiness Eisele, foredrag «Kuratoren som detektiv» (Nasjonalmuseet 19. september 2019), Frederik Conrad Bugges auksjonskatalog av 1837, «Nasjonalgalleriets første 25 år 1837-1862», «Die Stilleben des Balthasar van der Ast (1593/94-1657)» av Peter van den Brink og Sylvia Böhmer.

Hei!

Veit du noko om mysteriet? Gi lyd! Eg høyrer også gjerne frå deg om du har spørsmål eller tips til andre historier. Tidlegare har eg mellom anna skrive om Noregs mest mystiske kunstsamlar, dei siste norske klesfabrikkane, jakta på ein verdshit og mannen som viste fingeren til kunstverda

Anbefalt vidare lesing: