Jorunn Hancke Øgstad
Foto: Javier Auris / NRK

Stigande stjerne

Jorunn Hancke Øgstads måleri får tilskodarar til å gape, men ho vil ikkje at du skal tolke fortida hennar inn i dei.

Jorunn Hancke Øgstad blir kalla ein av dei mest interessante samtidskunstnarane vi har her i landet.

Ho misliker at ein kunstnar alltid må dele noko drit frå fortida for å få merksemd i media.

Samtidig er det ikkje mogleg å fortelje historia om ho utan å ta opp ei forferdeleg sak som råka henne på 1990-talet. Den gongen blei media ei plage.

Klassisk dilemma, der altså.

Det som skjedde endra synet hennar på verda for alltid. Korleis pregar det kunsten?

Mykje av arbeidet hennar krinsar om det å møte det uforståelege. I måleria sine planlegg ho nokre delar nøye, andre delar bestemmer liksom materiala sjølve over.

Ein kan ikkje alltid sjå føre seg kva som skal skje, i kunsten eller livet.

Blant dei fremste i sin generasjon

I ei ti år lang norsk bølge av abstrakt måleri er Jorunn Hancke Øgstad sentral. Det seier sjefskurator Caroline Ugelstad ved Henie Onstad Kunstsenter på Høvikodden i Bærum. To måleri er innlemma i den prestisjetunge samlinga.

– Ho tør å ta det store formatet, ho eksperimenterer og fornyar uttrykket. Ho er i toppsjiktet av sin generasjon, seier Ugelstad.

Uten tittel, Jorunn Hancke Øgstad, 2020

UTAN TITTEL, 2020. Dette biletet er blitt ein del av den 8000 verk store Henie Onstad-samlinga.

Bladet Kapital kalla nyleg Hancke Øgstad eit av dei luraste kunstnarskapa å investere i no. Bileta har stige mykje i verdi dei siste åra, og er forventa å fortsette med det.

Eg møter Jorunn Hancke Øgstad der ho lagar måleria sine, i ei forlaten kontorblokk ved motorvegen i Groruddalen, Oslo.

Eit slags roleg kaos herskar. Sirleg sorterte penslar, eit utal koppar med utblanda fargar, lerret opp mot alle skiljeveggar.

Kunstner Jorunn Hancke Øgstad med uferdige verk

THE OFFICE: Tidlegare eit kontorlandskap for kvitevare-produsenten Siemens. No eit kontorlandskap for mange-fargar-produsenten Hancke Øgstad. Bygget kalla Startblokka er ein del av satsinga på kultur i bydel Bjerke, Groruddalen, Oslo.

Foto: Javier Auris / NRK

For Jorunn var vegen til å bli kunstmålar krokete.

Først gjekk ho på teaterskule, seinare filmskule i Danmark. Der fekk ho vite at ein faktisk kan gå på kunstakademi. Ho søkte og kom inn i Oslo.

Stemninga på akademiet (ho fullførte mastergraden i 2009) kallar ho macho.

– Diskusjonen der da var ganske einsretta og dominert av nokre få. Ein situasjon som heldigvis har blitt røska hardt i på fleire vis dei siste åra, seier ho.

Måling var heller ikkje trendy i kunstkrinsar tidleg på 2000-talet, «det blei sett på som noko fjernt og avleggs».

Ho kjente lenge på same motstand sjølv. Men ho ville etter kvart vekk frå skjermar og digitale uttrykk, jobbe meir fysisk, nytte hendene.

Fargeprøvar i atelier, Jorunn Hancke Øgstad

FARGEPRØVAR: Ho testar alltid korleis dei ulike blandingane fungerer på førehand, men blir likevel overraska. – Dei tørkar ofte på ein måte som eg ikkje vil, vatnet har sin eigen vilje.

Foto: Javier Auris / NRK

Første år av utdanninga tok ho på Island. Ho var aleine, ho byrja å teikne.

– Det var eit tøft og nyttig år. Eg blei ærlegare med meg sjølv og kva eg ville nytte kunsten til.

Det var først da ho flytta til Berlin i 2008, at ho blei fengsla av samtidsmåleri.

– Åra i Berlin var ei danningsreise i samtidskunst og målerihistoria. Eg blei kjent med kunstnarar frå heile verda. Perspektivet eg hadde frå akademiet og Oslo, blei utvida.

Tekstilfarger hos Jorunn Hancke Øgstad

ARVEN FRÅ UTLANDET: Ho byrja å nytte tekstilfargar da ho budde i Berlin etter studietida. – Slik kunne eg måle utan å føle at eg målte, hehe. (Tekstilfarginga er sidan blitt eit varemerke.)

Foto: Javier Auris / NRK

Gleda i å ikkje skjøne noko

Sjangeren er altså abstrakt samtidskunst.

Ein del av kulturfeltet med ein god porsjon fordommar retta mot seg («kvifor er dette kunst, eit barn kunne laga det der» og så bortetter).

Som kulturjournalist vil eg helst forstå og formidle kor ting kjem frå, kva dei kan tyde, kvifor dei er som dei er. Samtidig: Eg kjenner til det å sjå på eit abstrakt måleri ... og ikkje ane kva eg skal tenke, føle, seie.

Eit halvferdig arbeid står i synsfeltet mitt medan vi pratar. Eg ser ei brennmanet. Det ser ut som ho skal ete dei andre figurane nedover på lerretet. Kan eg seie det? Eg seier det.

Kunstnaren skjønar greia, ho smiler litt.

Smilende Jorunn Hancke Øgstad. Foto: Javier Auris, NRK

– Sånn gjer vi menneske alltid når vi ser på noko, vi vil setje det i system. Men: Dei første minutta, dersom hjernen ikkje plasserer inntrykka ein stad, da skjer det masse spanande, forklarar ho entusiastisk.

– Det er interessant at det er så vanskeleg for oss menneske å stå overfor noko vi ikkje forstår. Det er på ein måte mitt poeng. Potensialet i det uforståelege, det ordlause. Men for all del! Maneter er fine, dei.

Uferdig verk, Jorunn Hancke Øgstad, 2021

DETTE ER IKKJE EI BRENNMANET: Men du skjønar kanskje kva eg meiner?

Foto: Javier Auris / NRK

(Ein kan jo la seg inspirere her. Neste gong du står framfor kunsten: Pust roleg, ta inntrykka som dei kjem, ikkje prøv å tenke noko smart. Det å sjå er òg eit arbeid, forklarar Jorunn.)

Folk gapa framfor bileta

Langt unna brennmanetene finn vi kunstsamlarane. Dei med pengar.

I 2019 hadde Jorunn 10 bilete på den prestisjetunge messa «Frieze London».

Galleristen Esperanza Rosales merka ofte ein fysisk reaksjon hos dei som kom forbi og såg på verka.

– Bileta er så ekspressive, folk stoppar opp. Dei gaper. Så byrjar samtalen, seier ho.

Verk av Jorunn Hancke Øgstad

I PRIVAT SAMLING UTANLANDS: Dette dobbel-biletet blei tidlegare i år selt frå galleriet Vi, Vii (uttalast «Sixes and sevens») som held i businessida av Jorunn Hancke Øgstads produksjon. I dag kostar eit verk frå 30.000 til 240.000 kroner, ifølge gallerist Esperanza Rosales. Omsett til vanleg løn: Ho klarar seg godt, ho er ikkje rik. 

Foto: Galleri Vi, Vii

Alt i London vart selt til utanlandske samlarar. Verka bur no mellom anna i Sør-Afrika, Russland og Los Angeles. Ei italiensk kvinne kom seinare eins ærend hit til Groruddalen, for å velje seg eit bilete. Ho hadde sett utstillinga i London, dratt heim og talt sparepengane.

Ho berre måtte ha Jorunn Hancke Øgstads avtrykk på veggane.

Kvifor blei du eigentleg kunstnar?

– Eg har nok alltid hatt ein sånn drive, vore kreativ og ønska å uttrykke meg. Men behovet for eit anna språk blei større etter at mamma døde. Opplevinga av å stå så utanfor ... eg var så sint på alt og alle. Vald var eit ukjent fenomen for meg som barn, som brått kom veldig nært innpå, seier ho.

Plutseleg måtte ho stille spørsmål ved alt ho kjente som normalt.

Ein drapssak på alle framsider

Jorunns mor blei drepen i september 1994.

Detaljane om saka kunne ein lese mykje om i avisene den hausten. Øvst på sida sto det ofte Hancke-drapet eller lærardrapet (mora var lærar på ein vidaregåande skule).

Da rettssaka kom opp året etter, blei det igjen store overskrifter. Ekskjærasten til mora blei dømt for ugjerninga.

Alle avisoppslaga i etterkant av drapet gjorde alt ekstra vanskeleg. Ein kan skjøne at kunstnar Jorunn Hancke Øgstad har ein viss skepsis til media.

– Eg blir sveitt av sånn «snakkar ut om den tunge tida-journalistikk», seier ho.

Problemet med å snakke om fortida har alltid vore det sensasjonelle.

– Den historia er ikkje ein sensasjon eller true crime for meg, det er jo berre ein del av livet mitt.

Sjølv om ho ikkje vil «stå fram med historia si», blir det å halde ho skjult også for dumt.

Ein styrke i utanforskap

Absurd er ordet Jorunn nyttar når ho snakkar om tida etter drapet.

– Alt var berre ... rart. Eg pakka gymtøy, gjekk på butikken. Men alt det vanlege var brått blitt meiningslaust, fortel ho.

Kjensla av å vere annleis, å stå utanfor og liksom sjå inn på dei normale, bar ho med seg i mange år.

– Seinare i livet utvida heldigvis oppfatninga om «det normale» seg. I møte med kunsten og kunstverda, fann eg ut at det å ha et skeivt blikk på verda kan vere ein styrke.

Jorunn Hancke Øgstad i atelier. Foto: Javier Auris, NRK

Ho har tenkt mykje på dette: Menneska i kunstmiljøet er ofte nettopp dei som har hamna utanfor eingong, på eine eller andre måten. Det er nesten grunn nok i seg sjølv, for at kunsten er viktig i samfunnet, meiner ho.

– Da eg var yngre, var det alltid to verder. Det var meg der ute i det vanlege livet, og så var alt det andre inni meg, seier ho.

Foreldra var skilde. Etter at mor vart drepen, flytta ho til far.

Ho hadde òg ei storesøster, venar, fritidsaktivitetar, ho fungerte fint, på eit vis. Karakterane var gode. Ho valde musikklinja etter ungdomsskulen. Den gong var pianoet fristaden.

No er det atelieret.

Eit anna språk

Det luktar klor.

– Eg er jo utruleg privilegert som får halde på her inne, seier målaren.

Ho drar enda meir vatn utover eit bomullslerret som ikkje heilt har fått den rette kuløren, her må meir farge til. Medan måling legg seg oppå lerretet, lag på lag, oppfører tekstilfargane seg annleis. Dei fargar sjølve lerretet (nett som når du fargar tøy heime, dersom du har prøvd). Dei er ikkje lett å kontrollere.

Andre ting ho nyttar i kunstverka sine er maskeringstape og ein flytande plast kalla epoxy. Jorunn snakkar gjerne om teknikk, ugjerne om tematikk bak bileta.

– Er det ikkje noko av fortida di i desse bileta?

– Spørsmålet må vel bli korleis? Det er kanskje deilig å henge tydinga av det abstrakte på slike knaggar, men det eg måler er ikkje personleg i den forstand, seier ho.

Kunst er eit fag, det er noko meir enn terapi.

– Eg er i prosessen med heile meg, men å skape er ikkje å arbeide seg gjennom ei fortid. Lesinga av bileta blir alt for snever, om du gjør dei personlege.

Nøyaktig korleis kjensler og erfaringar inni kunstnaren heng saman med handa som sprutar farge utover lerretet, eller med formene og fargane som gjer at folk stoppar opp ...

Dét blir verande eit av kunstens og livets store mysterium.

Jorunn Hancke Øgstad har eit interessant perspektiv:

– Kanskje vi for ein gangs skuld skal prøve å drite i å finne ord?

Tape som verkemiddel, Jorunn Hance Øgstad

FLOKETE MASKERINGSTAPE: Der det har vore maskeringstape ved farging, blir det kvite stripar. Dei kan ho måle over, eller la stå som kvitt rutenett oppi fargane. Når er ho ferdig? – Eg held på til kvart enkelt bilete har sin eigen logikk.

Foto: Javier Auris / NRK

Produktive dagar

Livet i dag er langt unna den forferdelege hendinga. Ho vil syne oss andre ting.

At ein kan ha eit godt liv trass sorga. At ein kan vitje den mørkaste staden, og samtidig leike med fargar.

– Sinne kan vere produktivt. Det kan låte cheesy, men eg følar at erfaringane eg har jobba meg gjennom òg har styrka livet mitt.

Jourunn Hancke Øgstad arbeider

FARGESTERK: Etter påføring gjeld det å dra tekstilfargen utover kjapt. Dei kvite, blanke linjene som skjer over bileta er ofte gjort av handverkar-materialet epoxy, eit anna utradisjonelt verkemiddel ho er kjent for.

Foto: Javier Auris / NRK

Etter å ha fortald om det å miste mor si på forferdeleg vis, er Jorunn Hancke Øgstad den typen som raskt minner om at det ikkje er ho det er synd på her i verda i dag.

– Heldigvis hadde eg ein god base. Eg vaks opp med mor mi. Eg har ei kjerne, frå henne.

Ho har sjølv blitt mor. Ho har lange lerret å bleike, fleire penselstrøk å legge, ho har det travelt:

2.oktober opnar ei ny utstilling i Krutthuset i Maridalen, rett utanfor Oslo sentrum.

Da står ho der nok ganske utsliten, med eit glas i handa, litt sjenert, litt fylt av fryd.

Og står du nokon gong overfor kunst, eller noko anna, som er uforståeleg?

Hugs kva ho sa. Det går an å drite i å finne ord.

Work in progress, Jorunn Hancke Øgstad. Foto: Javier Auris, NRK

Hei!

Har du nokre tankar om det du las, eller anna å melde? Eg les mail <3 Eg har tidlegare skrive om sterke opplevingar som når kunsten riv huden av deg. Og om korleis eg har prøvd å nærme meg nynorsken, med ganske mykje motstand. 

Lese meir om kunsten i samtida? Ver så god!