Arnfinn Kolerud
Foto: Marius Beck Dahle / NRK

Når han blir irritert, skriv han

Det er den draumen forfattar Arnfinn Kolerud ber på, at nokon skal hogge ut fire nynorskfjes i eit fjell.

FLATRAKET/MÅLØY (NRK): – Eg kan ikkje sjå nokon grunn til at vi ikkje skulle gjere det.

574 kilometer unna Litteraturhuset i Oslo sit forfattar Arnfinn Kolerud (52) og snakkar om eit påfunn frå si siste bok, eit kritisk behov som har tvinga seg fram.

Nemleg ideen om å hogge ut fire nynorske diktarar i eit fjell, som ein nynorskens Mount Rushmore.

Eg ler høgt, dette er jo openbert tull. Eller?

Arnfinn Kolerud i hagen sin på Flatraket

UTE I HAGEN: Når han ikkje skriv, les han. Elles: 15.000 sjakk-kampar på Internett dei siste åra. Dyrking av jordbær og gulrøter. Og tusle rundt huset med ein kantklippar.

Foto: Marius Beck Dahle / NRK

– Det er sånne ting som fyrer meg opp

Arnfinn Kolerud bur i den vesle bygda Flatraket på Nordvestlandet, han står bak ni bøker, fem for barn, fleire av dei prislønte, og deler kontorfellesskap i Måløy med ein kranførar og ein lastebilsjåfør. Ei av barnebøkene hans danka ut nesten 150 andre i konkurranse ved filmfestivalen i Berlin, og hans nyaste bok fekk NRKs kritikar til å hente fram ropeteikna. Likevel er han ukjent for mange.

Nokre dagar før vårt besøk, før utsegnet om fjesa i fjellet, kunne eg spore ei lita bekymring i stemma hans på telefonen.

– Eg såg meg rundt på kontoret i stad og tenkte: Eg må leggje fram noko interessant. Hamsuns samla verk eller noko sånt. Men så kom eg fram til at neeei, eg kan jo ikkje det. Det er ikkje meg, sa Arnfinn Kolerud.

Folk som kjenner han, fortalde meg på førehand at han ikkje er ein mann som stiller seg fremst i rekkja, men som, dersom du får han på tomannshand, ofte bringer noko heilt nytt og uventa inn i samtalen.

Vi startar intervjuet på det anonyme cellekontoret hans i Måløy.

– Det er stort sett irritasjonar som gjer at eg skriv eller får idear. Når eg blir irritert, så blir eg eigentleg ganske glad, for eg veit at det kjem noko ut av irritasjonen.

Arbeidsøkt på kontoret

ALLE BØKENE HAN SKULLE HA LEST: Han les barnebøker, 100 i året, i bijobben som rådsmedlem av Norske barne- og ungdomsbokforfattarar. Bak seg har han ei hylle med dårleg samvit.

Foto: Marius Beck Dahle / NRK

I mange år skreiv han irritasjonen sin utover baksida til lokalavisa Fjordenes Tidende, for eksempel om koffertbandet på flyplassane, der det står «Stå bak denne linja».

– Det er berre I som står bak ho, alle andre står jo framfor. Det er sånne ting som fyrer meg opp. Og så sjåførar som kjem for nært, seier han på romsdalsdialekt.

Du irriterer deg over folk som gjer ting?

– Ja, som kjem for nær, eller gjer ting for nært meg.

Eg hadde ein sånn bil bak meg på vegen hit, så det var bra du ikkje var med. Kva hadde du gjort då, viss ...?

– Viss eg held god fart, og han likevel ligg oppi rumpa på meg, så bremsar eg i høgresvingar eller når det kjem bilar imot for å vise at hallo, flytt deg.

Her hadde eg ein teori om at sjåføren hadde sett på cruisekontrollen på 80 og ikkje for nokon pris skulle skru han av, sjølv ikkje i tronge svingar.

– Sånn, ja. Det kan vere. Eg er ikkje så moderne, eg tar ikkje omsyn til cruisekontrollar.

Kor mykje skal til for at du blir irritert?

– Det skal ikkje så mykje til.

Han ler.

– Det har jo hendt at når ein lokal kafé legg ut ein meny, så har eg sendt tilbake e-post med rettingar. Når det står «potet Suppe» oppdelt i to ord, med liten p og stor S, då kan eg ikkje ... eg må kommentere det.

Blir det retta opp, då?

– Nei. Neinei.

Bøker og leire på lokal bokhandel

TRUGSELEN: I Koleruds siste bok kjenner innbyggjarane trugselen frå engelsk krype nærmare. Ironisk nok står hans siste bok plassert rett ved sidan av «claydough» på den lokale bokhandelen. – Det går ni esker leire på to bøker, kommenterer han tørt.

Foto: Marius Beck Dahle / NRK

Misunninga heldt han gåande

På skrivebordet står eit glas med vatn, på golvet eit tomt glas. Hans sirlege metode er å flytte glaset frå dag ein ned på golvet dag to, før han kanskje på dag tre tar seg bryet med å flytte det til vaskemaskina nede i den felles kantina.

Arnfinn Kolerud vaks opp i Isfjorden i Romsdal, omgitt av skog og mørke fjell. Som barn var han urokråke, lagde falske prompelydar bakarst i klasserommet. I tenåra seig alvoret innover han og han ville helst bli usynleg. I dag kallar han seg sjølv «ganske sjenert».

Frå han som femåring byrja å lese Asterix og Obelix i saccosekken var lesing assosiert med gøy. Då han byrja å lese romanar i tenåra, hadde han framleis denne forventninga. Det var møtet med Ingvar Ambjørnsens «Hvite Niggere» som fekk han til å tenkje at han kunne skrive sjølv.

– Eg forstod at kven som helst kunne vere hovudperson i ei bok, også sosialklientar som røyker hasj. Før trudde eg, med unntak av Donald Duck, at det måtte vere ein slags helt. Folk som var flinke og modige.

Frå han var 20 til han blei 25 sat han åleine og skreiv. Han sende inn manus til forlaga, men blei refusert. Kva var det som gjorde at han likevel heldt fram?

– Misunning. Eg las andre bøker som eg syntest var veldig gode, og var så bestemt på at eg skulle skrive noko som var like godt.

Sovande Arnfinn Kolerud i hengekøya

SOVANDE FARE: Språklandskapet i Noreg er like kronglete som Koleruds karakterar. Vestlandet = nynorsk, vil mange tenkje. Nei da. På Flatraket, der Arnfinn bur, er det nynorsk som gjeld. Berre 15 minutt unna, i Måløy by, har bokmål tradisjonelt vore mest utbreidd.

Foto: Marius Beck Dahle / NRK

Det viktigaste året for skrivekarrieren kom då han vart tatt opp som student ved Skrivekunstakademiet i Bergen. Her blei han eksponert for heilt andre måtar å skrive på. Han fekk tekstene sine dissekert av lærarar som Jon Fosse og Ragnar Hovland og dei ni andre studentane. Det var harde skyts, men veldig lærerikt.

Er du ein sånn som elskar å skrive? Det er jo nokon som er veldig sånn, «det er det gøyaste eg veit.»

– Nei. Før så gjorde eg jo det, då skreiv eg fire timar i strekk kvar dag. No må eg sette på stoppeklokka for å klare å skrive konsentrert i ein time. Det er ein jobb, ja. Men den beste kjensla i livet, det er når eg har skrive to sider og eg veit at dei er gode. Det er ingenting som slår det.

Etter avslutta studium, fekk han endeleg napp med eit manus skrive på eiga dialekt. Samlaget var interessert i å gi ut boka, men bad han skrive om til nynorsk. Han heldt likevel på nokre av dialektorda, mellom anna insisterte han på å skrive «snøv» i staden for «snø», og nekta å skrive «hovudet» om eit barn. «Hovudet» høyrdest nemleg ut som noko som gjaldt berre gamle folk, då var «haudet» betre. Hans første redaktør, Guri Vesaas, gav han eit råd:

– Eg hugsar ho sa til meg at når det går nokre år, så brukar dei fleste å gi seg, så du kan like godt gjere det med ein gong.

Det gjorde han ikkje. No, derimot, har han blitt litt rundare i kantane.

Arnfinn Kolerud vann pris i 2005

PRIS: Arnfinn Kolerud har vunne Kulturdepartementets pris for barne- og ungdomslitteratur to gongar, samt Litteraturkritikarprisen i 2004 (på biletet).

Foto: Morten Holm / NTB

Kritiserer sjølvhøgtideleg samtidslitteratur

– Eg godtar meir og meir av det som språkvaskarane foreslår. Det er ikkje noko stort poeng for meg lenger å tvihalde på den v-en i «snøv».

Kva er det som har endra seg?

– Før så tenkte eg at dette var mitt verk og difor må det vere slik. Eg trur det hang saman med ein slags kunstnarmyte. Eg kunne jo aldri sjå føre meg at Ingvar Ambjørnsen og Lars Saabye Christensen fekk korrekturlese noko som helst.

Den myten har blitt knust?

– Ja, eg ser jo no at eg og forlaget er saman om dette. I dag samarbeider eg mykje meir med redaktør undervegs i skrivinga, enn før. Eg har ikkje noko sånn stort syn på kunstnarar, om at dei er større enn røyrleggjarar og snikkarar.

Hans siste bok, «Gamle menn i syningom», handlar om eit parallell-univers, Vassbygda i Norike, inspirert av Asterix og Obelix. Bygda er den siste som nyttar nynorsk og innbyggjarane der kjempar innbite mot overmakta, ikkje med styrkjedropar, men med nynorske dikt.

– Eg saknar meir humor i norsk vaksenlitteratur. Det er mykje sjølvhøgtideleg, realistisk og alvorstungt. Det er ikkje plass til så mykje sprell og fantasi.

Kva trur du er grunnen til det, då?

– Nei, eg trur det er sjølvforsterkande. At Ragnar Hovland er litt åleine som eit utskot. Eg føler jo ikkje at humor har den heilt store statusen blant norske kritikarar. Det verkar som om tårer har større verdi enn latter.

Anne Cathrine Straume, NRKs litteraturkritikar, poengterte det same om hans siste bok: «Norsk litteratur oversvømmes av alvorstunge relasjonsromaner, der bare et fåtall hever seg til et høyt litterært nivå. Kolerud utfordrer trenden, han skriver underholdende og lite selvhøytidelig om minst like viktige sider av vår samtid.»

Han har fått litt kritikk for at karakterane er nærmast eindimensjonale, men det er poenget, forklarar han.

– Eg har ikkje brukt ein kalori på å nyansere dei. Det skal jo vere satire. Eg synest det er meir enn nok nyanserte figurar elles i norsk litteratur. Vi treng ikkje meir føleri.

Arnfinn Kolerud på Flatraket

BYGDA: Vassbygda er litt inspirert av Flatraket, spesielt dette med at det er ein gjennomfartsveg. – Her kan alt skje. Det kan kome tilreisande, seier Arnfinn.

Foto: Marius Beck Dahle / NRK

Diktaren

Litt seinare på dagen, vi har bevegd oss frå det anonyme kontoret, køyrt over Måløybrua, til bygda der han bur i dag med kjærasten sin. Flatraket har fått sitt namn etter ein av gardane som ligg langs den flate stranda ut mot havet, der ting stadig rek i land. Det er ei sånn bygd der folk fiskar sin eigen middag og murar sin eigen garasje, dei heng opp og saltar sitt eige kjøt.

– Du har ein blekkslagar der, ein altmoglegmann der, og så kjem eg hit med mine rosa kontorfingrar, forklarar Kolerud.

Flatraket

KLASSISK BYGD: Med unntak av ein liten detalj: Benkane er lenka fast på grunn av fare for sterk vind.

Foto: Marius Beck Dahle / NRK

Han har grubla og bekymra seg for intervjuet, avslører kjærasten, no sit han og ser ut mot Stad. Merkeleg nok strålar sola. Alle som har sett vêrmeldinga, veit at Stad sjeldan figurerer på TV utan introduksjonen «Storm ved».

– Er du engasjert i noko her i bygda?

– Eg prøvar å unngå det meste. Eg har blitt spurt om å halde 17. mai-tale dei siste fem åra, men har takka høfleg nei kvar gong.

– Kvifor det?

– Nei, det er ein frykteleg sjanger, å skulle seie noko fornuftig om 17. mai, pluss at eg ikkje har lyst å dumme meg ut i mi eiga bygd. Viss det var langt borte, så ...

– Så når du kjem heim frå kontoret, då er du meir privat?

– Ja, då trivst eg veldig med å vere ingen. Men dei kallar meg jo for Diktaren her i bygda. Dei gjer visst det.

Han veit ikkje om det er meint ironisk eller ei, har ikkje turt å spørje.

Arnfinn Kolerud møter kjente på Joker-en

DIKTAREN: Blir han kalla i bygda, visstnok. Her utanfor bygdas navle, Joker-butikken.

Foto: Marius Beck Dahle / NRK

– Kongen bør halde nyårstalen på nynorsk

Arnfinn Kolerud har sjølv eit godt pokerfjes.

– Eg veit aldri om han er seriøs eller tullar, så eg berre går utifrå at han tullar til ei kvar tid, hadde redaktøren hans, Runa Kvalsund i Samlaget, åtvara meg på førehand.

Eg spør om heile bokserien om Vassbygda er ein slags nynorsk-aksjon?

– Frå mi side så er det forskjellige forslag til kva eg meiner vi nynorskingar bør gjere. Eg kan ikkje sjå nokon grunn til at vi ikkje skal hogge ut fire nynorskfjes i eit fjell, seier Arnfinn og vi er med det ved den aller mest storslegne ideen av alle nynorsk-aksjonane i boka: Å hogge ut fire nynorske diktarar i stein, som ein har gjort med fire amerikanske presidentar i Mount Rushmore.

Eg ler, dette er jo openbert spøk. Han held fram:

– Eg har nettopp sitte og lest om ein velodrom i Stavanger som kosta 300 millionar kroner. Om vi kan bruke 300 millionar kroner på ei innandørs sykkelbane, kvifor ikkje på fire nynorske fjes?

Eg ler igjen, litt meir halvhjarta og usikkert denne gongen, noko som utløyser neste kommentar.

– ... og det meiner eg heilt seriøst. Det bør vi gjere. Og dessutan påverke kongen vår til å halde nyårstalen på nynorsk kvart fjerde år, det synest eg er heilt rimeleg.

Så du har trua på dei store gestane, symbolpolitikken?

– Ja, det trur eg. Eg kan ikkje sjå nokon annan augneblink som vil bety meir for nynorsken enn om kongen talte på nynorsk.

Kva posisjon tar han sjølv i språkstriden? Han hadde på seg Ivar Aasen t-skjorte tidlegare på dagen, men påstår at han helst ikkje vil tilhøyre nokon leir.

– Eg likar når folk seier at dei ikkje heilt veit kvar dei har forfattaren av desse bøkene. Gjer han narr av nynorsken, eller hyllar han? Det er den posisjonen eg vil ha. Eg vil vere åleine, det er jo difor eg bur her.

Frå slektningar som vil kjøpe boka hans andre stadar i landet, får han høyre at bokhandlarane gir åtvaring om at ho er på nynorsk. Jaja, men eg skal ha ho likevel, svarar dei.

– Bøkene blir selt med eit slags fareskilt utanpå, det er jo ei litt merkeleg haldning. Kanskje er bokhandlane redde for å få bøkene i retur dersom lesaren ikkje likar nynorsk.

Likevel, eller kanskje nettopp difor, kjem han ikkje til å gå tilbake til å skrive på bokmål.

– Eg har forlate bokmålet for godt. Det er noko med ... Setningane kjem for lett. Eg likar å jobbe.

– Må ha litt motstand?

– Ja, litt motvind, der au.

Utsikt betyr ingenting for Arnfinn Kolerud

INGEN INSPIRASJON: Når han skriv, bryr ikkje Arnfinn Kolerud seg om vakker utsikt. Difor brukar han heller loftet heime som furterom.

Foto: Marius Beck Dahle / NRK

Trassig, men med suksess

Arnfinn Kolerud er kjent for å vere trassig. Melde seg ut av statskyrkja, nekte militæret, studere russisk, skrive nynorsk ... I mange år har han brukt Ukraina, Russland og Estland som ferieland, før han no «har blitt normalt menneske og reiser til Syden».

– Eg likar ikkje å bli mistenkt for å gjere noko berre fordi andre gjer det.

Kva er det det gir han, å vere trassig? Kunne han ikkje nådd ut til enda fleire om han var villig til å tilpasse seg litt?

– Det blir vel eit særpreg ut av det. Eg får nokre trufaste lesarar og ein del oppdrag, seier han.

På den andre sida:

– Bøkene om Vassbygda blir nok rekna som sære og smale. Eg blir ikkje brukt som publikumsmagnet på litteraturfestivalar.

Paradoksalt nok har han likevel fått internasjonal merksemd. I 2018 blei ungdomsboka «Snillionen» plukka ut saman med elleve andre blant 150 påmelde bøker i Berlinale Books. Dette er ein konkurranse som premierer bøker eigna for filmatisering, i regi av filmfestivalen i Berlin og bokmessa i Frankfurt.

Utgåver av Snillionen

SUKSESS: «Snillionen» finst no på mange ulike språk, frå venstre: Spansk, koreansk, norsk, georgisk og slovensk.

Foto: Marius Beck Dahle / NRK

Plutseleg stod vestlandsforfattaren i selskap med storleikar som Isabelle Allende. Sigeren førte til omsetjing til mange språk, samt at Nordisk Film no jobbar med å lage film av boka som handlar om ein gut og ei mor som vinn i Lotto, og ei bygd som konkurrerer om å vere snillast for å få ein del av pengepremien.

– Der kom det ein drope.

Denne siste setninga spelar på regndropen som nettopp kasta seg frå himmelen og ned på kaffibordet, og vi ser skeptisk mot horisonten. Mykje av tida på Vestlandet går med til nettopp dette: Prøve å rekne ut når ein må gå under tak.

Han har godtatt at merksemd er nødvendig for å tene pengar som forfattar, ikkje overraskande kan han likevel bli irritert på andre forfattarar som seier dei gler seg til å reise ut på turné.

– Eg berre spyr av å høyre på dei. Det er mykje meir gruing enn gleding.

Opp med vindskjermen

ALLTID EIN VIND: Det går med ein del tid til å flytte rundt på hagemøblar etter kva veg vinden kjem, men no har Arnfinn skaffa seg vindskjerm. Denne må låsast fast til rekkverket med ein sykkellås.

Foto: Marius Beck Dahle / NRK

– Om ein leitar, så finn ein alltid ein motvind

No byrjar regnet å ta av, så vi flyttar stolane under tak på framsida av verandaen. Eg konfronterer Arnfinn Kolerud med det han hadde sagt på telefonen nokre dagar før intervjuet. At no måtte han leggje fram noko interessant på pulten. Kva låg bak den tanken?

– Eg trur alle som blir intervjua har lyst til å stå fram som kloke menneske. Og så kom eg vel med den setninga for å avvæpne litt. Mest som ei unnskyldning om at eg kjem faktisk ikkje til å leggje fram Dostojevskij på bordet når du kjem, eg må berre sitje her med barnebøkene mine og det får vere bra nok, for eg kan ikkje gjere meg annleis enn det eg er.

Arnfinn ser utover sitt rike. På toppen av oppbevaringsbenken med trillehjul ligg det ein ganske så hjelpelaus stein.

– Om ein leitar, så finn ein alltid ein motvind, seier han på eit tidspunkt.

Eg noterer utsegna kjapt i boka mi, dette kjennest som Arnfinn Kolerud i eit nøtteskal, men er det han som er motvinden, eller står han midt i vinden?

– Veldig mange spør meg: Når skal du byrje å skrive krim? Men eg er ikkje interessert i krim eller romantikk eller krig og fred. Eg er berre opptatt av språk.

Framover skal han dykke ned i ein annan vestlandsk, jordnær type. Han har lyst til å skrive noko skjønnlitterært om Olav H. Hauge.

Frå sin vesle, vakre utkant vil Arnfinn Kolerud halde fram med å observere, leggje kubbar på bålet, og la vinden gjere sitt.

Hei!

Har du tilbakemeldingar eller tips til nye kultur-saker? Om du likte det du las, kan du sjekke ut nokre av mine andre saker, som for eksempel «Spelet om Munch» og «Mannen som revolusjonerer Vogue».

Anbefalt vidare lesnad: