The Kardashians
Foto: ANGELA WEISS / AFP

Guide til «Amerikas kongefamilie»

Drap, sex og pengar. Slik blei The Kardashians ei supermakt.

«Det kjem mykje bagasje med oss, men det er som med Louis Vuitton-bagasje. Ein vil alltid ha meir,» sa ein ung Kim Kardashian lurt til kameraet. Året var 2007, anledninga var første episode av realityserien «Keeping up with The Kardashians».

20 sesongar og 290 episodar seinare har milliardane trilla inn på konto, rumper har endra form, skandalar er skapte og sløkte. I dag er Kardashians verdas mektigaste kjendisfamilie. Om du ikkje har sett serien, tenkjer du kanskje at dei er irrelevante for deg, men o' du uvitande menneske...

– Mange av oss vanlege dødelege er meir påverka av The Kardashians enn vi trur, seier Elise Alexandra Gulbrandsen, journalist i VGs Min Mote.

Elise Alexandra Gulbrandsen, journalist i VGs Min Mote (Foto: Privat)

Familien grip inn med hud og klør både i politikk, kultur og trendar, langt utanfor TV-skjermen. Kvifor blei akkurat denne familien så svære, og kva består prosjektet Kardashians av?

I namnet til offentleg teneste: Ver så god, her er din Kardashians ABC.

A for Armenia. Vårt innblikk i familien startar med å dra ned kartet og peike på ein tidlegare sovjetstat. Forfedrane til dagens Kardashians flykta frå Det osmanske riket til USA i 1914. Året etterpå byrja riket å deportere armenarar, og over 300.000 blei drepne. I ettertid har det vore internasjonal strid om definisjonen av drapa, der Kardashian-systrene har engasjert seg for at USA skulle anerkjenne dette som eit folkemord, noko president Joe Biden nyleg gjorde.

Kardashians i Armenia

I JEREVAN: Kim og Khloé i Armenias hovudstad, 2015, eskortert av soldat.

Foto: STRINGER / Reuters

B for behov. Det er lett å tenkje at Kardashians er teiknet på at endetida er nær, men kanskje bør vi heller ta ein titt i spegelen. For er ikkje vi, publikum, ein av nøklane til å forstå suksesshistoria? Kjendisar oppfyller ulike behov hos mennesket, som underhaldning og flukt frå verkelegheita, førebilete og kjelder til debatt.

C for contouring. Ein sminketeknikk som går ut på å leggje lyse og mørke pudder lag på lag for å skape definerte kinnbein, popularisert av Kim Kardashian West. Trenden nådde Noreg for eit par år sidan, og er eit godt eksempel på «Kardashian-effekten»: Korleis eitt enkelt innlegg i sosiale media kan føre til tomme butikkhyller.

D for dynasti. Noko av nøkkelen til suksessen er rett og slett at familien har mange bein å stå på. Kardashians er i realiteten sett saman av to kjendisfamiliar, Kardashian og Jenner.

Kardashian-familietre
Grafikk: Marco Vaglieri / NRK

I 1978 giftar advokaten Robert Kardashian seg med Kris Houghton. Dei får borna Kourtney, Kim, Khloe og Rob. Då paret skil lag, giftar Kris seg med ein ikkje heilt ukjent fyr, nemleg OL-meister Bruce Jenner (som forresten er eksen til eksen til Elvis Presley). Bruce og Kris får borna Kendall og Kylie. Sidan utviklar dynastiet seg med nye generasjonar og partnarar. Kim Kardashian giftar seg for eksempel med rapparen Kanye West (meir om dei på W).

E for ekstraordinære, men vanlege. I arbeidet med denne saka ser eg uhorvelege mengder med episodar av TV-serien, og tar meg i å A) vri meg i ubehag over familiens kosmetiske inngrep, før eg B) tenkjer at dei er ganske okay og smarte. Paradokset appellerer. – Sjølv om livsstilen deira er veldig ekstrem, så er dei på same tid folkelege. Vi kan tenkje «herregud så spinnvilt», men så kort tid etter, «den tightsen var veldig fin», seier Elise Alexandra Gulbrandsen.

F for feminisme. I likskap med Beyoncè og Lady Gaga, så passar Kardashian-systrene godt inn i ein versjon av feminismen som fokuserer på at karriere, likestilling og feminitet kan gå hand i hand. På den eine sida er dei smarte businesskvinner, på den andre sida har dei ikkje noko imot å vere sex-objekt. Nokre hyllar dei, medan andre ser negative konsekvensar av kvinnesynet som Kardashians representerer (sjå R for rumpe).

G for grei inntekt. Kardashian-familien tok skeia i eigne hender då dei såg at sladrepressa tente pengar på dei. To av familiemedlemane, Kylie og Kim, er milliardærar. Store delar av inntektene kjem frå Instagram. Kylie, for eksempel, med sine over 200 millionar følgjarar, kan tene opptil 986.000 dollar på eitt innlegg, noko som svarar til utrulege åtte millionar kroner. Andre inntektskjelder er eigne kles- og sminkemerke, eventar, reklame og medieoppdrag.

The Kardashians

SØSKENFLOKK: Tidleg utgåve av Kardashian/Jenner-barna. Rob, Kourtney, Kendall, Kim, Kylie og Khloe.

Foto: Hector Mata / AP

H for «ha det». «Det er slutten på ein æra,» seier Kim i siste sesong av «Keeping up with The Kardashians». Bortsett frå at det er det ikkje, for familien har sikra seg kontrakt med straumegiganten Hulu. Det er framleis ikkje kjent kva konkret familien skal ta seg til no, men at dei blir å sjå på TV i ei eller anna form verkar sikkert.

I for Instagram. Kardashians slo gjennom som kjendisar cirka samtidig som sosiale medium vaks fram. Dei har vore flittige brukarar av både Twitter, Facebook og Instagram, og i dag har dei til saman nesten éin milliard Instagram-følgjarar. På mange måtar har Kardashians gått i bresjen for påverkarbransjen. I eit nyleg intervju med talkshow-kongen David Letterman fortalde Kim at ho i starten av karrieren var heilt skamlaus i kva ho posta på sosiale medium. Den eine dagen kunne ho promotere fast food, den andre dagen diettar. Slik vaks merkevara ut av TV-en, inn i mobilen og til topps. No har ho blitt meir selektiv.

Kim tar selfie i Armenia

SELFIE: «Sosiale media er ein fulltidsjobb,» har Kim Kardashian West uttalt.

Foto: STRINGER / Reuters

J for Jenner. Bruce Jenner er OL-helt i tikamp, far til Kendall og Kylie og gift med Kris frå 1991 til 2015. I dei første sesongane av serien spelar han rolla som den fornuftige faren som prøvar å oppdra dei bortskjemte jentene. I 2015 blir det kjent at Bruce har tatt kjønnsoperasjon og skifta namn til Caitlyn Jenner, noko som blir fyldig dekt i media. I dag har Caitlyn sin eigen YouTube-kanal og er sporadisk med i serien.

Jenner

JENNER: Bruce Jenner under konkurranse i 1976, Caitlyn Jenner på raud laupar i 2018.

Foto: AP & Alberto E. Rodriguez for Getty Images

K for «Keeping up with The Kardashians». Ein av seriane med lengst fartstid på amerikansk TV starta som ein kopi av ein annan kjent reality. Då «The Osbournes», TV-serien som følgde rockaren Ozzy Osbourne med familie, la inn årene, starta amerikanske TV-kanalar jakta på ein oppfølgjar. American Idol-programleiar Ryan Seacrest fann Kardashians og saman skapte dei ein serie som stadig fascinerer, med typiske reality-grep som tale direkte til kamera og behind the scenes-kjensle.

L for lepper. Yngstemann i flokken, Kylie, starta sminkemerket Kylie Cosmetics som 15-åring og blei verdas yngste dollarmilliardær i 2019. Sminkesettet skulle gi dei same fyldige leppene som ho sjølv forfektar. I etterkant har det blitt stilt spørsmål både ved om ho triksa med tala og leppene. Då Kylie måtte innrømme at ho har tatt fillers, altså kosmetisk innsprøyting, fekk ho massiv kritikk.

Kylie Jenner

YNGSTE JENNER: Kylie.

Foto: Evan Agostini / AP

M for Momager. Hos The Kardashians er det ikkje ein manager som trekk i trådane, men ei mor. Slagordet «The devil works hard, but Kris Jenner works harder» samanfattar godt matriarken i familien, «the momager», som er kynisk, hardtarbeidande og smart. Ho er ein av nøklane til å forstå korleis familien har blitt så svære som dei har blitt.

Kris Jenner

THE BOSS: Kris Jenner.

Foto: Evan Agostini / Ap

N for nye karakterar. Kardashians-monsteret fôrar seg sjølv på stadig nytt blod. Eit av dei nyaste eksempla på det, er når TikTok-stjerna Addison Rae blir henta inn som «besteveninne» til storesyster Kourtney i den nyaste sesongen av serien. Slik kan Kardashians få ein bit av TikTok-kaka, som typisk sett har yngre brukarar enn mange av plattformene som Kardashians er store på. Samtidig flokkar bi-karakterar seg rundt familien og byggjer sine eigen karrierar på det. Eit eksempel på dette er Scott Disick, kjærasten til Kourtney, som har vore med i serien frå starten av.

Scott Disick

LORD DISICK: Scott Disick har blitt ein favoritt blant mange sjåarar. I ein periode i serien lata han som han var lord.

Foto: Dave Kotinsky / Afp

O for OJ Simpson. Første gongen namnet Kardashian blir kjent i internasjonal presse er i samband med tidenes rettssak.

Dette er Robert Kardashian. I ein biografi om han, står det å lese: «Hans vakre aldrande ansikt vil alltid dukke opp i bilete frå OJ Simpson-rettssaka, og sjølv om han aldri talte i retten, var namnet hans ei tid synonymt med personleg lojalitet.»

Robert Kardashian
Foto: Nick Ut / AP

Kardashian var nemleg besteven med fotballstjerna som blei tiltala for drap på ekskona Nicole Brown Simpson i 1994. Robert stilte som ein av forsvarsadvokatane i rettsalen:

OJ Simpson med sine forsvarsadvokatar

I RETTSALEN: OJ Simpson (midt framme) omgitt av advokatar, frå venstre: Johnnie L. Cochran Jr., Peter Neufeld, Robert Shapiro, Robert Kardashian og Robert Blasie.

Foto: Sam Mircovich / Ap

«K-A-R-D-A-S-H-I-A-N. The name is Kardashian». På første pressekonferanse måtte han stave namnet sitt for reporterane, ingen visste på det tidspunktet kven familien var. På den andre sida i rettsalen sat Roberts ekskone, Kris. Ho sørgja over tapet av besteveninna og var sikker på at OJ hadde drepe henne. Midt mellom mor og far sat tenåringsdøtrene Kim og Kourtney. Dei blei vitne til at rettssaka vart underhaldning, og faren deira kjendis.

OJ Simpson blei frikjent i retten, men dømt i sivil rettssak til å betale ein erstatningssum til offera. I 2008 blei han dømt til 33 år i fengsel for ran og kidnapping i ei anna sak. Etter å ha sona ni år, blei han lauslaten. Robert Kardashian døydde av kreft i 2003, berre 59 år gamal.

P for Paris. Kim Kardashian West tok sine første steg mot kjendisstatus ved å vere ven med og stylist for hotellarvingen Paris Hilton. Byen Paris, derimot, har kjipe assosiasjonar for Kim. Under moteveka i 2016 blei ho brutalt rana på hotellrommet sitt. Då ho nyleg snakka om hendinga i David Lettermans nye talkshow, sa ho at ho trudde ho kom til å bli drepen.

Kim og Paris Hilton på fest

2006: På fest. Då Paris Hilton (til venstre) var meir kjent enn Kim.

Foto: CHRIS POLK / AP

Q for queen of the catwalk. Kendall, den eldste av Jenner-døtrene, har gått sine eigne vegar og blitt ein av verdas best betalte og mest populære toppmodellar. Ho er ansiktet til kosmetikkmerket Estée Lauder og har gått visningar for alle dei store designarane. Kendall spelar ei meir tilbakehalden rolle i serien og har vore open om at ho slit med angst.

Kendall Jenner

MILANO: Kendall på catwalken i motebyen, 2019.

Foto: STEFANO RELLANDINI / Reuters

R for rumpe. Rumpa har ikkje vore nokon bakdel for Kim Kardashian West. Blant norske presseoppslag om familien går orda «rumpe» og «puppar» igjen. Familien har vore mange rundar i operasjonssalen sidan serien starta, og mange hevdar dei har skapt eit heilt nytt kroppsideal.Elise Alexandra Gulbrandsen i VG kallar denne trenden like skummel som den tynne «heroin chic»-trenden på 90-talet. – Du skal ha ei fyldig rumpe, men ikkje vere fyldig på feil stad. Det er ein umogleg trend, å samtidig ha kjempestor rumpe og supersmal midje. Det er ikkje sånn dei fleste kroppar oppfører seg naturleg.

Kim Kardashian West

VERDAS MEST BERØMTE RUMPE? Kim Kardashian West går opp trappene til motefesten The Met Ball i 2018.

Foto: BRENDAN MCDERMID / Reuters

S for sextape. Samtidig som TV-serien har premiere i 2007, blir ein sextape med Kim og ein tidlegare kjærast sleppt på Internett. Kim saksøkjer, men går til slutt med på eit forlik. Sextapen bidreg til å skape blest om namnet Kardashian, og vonde tunger spekulerer i at familien sjølv har lekka videoen for PR, men dette har aldri blitt bevist. Kim kan like gjerne ha vore eit offer, men bestemt seg for å slå strek og gå vidare i livet sitt. When life gives you lemon, make lemonade. Med god hjelp av momager Kris tar ho alle oppdrag ho kan få.

T for Trump. I 2018 tar Kim Kardashian West eit nytt steg i karrieren då ho engasjerer seg i saka til Alice Marie Johnson, ei svart kvinne som er dømt til livstid for ei førstegongs narkotikaforbryting. Kims engasjement fører til at president Donald Trump benådar Johnson. Kim er også ein av dei som er med på å overtale presidenten til å vedta First Step Act, ei reform av fengselssystemet. No studerer ho til å bli advokat som sin far, og i den siste sesongen av «Keeping up with The Kardashians» seier ho at «karantene passar meg ganske bra, sidan eg studerer til eksamen.»

Donald Trump og Kim Kardashian

I MAKTAS KORRIDORAR: Kim Kardashian West talar medan president Donald Trump lyttar i Det kvite hus, 2019.

Foto: SAUL LOEB / AFP

U for undertøy. Ein av dei mange kontroversane rundt familien oppstod i 2019 då Kim Kardashian West skulle lansere sitt nye undertøysmerke. Som eit slags ordspel på sitt eige namn kalla ho merket Kimono. Ho hadde til og med søkt om copyright. Men kimono er eit tradisjonelt japansk plagg, som dessutan betyr klede på japansk, og mange påpeika at dei ikkje ynskte å dele ordet med Kims undertøysline. Ho blei skulda for kulturell appropriasjon og etter massiv kritikk lanserte ho merket på nytt under anna namn.

V for veldig markerte augebryn. Eitt av områda ein ser «The Kardashian effect» veldig tydeleg, er i ansiktet. Over auga. Svarte, markerte augebryn blei inn etter at Kardashians slo gjennom.

Khloe Kardashian

KHLOÉ: Med to av trendane som The Kardashians har gitt verda – veldig markerte augebryn og laushår.

Foto: Alberto E. Rodriguez / AFP

W for West. Ein kred-rappar + ei realitystjerne med frynsete rykte = suksess. Elise Alexandra Gulbrandsen frå VG hugsar tilbake til 2014, då Kim Kardashian og Kanye West stod fram som eit par. – Nyheita var veldig uventa og hadde ein sjokkeffekt. Er dette ekte kjærleik, er vel det mange blei sittande og lure på, seier journalisten.

Kanye løfta med seg The Kardashians opp til eit nytt nivå av kjendiseri. Ikkje minst tok han Kim Kardashian frå sladreblada og inn i motebransjen. I ei kjent scene i serien ryddar han i klesskapet hennar og gir henne ein ny, meir klassisk stil.

Kim Kardashian og Kanye West

KIMYE: 2014–2021.

Foto: DANNY MOLOSHOK / Reuters

Paret får fire barn saman, men i 2020 slepp dei nyheita om at dei går frå kvarandre. Dette skjer etter at Kanye West har vore open om at han har bipolar liding, og Kim har tvitra at ho slit med å hjelpe han. West har stått bak mange kontroversielle utsegn og påfunn dei siste åra, mellom anna stilte han til val som president i 2020.

På mange måtar er det Kim som i dag kjem sterkast ut av forholdet. Ho har gripe dei nye businessmoglegheitene med begge hendene.

X for (e) x-orama. Kardashian-familien er kjent for rare koplingar i form av eksar. «Kardashian-universet er eit innvikla nett av nær incestuøse og merkelege koplingar. Å kartleggje alle dei store og små kjendisane som har blitt dratt inn i familien er, om ikkje eit heilt livs arbeid, så i alle fall ein ettermiddags,» skriv nettstaden The Daily Beast ganske treffande. Kylie blei for eksempel saman med rapparen Tyga, som hadde vore saman med modellen Black Chyna, som sidan blei saman med broren til Kylie, Rob Kardashian.

Y for ymse. Dette er eit godt ord som har same tyding som diverse. Her kan vi trykkje inn alt som ikkje passar andre stadar, som for eksempel at Kim og Kanye West valde å kalle det eine barnet sitt North West (!), eller at Kardashians først i 2009 byrja å bli kjendisar i Noreg, lenge etter USA. Vi kan også presse inn ymse trendar som vi kan takke eller eventuelt hate Kardashian-familien for: Små solbriller, sykkelshorts og langt laushår (visstnok inspirert av Cher, som også er av armensk slekt).

Z for zzzzzz. Å sjå mange episodar i strekk av «Keeping up with The Kardashians» kan skildrast som TV-varianten av scrolling. Etter å ha sett heile første sesong føler eg meg tom. Har vi lagt bak oss 14 år med ein endelaus straum av ingenting?

Æ for ærleg tale. Serien framstiller Kardashians som one big happy family på den eine sida, men det er også plass til ærlege innblikk i sjukdom og personlege problem. Einaste bror i flokken, Rob, har slite med psykisk sjukdom og vektproblem, Kourtney vil ut av serien, og Khloe snakkar om kostnadane ved å vere på sosiale media heile tida. Kim verkar å vere den som best trivst med å vere kjendis.

Rob Kardashian

ROB: Den einaste Kardashian-sonen.

Foto: Evan Agostini / AP

Ø for øy. Sjølv om ein er kjendis, må det vere ei utfordring å fylle 290 episodar med innhald. Dermed blir det nokre reprisar i manuset, som for eksempel den årvisse episodevarianten vi kan kalle «Familieferien til ei eller anna eksklusiv øy der det skjer masse drama». Desse bidreg til å skape inntrykket av ein familie som bryr seg om kvarandre, samtidig som dei kranglar på ferie, og ein rekk akkurat å tenkje at «dette var då veldig lett å kjenne seg att i,» før Kardashians reiser på eksklusiv øyferie i 2020 midt under pandemien.

Å for åra går. I eit nyleg intervju med Vogue blir Kim spurt om ho blei rørt då dei bestemte seg for å seie farvel til serien. Ja, fortel Kim, då lydteknikaren gav henne mikrofonen som ho hadde brukt dei første ti sesongane. Intervjuaren påpeikar: «Det er rart å tenkje på. Berre ei realitystjerne som har blitt filma i ti år kunne bli sentimental av ein mikrofon.»

Bakgrunnskjelder: The New York Times, Gale Biography Online Collection, The Daily Beast, Harpers Bazaar, Vogue, People magazine, The Guardian.

Vidare pensumliste i populærkultur:

Hei!

Har du tilbakemeldingar eller tips til nye kultur-saker? Om du likte det du las, kan du sjekke ut nokre av mine andre saker, som for eksempel «Spelet om Munch» og «Mannen som revolusjonerer Vogue».