David Hockney med hund

HUNDEVEN: David Hockney i LA med ein av sine dachshundar. Ukjent dato.

Foto: Anthony Barboza / Getty Images

Den håpefulle

David Hockney knuser myten om den triste kunstnaren.

Plask. Augneblinken då nokon hoppar ned i det asurblå vatnet.

– Eg ville måle noko som varer i eitt sekund, har mannen bak vår tids mest ikoniske svømmebasseng-måleri, sagt.

Han heiter David Hockney og «The Splash» er hans «Skrik».

Måleriet "Splash" på auksjon 11. februar 2020

STADIG MEIR POPULÆR: «The Splash» blei selt for cirka 274 millionar kroner hos auksjonshuset Sotheby's i London, 2020. Sidan førre gong måleriet var på auksjon i 2006 hadde prisen åttedobla seg.

Foto: DAVID HOCKNEY / DANIEL LEAL-OLIVAS/AFP

Hockney, i dag 83 år gamal, er Englands største nolevande målar. Hipsterane vil ha han i plakatform på veggen og musea kappast om å vise bileta hans. Han nyt stor respekt samtidig som han er ein av få kunstnarar som blir omtala i tabloidavisene, og har sjølv, i sine kule dressar, blitt like ikonisk som kunsten. Seks tiår etter at han starta, har han dessutan bytt ut lerret med Ipad for å kunne måle raskare enn før.

Korleis hamna David Hockney her?

David Hockney

VETERAN: I seks tiår har Hockney påverka kunst, mote og populærkultur. Idébanken hans verkar aldri å bli tom. Kven er han?

Foto: CARL COURT / Afp

Sjå det vakre i verda

Vi høyrer ofte historiene om dei triste, plaga kunstnarane. Kanskje er noko av det mest fascinerande ved David Hockney korleis han knuser denne myten. Universet hans er fylt med hundar, svømmebasseng og fargar, og han har eit positivt syn på livet.

Alt dette starta i ein kolsvart by.

Bradford, 1937.

David Hockney veks opp i «verdas ull-hovudstad». Røyken frå dei mange tekstilfabrikkane fargar byen svart. Kvar er det han oppdagar fargane?

Bradford

I kunsten.

Ein ung David Hockney ser Van Goghs blå himmel på kunstutstilling. Han oppdagar også Matisse, Picasso og Monet.

Van Goghs Starry Night Over the Rhone (1888)

Berre elleve år gamal har Hockney sin visjon klar. Folk gløymer å sette pris på det som omgir dei i kvardagen. Han vil måle slik at folk oppdagar det vakre i verda dei lever i. For mellom fabrikkpipene finst det ei bølgje som slår mot land eller ein vassdrope som fell frå krana.

Hockneys syn passar perfekt inn i ei ny kunstretning som veks fram i London på starten av 1960-talet.

Popkunstnaren

– Popkunsten ville bryte reglane og sleppe kvardagen inn i kunsten. Viss kunsten skulle angå folk, så måtte han ned frå pidestallen og inn i livet. Der er Hockney veldig sentral, seier NRKs kunstkritikar Mona Pahle Bjerke.

Ho forklarar at David Hockney og popkunsten kom som eit friskt pust etter den modernistiske kunsten, som var veldig elitistisk og prega av strenge reglar.

Mona Pahle Bjerke, kunstkritiker NRK. (FOTO: WERNER ANDERSON)

Ein av reglane som Hockney bryt, er at han målar sin eigen kvardag og identitet som homofil. Då han tar eksamen ved prestisjetunge The Royal College of Art i London, 1962, er regelen at studentane må lage eit kvinneleg aktmåleri. Hockney teiknar ei herreakt med eit skjelett på sida.

Etter dette blir det lov å måle begge kjønn ved skulen i London.

Hockney er blitt kjent, og er klar for Amerika. Der møter han den kanskje mest kjente popkunstnaren av dei alle, Andy Warhol. Frå 1962 og framover samlar dei hippaste kunstnarane og kjendisane seg rundt hans «kunstfabrikk» i New York.

David Hockney og Andy Warhol

VENER: På bilete frå 60-70-talet kan ein sjå ein ung Hockney med bleika hår og briller som poserer med Warhol. Han blir til og med portrettert av han.

Foto: Evening Standard / Getty Images

Det er likevel i Los Angeles David Hockney finn motivet han er mest kjent for.

Svømmebassenget

1964: Innan ei veke i Los Angeles har Hockney skaffa seg lappen, bil og studio. Han byrjar å måle det han ser rundt seg, som er dramatisk annleis enn industrielle England: Forbrukskultur, middelklassedraum og sol. Ikkje minst legg han merke til svømmebassenga, som i England ville blitt sett på som luksus, men som her er ein del av kvardagen. Svømme- og stupebileta han skapar i Los Angeles, blir ikoniske.

I tillegg til allereie nemnte «The Splash», er det biletet «Portrait of an Artist (Pool with Two Figures)» som blir mest kjent. Mange ser akkurat dette for seg når dei lukkar augo og tenkjer på California.

David Hockney-bilete sette prisrekord

AUKSJON: Dei siste åra har David Hockneys kunst tatt store jafs oppover prisskalaen. I 2018 set «Portrait of an Artist (Pool with Two Figures)» ny rekord som verdas dyraste verk av ein nolevande kunstnar selt på auksjon. Han som kvittar seg med måleriet er eigar av fotballklubben Tottenham, noko som får britiske tabloidar til å spekulere i nye spelarkjøp...

Foto: DAVID HOCKNEY / DON EMMERT/AFP

Det ser så lett ut, nesten fotografisk, men Hockney grubla mykje på korleis han skulle framstille vatnet riktig.

– Det er eit interessant problem, å skildre vatn, fordi det kan ha alle slags fargar og har ingen bestemt visuell representasjon, har han sagt.

Verdien på bileta veks. Og veks. I 2018 blir «Portrait of an Artist (Pool with Two Figures)» seld på auksjon for over 765 millionar norske kroner. Hockney har i eitt år rekorden for dyraste verk seld på auksjon av ein nolevande kunstnar (han blir «slått» av Jeff Koons i 2019).

Hovudpersonen sjølv får berre ein liten prosent av salssummen. Han har uttalt at han synest prisane i kunstmarknaden er galskap, men at han ikkje vil la det påverke arbeidet sitt.

Det er han som målar

David Hockney mottar NRKs intervjuførespurnad, men takkar pent nei til intervju. Han er opptatt med å måle. Så eg ringer ein som kjenner han godt. Gunnar Kvaran er tidlegare direktør ved Astrup Fearnley Museet og har møtt Hockney fleire gongar sidan starten av 2000-talet.

– Vi knyter han ofte til popkunsten, men det er litt overdrive. Ja, han var tidleg ute med å spegle si tid og forbrukarsamfunnet, men i dag kan ein seie at han berre er David Hockney. Han har skapt sin eigen estetikk, former og figurar.

Gunnar Kvaran

Det første Gunnar Kvaran kjem på når han skal skildre Hockney som person, er: Han røyker i eitt sett. Men også:

– Han er ein veldig imøtekomande og interessant diskusjonspartnar.

Hockney blir skildra som ein jordnær type som har halde på Yorkshire-dialekta si. Han kler seg i briller, sixpence og ein fargerik britisk stil med dress, mønstrete skjorter og alltid eit smil på lur.

Hockneys kunst osar glede og fritid, men mannen sjølv jobbar frå morgon til kveld. Kunstnaren står opp med lyset. Han matar hunden, går til studioet og stiller seg opp for å måle. Også når han er på reise har han berre eitt mål for auge («Eg har ikkje hatt ferie på 20 år,» var svaret då ein ven tråkka i salaten og ynskte Hockney god ferie før ei reise). «Ein kunstnar kan støtte hedonismen, men han kan ikkje vere ein hedonist sjølv. Fordi ein kunstnar, av definisjon, må jobbe,» har Hockney sagt.

Og: Han målar alt sjølv.

– Kunstnarar av denne kaliber har ofte assistentar som hjelper til med å måle. Han har assistentar som set opp rammer og hjelper med det tekniske, men han har vore veldig opptatt av at det er han som målar, fortel Kvaran.

Hockney ser nemleg på seg sjølv både som kunstnar og handverkar, noko han fekk fram i 2012, då han og ein annan kjent engelsk kunstnar, Damien Hirst, begge var aktuelle med solo-utstillingar i London. Hockney la inn ein subtil kommentar i utstillingskatalogen sin: «Alle verka her er personleg laga av kunstnaren sjølv.» Han bekrefta seinare at dette var ein kommentar til Hirsts bruk av assistentar.

David Hockney på LED-skjerm i Times Square

OFFENTLEG KUNST: I 2020 viste Hockney fram kunsten sin som animasjonar på storskjermar rundt om i verda, mellom anna Times Square i New York. Motivet var ein soloppgang og tittelen, «Remember you cannot look at the sun or death for very long», bar med seg håp om at nedstenginga og pandemien snart ville ta slutt.

Foto: TOBY MELVILLE / Reuters

Inspirasjonskjelda

Hockney har blitt hylla av alt frå Ian McKellen til Manolo Blahnik til Joni Mitchell, samtidig som unge kunstnarar, designarar og musikarar lar seg inspirere. Sjølv har han uttalt at han ikkje heilt veit kvifor han blei så kjent. Kanskje kan ein av hans norske fans kaste lys over det?

Constance Tenvik, 30, har studert ved Yale og vist kunsten sin i byar som New York, København, Bogotá og Basel.

Constance Tenvik

CONSTANCE: Framfor eit av sine verk i galleriet Isca, Oslo. Antrekket er eit lite vink til David Hockney. På dressen har ho fått trykt eit eigenlaga mønster med nesten usynlege spøkjelse.

Foto: Xin Li / NRK

«Jeg elsker David Hockney og tenker mye på ham, både når det kommer til å male og kle seg,» svarar ho kort tid etter at eg sender henne ein e-post. Ho legg dessutan ved eit eigenkomponert måleri som viser ei kvinne omgitt av fleire ting. Nedst i venstre hjørne? Ei bok med tittelen «That's the way I see it. David Hockney.»

Constance Tenviks Hockney-inspirerte verk "Nightshirt Into The Day", 2020

IDEEN: «Nightshirt Into The Day», 2020. Det er eit sjølvportrett, der eg sit på mitt eige teppe i nattkjortel og dagdrøymer. Rundt meg er ting eg omgir meg med – eit tarotkort og denne boka. Det var livet mitt akkurat då, men samtidig er det mystikk i biletet som eg ikkje ynskjer å plukke frå kvarandre.

Illustrasjon: Constance Tenvik

Verket er ein ode til kunstnaren ho set så høgt. 30 år gamle Constance Tenvik ser på 83 år gamle Hockney som eit godt førebilete å ha.

– Han har via livet sitt til kunsten, og det gir meg håp. Dersom ein er nysgjerrig, slik han er, så er det ganske uendeleg kva ein kan skape. Samtidig verkar det som han heile vegen har stolt på sin eigen strek. Ein kjenner alltid igjen universet hans, uavhengig av kva han lagar, seier Tenvik.

Kanskje er noko av grunnen til dette at Hockney ikkje skil så mykje mellom kunsten og livet. Livet hans er grunnlag for det han målar. Ein ser tydeleg når Hockney har vore i Los Angeles, eller når han har fått seg ny kjærast. Samtidig legg han livet opp etter kunsten, ved å flytte dit lyset og motiva er best.

I dag er Hockney like ikonisk som sine måleri. Måten han sjølv kler seg på, kompletterer kunsten. Constance Tenvik blir inspirert av stilsikkerheita hans, både i kunsten og antrekka.

– Eg tenkjer at det finst stil i alt, så ein kan like godt glede seg både når ein målar og når ein kler seg. Dette er Hockney eit strålande eksempel på.

David Hockney

STILIKONET: Mannen med dei skarpe snitta, rutete dressane og store brillene har inspirert designarar og blitt kåra til ein av Storbritannias mest velkledde menn.

Foto: ROBIN UTRECHT / AFP

Ipad, difor er eg

Han held også fingeren på pulsen når det gjeld bruk av teknologi. Han har brukt data, faksmaskin, video, fotografi, og i dei seinare åra, Iphone og Ipad, i den skapande prosessen. For eksempel kan ein sjå David Hockney i publikum på arkivfoto frå den aller første Adobe Photoshop-presentasjonen på 80-talet. Med ein hund på fanget, så klart.

I hans nye utstilling, «The arrival of spring» ved The Royal Academy of Art i London, kan ein sjå korleis David Hockney har måla seg gjennom pandemien. Desse bileta er teikna på Ipad:

No. 133, 23. mars 2020

No. 133, 23. mars 2020. Hockney elskar trea: «Eg ser på dei heile tida. Alltid. Tre er fascinerande skapningar. Dei er dei største plantane. Kvart tre, kvart blad er forskjellige, slik som oss.»

No. 125, 19. mars 2020

No. 125, 19. mars 2020. «Eg ser på himmelen kvar dag, fordi han er annleis kvar dag,» seier Hockney.

No. 118, 16. mars 2020

No. 118, 16. mars 2020. Midt under pandemien måla David Hockney påskeliljene han såg i hagen sin.

No. 259, 24. april 2020

No. 259, 24. april 2020. Sidan han flytta til Normandie i 2019, har Hockney førebudd hagen sin frå vår til vår, slik at han best mogleg kan måle naturen og landskapet.

For å kunne lage måleria, jobba han og teamet hans saman med ein dataekspert for å speede opp teikneprosessen i appen Brushes. Fordelen, har han sagt, er at ein kan få ei breidde med fargar ned på papiret kjappare enn noko anna.

Kritikarane er ueinige i om Ipad-teikningane er eit strålande foreløpig punktum på ein lang karriere, eller om data-teikningane øydelegg for hans rike portefølje. Ein skribent i Financial Times uttalte at ekspertar som spesialiserer seg på å ta røntgenbilete av gamle måleri, berre kan ta lab-kåpene sine og gå. Her er det ingen gøymde lag som dei kan skrape fram.

Kritikken har også vore delt når det gjeld hans siste prosjekt, som er del av Londons nye kampanje for å tiltrekkje seg turistar etter pandemien. «Briljant» var ordet Londons ordførar brukte då han presenterte t-bane-skiltet som skulle møte reisande ved Piccadilly Circus framover:

Tweet frå ordføraren i London om nytt t-baneskilt
Grafikk: Skjermdump 21.06.2021 / Mayor of London/Twitter

Hockney har visstnok bidratt utan å krevje ei krone i retur, likevel var nokre meir skeptiske og hevda dei sjølv kunne teikne vel så bra som kunstnaren. Presentasjonen av prosjektet utløyste ei bølgje av teikningar på Twitter:

Svar på Twitter til ordføraren i London
Foto: Skjermdump 21.06.2021 / Rick Burin/Twitter
Svar til ordføraren i London - 2
Grafikk: Skjermdump 21.06.2021 / Greer Riddell/Twitter

NRKs kunstkritikar Mona Pahle Bjerke forklarar kva det er som ligg bak reaksjonane til t-bane-skiltet.

– Her er uttrykket heilt tilsikta barnleg og naivt, og det vil alltid folk reagere på. Det er heilt reelt at folk kan gjere det betre sjølv. Samtidig er han ei merkevare og namnet hans er verdt veldig mykje, så eg skjønar at dette er stas for London og at ein lar seg fascinere av at det nettopp er Hockney som står bak teikninga.

Uansett klarer Hockney kunststykket å bli snakka om i dei tusen heimar, å nå dei kunstinteresserte samtidig som han får nett-trollet til å ta fram teikneblokka. Det er vel ein evne i seg sjølv?

– Det å klare å få ting til å gå viralt er definitivt ein evne som han har. Han klarer å få merksemd og kommunisere på den type plattformer som ikkje nødvendigvis så mange eldre kunstnarar får til, seier NRKs kunstkritikar.

Blir han aldri lei?

Ikoniske David Hockney

IKONISK: Med sixpence på ei pressekonferanse i Frankfurt, 2016.

Foto: Arne Dedert / Ap

Hockneys nye vår

No for tida sit David Hockney i Normandie i Frankrike og målar. Han blei forelska i staden då han såg soloppgangen der for nokre år sidan.

– Her bur eg midt i det. Eg forlèt ikkje hagen. Her er kirsebærtre, epletre, pæretre, aprikostre, plommetre i full blomstring. Det er berre ein av dei vakraste syna. Alt endrar seg frå dag til dag, sa han i eit intervju i fjor.

Vi ser alltid med minne, meiner han, noko som betyr at våre oppfatningar og erfaringar blandar seg inn med det vi ser. Ser vi på eit tre to dagar på rad, ser vi difor ikkje akkurat det same. Ein kunstnar som ser på denne måten vil aldri bli ferdig.

I eit BBC-intervju nyleg, sa han:

– Eg jobbar på fordi eg er 83 år gamal. Kor lenge har eg igjen? Eg veit ikkje. Å jobbe gir meg ein grunn til å leve. Eg skal berre halde fram. Det er alltid noko å gjere.

Hockney held no på med å sette saman dei over 100 vårmåleria han laga under pandemien til ei tidsline over våren. Der er dei, trea som endrar seg frå dag til dag, fullmånen han såg 8. april 2020, dammen i hagen. Medan delar av verda framleis var nedstengt, gav han dette tipset til folk som kjeda seg:

– Verda er veldig vakker om du verkeleg ser på ho. Men du må verkeleg sjå intenst for å få med deg fargane. Set deg ned og sjå, eller gå ein tur.

Det tok David Hockney sju dagar å måle plasket i «The Splash». Takka vere han ser vi augneblinken.

Bakgrunnskjelder: Biografisk fakta om Hockney er henta frå Encyclopedia of World Biography Online, Gale. Intervjusitata er frå The Guardian, BBC og boka «Spring cannot be cancelled. David Hockney in Normandy» av Martin Gayford. Informasjon om hans verk og t-bane-opprøret er henta frå Daily Mail, The Independent, Sotheby's og Metro.

Anbefalt vidare kunst-lesestoff:

Hei!

Har du tilbakemeldingar eller tips til nye kultur-saker? Om du likte det du las, kan du sjekke ut nokre av mine andre saker, som for eksempel «Spelet om Munch» og «Mannen som revolusjonerer Vogue».