Leonardo DiCaprio som ung
Foto: Getty Images

Barnestjerna som nådde toppen og blei der

Leonardo DiCaprio har spelt i over 30 filmar på 30 år og knapt fått éin dårleg kritikk.

I ein alder av 23 år hadde Leonardo DiCaprio blitt ein av verdas mest kjente menn.

Året var 1997. Gatene såg ut som dei var rasert av «Godzilla», meldte ein amerikansk TV-kanal etter at DiCaprio hadde møtt opp på premieren av «Titanic» i Tokyo. Så hysteriske var ungjentene etter skodespelaren.

Tilboda om den neste store blockbusteren stod i kø. DiCaprio kunne segle vidare, cashe inn og leve livet. Likevel var skodespelaren litt betenkt.

DiCaprio ville ikkje berre vere ei stjerne. Han ville spele i dei beste filmane. No var han redd for at han for evig og alltid kom til å sitte fast i rolla som ungpike-idol.

Han la ein plan.

Bilde fra filmen "Titanic" med Kate Winslet og Leonardo DiCaprio.

ROLLA SOM ENDRA ALT: Kate Winslet som overklassejenta Rose og Leonardo DiCaprio som fattigguten Jack Dawson.

Foto: 20th Century Fox

I år fyller DiCaprio 50 år og han kan sjå tilbake på ein legendarisk Hollywood-karriere som utypisk nok ikkje inneheld ein einaste superhelt-film. Det er ingen andre nolevande skodespelarar som har deltatt i fleire Oscar-nominerte filmar enn DiCaprio, bortsett frå Robert De Niro.

Korleis enda han opp her?

«Eit av dei største talenta av sin generasjon,» seier regissør Quentin Tarantino.

«Ein naturleg filmskodespelar,» ifølgje regissør Martin Scorsese.

«Modig og tøff,» seier Kristoffer Joner, som spelte med DiCaprio i filmen «The Revenant».

I denne saka tar vi eit djupdykk i DiCaprios karriere og undersøkjer kva som kjenneteiknar han som skodespelar.

Leonardo DiCaprio framfor ein plakat av "The Revenant"

MYSTISK: «Leonardo er eit mysterium, og folk elskar mysterium,» sa ein regissør som jobba med DiCaprio tidleg i karrieren.

Foto: Reuters

Nordmannen i «The Beach»

I 1999 sat den norske skodespelaren Lars Arentz-Hansen i ei trehytte i Thailand saman med Leonardo DiCaprio. Utanfor hytta, ute i havet, sirkla paparazzoane i båtar rundt øya, på jakt etter eit blinkskot av ungjente-idolet.

– Vi gløymde aldri at det var han det handla om. Men skulle vi gløyme det etter eit par drinkar i hotellbaren, sat det to journalistar klare og venta, mimrar Arentz-Hansen.

«The Beach» var ein av DiCaprios første filmar etter «Titanic».

Leonardo DiCaprio i "The Beach"

«THE BEACH»: Leonardo DiCaprio heilt ytst til venstre. I midten i oransje sit Tilda Swinton, medan norske Lars Arentz-Hansen sit ved sidan av henne, heilt ytst til høgre.

Foto: Shutterstock editorial

For Arentz-Hansen var rolla som backpackar den store sjansen. Han var i byrjinga av 30-åra, hadde tatt dramaskule i Sør-Afrika og jobba nokre år i London. Han figurerte i fleire scener med den då 25 år gamle DiCaprio – mellom anna ei slåst-scene.

Arentz-Hansen opplevde DiCaprio som ein veldig seriøs ung skodespelar, som hadde sin metode, men ikkje var like bunde til éin ting som ein del andre.

– Framfor kamera køyrde han på og var veldig trygg. Eg rekna med at han fyren der aldri kom til å falme.

Kva er det som gjer at han kjem gjennom på skjermen?

– Det han har mest av, er x-faktor. Han har eitt eller anna som gjer at han brenn gjennom skjermen. Det er veldig vanskeleg å seie, fordi filmstjerner har akkurat den kvaliteten der, som vanlege «working actors» ikkje har, eller som dei kan ha litt av, eller kan ha hatt og mista. Viss ein ser på stjerner som Paul Newman, Robert Redford og DiCaprio, så har dei alle den faktoren.

Arentz-Hansen seier at dette også handlar ein del om sjølvtillit.

– Dei har det og får meir av det og til slutt er dei ganske uovervinnelege. Brukt riktig så blir det potent og brukt feil så blir det sørgeleg klysete.

Han meiner DiCaprio har brukt talentet sitt riktig.

For å forstå korleis DiCaprio i det heile tatt landa på toppen av filmverda, må vi tilbake til byrjinga.

Barnestjerna

Karrieren hadde kanskje ikkje blitt noko av om ikkje det var for at DiCaprio var perfekt geografisk plassert som barn.

Leonardo DiCaprio vaks opp i Los Angeles, noko som gjorde at han kunne gå på auditions ved sidan av skule. Fem år gamal fekk han ei rolle i tv-serien «Romper Room». Deretter følgde fleire reklamefilmar og tv-seriar.

Likevel skulle det kome mange avslag før han lukkast å kome inn i filmbransjen. Mellom han var 11 og 12 år gjekk DiCaprio på 100 auditions utan å få napp. Han sleit med å finne agent. Då han endeleg fann agent, meinte denne at han burde skifte namn til Lenny Williams.

DiCaprio nekta.

Leonardo DiCaprio i 1990

UNGT TV-FJES: DiCaprio spelte i TV-serien «Parenthood» i 1990. Året etter fekk han «endeleg» sin filmdebut.

Foto: Everett Collection

Etter kvart fekk han seg ein ordentleg agent. I 1991, 17 år gamal, landa han den første filmrolla i science fiction-oppfølgjaren «Critters 3». Han har sjølv kalla filmen ein av tidenes verste, og det er den einaste oppfølgjar-filmen han har spelt i.

Likevel blei han handplukka av Robert De Niro, ein av USAs mest dekorerte og innflytelsesrike skodespelarar, til filmen «This Boy’s Life» i 1993.

Leonardo DiCaprio og Robert DeNiro i filmen "This Boy's Life" i 1993
Foto: Everett Collection

DeNiro merkte seg at DiCaprio var den mest observante fyren på audition. Han blei såpass imponert over den unge Leo at han anbefalte han vidare til sin regissør-ven Martin Scorsese. Anbefalinga skulle seinare bere mange og store frukter.

Gjennombrotet

Det store gjennombrotet kom med «What’s Eating Gilbert Grape» i 1993. Der spelte DiCaprio ein gut med funksjonshemmingar, Arnie. Det var den tids store stjerne, Johnny Depp, som hadde hovudrolla i filmen, men kritikarane og publikum sette ferske DiCaprios prestasjon aller høgst.

Leonardo DiCaprio og Johnny Depp i "What's Eating Gilbert Grape"

DICAPRIO OG DEPP: The New York Times kalla DiCaprios prestasjon banebrytande i si melding av filmen. «Prestasjonen har ein skarp og desperat intensitet frå byrjing til slutt.»

Foto: PARAMOUNT PICTURES / Courtesy Album

– Der gjorde han nokre sterke scener som den dag i dag slår meg i bakken, seier NRKs Birger Vestmo.

Filmkritikaren merka seg intensiteten i skodespelet til den unge Leo. Han hadde ein kvalitet som gjorde at ein lett la merke til han, sjølv i filmar der han ikkje var i hovudfokus.

DiCaprio blei nominert til Golden Globe og Oscar for beste mannlege birolle.

No var han plutseleg fyren alle ville ha på audition.

Då Joaquin Phoenix vann SAG Awards i 2020, sa han i talen sin at han, og alle andre, som ung skodespelar alltid tapte siste audition mot éin fyr. Leonardo DiCaprio.

Kva var det ved Leo som fenga sånn?

Leonardo DiCaprio i "The Basketball Diaries"

«THE BASKETBALL DIARIES»: I ei av dei tidlege rollene spelar DiCaprio ein basketballspelar, Jim Carroll, som blir rus-avhengig. Filmen kom ut i 1995.

Foto: Getty Images

Hans styrker som skodespelar

Det er tre ting som går igjen i svaret på kva som gjer DiCaprio til ein god skodespelar: Intensitet. X-faktor. Allsidigheit.

Intensiteten først. Han er intenst til stade i rolla og augneblinken. Fleire trekkjer linjer til James Dean, også på grunn av statusen DiCaprio fekk for ein heil generasjon med «Titanic».

X-faktoren. Han har dette uforklarlege genet som løftar skodespelarar til Hollywood-stjerner. Som gjer at han kjem gjennom på skjermen. At det er han som får hovudrolla i ein storfilm, fordi han trekkjer folk til kinoen.

– Han er ein av dei som framleis kan flyte på ei litt udefinerbar utstråling. I tillegg til å vere drivande dyktig, så har han dette ekstra som gjer at han er interessant, seier VGs filmkritikar, Morten Ståle Nilsen.

Allsidigheita. DiCaprio har spelt alt frå problem-tenåringsgut til historiske figurar, til heltar og skurkar; komedie, action og drama.

Brad Pitt og Leonardo DiCaprio i "Once Upon a Time... in Hollywood".

«ONCE UPON A TIME IN HOLLYWOOD»: I Tarantino-filmen frå 2019 spelar DiCaprio den litt avdanka skodespelaren Rick Dalton - med Brad Pitt (til venstre) i rolla som stuntmannen hans.

Foto: Andrew Cooper / SF Studios
Leonardo DiCaprio i "Inception"

«INCEPTION»: I Christopher Nolan-filmen frå 2010 spelar DiCaprio tjuven Dom Cobb, som stel ved å infiltrere draumane til folk. DiCaprio har seinare innrømt at heller ikkje han heilt forstod handlinga i filmen.

Dr. Mindy (Leonardo DiCaprio) forsøker å advare verden i «Don’t Look Up».

«DON'T LOOK UP»: I denne politiske satiren spelte DiCaprio astronomi-professor som oppdagar at jorda er i ferd med å bli treft av ein asteroide, men ingen vil høyre.

Leonardo DiCaprio i "The Aviator"

«THE AVIATOR»: Nok ein Scorsese-film, denne gong frå 2004. Her spelte han rolla som flygepioneren Howard Hughes.

Killers of the flower moon

«KILLERS OF THE FLOWER MOON»: Hans nyaste film, frå 2023. Her spelar DiCaprio Ernest Burkhart, ein tidlegare soldat med ureine hensikter som giftar seg med Mollie Kyle, spelt av Lily Gladstone.

The Wolf of Wall Street

«THE WOLF OF WALL STREET»: Mange meiner at rolla som børsmeklaren og FBI-informanten Jordan Belfort er blant DiCaprios beste prestasjonar. Filmen kom ut i 2013 og DiCaprio vann ein Golden Globe for innsatsen.

"Shutter Island"

«SHUTTER ISLAND»: I denne psykologiske thrilleren frå 2010 spelar DiCaprio politimannen "Teddy" Daniels, som reiser til eit psykiatrisk sjukehus på Shutter Island for å etterforske ei forsvinning. Mark Ruffalo (til venstre) spelar hans kollega.

Eg synest den store styrken er at han tør å spele kjipe folk. Vonde, dumme. At han tar dei rollene som det ikkje er gitt at han skulle ta, kommenterer Morten Ståle Nilsen.

Men før DiCaprio enda opp der, var han først og fremst pen på lerretet.

Ungjente-idol

Det var to filmar som gjorde DiCaprio til romantisk ungjente-idol. Først «Romeo og Julie» i 1996, deretter «Titanic» året etter.

Filmscene fra Romeo Julie

ROMEO OG JULIE: Rolling Stone Magazine kalla DiCaprios prestasjon som Romeo «dynamitt» og heldt fram: «Når han snakkar, så trur du på han. Han uttaler Shakespeare sine ord med ein glød du ikkje kan lære på teaterskule.»

Foto: 20th Century Fox Film

«Titanic» blei den første filmen til å tene inn over ein milliard dollar og heldt lenge rekorden for mest utbytterike film.

Filmen blei så populær at ein Oslo-restaurant sette opp Titanics siste måltid på menyen, ifølgje Aftenposten. Slik kunne gjestar ete den same nirettaren som reisande på 1. klasse gjorde før skipet sokk. Ein heilt annan stad, i Afghanistan, blei hårklippen til DiCaprio så populær at Taliban byrja å arrestere frisørar som tilbydde «Titanic»-frisyren.

«Titanic» fekk 14 Oscar-nominasjonar, men DiCaprio var ikkje blant dei nominerte. Han blei plutseleg sett meir på som eit ungjente-idol enn ein seriøs skodespelar.

Kate Winslet, James Cameron og Leonardo DiCaprio

TRIOEN: Kate Winslet, regissør James Cameron og Leonardo DiCaprio på Golden Globe-utdelinga i 1998.

Foto: AFP

NRKs Birger Vestmo meiner prestasjonen i «Titanic» er betre enn ein trur, fordi DiCaprio og motspelar Kate Winslet lukkast med å få fram skjebnen til karakterane midt oppi alle effektane og staffasjen rundt.

– Trass i at det er veldig mykje som kjempar om merksemda rundt Jack og Rose, så er det framleis dei to flytande på fjøla på havet som er den sterkaste augneblinken som står att, ikkje når skipet søkk, seier Vestmo.

Filmformidlar Helene Aalborg, som sjølv oppdaga DiCaprio som tenåring i 1997, meiner at «Titanic» og DiCaprio blei undervurdert på grunn av kva publikum som trykte filmen til sitt bryst – dei unge jentene.

Titanic

I'M THE KING OF THE WORLD: Ikonisk augneblink for alle tenåringsjenter i 1997.

Foto: AP

– Eg synest vi burde halde oss for god til å avfeie ein kassasuksess og Oscar-vinnande film berre fordi tenåringsjenter likar det, fordi deira meining er ikkje noko mindre verdt enn andre grupper, seier ho.

«Titanic» gav DiCaprio moglegheiter mange skodespelarar ville gitt ein arm for, men den enorme suksessen gav han også eit problem. Når ein skodespelar blir for kjent, kan personen skugge for rollene. Vi ser ikkje den han spelar lenger, berre filmstjerna.

Korleis ville karrieren utvikle seg no som ansiktet hans pryda plakatar verda over?

Leo 2.0

Etter «Titanic» tok DiCaprio seg ein pause. Han trykte inn bremsen og takka nei til helteroller i «Spider Man» og «Star Wars».

Han grubla på rollevala han hadde tatt så langt. For å bli med i «Titanic», hadde han takka nei til den utradisjonelle rolla som pornokonge i «Boogie Nights» med den kredible regissøren Paul Thomas Anderson.

Dette har DiCaprio seinare sagt at han angra på, fordi karrieren hans kunne gått ein heilt annan veg, samtidig som han er takksam for alt «Titanic» gav.

DiCaprio bestemte seg for å jobbe aktivt for å endre kursen på karrieren. Han ville velje andre typar roller og utvikle seg som skodespelar.

Det var nok mange bransjefolk som reiv seg i håret då han valde «Mannen med jernmasken» som første film etter kassasuksessen. Vond konge i tights med Gérard Depardieu på 1600-talet? Vel.

Mannen med jernmasken

FRÅ VENSTRE: John Malkovich, Jeremy Irons, Leonardo DiCaprio og Gérard Depardieu. – Ikkje ein opplagt film for dåtidas største stjerne å gå inn, seier Birger Vestmo, som meiner DiCaprio her viste vilje til å ta andre val enn det som var forventa.

Foto: Sygma via Getty Images

Leo 2.0 var på gang. Men sjølv om han følgde opp med tidlegare nemnde «The Beach», som fekk greie kritikkar, var det framleis «Titanic» alle snakka om.

DiCaprio forstod at for å bevege seg vidare var valet av regissør heilt essensielt.

Regissør-samarbeida

I 2002 fekk DiCaprio sjansen til å jobbe med ein av vår tids mest respekterte regissørar, Martin Scorsese. Og sjølv om «Gangs of New York» sjeldan figurerer på lister over verdas beste filmar, markerer filmen starten på eit samarbeid som har blitt ekstremt viktig for skodespelaren DiCaprio.

DiCaprio og Scorsese

STJERNE-DUOEN: Martin Scorsese (til venstre) har skildra samarbeidet med DiCaprio som eit av dei viktigaste i hans karriere.

Foto: AFP

Ikkje berre har duoens felles filmar blitt nominert til 41 Oscar-prisar og vunne ni. Gjennom hittil seks filmar har DiCaprio fått vist breidde som skodespelar, i roller som gal flygeentusiast, undercover-politi i Boston og utagerande børsmeklar.

Då Scorsese nyleg mottok ein hederspris, via han mykje av talen til å snakke om kor viktig samarbeidet med DiCaprio har vore. Han kalla han ein av dei største skodespelarane i film-historia. Scorsese framhevar blikket til DiCaprio som hans sterkaste våpen. Regissøren kan filme eit nærbilete av skodespelaren utan at han tenkjer på noko spesielt, klippe det saman med nesten kva som helst, og sitte igjen med noko interessant.

I 2012 inngjekk DiCaprio samarbeid med ein annan kredibel regissør, nemleg Quentin Tarantino. I «Django Unchained» spelte han rolla som plantasjeeigar og slavedrivar med stor suksess. Duoen følgde opp samarbeidet med 2019s «Once Upon A Time in Hollywood», der DiCaprio fekk vist ei meir humoristisk side.

Leonardo DiCaprio i «Once Upon a Time... in Hollywood».

«ONCE UPON A TIME IN HOLLYWOOD»: DiCaprio spelar skodespelaren Rick Dalton, som etter suksess på tv-skjermen med western-filmar har byrja å bli noko avdanka. I ein flashback-sekvens ser vi DiCaprio som syngande og dansande i eit musikkshow.

Foto: SF Studios

Adresseavisens filmkritikar, Terje Eidsvåg, meiner at DiCaprio bevisst har gått etter verdas beste regissørar, ikkje berre dei største publikumsdragarane, for å sikre ein lang karriere.

– Det er mange stjerneskot som sloknar i blockbusters. «Titanic» var ein lærepenge. Det er ingenting som kan bli så stort igjen når det gjeld besøkstal og då har det vore smartare å gå for filmar som blir hugsa og som kan bli nominert til Oscar, seier Eidsvåg.

DiCaprio forklarte til ein podkast i 2020 at filmskaparen var den som avgjorde om eit godt manus blei til ein god eller dårleg film. «Du set pengane dine på filmskaparen. Etter å ha sett så mange fantastiske manus bli til drit i feil hender, forstår du at filmskaparen er den som opphøgjer materialet og bringar ting til det som du aldri hadde sett kome,» sa han.

DiCaprio i rolla som Ernest Burkhart i "Killers of the Flower Moon"

SKURK: I DiCaprio får filmskaparane ein som kan spele samt dra inn pengar til å finansiere filmen med. DiCaprio bidreg også til endringar i manus. I sitt nyaste samarbeid med Scorsese, «Killers of the Flower Moon», skulle DiCaprio opphavleg spele FBI-agent, men manuset blei skriven om etter DiCaprios ynske, ifølgje British Vogue. Han fekk rolla som skurk i staden for.

Foto: Apple

Leos metode

DiCaprio har ikkje tatt skodespelar-utdanning, men utvikla metoden sin undervegs og jobba med skodespelar-coach.

DiCaprio blir ikkje generelt skildra som ein metode-skodespelar a la Daniel Day-Lewis, som er i karakter heile tida. Fleire framhevar DiCaprios evne til å gå kjapt inn i rolla i augneblinken, på settet, etter grundige førebuingar i forkant.

Fleire ting tyder likevel på at DiCaprio har blitt meir «method» dei seinare åra.

Leonardi DiCaprio i The Aviator

BLIKKET: Regissør Scorsese har sagt om DiCaprio at «det er noko i ansiktet hans, i augo, som kamera klikkar med. Den minste rørsla gir meining.» Her er DiCaprio i duoens andre film saman, «The Aviator».

Foto: AFP

I Tarantino-filmen «Django Unchained» spelar han plantasjeeigar og slavedrivar. På slutten av ein lang monolog slår han handa i bordet og treff eit glas. Glasbitane går inn i handa hans og blodet fossar, men DiCaprio held fram med å spele scena heilt ut.

Leonardo DiCaprio i "Django Unchained".

«DJANGO UNCHAINED»: Etter at scena var over, braut rommet ut i spontan applaus. Tarantino valde å putte dette taket i filmen.

Foto: FILMWEB

For å omsider vinne Oscar for beste mannlege hovudrolle måtte DiCaprio gå heilt opp i rolla, i ein film der også norske Kristoffer Joner medverka.

I «The Revenant» frå 2015 spelar DiCaprio rolla som ein hemngjerrig villmann på jakt etter kameratane som la han igjen i skogen for å døy etter eit bjørneangrep. For å førebu seg til rolla, åt vegetarianaren DiCaprio rått bisonkjøt og sov i eit dyrelik.

Leonardo DiCaprio

«THE REVENANT»: DiCaprio som Hugh Glass, i filmen regissert av Alejandro González Iñárritu.

Foto: Ronald Gra / Mary Evans Picture

Filmen vart filma berre i naturleg lys, i øydemarka i Canada under harde vinterforhold. Der var Kristoffer Joner i sju månader, i ei birolle. Kva inntrykk gjorde han seg av DiCaprios metode og prestasjon på settet?

– Eg hadde elska å sjå DiCaprio jobbe på ein vanleg film, sukkar Joner før han forklarar vidare:

– Dette var ingen vanleg film. Ein vanleg film er meir som ein fotballkamp, der ein leikar seg fram og tar forskjellige takes. Dette var straffesparkkonkurranse kvar take. Alt måtte klaffe, alt var så teknisk. Der har jo DiCaprio mykje meir erfaring enn meg, med store sett og mange folk. Men eg trur vi alle sleit der. I ein straffesparkkonkurranse kjem du til å bomme til slutt, og du vil ikkje straffe laget.

Kristoffer Joner

INSPIRERT: Kristoffer Joner.

Foto: Julia Naglestad / NRK

Joner har følgt DiCaprio litt gjennom karrieren, dei er nesten like gamle, og han ser DiCaprio som ein skodespelar i tradisjonen etter Marlon Brando, som introduserte ein ny måte å spele på.

– På sett og vis gjorde Marlon Brando det motsette av å spele – han bydde veldig på seg sjølv. Han sa heller, bli kjent med meg, på ein sårbar måte. Den teknikken trur eg DiCaprio har nytta seg av, ein føler at ein blir kjent med DiCaprio. Ein får eit forhold til han, på sin måte. Det er også fordi han er tøff nok til å rett og slett fortelje sanninga, seier Joner.

Den norske skodespelaren let seg inspirere av DiCaprios utrøyttelege vilje til å ta takes om og om igjen til scena følast sann.

– Du merkar sjølv om du lyg når tagninga går, det er difor vi spør om å ta det ein gong til. Så er det å tørre å gå ut på glattisen og vere bambi og der trur eg han er veldig modig og tøff. Han opererer på grensa, tør å gjere feil.

– Korleis var det å spele mot DiCaprio?

– Du er ikkje så tøff når DiCaprio kjem inn i rommet, men du må berre tenkje at det er lov å vere starstruck. Eg kalla han Mr. DiCaprio. Eg torde aldri å kalla han Leo, innrømmer Joner.

Kva no, Leo?

Trass all suksessen finst det dei som meiner at DiCaprio har litt å hente som skodespelar. Viviana Vega er kritikar og kommentator i Morgenbladet og har følgt DiCaprio sidan ho sjølv var tenåring på 1990-talet. Ho meiner han som barne- og ungdomsskodespelar var heilt glimrande for alderen, men:

– Som vaksen synest eg stilen hans kan bli litt einsformig i lengda. Eg skulle gjerne sett meir breidde. Han kan absolutt gi seg hen til ei rolle og levere varene, men det er sjeldan tolkingane hans bevegar meg. Det er som om dei manglar ei følelsesmessig djupne eller kompleksitet.

Fleire kritikarar påpeikar at ei av svakheitene til DiCaprio som skodespelar, er at han er ingen kameleon. Han liknar som oftast på seg sjølv i rollene han spelar. Det finst andre som går lenger.

Vega legg til at han dessutan er såpass kjent, at du som sjåar kan bli sitjande og tenkje «der er Leo DiCaprio» i staden for å leve deg inn i karakteren. Statusen fangar.

Sjølv om «Killers of the Flower Moon» nyleg blei nominert til Oscar, var DiCaprio ikkje blant dei nominerte til beste mannlege hovudrolle.

Terje Eidsvåg, kritikar i Adresseavisen, fryktar at DiCaprio er i ferd med å bli for stor. Han er spent på om DiCaprio framover blir ein skodespelar som kan tolke figurar, eller «ein som berre er Leo DiCaprio».

– Det er ikkje mange som får til å kombinere den statusen han har med gode roller. Den største faren er at hans stjernestatus og privatliv dekkjer over hans kreative moglegheiter.

Leonardo Di Caprio

THE DEPARTED: Terje Eidsvåg håpar DiCaprio i framtida gjer litt dristigare rolleval. For eksempel å samarbeide med ein fersk regissør som ikkje har Oscar-CV-en klar, eller ta på seg ei birolle, som han gjorde med stor suksess i «The Departed» i 2006.

Foto: - / Andrew Cooper

Paparazzoen følgjer DiCaprio rundt. Hans hang til å date kvinner under 25 år har blitt ein offentleg vits.

Likevel veit vi ganske lite om DiCaprios eigen personlegdom, og det verkar å ha vore ein bevisst strategi frå skodespelaren, heilt sidan han blei ungpike-idol med «Titanic».

Leo med fansen

BEVISST STRATEGI: Hit, men ikkje lenger.

Foto: AFP

Privatpersonen

DiCaprio blir skildra som ein form for old school Hollywood-stjerne som brukar kjendisstatusen til å promotere saker han er opptatt av (han har i mange år kjempa for klimasaka), men likevel sjeldan lar publikum sjå livet hans bak den raude lauparen.

I eit intervju med The New York Times i 2002 sa han at «å definere seg sjølv for publikum på dagleg basis er døden for ein skodespelar. Di meir du definerer kven du er som person, di mindre evnar du å blende inn med karakterane du spelar.»

Han uttalte at han hadde slutta å mate pressa, og la til at dette var eit eksperiment i stadig utvikling.

Kort tid etter skildra ein journalist i The Guardian opplevinga av å intervjue han slik: «Han er høfleg, sjarmerande, vitsar og har augekontakt. Samtidig klarer han å unngå å gi noko som helst slags hint om sin eigen faktiske personlegdom.»

Journalisten konkluderte med at han kan verkeleg spele, som filmskodespelar, men:

«Den beste rolleprestasjonen eg såg han gjere, var i rolla som seg sjølv.»

Nyleg blei det kjent at DiCaprios neste film blir med Paul Thomas Anderson, regissøren han takka nei til for 27 år sidan for å spele i «Titanic».

DiCaprios fem beste prestasjonar, ifølgje norske filmbransjefolk:

Birger Vestmo, filmkritiker i NRK.
HENRIETTE DÆHLI / NRK / Henriette Dæhli

Birger Vestmo

  • Filmkritikar i NRK

Topp fem Leo-prestasjonar:

1. «Killers of the Flower Moon»
2. «Catch Me If You Can»
3. «Once Upon a Time In Hollywood»
4. «The Wolf of Wall Street»
5. «The Departed»

Helene Aalborg
Håkon Borg

Helene Aalborg

  • Filmformidlar, tidl. journalist i bransjebladet Rushprint og styreleiar i Norsk Filmklubbforbund.

Topp fem Leo-prestasjonar:

  1. «Romeo + Juliet»
  2. «Titanic»
  3. «Catch Me If You Can»
  4. «The Beach»
  5. «Gangs of New York»
Lars Arentz-Hansen
Lise Åserud / NTB

Lars Arentz-Hansen

  • Skodespelar, spelte mot DiCaprio i «The Beach»

Topp fem Leo-prestasjonar:

1. «What's Eating Gilbert Grape»
2. «This Boy’s life»
3. «Catch Me If You Can»
4. «Once upon a Time In Hollywood»
5. «Great Gatsby»

Priv

Viviana Vega

  • Filmkritikar i Morgenbladet

Topp fem Leo-prestasjonar:

  1. «Once Upon a Time In Hollywood»
  2. «The Revenant»
  3. «Catch Me If You Can»
  4. «Django Unchained»
  5. «Don't Look Up»
Terje Eidsvåg i Adresseavisen
Rune Petter Ness

Terje Eidsvåg

  • Filmkritikar i Adresseavisen

Topp fem Leo-prestasjonar:

  1. «What's Eating Gilbert Grape»
  2. «Catch Me if You Can»
  3. «The Departed»
  4. «Once Upon a Time In Hollywood»
  5. «Killers of the Flower Moon»
Morten Ståle Nilsen
Anne Liv Ekroll / Anne Liv Ekroll, NRK

Morten Ståle Nilsen

  • Filmkritikar i VG

Topp fem Leo-prestasjonar:

  1. «The Wolf Of Wall Street»
  2. «Catch Me If You Can»
  3. «Revolutionary Road»
  4. «Once Upon a Time In Hollywood»
  5. «The Basketball Diaries»

Hei!

Tips til nye saker? Då kan du ta kontakt her. Om du vil fordjupe deg enda meir i DiCaprio, kan du sjekke ut mine anbefalingar:

Filminteressert? Les også desse sakene:

Quentin Tarantino

Tarantino rangert frå verst til best

Skuespiller Eivind Sander på innspilling

Noen skuespillere tyr til ekstreme grep for å bli en annen på film