Quentin Tarantino
Foto: Alexander Zemlianichenko / AP

Tarantino rangert frå verst til best

Ein av verdas største regissørar skal snart pensjonere seg. Kva slags film er den beste han har laga?

Ti filmar, så skal eg slutte.

Dette har Quentin Tarantino sagt fleire gongar dei siste åra. Den amerikanske regissøren, som aldri gjekk på filmskule, men som heller lærte seg faget gjennom å sjå tusenvis av filmar, har så langt laga ni.

Fleire av desse blir rekna som nokre av dei viktigaste popkulturelle produkta i moderne tid.

Veit du kva dei kallar ein Quarter Pounder i Frankrike?

Til hausten går regissøren i gang med sin tiande og siste film.

I dette høvet har vi snakka med tolv personar frå norsk filmbransje, for å kåre den aller beste Tarantino-filmen.

Vi nyttar sjølvsagt også sjansen til å prøve å finne ut kvifor Tarantino blir skildra som ein av dei beste filmregissørane som nokon gong har vandra på jordkloden.

Vi startar med filmen på botn av lista ...

nitall

Death Proof (2007)

"Death Proof" filmplakat

Ifølge Tarantino sjølv er dette hans dårlegaste film, men han seier likevel at han er stolt av å ha laga han.

Kort fortalt handlar filmen om den psykopatiske stuntmannen Mike (Kurt Russell), som oppnår seksuell tilfredsstilling av å køyre på vakre kvinner med stuntbilen sin. Det er likevel den kvinnelege hovudrolla som er den mest interessante.

«Death Proof» er nemleg ei hyllest til QTs stuntkvinne nr. 1, Zoë Bell. Ho spelar i heile sju av Tarantinos filmar (fleire enn nokon andre). I denne filmen får ho attpåtil spele seg sjølv, og sjølvsagt gjere sine eigne stunt.

Quentin Tarantino og Zoë Bell på filmfestivalen i Cannes.

FAVORITTEN: Den newzealandske stuntkvinna Zoë Bell vart først kjent for å vere Uma Thurmans stuntdobbel i «Kill Bill»-filmane. Ho dukkar også opp i «Inglourious Basterds», «Django Unchained», «The Hateful Eight» og «Once Upon a Time... in Hollywood».

Foto: FRED DUFOUR / AFP

Resultatet er nokre spinnville action-sekvensar, med svært høg risiko for stuntkvinna. Mot filmens klimaks ligg Zoë Bell på panseret til ein bil som køyrer i 150 km/t. Scena dukkar stadig opp på kåringar av dei beste biljakt-scenene i verdshistoria.

HILDE SUSAN JÆGTNES, MANUSFORFATTAR: Tarantino elskar sterke og smarte damer, og gjer dei ofte til heltane i historiene sine. Det at han skreiv ein heil film for stuntkvinna si, er eit godt døme på nettopp dette.

åttetall

The Hateful Eight (2015)

"The Hateful Eight" filmplakat

Av alle Tarantinos filmar er nok «The Hateful Eight» den som splittar juryen mest. Nokre meiner at det er hans dårlegaste film, andre har han som favoritt.

HILDE SUSAN JÆGTNES, MANUSFORFATTAR: – Eg kan ikkje fordra «The Hateful Eight». Her synest eg at han gjentar seg sjølv. Det er berre stil, og ikkje innhald. Skodespelarane verkar heller ikkje særleg inspirerte.

TOMMY WIRKOLA, REGISSØR: – For meg er dette ein av favorittane. Filmen har ingen heltar, berre forferdelege menneske. I dagens superhelt-dominerte filmkvardag er Tarantino verkeleg eit kjærkome namn.

I westernfilmen søker åtte framande tilflukt i ei hytte under ein snøstorm. Det heile er skote på 70 mm film, og lydlagd med den legendariske filmkomponisten Ennio Morricones tonar. (Musikken gav filmen ein Oscar-statuett, og vart Morricones siste store prosjekt før han døde i 2020.)

Fleire trekker fram opninga av «The Hateful Eight» som ei skilsetjande oppleving. Her tar Tarantino seg god tid, med dramatisk musikk, og svært roleg kameraføring over eit snødekt trekors, før vi ser ein hest med kjerre nærme seg i bakgrunnen.

HALLVAR WITZØ, REGISSØR: – Tarantino er utruleg god til å setje bilde og musikk saman. Her skapar han ei dyster og mørk stemning. Vi skjønar at dette kjem til å bli jævlig.

sjutall

Django Unchained (2012)

Django Unchained filmplakat

«Django Unchained» tar opp ei mørk side av den amerikanske historia.

Filmen er sett til midten av 1800-talet, og handlar om slaven Djangos (Jamie Foxx) veg frå slave til fridom. Tarantino har hatt det moro med å gjere Christoph Waltz, ein av verdas største filmskurkar, til ein snill mann. Medan Leonardo DiCaprio, som vanlegvis spelar helten, har blitt sjølve personifiseringa av rein vondskap.

ULRIK IMTIAZ ROLFSEN, REGISSØR: – Han får Leo til å gjere fantastiske ting i denne filmen.

DiCaprio skadar handa si stygt når han kuttar seg på eit glas i ei av filmens mest dramatiske scener. Skodespelaren held likevel fram med å spele scena heilt ut, medan resten av skodespelarane ser forskrekka på at blodet fossar frå handa hans.

Leonardo DiCaprio i "Django Unchained".

EKTE BLOD: Rett etter ulykka kan vi sjå at skodespelaren Dennis Christopher er i ferd med å stoppe innspelinga, men Leonardo DiCaprio held likevel fram med å spele vidare. Sistnemnde tok imot ståande applaus frå heile filmsettet etter den blodige scena.

Foto: FILMWEB

YNGVILD SVE FLIKKE, REGISSØR: – Som regissør ser eg at Tarantino kommuniserer godt med skodespelarane. Dei er trygge på han, og synest det er gøy å vere med. Sjølv om dei må gjere fæle ting, så ser vi at dei kosar seg.

sekstall

Jackie Brown (1997)

Jackie Brown filmplakat

Det er klart at det er freistande å smugle litt pengar og narkotika når ein først jobbar som flyvertinne for eit billeg meksikansk flyselskap. Men så står politiet der ein dag, og skal sjå gjennom Jackie Browns reiseveske, og den middelaldrande flyvertinna har dermed to val:

  1. Ho kan samarbeide med politiet, og hjelpe dei med å lure bakmennene.
  2. Ho kan samarbeide med bakmennene, og hjelpe dei med å lure politiet.

Eventuelt kan ho gå for eit tredje alternativ, og lure både politiet og bakmennene medan ho sjølv tener seg styrtrik.

Laster Giphy-innhold

«Jackie Brown» er Tarantinos hyllest til amerikanske blaxploitation-filmar. Skodespelaren Pam Grier var kjent for å spele i fleire slike, men hadde ikkje hatt ei hovudrolle på mange år før Tarantino gav ho rolla som Jackie Brown.

BRITA MØYSTAD ENGSETH, FILMKRITIKAR: – Det at Tarantino tar Pam Grier, og gjer ho til ein av dei tøffaste, flottaste, sterkaste og morosamaste rollefigurane som nokosinne er laga … Det er ein utruleg prestasjon!

femtall

Once Upon a Time... in Hollywood (2019)

"Once Upon a Time... in Hollywood" filmplakat

Tarantinos foreløpig siste film er ei hyllest til det som blir kalla Hollywoods gullalder på 1960-talet.

Handlinga krinsar rundt den sanne historia om Manson-familien (men tar seg nokre svært store kunstnariske fridomar), og har Leonardo DiCaprio, Brad Pitt og Margot Robbie i dei største rollene.

Robbie spelar rolla som skodespelaren Sharon Tate, som i verkelegheita vart brutalt myrda av sektleiaren Charles Manson sine tilhengarar.

Filmen vart ein stor sjåarsuksess over heile verda, utanom Kina, som valde å kansellere han. Årsaka skal ha vore eit par lite flatterande framstillingar av den kinesiske kampsportutøvaren Bruce Lee.

Laster Giphy-innhold

BRITA MØYSTAD ENGSETH, KRITIKAR: – «Once Upon a Time... in Hollywood» viser kor stor nerd Tarantino er. Berre det å lage ei kontrafaktisk forteljing, som ikkje gir meining om du ikkje kjenner historia … Det viser at han er ein like eineståande filmhistorikar som filmskapar.

firetall

Inglourious Basterds (2009)

"Inglourious Basterds" filmplakat

Hemn er utan tvil det mest sentrale temaet i Tarantinos filmar. «Inglorious Basterds» er inkje unntak.

Filmen er sett til eit naziokkupert Frankrike under den andre verdskrigen. Fleire i juryen trekker fram den 20 minutt lange opningsscena som Tarantino på sitt aller beste. Her kjem ein tysk offiser (Christoph Waltz) på besøk til ein fransk bonde som gøymer jødar under golvet i hytta si.

INGVILD SØDERLIND, REGISSØR: – Nazien har skjønt at dei gøymer seg under golvet for lengst, likevel trekker han ut samtalen med bonden. Det er ei fæl og nådelaus scene. Få andre regissørar kunne gjort det på ein like spennande måte.

Inglourious Basterds

INTENS DIALOG: Etter ein lang samtale kjem nazioffiseren Hans Landa endeleg fram til spørsmålet som han har visst svaret på heile tida: «Gøymer du fiendar av staten under golvplankane dine?»

Foto: UNITED PICTURES INTERNATIONAL

Tarantino har sjølv sagt i eit intervju at dette er den beste filmscena han nokon gong har skrive.

Til slutt blir familien under golvet drepen, utanom dottera Shosanna som klarer å flykte. Når ho nokre år seinare jobbar i ein kino i Paris, og heile nazieliten plutseleg kjem på besøk, ligg alt til rette for eit blodig klimaks.

tretall

Reservoir Dogs (1992)

"Reservoir Dogs" filmplakat

Tarantinos første film!

Ein bande blir overraska av politiet under eit gullsmed-ran. Nokre av ransmennene klarer likevel å flykte, og søker tilflukt i eit lagerbygg. Her må dei prøve å finne ut kven av dei som har tysta til politiet.

ULRIK IMTIAZ ROLFSEN, REGISSØR: – Eg såg «Reservoir Dogs» då eg jobba som fotograf i New York som 20-åring, og vart heilt «blown away» av forteljinga. Det som slo meg var desse kapitela, og korleis han klarte å strukturere historia fram og tilbake i tid. Den stilen var sinnssjuk kul.

Alt som vi i dag kjenner som typisk Tarantino er til stades i denne filmen: tidshoppa, dei lange scenene med snurrige dialogar, og ikkje minst den grove valden.

BRITA MØYSTAD ENGSETH, KRITIKAR: – Filmen sprengde alle grenser; vi hadde ikkje sett noko liknande då han kom. Han gav rollefigurar som vanlegvis ikkje kom til orde, moglegheita til å snakke veldig mykje. Det er heilt vedunderleg.

totall

Kill Bill: (2003/2004)

"Kill Bill" filmplakat

«Kill Bill» skulle eigentleg berre vere ein film, men produsenten meinte at han vart for lang, og bad Tarantino om å dele han opp i to delar. Filmskaparen ser likevel på desse som eitt verk.

Som tittelen på filmverket antydar, handlar historia om ei kvinne som ønskjer å drepe ein mann med namn Bill (og alle leigemordar-vennane hans).

Laster Giphy-innhold

ULRIK IMTIAZ ROLFSEN, REGISSØR: – Manusforfattarar jobbar mykje med å skape sympati for hovudpersonen i starten. I opninga av «Kill Bill» ligg Uma Thurman i koma og blir valdtatt. Vi skjønar kvifor Tarantino har designa det slik; sjølv om ho skal drepe veldig mange menneske, skal vi likevel like ho heile vegen.

Quentin Tarantino er i utgangspunktet kjent for å lage svært valdelege filmar, og «Kill Bill» er dei mest valdelege av dei alle.

YNGVILD SVE FLIKKE, REGISSØR:Han køyrer på med ekstremt valdelege scener, og du veit ikkje om du klarer å sjå det, men så må du sjå likevel, for det er også vakkert på eit eller anna vis. Eg gler meg til å vise «Kill Bill» til tenåringsdøtrene mine.

ettall

Pulp Fiction (1994)

"Pulp Fiction" filmplakat

ERIK POPPE, REGISSØR: – «Pulp Fiction» er ein film som alle berre sjå!

Mange verkar å seie seg einige i den påstanden. Nettstaden IMDb har kåra han til verdas 8. beste, og han blir rekna for å vere ein av dei mest innflytelsesrike filmane i verdshistoria. Men kva er det eigentleg denne filmen handlar om?

Eit restaurantran? Narkotikamisbruk? Ein date med sjefens kone? Ein boksekamp? Ei klokke? Franske namn på amerikanske hamburgarar?

Laster Giphy-innhold

ERIK POPPE, REGISSØR: – Vi har lært at ein film må ha ei handling som driv oss framover, men her handlar det mest om å skildre ei stemning.

«Pulp Fiction» har fleire dryge scener som skildrar både vald, narkotika og valdtekt. Men når jurymedlemane blir spurt om kva dei hugsar best frå filmen, er det spesielt ei scene som går igjen:

YNGVILD SVE FLIKKE, REGISSØR: – Uma Thurman og John Travolta som dansar! Dei er så utruleg kule. Eg tenkjer at Tarantino dansar seg inn i nye prosjekt på same måte: kul, tilbakelent og tør å dra på. Sånn er Tarantino; han er ikkje kul, han er coooool.

Laster Giphy-innhold

ERIK POPPE, REGISSØR: – Eg trur ikkje på seriøse filmskaparar som seier at dei ikkje har latt seg inspirere av «Pulp Fiction». Om du følgjer med, og har respekt for faget, så har du fått med deg den filmen. Det i seg sjølv er ein stor prestasjon frå ein uskolert mann.

Slik stemte juryen:

Erlend Loe

Erlend Loe

  • Kritikar og manusforfattar

Erlends topp 5:

  1. Kill Bill
  2. Django Unchained
  3. Reservoir Dogs
  4. Pulp Fiction
  5. The Hateful Eight
Yngvild Sve Flikke

Yngvild Sve Flikke

  • Regissør og manusforfattar

Yngvilds topp 5:

  1. Pulp Fiction
  2. Reservor Dogs
  3. Kill Bill
  4. The Hateful Eight
  5. Jackie Brown
Tommy Wirkola

Tommy Wirkola

  • Regissør og manusforfattar

Tommys topp 5:

  1. Once upon a time in Hollywood
  2. Inglorious Bastards
  3. Pulp Fiction
  4. The Hateful Eight
  5. Django Unchained / Jackie Brown
Brita Møystad Engseth

Brita Møystad Engseth

  • Kritikar

Britas topp 5:

  1. Pulp Fiction
  2. Kill Bill
  3. Jackie Brown
  4. Inglourious Basterds
  5. Once Upon a Time... in Hollywood
Ulrik Imtiaz Rolfsen

Ulrik Imtiaz Rolfsen

  • Regissør og manusforfattar

Ulriks topp 5:

  1. Kill Bill
  2. Pulp Fiction
  3. Reservoir Dogs
  4. Django Unchained
  5. Inglourious Basterds
Ingvild Søderlind

Ingvild Søderlind

  • Regissør og manusforfattar

Ingvilds topp 5:

  1. Pulp Fiction
  2. Kill Bill
  3. Reservoir Dogs
  4. Jackie Brown
  5. Inglourious Basterds
Hallvar Witzø

Hallvar Witzø

  • Regissør

Hallvars topp 5:

  1. The Hateful Eight
  2. Kill Bill
  3. Reservoir Dogs
  4. Inglourious Basterds
  5. Pulp Fiction
Hilde Susan Jægtnes.

Hilde Susan Jægtnes

  • Manusforfattar

Hildes topp 5:

  1. Kill Bill
  2. Reservoir Dogs
  3. Pulp Fiction
  4. Inglourious Basterds
  5. Once Upon a Time... in Hollywood
Erik Poppe

Erik Poppe

  • Regissør og manusforfattar

Eriks topp 5:

  1. Pulp Fiction
  2. Reservoir Dogs
  3. Inglourious Basterds
  4. Jackie Brown
  5. Once Upon a Time... in Hollywood
Jorunn Syversen

Jorunn Syversen

  • Regissør og manusforfattar

Jorunns topp 5:

  1. Django Unchained
  2. Jackie Brown
  3. Death Proof
  4. Once Upon a Time... in Hollywood
  5. Pulp Fiction
Birger Vestmo Portrett

Birger Vestmo

  • Kritikar

Birgers topp 5:

  1. Pulp Fiction
  2. Kill Bill
  3. Reservoir Dogs
  4. Once Upon a Time... in Hollywood
  5. Inglourious Basterds
Britt Sørensen

Britt Sørensen

  • Kritikar

Britts topp 5:

  1. Inglourious Basterds
  2. Pulp Fiction
  3. Kill Bill
  4. Jackie Brown
  5. Once Upon a Time... in Hollywood

No vil vi høyre frå deg; kva slags film er din Tarantino-favoritt?

Dette veit vi om film nr. 10:

Tarantinos siste film har fått namnet «The Movie Critic». Handlinga skal gå føre seg i California i 1977, og ifølge Tarantino skal det faktisk ikkje handle om hemn denne gongen.

Det har vore spekulert på om filmen skal handle om den kjente kvinnelege filmkritikaren Pauline Kael, men Tarantino har avkrefta dette. Filmens hovudperson skal nemleg vere basert på ein ukjent mannleg kritikar, og det er eigentleg alt regissøren har sagt så langt.

Tittelen kan i alle fall tyde på at vi nok ein gong kjem til å sjå ei nerdete side frå filmskaparen.

ERLEND LOE, KRITIKAR: – Alle Tarantinos filmar er påverka av at han har sett ufatteleg mange filmar frå veldig ung alder. Han har sett absolutt alt som har blitt laga sidan 1960-talet.

«The Movie Critic» går først i innspeling i haust, og det blir dermed framleis ei god stund før han dukkar opp på kinolerreta.

BRITA MØYSTAD ENGSETH, KRITIKAR: – Kven er det eigentleg som finn på å lage film om ein filmkritikar? Det seier noko om hans kjærleik til filmen. Tarantino elskar film, og han elskar også dei som elskar film.

Ein liten quiz på tampen: Kjenner du desse Tarantino-sitata?

1/5 Django eller Pulp?

«And I will strike down upon thee with great vengeance and furious anger those who attempt to poison and destroy my brothers.»

2/5 Basterds eller Django?

«Kill white folks and they pay you for it? What’s not to like?»

3/5 Pulp eller Dogs?

«I don’t tip because society says I have to.»

4/5 Django eller Jackie?

«I put a cherry on top. Booh-yah! What the f*** did Ordell ever do for us, huh?»

5/5 Jackie eller Hateful?

«Now, Daisy, I want us to work out a signal system of communication. When I elbow you real hard in the face, that means: shut up.»

Ditt resultat

Du må svare på alle spørsmålene først.

Hei!

Har du nokre tankar om denne saka, eller tips til andre historier vi burde sjå på? Send meg ein e-post! Resten av NRK Kulturs langlesingar finn du her

Anbefalt vidare lesing: