Amy Black Ndiaye og Lars Vaular
Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

Amy og den gode hjelparen

Lars Vaular skulle berre lære Amy Black Ndiaye å rappe. Så vart dei bestevennar på TV.

Lars Vaular har gitt ut sju album, hausta tre Spellemann-prisar og avslutta Øyafestivalen i brudekjole. Han har starta plateselskap, løfta fram ein haug med nye artistar og blitt kalla «kongen av norsk hip-hop».

Men etter nesten 20 år som låtskrivar, har han begynt å sitje igjen med ei beisk kjensle i munnen når han har laga nye songar.

Eg har vore så jævla lei av å lage og skrive musikk. Det har blitt så vanskeleg å leve meg inn i at det eg gjer er ... vits, på ein måte, seier Lars.

Løysinga på problemet skulle kome frå uventa hald, då ein ung ukjent skodespelar bad han om hjelp til å lære seg å rappe. Samarbeidet har resultert i tolv nye songar i den rykande ferske TV-serien «Verden er min».

Verden er min

Lars har skrive songane i serien, men denne gongen syng han ingen av dei sjølv; artisten er ein svart lesbisk rappar som ikkje finst på ekte.

«Verden er min»

Serien blir skildra som «Noregs første rapsikal», og handlar om rapparen Odile (Amy Black Ndiaye) som kjempar mot sine indre demonar.

Ho synest det er ubehageleg å stå opp for seg sjølv og skummelt å gi ut songane sine. Ho kvir seg også for å fortelje den muslimske faren sin at ho likar jenter.

Mykje av handlinga går føre seg i eit musikkstudio, der ho lagar musikk med produsent og bestekompis Stian (Lars Vaular).

For Lars Vaular har ikkje berre skrive musikken, han spelar også ei av dei største rollene i serien. Nokon vil hevde at ho ligg rimeleg tett opp mot eige liv.

Det var jo veldig lett for meg å sitte på ein stol og seie «skru opp den». Eg måtte ikkje tenkje sånn: «Oi shit, korleis gjer eg dette?» Det hadde vore mykje verre om eg til dømes skulle spele ein seglar og dra i eit tau, forklarer han.

Amy Black Ndiaye og Lars Vaular under i studio under innspelinga av "Verden er min".

METHOD ACTING: Lars Vaular får skryt for autentisk skodespel i «Verden er min». Han spelar den sympatiske musikkprodusenten Stian.

Foto: Helge Skodvin / NRK

Filmkritikar Lars Frøyshov i Bergens Tidende har latt seg imponere, og gav serien 5 av 6 hjarter. Han trekker fram autentisiteten som serien sitt sterkaste kort, at alt ved den følast ekte. Morgenbladets kritikar Aksel Kielland skriv at «Verden er min» får andre norske seriar til å sjå kunstige ut.

Men korleis enda eigentleg Lars Vaular opp som skodespelar? Han er ikkje heilt sikker sjølv, det er derimot Amy Black Ndiaye, som i tillegg til å spele hovudrolla også er serieskapar og manusforfattar.

Ho har ruga på denne serien heilt sidan ho budde i USA for over ti år sidan.

Bergen er min

Amy Black Ndiaye (32) vaks opp med færøysk mor og senegalesisk far på Hop i Bergen.

Det var eigentleg basketballspelar ho skulle bli, det var i alle fall det ho drøymde om kvar dag gjennom oppveksten på 90- og 00-talet. Men etter den sjuande kneoperasjonen måtte ho til slutt innsjå at ho aldri kom til å bli ein ny Michael Jordan.

Amy Black Ndiaye som Odile i "Verden er min"

BASKETBALLSPELAR: Amy Black Ndiaye var eit av Noregs største idrettstalent i ungdomen, og spelte på aldersbestemte landslag. Ho fekk stipend for å spele for Barry University i Florida, men skadeproblema tvinga ho til å takke nei.

Foto: Helge Skodvin / NRK

Ho måtte gjennom eit halvhjarta forsøk på statsvitskap før mor hennar klarte å overtale ho til å prøve seg som skodespelar.

Ho sa heile tida: «Men Amy, du har jo lyst til å bli alt mogleg. Advokat, basketballspelar, spion ... Du kan bli alt dette om du blir skodespelar.»

«Genialt», tenkte Amy. I 2011 søkte ho på American Academy of Dramatic Arts i New York og kom inn. Den anerkjende skodespelarskulen hadde tidlegare hatt elevar som Paul Rudd, Anne Hathaway og Adrien Brody på skulebenken.

Der lærte eg å kome i kontakt med følelsane mine. Mentaliteten frå basketball var at om du hadde vondt, så spelte du gjennom smerta. Eg var veldig mot følelsar og sårbarheit, men der vart eg mykje betre kjent med meg sjølv.

Ein del av Amys prosess med å bli betre kjent med seg sjølv var å begynne å høyre på norsk rap, nærmare bestemt bergensrap, enda nærmare bestemt ein ung «tjommi» frå Åsane som nyleg hadde erobra Noreg med denne strofa:

Gjør det eg føler for, ingen ting å nøle på, gjør det eg føler for, ingen ting å nøle på, kriminiminiminell, rett opp og ned, kriminiminiminell, rett opp og ned.

Lars Vaular / Rett opp og ned

Eg hadde skikkeleg heimlengsel, og første gongen eg høyrde Lars, hadde eg aldri følt meg meir bergensar. Før det hadde eg berre interessert meg i engelsk, men då eg høyrde tekstane hans, kjente eg meg igjen og tenkte: «Wow, dette er kult».

Etter to år i New York utdanna ho seg vidare som manusforfattar på Den norske filmskolen på Lillehammer, før ho ende opp som frilans skodespelar og manusforfattar i Oslo i 2016. Som dei fleste andre bergensarar i hovudstaden, så sakna ho Bergen.

Ho sakna familien, ho sakna regnet og ho sakna venninna Regina «Myra» Tucker.

Amy kjente godt til den brokete oppveksten til Myra, som kvoteflyktning og fosterheimsbarn, og ho vart difor svært bevega då venninna slo igjennom som rappar.

Ho er som ei veslesøster for meg, og eg var så stolt av ho, for ho er så sterk og flott og fin, og har eit veldig godt og stort hjarte.

Regina "Myra" Tucker

MYRA: Regina «Myra» Tucker slo gjennom med songen «Hold An» i 2016. Ho har vore deltakar i «Stjernekamp» på NRK, og er ein av artistane som blir hylla i årets sesong av TV 2-programmet «Hver gang vi møtes».

Foto: Vegard Breie / TV 2

Amy vart inspirert. Ho måtte kome seg til Bergen og skrive ein bergensserie, om ein kvinneleg svart rappar som turte å gå sine eigne vegar, og ho skulle spele hovudrolla sjølv. Det var berre eit bitte lite problem: Ho kunne ikkje rappe.

Ein liten ubetydeleg detalj for Amy – ho hadde nemleg planar om å spørje Lars Vaular om hjelp.

Ein rappar blir født

Amy og Lars Vaular møtte kvarandre for første gong på ein konsert i 2017. Han skulle opptre med Myra, og Amy var med for å gjere research og leite etter medhjelparar til den nye TV-serien sin.

Den første som melde interesse, var hiphop-produsenten Frode Kvinge Flatland, som til slutt enda opp med å komponere all musikken til serien.

Etter kvart takka også Lars ja til å bli med på prosjektet, ikkje som skodespelar, men som «rap-coach». Han vart altså ein slags guru / rettleiar som skulle halde Amy i handa inn i det store rap-universet.

Ho hugsar godt kor nervøs ho var då ho skulle spytte sine første rim framfor det store forbildet sitt. For å roe ho ned, brukte Lars ein analogi som han visste Amy kom til å forstå.

Han sa at eg måtte tenkje som ein basketballspelar. Om du er nybegynnar, så kan ikkje du stille deg utanfor trepoengslinja og forvente å treffe. Du må starte med enkle formskot, og så gå litt lengre ut, og så til slutt kan du prøve å skyte ein trear. Det hjelpte – for eg ville berre bli best med ein gong, mimrar Amy.

Lars og Amy brukte tallause timar i studio – og sakte, men sikkert vart Amy faktisk ein habil rappar. Men alle desse timane saman, dei måtte vel kunne bli noko meir – samspelet mellom dei funka jo på ekte, så då måtte det vel også kunne brukast i skodespel?

Eg spurde han tidleg om han kunne tenkje seg å spele den rolla som produsent, men han sa «Nei, eg held meg til rapcoach». Så vart han med på å spele ei lita rolle, og så vart ho berre større og større og større.

Sjølvbiografisk?

Lars er langt ifrå den einaste skodespelaren som spelar ei rolle som ligg tett opp mot seg sjølv i «Verden er min».

Amys mamma er også mamma i serien, Amys pappa er pappa, Amys søster er søster, Amys niese er niese og Lars’ rap-kollega Kamelen er også kamel. I tillegg bli det vist fleire arkivklipp frå Amys eigen barndom.

Verden er min S01E03

DATTER & FAR: Amy Black Ndiaye og Joe Ndiaye. I denne scena ventar dei på at Lars Vaular, Kamelen og Blvck O skal kome og hjelpe dei med å bere ei tredemølle.

Kor sjølvbiografisk er eigentleg denne serien?

Eg kjenner meg igjen i det å kome frå ein plass der alle heiar på deg og elskar deg, men så antar eg likevel at folk kjem til å døme meg om eg er mitt verkelege eg. Det er sjølvbiografisk. Men vegen Odile tar, er jo fiktiv, forklarar Amy.

Men kva med rap-tekstane, Lars? Dei er det jo du som har skrive?

For meg har det vore veldig frigjerande, og ein slags kreativ vekkjar. I staden for å skrive om meg sjølv, har eg heller prøvd å finne ut av ting som Amy er opptatt av i verkelegheita, noko ho har snakka om eller irritert seg over.

Gjennom slike samtalar har Lars forfatta strofer som til dømes denne:

Verden er min, min verden e komplisert. Eg sier kor eg e fra og blir korrigert.

Odile / Verden er min

Det er jo ein del problemstillingar som eg aldri kan erfare på same måte, som ein kvit privilegert mann, svarer Vaular.

I ei av dei første scenene i serien snakkar ekspeditøren bak kassa på Vinmonopolet engelsk til Odile – i hennar eigen heimby. I staden for å gi beskjed om at ho faktisk snakkar norsk, svarer ho tilbake på engelsk. Dette er ein kjent situasjon for Amy.

Odile synest det er ubehageleg, og det synest eg også. Når folk snakkar engelsk til meg, brukar eg å berre å jatte med, for eg vil ikkje at den personen skal føle seg dum, eller at det skal bli ei stor greie. Eg kan jo berre gi beskjed om at eg snakkar norsk, men samtidig får eg den følelsen: «Må eg seie det? Kan ikkje du berre forstå det?»

Og sjølv om det kanskje ikkje er ein «big deal», så blir det heller aldri ein «liten deal». For det er du som må ta det valet, og som får ansvaret, seier Lars.

Amy ønskjer uansett ikkje å rette nokon peikefinger. Ho vil heller vise korleis det er å vekse opp med å føle seg annleis, og at ein uansett ikkje treng å føle seg utanfor samfunnet.

Derav namnet på serien: «Verden er min».

– Om du lever av å «please» andre, så lever du i nokon andre si verd. Det handlar om å ta makta tilbake og bestemme deg for kva du vil gjere i di verd, seier Amy.

Sjå første episode av «Verden er min» her:

Odile er treig og fortsatt inne i skallet.

Odile er treig og fortsatt inne i skallet.

Ta kontakt!

Har du nokre tankar om denne saka, eller tips til andre historier vi burde sjå på? Send meg ein e-post! 
Her finn du fleire langlesingar frå NRK Kultur

Les meir om fleire kunstnarar frå Bergen: