Hopp til innhold
Anmeldelse

Vreidens vaflar

Ei turisthytte er navet i denne romanen. Stikk du innom, får du vaflar og kaffi. Blir du lenger, får du med deg både slektsdrama og nabokonfliktar av det innfule slaget. Lars Svisdal imponerer.

Lars Svisdal, forfatter

Lars Svisdal debuterer med ein bygderoman som tek opp universelle spørsmål.

Foto: Paul S. Amundsen

Romanen «Seg til inkjes» inviterer til eit sommarlangt opphald på denne hytta, saman med 18-åringen Gjøa som har sommarjobb der. Allereie tidleg forstår vi at sjølv om den ytre idyllen er ekte nok, er det eit heilt konglomerat av bitre, innfløkte, hatefulle, skammelege og destruktive kjensler som pregar livet i denne ytste, tynt folkesette delen av bygda Vormdalen.

Der folk er naboar i generasjonar, har urett som rammar ein sjølv lett for å gå i arv og balle på seg slik at nye urettar kjem til, og rettferdig vreide kan føre til rettferdig hemn. Forresten: kor rettferdig det er, kjem naturlegvis an på kven du spør. Det er vanskeleg å ikkje tenkje på Olav Duuns Didrik Dale her: Kallen som gjorde livet surt for alle, mens han insisterte på at han berre skulle ha «retten sin». No går det som kjent an å ha rett og likevel ta feil. Det er eit slikt landskap debutant Svisdal tek oss inn i.

Når vondskapen går i to sko

Gjøa er den sentrale personen her, men fleire av bygdefolket, barn som vaksne, får kome med sine versjonar. Det gjer absolutt inntrykk å sjå innsida av dei to som av andre vert sett på som sjølve inkarnasjonen av vondskap. Ikkje at handlingane deira blir betre av det, men vi forstår betre kva som driv dei og det kunne vore nyttig for fleire enn oss å vite.

Historia om dei kreftene som driv folk til handling, hemn eller berre vondord, kjem til syne indirekte gjennom skildringa av nabokranglar og familiefeidar. Det er godt gjort. Og over det heile sviv osen frå den evige vaffelsteikinga og alle rutinane: dekkje på, dekkje av, skjere brød, setje restar til kjøling, gå vakter. Svisdal har heilt klart detaljkunnskap om det indre livet på ei lita turisthytte.

Særmerkt språk

Men korleis skal ein forstå tittelen: «Seg til inkjes»? Han er kryptisk, også for ein kritikar som er fødd og oppvaksen i Noreg. Heldigvis forklarer samanhengen både tittelen og fleire andre sjeldsynte språkblomar. Svisdal tyr til eldre ord og former, det same gjer ei rekkje andre samtidsforfattarar. Eg nemner i fleng Mads Rage, ein annan interessant debutant av året, og brageprisvinnar Tore Kvæven. Fleire kunne nemnast, men poenget her er at det er gammalt, det er godt og det fungerer utmerkt både til tematikken og til å formulere fyndsetningar med.

Om eg skal kome med ein kritisk merknad må det vere at eg midtvegs i boka tvilte på om ho burde vere på over 300 sider. Men så tok det seg kraftig opp og svaret etter enda lesing er enkelt: «Seg til inkjes» er ein spennande debut.

Passar for deg som

  • taklar å støyte på eit ukjent ord no og då
  • har sans for litteratur der dei mørke sidene kjem til syne gjennom forteljinga

Kulturstrøm

  • 3 mill. til første samiske animasjonsfilm

    Norsk filminstitutt (NFI) melder fredag at animasjonsfilmen «Kunnskapens skog / Daajroen boelte» har fått 3 millioner i produksjonstilskudd.

    Ifølge NFI handler filmen om søsknene Anta og Bräjta som følger nordlyset til den parallelle verdenen Saajve

    Totalbudsjettet på den svensk-norske samproduksjonen er på nær 23 millioner kroner.

    Oskar Östergren Njajta står for regi og manus og produksjonsselskapet Krystallplaneten i Tromsø er med fra norsk side.

    Ifølge NTB blir dette historiens første animerte samiske langfilm. Den har planlagt premiere i 2026.

    «Kunnskapens skog» / «Daajroen boelte»er tidenes første samiske animerte langfilm.
    Foto: Bautafilm
  • Israel skjerper reiserådet til Malmö

    Israelske myndigheter har skjerpet reiserådet til Malmö i forbindelse med Eurovision.

    Det skriver Israel National News.

    Reiserådet er oppgradert fra 2 til 3. Det tidligere nivået innebærer at det eksisterer en «mulig trussel», mens det nye nivået innebærer en moderat trussel. Det betyr også at israelere som har planlagt å reise til Malmö, bør revurdere om turen er nødvendig.

    Det forhøyede nivået gjelder i perioden når Eurovision arrangeres i byen.

    (NTB)

  • Ingen palestinske flagg under Eurovision

    Publikum får ikke lov til å ta med palestinske flagg eller skilt med politiske budskap.

    Kun mindre flagg tilhørende deltakende land tillates, samt Pride-flagget.

    – Disse reglene er som året før. Det er ingen forandring, sier den svenske EBU-sjefen Martin Österdahl.

    Det ventes mange demonstrasjoner mot Israels deltakelse i Eurovision Song Contest (ESC) på grunn av landets krigføring i Gaza.

    Sikkerhetsoppbudet rundt arrangementet 7.–11. mai er svært omfattende.

    Vekterne som skal slippe inn publikum, har fått instrukser om å stanse folk med palestinske flagg samt skilter med politiske budskap.

    -
    Foto: AFP