Med dette har arkeologar oppdaga det som er verdas eldste kjende holemåleri laga av moderne menneske. Biletet er av eit villsvin i ekte storleik, med hornliknande ansiktsvorter som er karakteristisk av vaksne hannar av arten.
Måleriet er 136 centimeter langt og 54 centimeter høgt. Det melder blant anna nyheitsnettstaden The Guardian.
Holemåleriet blei funne i Leang Tedongnge-hola i ein avsidesliggande dal på øya Sulawesi i Indonesia, skriv BBC.
Slår fast at det minst er 45.500 år gamalt
Maxime Aubert, som er medforfattar av rapporten som blei publisert i Science Advances journal, fortel at funna av mineralet kalsitt i måleriet, gjer at dei heilt sikkert kan slå fast at det er minst 45.500 år gamalt.
Han seier at det kan vera mykje eldre enn det og, fordi dateringa dei har brukt berre daterer kalsitten.
Spektakulært funn: Forskarane slår fast at måleriet i hola er minst 45.500 år gamalt.
Foto: ADHI AGUS OKTAVIANA / AFP«Menneska som laga det, var heilt moderne. Dei var akkurat som oss. Dei hadde all kapasiteten og verktøya til å laga eit kva som helst måleri som dei ville», opplyser Maxime Aubert i rapporten.
Det tidlegare eldste daterte bergkunstmåleriet, laga av moderne menneske, blei også funne av det same teamet på øya Sulawesi.
Dette måleriet viser ei gruppe som var delvis menneske og delvis dyr, og som jakta pattedyr. Det skal vera minst 43.900 år gamalt.
Måleriet gjev bevis
Slike holemåleri hjelper oss til å fylla ut hol i historia og at me kan få forståing av tidlege menneskelege migrasjonar, skriv The Guardian.
Det er kjent at folk nådde Australia for 65.000 år sidan, men dei måtte då ha truleg ha måtta kryssa øyene i Indonesia, kjend som «Wallacea».
Holemåleriet av villsvinet gjev det tidlegaste beviset for menneskeleg busetnad i regionen.
Ekspertane som fann holemåleriet, meiner at det er laga av arten Homo sapiens.
Håpar på å henta ut DNA
BBC skriv at måleriet er måla med okerpigment. Det er to handtrykk over baksida av grisen, som også ser ut til å venda mot to andre grisar som er delvis bevarte.
Ein annan medforfattar i rapporten, sa at det ser ut som grisen observerer ein kamp eller sosial interaksjon mellom to andre villsvin.
Menneske har jakta på slike Sulawesi-villsvin i titusenvis av år. Forskarane fortel at det er eit sentralt trekk ved regionens forhistoriske kunstverk, spesielt i istida.
For å laga handavtrykka, meiner forskarteamet at kunstnarane må ha plassert hendene på ei overflate før dei spytta pigment over. Teamet håpar på å trekkja ut DNA-prøvar frå det attverande spyttet.