Hopp til innhold

Bonde Tusvik om Ari Behn kommentar: – Eg var berre slem og teit

Hos Lindmo snakkar Sigrid Bonde Tusvik om humoren, som ho meiner må vere grenseoverskridande. – Ein må tørre å pushe grenser.

Sigrid Bonde Tusvik er gjest hos Lindmo

KRITIKKEN: Sigrid Bonde Tusvik meiner det er viktig at vi lever i eit samfunn der ein kan pushe grenser.

Foto: NRK

– Du må ut mot stupet, og så må du gå sju centimeter til.

Men komikaren Sigrid Bonde Tusvik innrømmer at ho gjekk for langt då ho i podkasten sin «Tusvik & Tønne» mellom anna omtala Ari Behn som «ubrukeleg». Noko ho også har fått mykje kritikk for.

– Der angrar eg veldig. For eg synest at når du skal vere ein grenseoverskridande komikar, så skal du vere smart. Humoren må vere smart. Og på den som eg har fått kritikk for no, der var eg ikkje smart nok.

– Der var eg berre slem og teit.

Sigrid Bonde Tusvik fortel om kritikken ho fekk etter kommentaren om avdøde Ari Behn.

Sjølv om Tusvik toler å få kjeft, so er ho ikkje redd for å vise at ho er lei seg og angrar på utspelet sitt om avdøde Ari Behn.

– Eg har bede om unnskyldning for det var heilt unødvendig tullete.

– Denne gangen synest eg ikkje at nokon trong å tole det.

Tusvik og Tønne har tidlegare fått kritikk for at dei ikkje vil snakke om sparka dei sender i alle retningar.

– Noko farleg med humor

I Lindmo-episoden fredag, er også søstera til komikaren gjest – menneskerettsforkjemparen Ane Tusvik Bonde.

Ane Tussvik Bonde og Sigrid Bonde Tussvik er gjestar hos Lindmo

SØSTRER: Søstrene Ane Tusvik Bonde og Sigrid Bonde Tusvik er gjestar hos Lindmo.

Foto: NRK

Ho kjempar for at folk skal få lov til å ytre seg fritt i land som Ukraina, Russland og Kviterussland, der det kan få alvorlege konsekvensar.

– Dei ønskjer den same fridomen som vi har her, fortel Tusvik Bonde.

I desse landa ønskjer dei å kunne ytre seg, protestere og organisere seg. Ho seier at dei fyrste som blir fengsla er dei som brukar humor.

– Det er så skummelt for styresmaktene. For om nokon ler, så gløymer dei å vere redde.

Søstrene arbeider på kvar sitt vis for at folk skal få seie meiningane sine.

– Pappa pleier å seie at vi begge arbeider med ytringsfridom. Sigrid, ho tullar med folk og eg forsvarar at folk kan tulle med folk, fortel Ane.

Sigrid meiner at det er noko med humor som på ein måte er litt farleg. Sjølv om ein kan komme unna med mykje i Noreg.

– Berre sjå på Frankrike med halshogging og diskusjonane rundt karikaturteikningar.

Difor har dei forskjellige etternamn

Søstrene har fått forskjellige etternamn fordi foreldra er feministar og opptekne av likestilling. Slik fortel dei sjølv om etternamna sine i Lindmo:

Søstrene Ane Tusvik Bonde og Sigrid Bonde Tusvik om kvifor dei har forskjellige etternamn

Kulturstrøm

  • 3 mill. til første samiske animasjonsfilm

    Norsk filminstitutt (NFI) melder fredag at animasjonsfilmen «Kunnskapens skog / Daajroen boelte» har fått 3 millioner i produksjonstilskudd.

    Ifølge NFI handler filmen om søsknene Anta og Bräjta som følger nordlyset til den parallelle verdenen Saajve

    Totalbudsjettet på den svensk-norske samproduksjonen er på nær 23 millioner kroner.

    Oskar Östergren Njajta står for regi og manus og produksjonsselskapet Krystallplaneten i Tromsø er med fra norsk side.

    Ifølge NTB blir dette historiens første animerte samiske langfilm. Den har planlagt premiere i 2026.

    «Kunnskapens skog» / «Daajroen boelte»er tidenes første samiske animerte langfilm.
    Foto: Bautafilm
  • Israel skjerper reiserådet til Malmö

    Israelske myndigheter har skjerpet reiserådet til Malmö i forbindelse med Eurovision.

    Det skriver Israel National News.

    Reiserådet er oppgradert fra 2 til 3. Det tidligere nivået innebærer at det eksisterer en «mulig trussel», mens det nye nivået innebærer en moderat trussel. Det betyr også at israelere som har planlagt å reise til Malmö, bør revurdere om turen er nødvendig.

    Det forhøyede nivået gjelder i perioden når Eurovision arrangeres i byen.

    (NTB)

  • Ingen palestinske flagg under Eurovision

    Publikum får ikke lov til å ta med palestinske flagg eller skilt med politiske budskap.

    Kun mindre flagg tilhørende deltakende land tillates, samt Pride-flagget.

    – Disse reglene er som året før. Det er ingen forandring, sier den svenske EBU-sjefen Martin Österdahl.

    Det ventes mange demonstrasjoner mot Israels deltakelse i Eurovision Song Contest (ESC) på grunn av landets krigføring i Gaza.

    Sikkerhetsoppbudet rundt arrangementet 7.–11. mai er svært omfattende.

    Vekterne som skal slippe inn publikum, har fått instrukser om å stanse folk med palestinske flagg samt skilter med politiske budskap.

    -
    Foto: AFP