Hopp til innhold

Ny religion: kopiismen

Piratkopierarane sin eigen religion, kopiismen, har blitt godkjend som offisiell religion i Sverige.

Kopimismen

Kopiismen, eller kopimismen som den også går under, er en ny religion som har fått oppmerksomhet i Sverige.

Foto: SVT

Sverige har lenge hatt eit eige piratparti, som er sterkt engasjert i fildelingsproblematikk på nettet, og overvaking og avlytting i samfunnet. No er det også danna ein eigen religion basert på same ideologi.

– Å kopiere og å dele er noko av det viktigaste me trur på, seier øvsteprest i Det Missionerande Kopiistsamfundet, Isak Gerson til SVT.se.'

Kopimismen er eit ordspel på «copy me», men blir også omtalt som kopiismen.

Vil omvende kristne og muslimar

Sjølv hevdar religionens øverste at dei ikkje har ein offisiell tilknyting til Piratpartiet.

– Me har ingen andre koplingar til Piratpartiet anna enn at me har mange overlappande medlemmer, seier Gerson som til vanleg er filosofistudent i Uppsala.

Kopiismen kjem til å vere ein misjonerande religion med plan om å omvende både kristne og muslimar. Ifølgje samfunnet har dei rundt 3000 medlemmer i eit titals land.

Alle kan starta ein religion

Det er ingen spesielle krav til at eit samfunn skal kunne bli registrert som religion i Sverige.

– Eit trussamfunn kan i prinsippet sjå ut akkurat som det ønskjer. Det som er avgjerande er korleis samfunnet oppfattar seg sjølv. Styresmaktene skal ikkje ha noko oppfatning om det samfunnet trur på, seier sjefsjurist i kammerkollegiet i Sverige, Bertil Kallner.

Det har dukka opp fleire spesielle religionar etter at den svenske kyrkja skilde lag med staten i år 2000. Det har ofte vore studentar som har stått bak dei meir eller mindre seriøse registreringane, og få av religionane har overlevd særleg lenge.

Nok av spesielle religionar

Ingen kan hevde at det er mangel på religiøst mangfald i verda i dag. NRK.no gir deg eit utval av dei særaste religionane i verda.

«Nation of Yahweh»

Nation of Yahweh er ein jødisk religiøs gruppe som består av afroamerikanarar og vart grunnlagt i 1979. Målet deira er å returnere afroamerikanarane til Israel, sidan dei ser på seg sjølv som dei rette israelittane.

«Prince Philip-rørsla»

Prince Philip-rørsla på øya Vanuatu i Stillehavet meiner hertugen av Edinburgh stammar frå ein fjellgud på øya.

Foto: -

«Universfolket»

Universfolket er ein tsjekkisk religiøs retning sentrert rundt kultfiguren Ivo A. Benda. Dei trur at det finst eit utanomjordisk folk som opererer ei flåte med romskip som går i bane rundt jorda. Sidan 1997 har dei venta på at dei truande skal bli transportert til ein annan dimensjon via romskipa.

«Prince Philip-rørsla»

Ei rørsle som eksisterer på øya Vanuatu i Stillehavet. Dei trur at Philip, hertugen av Edinburgh, er ein guddommeleg skikkelse og son av ein fjellgud. Dei trur at hertugen reiste over dei store hav til eit land langt unna, gifta seg med ei mektig kvinne for å så returnere til øya. Philip var på besøk på øya i 1974 og fekk høve til å utveksle gåver med dei religiøse leiarane.

«Jediismen»

Star Wars-fenomenet har sjølvsagt også utvikla seg til ein eigen religion. Medlemmane trur at krafta, eller «the force», held universet saman og eksisterer i alle materielle ting. Jediismen har mykje til felles med både taoismen og buddhismen og har element frå ridderskapet frå mellomalderen.

Logoen til Church of the Flying Spaghetti Monster

Spagetti-kyrkja sitt emblem er ein parodi på det kristne fiskesymbolet.

Foto: Wikipedia

«Kyrkja til det flygande spagettimonsteret»

I utgangspunktet ein parodireligion som blei konstruert i protest mot utdanningsetaten i den amerikanske delstaten Kansas, og deira beslutning om å undervise i såkalla intelligent design i staden for evolusjonsteorien. Ein del av teorien i religionen går ut på at naturkatastrofer som global oppvarming, jordskjelv og orkanar er forårsaka av ein reduksjon i talet på piratar i verda. Sjå graf.

Kulturstrøm

  • 3 mill. til første samiske animasjonsfilm

    Norsk filminstitutt (NFI) melder fredag at animasjonsfilmen «Kunnskapens skog / Daajroen boelte» har fått 3 millioner i produksjonstilskudd.

    Ifølge NFI handler filmen om søsknene Anta og Bräjta som følger nordlyset til den parallelle verdenen Saajve

    Totalbudsjettet på den svensk-norske samproduksjonen er på nær 23 millioner kroner.

    Oskar Östergren Njajta står for regi og manus og produksjonsselskapet Krystallplaneten i Tromsø er med fra norsk side.

    Ifølge NTB blir dette historiens første animerte samiske langfilm. Den har planlagt premiere i 2026.

    «Kunnskapens skog» / «Daajroen boelte»er tidenes første samiske animerte langfilm.
    Foto: Bautafilm
  • Israel skjerper reiserådet til Malmö

    Israelske myndigheter har skjerpet reiserådet til Malmö i forbindelse med Eurovision.

    Det skriver Israel National News.

    Reiserådet er oppgradert fra 2 til 3. Det tidligere nivået innebærer at det eksisterer en «mulig trussel», mens det nye nivået innebærer en moderat trussel. Det betyr også at israelere som har planlagt å reise til Malmö, bør revurdere om turen er nødvendig.

    Det forhøyede nivået gjelder i perioden når Eurovision arrangeres i byen.

    (NTB)

  • Ingen palestinske flagg under Eurovision

    Publikum får ikke lov til å ta med palestinske flagg eller skilt med politiske budskap.

    Kun mindre flagg tilhørende deltakende land tillates, samt Pride-flagget.

    – Disse reglene er som året før. Det er ingen forandring, sier den svenske EBU-sjefen Martin Österdahl.

    Det ventes mange demonstrasjoner mot Israels deltakelse i Eurovision Song Contest (ESC) på grunn av landets krigføring i Gaza.

    Sikkerhetsoppbudet rundt arrangementet 7.–11. mai er svært omfattende.

    Vekterne som skal slippe inn publikum, har fått instrukser om å stanse folk med palestinske flagg samt skilter med politiske budskap.

    -
    Foto: AFP