Kneip-brødet er på veg til å bli utrydda, kan det virke som i ei melding frå bakeribransjen. For større utvalg i bakevarer har ført til eit tilbaketog for kneipen. Det starta i 1994, og sidan har kneip-brødet blitt pressa nordover. Mens det er så godt som utrydda i sør, finn ein stadig fleire tilfelle av brødet jo lenger nord i landet ein drar. Men jevnt over er det altså på vikande front, mens tuberkulose, som var utrydda, er i ferd med å blusse opp igjen her til lands.
Ein sjukdom som er heilt ufarlig er derimot reisefeber. Og reiselivsnæringa, som har hatt eit par vanskelige år, kunne vel tenkt seg ein epidemi med reisefeber. Men noken som har sett seg trufast i flyseta i fleire år, er Jens A. Riisnæs og Sverre Tom Radøy. Dei har latt terror vere terror og nedgangstider nedgangstider, og dei har farta jorda rundt i ens ærend for å sende reisebrev til oss som føler oss tryggast heime. Dei vil jo aldri røpe kor dei sender reisebreva sine frå; nei, det får vi jammen klare å finne ut av sjølv. Til gjengjeld blir det ein premie til ein av dei som klarar det, då.
I forrige veke var dei i eit land med ”eit lite Tibet”. Vi fekk vite at forfatteren av ”Sju år i Tibet” hadde lagt museet i nærheten av heimbyen sin, og at han er ein av Dalai Lamas beste vennar.
”Gutta var denne gangen i Østerrike nærmere bestemt landsbyen Hüttenberg”, skriv Ingunn Kvil Gamst frå Breivikbotn. Landet hadde holdt i massevis. Det var Østerrike vi skulle fram til, så dermed blir premien sendt til Breivikbotn denne gangen.
Då får dokke finne fram passet, vi skal ut å reise igjen; og i denne gangen vil vi ha navnet på ein by. Høyr reisebrevet i medieboksen over.
Om du har kome deg fram til byen Sverre Tom og Jens er i, i alle fall i tankane, så send løysinga som tekstmelding til 1987. Skriv kodeordet glasset + svar og navn og adresse, og nummeret var altså 1987. Du kan óg svare via e-post. Adressa er då norgesglasset@nrk.no. Eller har du eit frimerke til overs, kan du jo sende oss eit brev eller eit postkort med svaret. Postadressa er Norgesglasset, NRK, 7005 Trondheim.
Vi trekker altså ut ein lyttar som får ein premie; om det blir deg får du vite neste onsdag til same tid.