Hopp til innhold

Glee-skodespelar (31) funnen død

Den kanadiske skodespelaren Corey Monteith blei søndag funnen død på eit hotell i Vancouver.

PEOPLE-CORYMONTEITH/ Monteith poses at the premiere for the second season of the television series "Glee" in Los Angeles

Den avdøde skodespelaren Corey Monteith frå Calgary er best kjend frå TV-serien Glee. Dødsårsaka er ikkje kjend, men 31-åringen hadde i årevis kjempa mot eit tungt rusmisbruk.

Foto: MARIO ANZUONI / Reuters

Monteith er best kjend for si rolle som Finn Hudson i den amerikanske TV-serien Glee.

Han blei funnen død på rommet sitt i 21. etasje av Fairmont Pacific Rim Hotel ved hamna i Vancouver laurdag, ifølgje kanadisk politi.

Han blei 31 år gamal.

Ikkje mistanke om kriminell handling

Lisa Lapointe og Doug Lepard

Rettsmedisinar Lisa Lapointe og visepolitisjef Doug Lepard orienterer media om dødsfallet.

Foto: Darryl Dyck / Ap

Det er ingen teikn til at det har skjedd noko kriminelt, opplyser visepolitisjef Doug Lepard.

– Me har ikkje særleg mykje informasjon om dødsårsaka, seier rettsmedisinar Lisa Lapointe, som er sitert av nyheitsbyrået AP.

Twitter-kontoen sin presenterte Corey Monteith seg som «høgreist, klønete, kanadisk, skodespelar, trommeslagar, person».

Monteith var open om at han sleit med rusmisbruk. Han har tidlegare fortalt at misbruket var så ille at han var heldig som framleis var i live.

I april i år la han seg inn på ein avrusingsklinikk og bad via ein talsperson om å få vera i fred medan han kjempa seg ut av avhengigheita. Rusproblemet var langvarig. Den kanadiske TV-stjerna var også inne til avrusing som 19-åring.

TV-serien Glee

Gjengen i TV-serien Glee, med avdøde Corey Monteith som nummer fire frå venstre (bak).

Foto: Fox / SF Norge AS

Golden Globe

Serien Glee er ein hybrid av musikal-, komedie,- og dramasjangeren.

Karakteren til Monteith, Finn Hudson, er ein amerikansk high school-fotballspelar som risikerer statusen og populariteten sin ved å bli med i glee-klubben, eit show-kor med dei upopulære og utstøytte på skulen.

LES OGSÅ: Filmpolitiet vurderer første sesong av Glee

Første sesong vart nominert til ei rekkje prisar, blant anna 19 Emmy Awards og fire Golden Globe. I 2010 vann den Golden Globe-statuetten for beste TV-serie i kategorien musikal eller komedie.

Monteith har også hatt mindre roller i filmar som Final Destination 3 og Whisper, og gjesteroller i seriar som Smallville, Supernatural og Stargate Atlantis.

Kulturstrøm

  • 3 mill. til første samiske animasjonsfilm

    Norsk filminstitutt (NFI) melder fredag at animasjonsfilmen «Kunnskapens skog / Daajroen boelte» har fått 3 millioner i produksjonstilskudd.

    Ifølge NFI handler filmen om søsknene Anta og Bräjta som følger nordlyset til den parallelle verdenen Saajve

    Totalbudsjettet på den svensk-norske samproduksjonen er på nær 23 millioner kroner.

    Oskar Östergren Njajta står for regi og manus og produksjonsselskapet Krystallplaneten i Tromsø er med fra norsk side.

    Ifølge NTB blir dette historiens første animerte samiske langfilm. Den har planlagt premiere i 2026.

    «Kunnskapens skog» / «Daajroen boelte»er tidenes første samiske animerte langfilm.
    Foto: Bautafilm
  • Israel skjerper reiserådet til Malmö

    Israelske myndigheter har skjerpet reiserådet til Malmö i forbindelse med Eurovision.

    Det skriver Israel National News.

    Reiserådet er oppgradert fra 2 til 3. Det tidligere nivået innebærer at det eksisterer en «mulig trussel», mens det nye nivået innebærer en moderat trussel. Det betyr også at israelere som har planlagt å reise til Malmö, bør revurdere om turen er nødvendig.

    Det forhøyede nivået gjelder i perioden når Eurovision arrangeres i byen.

    (NTB)

  • Ingen palestinske flagg under Eurovision

    Publikum får ikke lov til å ta med palestinske flagg eller skilt med politiske budskap.

    Kun mindre flagg tilhørende deltakende land tillates, samt Pride-flagget.

    – Disse reglene er som året før. Det er ingen forandring, sier den svenske EBU-sjefen Martin Österdahl.

    Det ventes mange demonstrasjoner mot Israels deltakelse i Eurovision Song Contest (ESC) på grunn av landets krigføring i Gaza.

    Sikkerhetsoppbudet rundt arrangementet 7.–11. mai er svært omfattende.

    Vekterne som skal slippe inn publikum, har fått instrukser om å stanse folk med palestinske flagg samt skilter med politiske budskap.

    -
    Foto: AFP