Å vere nordmann i Sverige, har alltid handla om spenning, nyting og store opplevingar. For Sverige har alt det gode som Norge IKKJE har, alt det som kunne gjort livet fantastisk, men som manglar. - Iallfall når du blir født milevis frå nabolandet på åttitalet.
Inger Johanne som barn. (Familiefoto)
Då eg var svært ung, ropte dei som kjente meg over seg. For eg likna så fælt på ei fire år eldre jente som tassa rundt i nabolandet på den tida. Ho var til og med kronprinsessa av Sverige, og heitte Victoria.
Men det gjekk som det måtte gå; likskapen falma og vi fekk heilt forskjellige liv. Og det var ikkje det at ho var av kongeslekt og eg dotter av ein trønder som gjorde det. Victoria var svensk. Og eg var norsk.
For Sverige har alt det gode som Norge ikkje har, alt det som kunne gjort livet fantastisk, men som mangla. Iallfall når du veks opp milevis frå grensa til nabolandet. Men drømmen var der. Drømmen om Sverige…
Men kva skjedde då Sverige kom til Norge og drømmen vart virkeleg?
Klikk på lenka i medieboksen for å høre reporter Inger Johanne Sæterbakk drømme om Sverige.
Tilrettelagt for web av Per Kristian Johansen.
Norgesglasset NRK P1 25.03.05.