Hopp til innhold

Handa som fører dokkeføraren

Når du er heilt aleine i verda og grunnleggjande einsam, kan du anten gå til grunne eller gjere det beste ut av situasjonen. I «Dukkeføreren» skaffar aleinegjengaren Jakop seg både familie og samtalepartnarar, rettnok med ein viss risiko både for seg sjølv og for romanen.

Jostein Gaarder

På den etiske sida viser Gaarder også denne gongen at alle menneske, også dei rare, skal møtast med respekt, og at folk har store ressursar dei kan mobilisere for å få det betre.

25 år etter at ei viss Sofie blei utfordra til å gruble over dei store spørsmåla i livet i «Sofies verden», er forfattaren framleis oppteken av menneskelege grunnvilkår.

Denne gongen handlar det om å vere aleine i verda, ei erfaring svært mange menneske deler. Problemet er at Jakop er såpass aparte at eg slit med å ta han heilt alvorleg. Eller kanskje det er forma som skurrar?

Tek døden til hjelp

Lat meg starte med handlinga:

Jakop er ein foreldrelaus og einsam hallingdøl som flyttar til Oslo der han lever som hippie i slottsparken og student på Blindern før han får jobb i det norske skuleverket.

For å skape seg ein plass i livet, tek han døden til hjelp. Når det står i dødsannonsen at alle er velkomne til minnesamver etter gravferda, inkluderer Jakop seg sjølv i dette «alle» og diktar seg ein plass i livet til den avlidne.

I tillegg til dette imaginære fellesskapet, dyrkar han også dialogen gjennom å snakke med ei dokke. Og han definerer livet sitt inn i ein av dei verkeleg store familiane; nemleg den indo-europeiske språkfamilien der både døde og levande språk eksisterer i forgreiningane.

Denne sistnemnte familien dyrkar han med stor glød: Alle som kjem nær Jakop får vite meir enn den kanskje har lengta etter om korleis ord og ordstammar let seg spore i ulike språk.

Eg finn ingen grunn til å tvile på alle forklaringane hans, og har nok større glede av dette enn folka i romanen har; eg kan trass alt leggje frå meg Jakop utan å måtte runde av samtalen på ein høfleg måte.

Dukkeføreren av Jostein Gaarder

SLIT MED FORMEN. Hadde det berre vore litt mindre av det gode, ville denne romanen ha gjort sterkare inntrykk enn det han gjer.

Forklaringsproblem

Eg slit på den andre sida med å få gubben til å henge saman. Når så mange spesifikke enkeltprosjekt er samla i ein person, verkar det overlessa og personen vert meir av ein konstruksjon som skal illustrere eit poeng enn ei levande sjel.

Handa som styrer dokkeføraren vert for tydeleg i teksten. Og det er trist, for i kortare passasjar er Jakop nettopp det levande mennesket som totaliteten gjer utydeleg.

Romanen er forma som eit brev. Dette er eit grep Gaarder har nytta fleire gonger tidlegare: I før nemnte «Sofies verden», til dømes. Mest reindyrka er brevet teke i bruk i romanen «Vita brevis» der ei tenkt tidlegare elskarinne av kyrkjefaderen Augustin, Floria, skriv eit brev til han.

Brevet gir teksten ein spesifikk mottakar å spele opp mot. Einetalen får preg av samtale. «Vita brevis» er ein ideroman, som går i kritisk dialog med det kristne livssynet som Augustin vart omvendt til. Brevforma kan vere både intim og direkte, og eignar seg godt til åtaks- så vel som til forsvarsskrift.

Men i «Dukkeføreren» er det heile livsløpet som skal forteljast. Store deler av historia involverer familien til mottakaren, nemleg Agnes. Dermed må Jakop forklare ting til Agnes som ho veit minst like godt som han, men forklarast må det, for vi lesarar veit ikkje dette. Det blir klønete. Forma skurrar, rett og slett.

Når så mange spesifikke enkeltprosjekt er samla i ein person, verkar det overlessa og personen vert meir av ein konstruksjon som skal illustrere eit poeng enn ei levande sjel.

Litteraturkritikar Marta Norheim / Om «Dukkeføreren»

Litt mindre av det gode

Det mest vellykka i romanen er skildringane av minnesamver etter gravferder, der Jakop snakkar seg inn i flokken av sørgjande gjennom oppdikta historier. Dei underliggande spenningane som kan liggje mellom folk på minnesamveret som helst ikkje vil sjå kvarandre, er også fint skildra.

På den etiske sida viser Gaarder også denne gongen at alle menneske, også dei rare, skal møtast med respekt, og at folk har store ressursar dei kan mobilisere for å få det betre.

Hadde det berre vore litt mindre av det gode, ville denne romanen ha gjort sterkare inntrykk enn det han gjer.

Kulturstrøm

  • 3 mill. til første samiske animasjonsfilm

    Norsk filminstitutt (NFI) melder fredag at animasjonsfilmen «Kunnskapens skog / Daajroen boelte» har fått 3 millioner i produksjonstilskudd.

    Ifølge NFI handler filmen om søsknene Anta og Bräjta som følger nordlyset til den parallelle verdenen Saajve

    Totalbudsjettet på den svensk-norske samproduksjonen er på nær 23 millioner kroner.

    Oskar Östergren Njajta står for regi og manus og produksjonsselskapet Krystallplaneten i Tromsø er med fra norsk side.

    Ifølge NTB blir dette historiens første animerte samiske langfilm. Den har planlagt premiere i 2026.

    «Kunnskapens skog» / «Daajroen boelte»er tidenes første samiske animerte langfilm.
    Foto: Bautafilm
  • Israel skjerper reiserådet til Malmö

    Israelske myndigheter har skjerpet reiserådet til Malmö i forbindelse med Eurovision.

    Det skriver Israel National News.

    Reiserådet er oppgradert fra 2 til 3. Det tidligere nivået innebærer at det eksisterer en «mulig trussel», mens det nye nivået innebærer en moderat trussel. Det betyr også at israelere som har planlagt å reise til Malmö, bør revurdere om turen er nødvendig.

    Det forhøyede nivået gjelder i perioden når Eurovision arrangeres i byen.

    (NTB)

  • Ingen palestinske flagg under Eurovision

    Publikum får ikke lov til å ta med palestinske flagg eller skilt med politiske budskap.

    Kun mindre flagg tilhørende deltakende land tillates, samt Pride-flagget.

    – Disse reglene er som året før. Det er ingen forandring, sier den svenske EBU-sjefen Martin Österdahl.

    Det ventes mange demonstrasjoner mot Israels deltakelse i Eurovision Song Contest (ESC) på grunn av landets krigføring i Gaza.

    Sikkerhetsoppbudet rundt arrangementet 7.–11. mai er svært omfattende.

    Vekterne som skal slippe inn publikum, har fått instrukser om å stanse folk med palestinske flagg samt skilter med politiske budskap.

    -
    Foto: AFP