Hopp til innhold

Artistar mot piratkampanje

Fleire norske band går no ut mot antipiratkampanjen "Piracy Kills Music", som dei sjølve er ein del av.

Bilde fra kampanjefilmen "Piracy Kills Music".
Foto: Faksimile fra filmen.

Rundt 350 norske artistar har stilt seg bak kampanjen "Piracy kills music", som skal hindre ulovleg nedlasting av musikk frå nettet. Men no reagerer fleire artistar som meiner den er for bastant. Nokre tek til og med avstand frå kampanjen.

Skremselstaktikk

Med skremmande musikk og skrekkfilmliknande animasjon frå ein kyrkjegard skal platebransjen hindre at folk lastar ned musikk ulovleg frå internett. Bak kampanjen "Piracy Kills Music", til 8 millionar kroner, står Norges største og tyngste musikkorganisasjonar Gramart, MFO, Norsk Artistforbund, TONO, FONO og IFPI.

Sjå videoen på nettsidene til Piracy kills music

Reklamefilmen skisserar fleire skrekk-scenario for musikkbransjen dersom nedlastinga ikkje blir stoppa: Færre artistar kan leve av musikk, plateselskapene ikke kan la artistene være i studio like lenge som før, og dette kan også gå ut over musikkvideoene. Men det verste skal være at det blir stadig færre norske artister og låtskrivarar, fordi plateselskapene ikke har råd til å gi nye aktører sjansen. 

The School

- Kan ikkje stå for det

Denne bastante argumentasjonen er det no fleire artistar som tek avstand frå. Blant dei er Stig Førde Aarskog i bandet The School.

- Eg kan ikkje stå bak denne fana, fordi eg ikkje kjenner meg igjen.

The School gjekk med på å delta før dei eigentleg visste korleis kampanjen skulle framstå. Den påkosta filmen og resten av kampanjen, med plakatar og reklameeffekter, vart lansert under by:Larm i Trondheim tidlegare i februar.

- Peikefingerkampanje

Førde Aarskog seier at bandmedlemmene har ulike meiningar om saka, og at dei difor ikkje ønskte å gå ut på verken den eine eller andre sida.

Piracy kills music
Foto: NTB/handout

Han er skeptisk til at platebransjen framstiller publikum som kriminelle.

- Dei påstår at det ikkje er ein peikefingerkampanje, men både dei visuelle verkemidla og orda som er brukt tyder på det motsette. Eg vil ikkje kriminalisere eller gjere meg til uvenn med dei som sprer musikken vår og kanskje gjer at det kjem fleire folk på konsertane våre.

120 Days angrar

Også Spellemannsvinnarane i 120 Days har i etterkant lite positivt å si om aksjonen dei har delteke i, i likheit med fleire andre band NRK Kulturnytt har vore i kontakt med. Felles for dei alle er at dei meiner kampanjen er for bastant og svartmaler situasjonen.

Til Adresseavisa seier ein indignert 120 Days-vokalist Ådne Meisfjord at det er ein einaste grunn til at dei er med på kampanjen.

- Vi var så sløve at vi ikkje rakk å si nei i tide.

Lyd: Høyr The School om Piracy Kills Music

Kulturstrøm

  • 3 mill. til første samiske animasjonsfilm

    Norsk filminstitutt (NFI) melder fredag at animasjonsfilmen «Kunnskapens skog / Daajroen boelte» har fått 3 millioner i produksjonstilskudd.

    Ifølge NFI handler filmen om søsknene Anta og Bräjta som følger nordlyset til den parallelle verdenen Saajve

    Totalbudsjettet på den svensk-norske samproduksjonen er på nær 23 millioner kroner.

    Oskar Östergren Njajta står for regi og manus og produksjonsselskapet Krystallplaneten i Tromsø er med fra norsk side.

    Ifølge NTB blir dette historiens første animerte samiske langfilm. Den har planlagt premiere i 2026.

    «Kunnskapens skog» / «Daajroen boelte»er tidenes første samiske animerte langfilm.
    Foto: Bautafilm
  • Israel skjerper reiserådet til Malmö

    Israelske myndigheter har skjerpet reiserådet til Malmö i forbindelse med Eurovision.

    Det skriver Israel National News.

    Reiserådet er oppgradert fra 2 til 3. Det tidligere nivået innebærer at det eksisterer en «mulig trussel», mens det nye nivået innebærer en moderat trussel. Det betyr også at israelere som har planlagt å reise til Malmö, bør revurdere om turen er nødvendig.

    Det forhøyede nivået gjelder i perioden når Eurovision arrangeres i byen.

    (NTB)

  • Ingen palestinske flagg under Eurovision

    Publikum får ikke lov til å ta med palestinske flagg eller skilt med politiske budskap.

    Kun mindre flagg tilhørende deltakende land tillates, samt Pride-flagget.

    – Disse reglene er som året før. Det er ingen forandring, sier den svenske EBU-sjefen Martin Österdahl.

    Det ventes mange demonstrasjoner mot Israels deltakelse i Eurovision Song Contest (ESC) på grunn av landets krigføring i Gaza.

    Sikkerhetsoppbudet rundt arrangementet 7.–11. mai er svært omfattende.

    Vekterne som skal slippe inn publikum, har fått instrukser om å stanse folk med palestinske flagg samt skilter med politiske budskap.

    -
    Foto: AFP