Ordfører i Åsnes - Kari Heggelund

ORDEN PÅ ØKONOMIEN: Kari Heggelund vil gjerne halde fram i politikken, men nå stiller ho ikkje lengre for Sp. Ho går for Samlingslista i Åsnes. Men ikkje som ordførarkandidat.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Kampen om klubba

Kari Heggelund er framleis ordførar i kommunen Åsnes i Innlandet. Men ikkje for Senterpartiet, partiet ho vart vald inn for.

– Eg såg at Sp hadde eit anna retningsval enn det eg kunne støtte vidare, så da meldte eg meg ut, seier Kari Heggelund. Fram mot valet til hausten er ho uavhengig ordførar.

Ein knallhard debatt har sprengt Sp i Åsnes i filler. Det som var vinnarlaget etter valet i 2019, er oppløyst.

Partiet gjekk til val på å få endra skolestrukturen i kommunen. Men da forslaget vart å gå frå fire til to skolar, snudde det.

Ikkje i kommunestyret, der gjekk eit stort fleirtal inn for å legge ned to skolar og heller bygge ein heilt ny stor skole i kommunesenteret Flisa. Også dei fleste Sp-representantane stemte for det. Men i partilaget, i lokale medium og i sosiale medium har det vore mykje motstand og kritikk.

– Det har til tider vore tøft å stå i, spesielt fordi det er vanskeleg å forsvare seg mot ein del av angrepa. Men eg stilte som ordførar for Sp fordi partiet tar distrikta på alvor, seier Heggelund.

Ho legg til at ho framleis støttar fleire deler av partiet sin politikk.

– Men for å få orden på kommuneøkonomien og råd til å gje innbuarane gode tenester, må vi av og til gå på tvers av ideologien og partiprogrammet.

Åsnes, Sønsterud skole

SKAL LEGGAST NED: Sønsterud skole har 135 elevar i dag. Den skal leggast ned og elevane skal gå på ein ny stor, barneskole i kommunesenteret Flisa.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Suksess i 2019

2019-valet blei ein braksuksess for Senterpartiet. I dag sit partiet med ordføraren i 128 av kommunane i landet.

Senterpartiet har også fylkesordføraren i tre av fylka. Men nå kan det sjå mørkt ut for fleire av dei.

I Åsnes gjekk partiet frå 17 til 40 prosent og auka frå 4 til 9 representantar i kommunestyret ved førre val.

Og Kari Heggelund, som stod på toppen av lista, sanka mange stemmer.

Men til hausten vil partigruppa i kommunestyret sjå heilt annleis ut. To partifellar i kommunestyret har gjort som Heggelund og meldt seg ut av Sp.

Til hausten stiller dei alle tre på ei ny liste, Samlingslista i Åsnes. Saman med folk som har gått ut av Ap.

– Først tenkte eg å gå heilt ut av politikken. Men eg vil ikkje gå frå ansvaret mitt. Å stå på ei slik ny liste virka interessant.

Men her stiller ho ikkje som ordførarkandidat, det gjer derimot ein anna tidlegare ordførar frå Ap, Frank Bjørneseth.

Fleire melde seg ut

Kari Heggelund er ikkje den einaste ordføraren som har forlate Senterpartiet.

Sp-ordførarane i Os kommune i Innlandet og Melhus kommune i Trøndelag har også meld seg ut av partiet.

Runa Finborud i Os på grunn av ein lokal skulestrid, Jorid Jagtøyen i Melhus fordi ho tapte den lokale nominasjonskampen i Melhus Senterparti.

Jagtøyen har seinare blitt vald til ordførarkandidat for Melhuslista.

Ho blir dermed ein konkurrent til Senterpartiet i kampen om å få ordføraren i Melhus kommune etter valet i haust.

Les også Sp-ordfører i Østerdalen melder seg ut

Runa Finborud, ordfører i Os kommune i Østerdalen.

Mange kan gå tapt

På dei nasjonale målingane har Senterpartiet stupt etter at partiet hamna i regjering.

Spørsmålet no er kva som blir veljarane sin dom etter fire år med makt og ansvar i lokalpolitikken.

Skyhøge straumprisar, dyrare mat, upopulære skatteforslag og drivstoff til over 20 kroner literen har vore med på å skape misnøgde veljarar.

Ein gjennomgang NRK har gjort, viser at Senterpartiet har gode sjansar til å behalde ordføraren i kring 65 av kommunane dei har i dag.

I resten av kommunane er det heilt ope kva som vil skje eller det er ein stor risiko for at ordføraren går tapt.

I dei raude kommunane er det risiko for at Senterpartiet kjem til å miste ordførarsetet i valet. I dei grøne kommunane er det gode sjansar for at dei vinn. Dei gule har vore Sp-kommunar, men ordførarane har meldt seg ut av partiet. Du kan sjå den fulle oversikta og finne din kommune lenger nede i saka.

Les også 7 av 10 Sp-ordførarar tar attval tross dårlege målingar

Trygve Slagsvold Vedum, finansminister, på besøk i Kirkenes

Kniven på strupen

I valet i september skal mange av Senterpartiet sine ordførarar opp til eksamen.

Ein av dei er Jan Ove Tryggestad i Stranda kommune i Møre og Romsdal. Han er fullt klar over at han har kniven på strupen.

– Klarer vi ikkje å snu dette må mange ordførarar finne seg noko anna å halde på med. Det gjeld også meg. Men eg vil kjempe og det håpar eg at andre også vil gjere.

Sp-ordfører i Stranda, Jan Ove Tryggestad og Sp-veteran Arne Sandnes er spende på lokalvalet i 2023.

Sp-ordføraren i Stranda, Jan Ove Tryggestad (til venstre) og Sp-veteranen Arne Sandnes er spende på kva som vil skje i kommunevalet i september.

Foto: Trond Vestre / NRK

Valforskar Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforsking trur valet i september blir svært viktig for Senterpartiet som har mange ordførarar som partiet ønskjer å behalde.

Men det er ikkje noko sjølvsagt at dårleg oppslutning nasjonalt gir dårlege val i dei einskilde kommunane.

Senterpartiet har ordføraren i mange små kommunar i landet der lokalpolitikken lev sitt eige liv. Og der kan lokale forhold ha stor påverknad på kva veljarane ønskjer seg.

– Senterpartiet kan jo bremse tilbakegangen ved å gjere ein god valkamp lokalt og fokusere på lokale saker, seier Bergh.

Han trur det kan ta merksemda bort frå dei nasjonale spørsmåla der regjeringa får mykje kritikk.

Johannes Bergh, valgforsker

Valforskar Johannes Bergh trur den lokale valkampen kan bremse tilbakegangen for Senterpartiet.

Foto: Siri Vålberg Saugstad / NRK

– Sit langt inne

Lokalvalet til hausten kan bli avgjerande for vegen vidare for Senterpartiet.

Eitt av spenningsmomenta er om eit dårleg val og tap av mange ordførarar vil føre til krav om at Senterpartiet må gå ut av regjeringa.

Men valforskar Johannes Bergh trur det blir vanskeleg for Senterpartiet å gå ut av regjeringa.

– Dersom dei mistar mange ordførarar og gjer eit svært dårleg val så kan det jo hende at det blir diskusjonar om regjeringssamarbeidet. Men det sit nok langt inne.

Han peikar på at for Senterpartiet har dette vore eit prestisjeprosjekt, og at det skal nok ein del til før dei revurderer regjeringssamarbeidet.

Overvåkingsfly letter fra Andøya flystasjon

SISTE FLY: I juni lettar det siste overvakingsflyet frå Andøya flystasjon. Sp lova å få flya tilbake hit. Men det har ikkje skjedd, flystasjonen ligg på Evenes i Harstad.

Foto: Philip Linder, Forsvaret

Fekk ikkje flystasjon

Frå Åsnes i Innlandet til Andøy i Nordland er det nær 1500 kilometer. Ein lang veg kulturelt, men problemstillinga er den same:

Klarer Senterpartiet å behalde makta?

For her lova Senterpartiet både i førre Stortingsval og i kommunevalet i 2019, å sikre at det skulle vere att overvakingsfly på den militære flystasjonen, dersom dei kom i regjering.

Senterpartiet flaug høgt og fekk reint fleirtal og gjekk frå 2 til 14 representantar i kommunestyret i 2019.

Men i dag ligg flystasjonen på Evenes, ikkje på Andøya. Og i juni blir Andøya flystasjon lagt heilt ned.

– Det er klart at resultatet til hausten blir påverka av i kva grad løfta er innfridd eller ikkje, seier ordførar Knut Nordmo. Frå 2016 da vedtaket kom, og fram til i dag, har folketalet i Andøy gått ned med 500 personar – det er nesten 10 prosent av dei 5000 som bor der.

Ordføraren har brukt mykje av tida si for å jobbe for at det som vart lova skulle bli innfridd. Det har vore krevjande. Likevel stiller han på topp for ei ny periode.

– Kommuneøkonomien har vorte mykje dårlegare når folketalet har gått ned. Å skaffe ny verksemd er det viktigaste i åra som kjem, seier Knut Nordmo.

199605: Lofoten. Forsvarets Bell helikopter fra Bardufoss på tokt i Lofoten. 37212/05 NTB arkivfoto: Aleksander Nordahl / SCANPIX

FLYGANDE KRANGEL: Eit Bell-helikopter frå Bardufoss over Lofoten i 1996.

Foto: Aleksander Nordahl / NTB

Valskred i Bardufoss

Godt fem timar køyring lenger aust og inn i landet ligg ein annan forsvarskommune der Senterpartiet ei makt står på spel.

Sp lova at helikoptera som var flytta frå Bardufoss til Rygge, skulle tilbake til Bardufoss.

Partiet fekk 46,6 prosent under kommunevalet. Men heller ikkje dette har regjeringa gjennomført.

Ordførar Bengt Magne Luneng seier til NRK at helikoptersaka heilt klart kjem til å påverke valresultatet i kommunen.

– Forsvaret betyr veldig mykje for mange som bor her. Så mange er nok skuffa over at det ikkje har skjedd noko i helikoptersaka.

Sjølv seier Luneng at han ikkje har gitt opp saka, han trur framleis at Bardufoss skal få fleire av helikoptera som nå er stasjonert på Rygge.

Ingrid Folkvord Mehl og Einar Toverud

TENESTER DER FOLK BOR: Her er ordførarkandidat Einar Toverud og nr. to på den nye Sp-lista i Åsnes, Ingrid Folkvord Mehl. Dei går til val på å ha tenester der folk bur. Og dei trur på auka folketal i Åsnes og dermed auka inntekter. Men dei veit at også motgangen SP opplever nasjonalt, kan råke dei.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Legg ned ein stor skole

Tilbake til Åsnes i Innlandet.

Sønsterud er ein av skolane i Åsnes som skal leggast ned. Ingen liten grendeskole akkurat. Den har i dag 135 elevar.

Einar Toverud og Ingrid Folkvord Mehl frå Sp var dei to som stemte imot nedlegginga i kommunestyret.

Begge har born som soknar til skolen og no er Toverud ordførarkandidat.

Han synest det er godt at Kari Heggelund og dei som støtter henne er ute av partiet.

– Heggelund har eit anna verdisyn enn oss. Og det er ikkje riktig i eit samfunnsperspektiv å legge ned ein så stor skole. Kostnadane for bygda blir for store.

Går alt etter planen, startar bygginga av ein ny, stor barneskole i kommunesenteret Flisa til sommaren.

Toverud og Mehl svarar litt unnvikande på om dei vil ta opp att skolespørsmålet om dei kjem i posisjon til hausten.

– Vedtaket er gjort. Men om det blir fleirtal for å ta opp att saka i neste periode, da må vi sjå på det, seier Toverud.

Kari Heggelund er ordfører i Åsnes

Kari Heggelund er ikkje lenger politikar for Senterpartiet.

Foto: Aleksandr Baev / NRK

Trygg på vedtaket

Men enn så lenge styrer Kari Heggelund i Åsnes kommune. Ho er trygg på at skolevedtaket var riktig.

Fordi det blir født stadig færre barn og fordi kommuna har store utfordringar. Den er ei av to i Innlandet som står på Robek-lista. Og meir enn 40 prosent av dei i arbeidsfør alder tek imot ytingar frå NAV.

Den nye Samlingslista i Åsnes går i første omgang til val på å sikre ein god kommmuneøkonomi. Slik at dei får råd til å gjere det som trengst for å gje folk gode tilbod.

– Vi må mellom anna ha pengar til å satse på helse og sosialt arbeid i skolen. Det trengst verkeleg for å hindre at fleire hamnar utafor skole og arbeidsliv. Seier Kari Heggelund.