Hopp til innhold

7 av 10 Sp-ordførarar tar attval tross dårlege målingar

Flesteparten av Sp-ordførarar vil halde fram neste år. Dårlege målingar for Senterpartiet i haust bit ikkje på dei.

Trygve Slagsvold Vedum, finansminister, på besøk i Kirkenes

OPTIMIST FØR KOMMUNEVALET: Trygve Slagsvold Vedum meiner partiet har eit godt utgangspunkt med at så mange ordførarar ønskjer å fortsette etter kommunevalet neste år.

Foto: Karen Gjetrang / NRK

Trass i at Sp nå i desember har ei oppslutning rundt 5,7 prosent, er Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum optimist framfor kommunevalet til hausten.

– Vi har eit betre utgangspunkt nå enn i 2018, seier Vedum.

Frå heile landet kjem det meldingar om at det er lettar å få folk til å stille på listene nå enn ved førre kommune- og fylkestingval.

– Vi har fleire ordførarar som vil halde fram, seier han.

Statsvitar og valforskar Jonas Stein synest Vedum er vel optimistisk.

Mange vil halde fram

Dei fleste kommunepartia i Sp har nominasjonsmøte først i januar. Men ei oversikt NRK har fått syner at 7 av 10 ordførarar har sagt ja til å stå øvst på lista til kommunevalet til hausten.

Av 136 sittjande Sp-ordførarar i dag, ønskjer 96 å halde fram:

  • I Oppland har 13 av 14 sagt ja til attval
  • I Hedmark stiller 5 av 9
  • I Hordaland stiller 7 av 7
  • I Telemark stiller 6 av 8
  • I Nordland stiller 16 av 23
  • I Rogaland stiller 6 av 8
  • Og i Møre og Romsdal stiller 7 av 10

Sp gjorde eit særs godt val i 2019. Partiet fekk ordføraren i fleire regionar enn før, mellom anna i Nordland, der det vart Sp-ordførar i 23 kommunar.

– Det er grønt over heile landet jo, seier Trygve Slagsvold Vedum.

Sjå kvifor ulike Sp-ordførarar stiller igjen her:

Pål Sverre Fikse. Sp-ordfører i Verdal kommune

Pål Sverre Fikse, ordførar i Verdal: - I den tida vi er inne i nå trengs eit sterkt SP med fokus på sikkerheit og beredskap, matforsyning og busetting i heile landet

Siri Blichfeldt Dyrland. Sp-ordførar i Midt-Telemark kommune

Siri Blichfeldt Dyrland, ordførar i Midt-Telemark: - Fordi vi er ei stor landbrukskommune er landbrukspolitikken og eit godt jorbruksoppgjer viktig.

Mariann Skotte, Sp-ordfører i Lesja

Mariann Skotte, ordfører i Lesja. - Også vi har hatt utmeldingar av partiet. Og det er ting som skjer sentralt eg ikkje alltid er samd med partiet i. Min lojalitet er til innbuarane i Lesja, men det er stor takhøgde i Senterpartiet.

Ordfører i Alvdal Mona Murud (Sp) i Alvdal sentrum

Mona Murud, Alvdal: -Eg er glødande opptatt av lokalsamfunnet. Denne perioden har vore mykje prega av ekstraordinære saker som pandemi og flyktningestraum, det er mange ting vi ikkje har fått gjort.

Andre Kristoffersen. Sp-ordførar i Beiarn kommune

Andre Kristoffersen, ordfører i Beiarn. - Vi er berre 1014 innbyggjarar. Men vi merker at kommuneøkonomien er betre nå. Eg vil halde fram som ordførar, sjølv om det går dårleg på målingane for Sp.

Kari Anne Sand. Sp-ordførar i Kongsberg

Kari Anne Sand, ordførar i Kongsberg: -For meg er det viktig å jobbe for gode innbyggartenester der folk bor. Gode kommuner, god fordeling på velferd, beredskap og tryggleik.

Hans Kristian Solberg, Sp-ordfører i Enebakk kommune

Hans Kristian Solberg, ordførar i Enebakk: - Dårlege meiningsmålingar har lite å si for om eg takker ja eller nei til å stille som ordførarkandidat. Men det er betre når partiet er i regjering.

Ordføraren er viktig

Vedum synest det er for tidleg å si korleis det vil gå i lokalvalet til hausten, men meinar at partiet har eit godt utgangspunkt. Han er optimist.

– Det viktigaste for å få eit godt resultat er å ha gode lokale toppkandidatar, og det har vi.

Dei fleste av ordførarane NRK har snakka med, seier at dårlege, nasjonale målingar ikkje påverkar avgjerda deira om å be om ei ny periode.

Musdalslien stiller igjen

Ordførar Anette Musdalslien (42) i Gausdal, er ei av dei 13 frå Oppland som har varsla nominasjonskomiteen om at ho gjerne vil stå øvst på Sp-lista ein gong til. Så langt har ingen motkandidat meldt seg.

Landbrukskommunen Gausdal har ca. 6000 innbyggjarar. Ved kommunevalet i 2019 fekk Sp 44 prosent av stemmene. Ein framgang på 14 prosentpoeng frå lokalvalet i 2015.

Dei dårlege målingane for Sp nå spelar inga rolle for avgjerda om å halde fram.

– Det viktigaste for meg var rådet eg fekk frå familien. Dei to tenåringane våre syntes eg skulle halde fram, det fekk meg til å «stille meg til disposisjon» for partiet ein gong til.

Anette Musdalslien

KORT VEG: Anette Musdalsien er SP-ordførar i Gausdal. Ho går gjerne på ei periode til som ordførar. Ho liker at ho høyrer til eit regjeringsparti. Da er det kort veg til regjeringskontora.

Foto: Ruth Barsten / Ruth Barsten

Ordførarpartiet

Sp har ofte vore kalla «ordførar-partiet». Og ikkje utan grunn. Partiet har alltid hatt ordføraren i fleire kommunar enn kva valresultatet kunne tyde på.

Men Førsteamanuensis Jonas Stein ved Universitetet i Tromsø trur ikkje Sp vil nå opp til resultatet frå 2019. Da fekk partiet ordføraren i 35 prosent av norske kommunar.

– Til det er meiningsmålingane nå for dårlege, seier Stein.

Han viser til at dårlege målingar ofte viser seg i eit dårlegare valresultat. Slik var det i 2015 da Sp fekk 8 prosent av stemmene og 23 prosent av ordførarane. Og i 2011 var oppslutninga på 6,7 prosent. Då fekk partiet berre 20 prosent av ordførarane.

Framfor begge vala var partimålingane dårlege for partiet.

Jonas Stein, statsviter.

TVILER: Jonas Stein tviler på at Sp gjer eit godt lokalval i 2023. – Dei nasjonale trendane kan råke partiet lokalt også.

Foto: Rune N. Andreassen

Jonas Stein trur at dei nasjonale trendane, der folk forlet Ap og Sp nettopp på grunn av prisvekst, høg rente og høge straumprisar, vil vise seg tydeleg til valet neste år.

– Det er ei stor kvern som går. Den når først byane. Men vil truleg også påverke veljarane i utkantkommunane, seier Jonas Stein.
Det kan bli tøft for Sp fordi regjeringspartnaren Ap også slit.

Les også Ingen førjulsfred for Arbeidarpartiet: Nytt krisetal

Sentralstyremøte i Arbeiderpartiet

Dårleg også for Ap

Trygve Slagsvold Vedum legg ikkje skjul på at det har vore eit ekstremt krevjande år, kanskje det mest krevjande sidan 2. verdskrigen her i landet.

– Det aller viktigaste nå er at vi gjer det vi kan for å få ned prisveksten, seier Vedum.

Men mange meiner at han og Ap, som han sit i regjering med, ikkje gjer nok. Det viser partimålingane. Men Vedum har tru på førsterekka si.

Trygve Slagsvold Vedum (sp)

TØFFE TIDER: Vi legg bak oss kanskje det mest krevjande året sidan 2. verdskrigen, seier Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Les også I 2019 var de helt imot skatten – nå skal de selv innføre den

Geir Pollestad og Trygve Slagsvold Vedum

Flere saker fra Innlandet