Hopp til innhold

Kjeldesortering av plast: – For tungvint

Systemet mange kommunar har for å sortere plastavfall er lite eigna for små studentbustader. – Altfor stor, seier student Mia Svennebye-Pedersen.

Mia Svennebye-Pedersen (21) får ikkje kjeldesortert plast der ho bur, dersom ho ikkje har denne plastposen i kollektivet eller på hybelen fram til tømmedag.

For at Mia Svennebye-Pedersen (21) skal kjeldesortere plast må ho fylle denne plastposen i kollektivet eller på hybelen fram til tømmedag. Utanfor er det ikkje konteinar for plastavfall.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Me prøver å sortere, men me har ikkje nokon stad å kaste det, så det må gå i restavfallet, seier student Mia Svennebye-Pedersen (21).

Det er nemleg ikkje konteinarar for plast der Mia bur. Der dei fleste studentbustadene på Lillehammer har konteinarar for glas og metall, for papp og papir og for restavfall, må plasten sorterast i plastsekkar.

Plastsekkar får ein på gjenvinningsstasjonen, eller hjå Lillehammer kommune i opningstidene til servicesenteret. Andre kan henge ein pose på pappdunken for å få nye.

– Det blir for tungvint, spesielt når eg studerer fulltid, seier Mia.

Ifølge studentorganisasjonen er dei i dialog med renovatøren om konteinarar for plastemballasje. Inntil vidare blir plastsekken henta ein gong i månaden.

– Me har ikkje nokon stad å ha den. Den er jo altfor stor, seier Mia.

På kommunen sitt servicesenter på Lillehammer ligg informasjonen om at sortering av plastemballasje er obligatorisk.

På Lillehammer kommune sitt servicesenter får ein gratis plastsekkar. Der ligg også informasjon om at sortering av plastemballasje er obligatorisk.

På butikkane i Lillehammer kan ein hente ut matavfallsposar gratis.

På butikkane i Lillehammer er matavfallsposar gratis.

Opningstider for servicetorget til Lillehammer kommune.

Plastsekkar får ein på Lillehammer kommune sitt servicesenter når det er ope, på gjenvinningsstasjonar, eller ved å henge opp ein lapp eller ein pose på papirdunken ved henting.

Obligatorisk plastsekk

Det er lovbestemt at frå 1. januar 2023 skal matavfall og plastavfall frå alle hushaldningar i Noreg bli kjeldesortert. Dette gjeld også offentlege og private verksemder.

Regjeringa reknar med at dei nye krava til kjeldesortering gjer at gjenvinning av plastavfall vil auke frå 23 prosent i 2016 til 52 prosent i 2035.

Då det er kommunen som skal sørge for innsamling av avfall, er det i mange tilfelle kommunane som eig renovasjonsselskapa som hentar avfallet.

Dermed kan det vere ulike ordningar frå kommune til kommune.

I til dømes i Oslo og i Tromsø er det forskjellige fargar på posane som ein kastar i same dunk, og som dermed maskinene hjå renovatøren sorterer.

Men, ved dei fleste studentstadene i Noreg skal plast som oftast sorterast i plastsekkar.

I Innlandet er det mange ulike ordningar for kjeldesortering, men plastsekken er normalen.

Ser utfordringa

Returselskap har ifølge forskrift om gjenvinning og behandling plikt til å informere forbrukarar om handtering av emballasjeavfall.

Lillehammer-studentane NRK snakka med hadde ikkje fått informasjon om kvar dei får tak i plastsekkar:

Askild Daren (27)
Frida Skauvik Aune

Askild Daren (27)

Askild visste ikkje kvar han kunne få tak i matavfallposar eller plastsekkar. Dei andre i kollektivet hadde alt skaffa dette. Han synest sekken er stor, og trur det er betre med ein liten plastpose ein kan ta ut i ein dunk.

Ronja Vatn Pedersen (18)
Frida Skauvik Aune

Ronja Vatn Pedersen (18)

Ronja visste ikkje kva dei store plastsekkane var til. Ho seier at der ho bur har dei eigen dunk til plast, men at ho ikkje har fått beskjed om kvar dette skal til slutt.

Milos Stojanovi (18) har ikkje plastsorteringssekkar i kollektivet og var usikker på kvar han kunne få tak i dei. Han synest plastsekken er altfor stor til å ha inne i eit kollektiv.
Frida Skauvik Aune

Milos Stojanoviç (18)

Milos har ikkje plastsorteringssekkar i kollektivet og var usikker på kvar han kunne få tak i dei. Han synest plastsekken er altfor stor til å ha inne i eit kollektiv.

Helena Tokvam (21)
Frida Skauvik Aune

Helene Tokvam (21)

Helene seier dei prøver å sortere plast der ho bur. Utleigaren har gitt dei plastsekkane og dei har eit kott i leilegheita der plastsekken er. Ho trur det krev innsats frå studentar å skaffe plastsekkar sjølv.

Jens Johnsen (26)
Frida Skauvik Aune

Jens Johnsen (26)

Jens sorterer plastavfall og den heng bak ei dør der han bur. Det er huseigaren som har skaffa plastsekkane. Han synest plastsekken er «litt valdsam» i storleiken. Han kunne tenkt seg ein eigen dunk for plast.

Marknadssjef Elisabeth Haukaas Bjerke ved renovasjonsselskapet Glør IKS seier dei planlegg å ha ut informasjon innan kort tid.

Elisabeth Haukaas Bjerke er renovasjonssjef på GLØR IKS

Marknadssjef Bjerke seier at dei på Glør ser dei at over 20 prosent av det som blir kasta i restavfallet og sendt til Glør er plast.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Bjerke ser at det kan vere praktiske utfordringar når studentar skal lagre plastsekken, og seier Glør også ønsker ei betre kundetilpassa løysing.

– Me treng ei løysing at du kanskje kan sortere i kjøkkenbenken og ta ein liten pose ut direkte ut i avfallsløysinga.

Er det på veg?

– Det kjem litt an på. Me ventar på nokre avklaringar på kva som skal skje med avfallet etter oss.

Kjeldesorterer du plast?

Ikkje alle sorterer

I Oslo har det tidlegare vore snakk om at ein kan ein få bot på inntil 12.230 kroner for å kaste avfall i feil pose, men det blei gått vekk frå dette. Der hamna nemleg berre halvparten av matavfallet i grøne posar for matavfall.

Berre 30 prosent av plastavfallet blei kasta i lilla posar for plastavfall.

Ifølge ein forskingsrapport frå Oslo Met frå 2021 fann dei at der restavfall blei henta ofte, sorterte ein ut mindre plast. Teorien var at då vart meir plast kasta i restavfallet.

I område der mange bur trongt var det mindre plastsortering.

Det å bu i leilegheit, i bufellesskap eller med foreldra reduserte også sannsynet for at ein sa ein sorterte plast.

Mia skulle ønske ho kunne sortert plast i ein liten pose i staden plastsekken.

– Då må du gå ut med den oftare, men det er lettare å fylle opp også.

– Må ta grep

Ordførarkandidat Marius Sunde for Miljøpartiet dei grøne på Lillehammer meiner plastsekken er for stor for studentar og einslege som har avgrensa plass.

Marius Sunde i Mdg

Både Ap og MDG sit no i kommunestyret på Lillehammer, og er dermed med på å vedta forskrift om renovasjonsordninga. Marius Sunde seier vedtaka ikkje er på detaljnivåa, og at det er Glør IKS som tar ansvaret til slutt.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Den er berre i vegen, og det gjer det vanskelegare å vere miljøvenleg, seier Sunde.

– MDG vil at det skal vere lettare å ta miljøvenlege val, og då må me legge til rette så det blir enklare for studentane også. Mindre posar eller ein eigen behaldar som kan brukast, seier han.

Gruppeleiar Merethe Kjellberg i Lillehammer Arbeidarparti seier Lillehammer har vore ein føregangskommune når det gjeld kjeldesortering.

Gruppeleiar Merethe Kjellberg i Lillehammer Arbeidarparti

Gruppeleiar Merethe Kjellberg i Lillehammer Arbeidarparti stiller også til val i haust. Ho seier at dei veit plastsorteringa ikkje fungerer like godt for alle.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Me skal aller mest fokusere på at det er mogleg, og ein pose kan jo brettast så den ikkje blir så veldig stor. Samtidig må me sjå på betre løysingar for enkeltbebuarar, seier Kjellberg.

Bjerke ved Glør seier at eventuelle nye løysingar for plastinnsamling vil koste.

– Skal me lage oppsamlingsmoglegheiter for alle, så vil det koste circa 10 millionar for Glør. Då må me vere sikre på at det er den løysinga me skal ha framover.

Tips meg!

Takk for at du las! Send meg gjerne innspel eller tips om det er noko du reagerer på med kjeldesorteringa der du bur.

Eventuelt kan du lese om Marte som ville vere sjølvberga på eigendyrka grønsaker i eitt heilt år, eller om Tyra som opplevde at å få parkeringsplass til mikrohuset sitt blei eit mareritt

Eller så kan du tipse, med ein gong, om andre saker du meiner eg burde skrive om.

I fyrste versjon av denne saka blei det slått fast at ein kan få bot i Oslo kommune. Dette har blitt endra, fordi dette blei det gått vekk ifrå.

Flere saker fra Innlandet