Hopp til innhold

Meiner politikarar er redde for å snakke om kompetanse i distrikta

Det hastar med å gjere distrikta attraktive for dei med høg utdanning, meiner Akademikerne. Slik svarer partia på Stortinget.

Kari Sollien, leder for Akademikerne.

TRENG EIT LØFT: Kari Sollien, leiar for Akademikerne, meiner det bør gjerast eit løft for å heve kompetansenivået ute i distrikta.

Foto: Anders Bakkerud Larsen / NRK

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at det er i distriktsfylka det bur færrast med fire eller fleire års utdanning frå universitet og høgskular. Dei med lågast prosent er Innlandet, Møre og Romsdal og Nordland.

Akademikarane, som er hovudorganisasjonen for folk med høgare utdanning, har gjort ei undersøking blant medlemmene sine. Ifølgje den bur 85 prosent av dei med høgare utdanning innan 30 minutt frå ein by eller storby.

Kari Sollien, som er leiar i organisasjonen meiner politikarane gjer for lite for å endre på dette.

– Vi opplever at det nesten har blitt eit tabu å snakke om mangelen på kompetanse i kommune-Noreg. Det er eit problem for innbyggjarane som bur der og for næringslivet rundt.

Lèt det liggje i staden for å løfte problemet

Sollien seier ho har registrert at enkelte parti har snakka om viktigheita av å styrkje distrikta. Men ho meiner problematikken druknar i andre tema i valkampen.

No meiner ho politikarane må setje i gang ei satsing for at distrikta skal bli meir attraktive for dei med høgare utdanning.

– Det handlar om bensinprisar og andre tema enn at vi faktisk treng kompetanse ut i alle delar av landet. Det er avgjerande for å gi gode tenester til folk. Vi veit det manglar lærarar, psykologar, juridisk kompetanse, sjukepleiarar og fastlege, fortel Sollien.

d8D-eAF2ixw

Akademikarane vil at Stortingspartia skal ta opp debatten rundt kompetanseløft i distrikta. Her er partileiarane under partileiardebatten i Arendal i august.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Sollien trur politikarane er engstelege for å snakke om kompetanseheving ute i distrikta i Noreg.

– Det kan hende at dei er vare på å fornærme distrikta, framstille det som at distrikta er taparar på ein eller annan måte, eller dårlege. At dei då heller vel å la det liggje i staden for å løfte det, seier ho.

Akademikarane organiserer arbeidstakarar med mastergrad eller høgare, frå anten universitets- eller høgskulenivå.

Mange vil jobbe i distrikta

Akademikarane meiner mangelen på kompetanse ute i mindre sentrale strøk rammar verdiskapinga, og bidreg til at innbyggjarane ikkje får gode nok tenester.

NRK har spurt alle ni partia på Stortinget med bakgrunn i kritikken frå Akademikerne.

Dette meiner partia om kompetanseløft i distrikts-Noreg:

SV logo

Sosialistisk Venstreparti

  • Meir desentralisert høgare utdanning, fleire med høgare utdanning og sikre nok kvalifiserte folk i heile kommunesektoren.
  • Vil styrke kommuneøkonomien slik at de kan tilsetje nok kvalifiserte folk.
  • Næringspolitikk som får i gang det grøne skiftet slik at det byggjast opp næringsliv.

– Skal vi bemanne både bedrifter og offentleg sektor, må ein ha arbeidstakarar med mykje og ulik kompetanse framover. Mykje meir utdanning kan gå føre seg lokalt også, på arbeidsplassen framover.

Venstre logo

Venstre

  • Vil legge til rette for arbeidsplassar som ikkje er tilknytt ein stad på alle nivå i staten. 
  • Meiner de har satsa store middel på desentralisert utdanning for å styrke kompetansen i distrikta.
  • Vil gjere høgare utdanning tilgjengeleg for menneske som ikkje har mogelegheit til å studere fulltid ved ein campus. 

– Kommunane får stadig vekk meir kompliserte oppgåver å ta ansvar for. Da trenger vi også å ha best mogeleg kompetanse innanfor tenestene. Behovet kjem berre til å bli større.

Høyre logo

Høyre

  • Høgare desentralisert – og fleksibel utdanning.
  • At fleksible tilbod har høy kvalitet og er tilpassa den enkeltes og arbeidslivets behov.
  • Relevante og spennande arbeidsplassar, samt gode velferdstenester innan helse og utdanning, og gode vegar og transportmoglegheiter er det viktigaste for å gjere det attraktivt for de med høgare utdanning å bu i distrikta.

– Det er kjempeviktig å heve kompetansenivået ute i distrikta for at folk skal kunne og ville bu der. Vi trenger arbeidsplassar i hele Noreg. Høyre vil derfor sørge for at vi også har kompetansearbeidsplassar i distrikta. 

KrF logo

Kristelig Folkeparti

  • Viktig for busettinga at det er ein riktig balanse med arbeidsplassar som krev høgare utdanning og arbeidsplassar som ikkje krev det.
  • Vil sikre meir tilgjengeleg høgare utdanning. For å få til dette må det bli tilrettelagt for meir fleksible og desentraliserte utdanningstilbod samtidig som vi held fast på gratisprinsippet. 
  • Studentane bør få gleda og styrken av å ha ein praksiskomponent i sine studiar som gjør at de kan bli førebudd til arbeidslivet. Denne bør ha lokal forankring.

– Høgt kompetansenivå i distrikta er svært viktig, og fleksibilitet i utdanning er ein nøkkel. Men enda viktigare er tilgangen på relevante arbeidsplassar.

Rødt logo

Rødt

  • Vil sikre levedyktig landbruk for å halde oppe aktivitet i distrikta og dermed busettinga.
  • Teknologi og økt kompetanse vil kunne vere med å vitalisere distrikta for dermed å skape ein vinn-vinn-situasjon. 
  • Bygge ut breiband, sikre god logistikk i form av kollektivtransport og gode vegar. Skatte og avgiftsmessige tiltak. Sikre at verdiskapinga som skjer i distrikta blir igjen.

– På ein skala frå 1 til 10 er svaret 10 på kor viktig det er med høy kompetanse i distrikta. Det er viktig skal bygda og distrikta bli levekraftige og vitale.

Frps logo

Fremskrittspartiet

  • Vi er opptatt av kvalitet og utviklingsmoglegheiter for innbyggjarar over hele Noreg.
  • Gode rammevilkår for næringslivet, med lågare skattar og mindre offentleg byråkrati, slik at det skapast fleire jobbar. 
  • Viktig med utdanningsinstitusjonar over hele landet som tilbyr utdanningar innanfor område regionane har bruk for. Vil fortsette lærarløftet, slik at skolar over hele landet har lærarar med riktig kompetanse.

– Frp meiner kompetansenivået bør vere høgt både i sentrale strøk og i distrikta. Innbyggjarane har krav på gode skolar, helsetilbod og tenester over hele landet.

Arbeiderpartiets logo

Arbeiderpartiet

  • Vil gjere det mogleg å ta utdanning i hele Noreg, trappe opp med nye studieplassar og opprette nye utdanningssenter. 
  • Vil møte utfordringane utkantane står i, med det største distriktspolitiske løftet sidan 1970-årene, med fleire arbeidsplassar og meir verdiskaping i distrikta.
  • «Regionavtaler» mellom staten, kommunar og regionar, skal sikre utvikling og vekst i hele landet og langsiktige rammer for næringsliv, transport, busetjing, utdanning og velferd.

– Mangelen på lærarar og sykepleiarar er stor – særleg i distriktskommunane. Som nasjon er vi tent med næringsutvikling og god velferd over hele landet, også i distrikta. 

Sp logo

Senterpartiet

  • Meiner teknologisk utvikling, digitalisering og grøn omstilling vil føre til at mange arbeidsoppgåver endres, forsvinn eller krev ny kunnskap. 
  • Vil bygge ut fleire studietilbod i distrikta, og bedriftsintern opplæring der universitet, høgskolar og fagskolar kan skreddarsy studietilbod i tråd med den enkeltes og arbeidslivets behov for kompetansepåfyll.
  • Et fleksibelt arbeidsliv som gjør det mogleg å kombinere jobb og familieliv sjølv om arbeidsplassen ligg et stykke unna bustaden, er også viktig for at fleire skal kunne velje å busette seg på bygda framfor byen. Gode vegforbindingar og kollektivtransport er også viktig i den forbindelse. 

– Når vi veit at rundt 40 prosent av alle offentlege og private verksemder i Noreg og 60 prosent av NHOs medlemsbedrifter rapporterer om at de har udekt kompetansebehov, så fortel det at kompetanseheving er svært viktig for kvaliteten i tenestetilbodet i kommunane og næringslivets moglegheit til å hevde seg i konkurransen.

MDG logo

Miljøpartiet De Grønne

  • Vil sørge for å kunne tilby folk gode tenester og fleire moglegheiter i nærsamfunnet. Viktige tiltak inkluderer et desentralisert utdanningstilbod og fleire statlege arbeidsplassar utanfor byene.
  • Vil skape nye jobbar i distrikta som spelar på lag med naturen, gjennom å bygge og støtte lokale fagmiljø, inkubatorar og næringsklynger i distrikta med utgangspunkt i lokale behov og moglegheiter. 
  • Vil styrke kommunanes frie inntekter med 3.5 milliardar kroner og har sett av 1100 millionar kroner til regional- og distriktsutvikling. Breiband til hele landet, behalde gode lokalsjukehus og andre helsetenester, og forbetra kollektivtransport.

– Å heve kompetansenivået i distrikta er ein føresetnad for framtidsretta distrikt som kan drive landet framover i det grøne skiftet. Her er dyktige fagarbeidarar minst like viktig som de med høgare utdanning. 

I undersøkinga Akademikerne har gjort blant eigne medlemmer, svarer nærare halvparten at dei kunne tenkje seg ein jobb ute i distrikta. Men dei same svarer òg at dei ikkje vil ta seg ein jobb i mindre sentrale strøk slik situasjonen er per i dag.

Ein av hovudgrunnane er at arbeidsmarknaden for dei med høgare utdanning er best i og rundt byane, svarer medlemmene.

Vil ha debatt om kompetanse

Sollien er likevel usikker på kva verkemiddel som må brukast for at distrikta skal bli meir attraktive.

– Det finst heilt sikkert kommunar som har lykkast og som vi kan lære av. Men å løfte diskusjonen kan ta oss nærare svaret. Ein av dei viktigare tinga er at dei med høg utdanning er opptekne av, er å ikkje jobbe åleine, men å jobbe i eit godt fagmiljø.

At kompetanseheving i distrikta ikkje blir prata om under valkampen, meiner leiaren for Akademikerne ser ut som eit bevisst val i retorikken hos politikarane.

– Det er derfor vi bruker eit så sterkt uttrykk som å kalle det for «tabu». Det verkar som at politikarar bevisst held seg unna det.

Dersom Distrikts-Noreg ikkje klarer å heve kompetansenivået i kommunane, meiner ho det òg vil gå kraftig utover dei som allereie er svakast stilt i samfunnet.

–Det hastar veldig!

Morn, du!

Har du tips til saker vi kan skrive?

Jeg blir glad for alle innspill!

Tidligere har jeg blant annet skrevet om Sander som nesten mistet livet i eksplosjonsbrann og om ansatte som kan få ansvaret for 2 millioner liv.

Flere saker fra Innlandet