Hopp til innhold
Info fra NRK

25,1 prosent nynorsk i NRK i 2022

25,1 prosent av innhaldet i NRK var på nynorsk i 2022.

Nynorskandel NRK siste tre år

I 2022 var 27,2 prosent av NRK-innhaldet på TV på nynorsk, 22,7 prosent i radioen og 20,9 prosent av innhaldet på nett var på nynorsk.

Foto: NRK

Bruken av nynorsk i alle radio- og TV-kanalar utgjorde 25,1 prosent i 2022. Av dei tre hovudplattformane var det berre TV som hadde ein nynorskdel over 25 prosent, bruken av nynorsk var lågare enn 25 prosent på nett og radio.

I 2022 var 27,2 prosent av NRK-innhaldet på TV på nynorsk, 22,7 prosent i radioen og 20,9 prosent av innhaldet på nett var på nynorsk.

Kringkastingssjef Vibeke Fürst Haugen

- NRK støttar Medietilsynet sitt krav om 25 prosent nynorsk på kvar plattform, seier kringkastingssjef Vibeke Fürst Haugen.

Foto: Ole Kaland / NRK

- Ikkje godt nok

- At over 25 prosent av innhaldet til NRK totalt sett er på nynorsk er sjølvsagt bra, men det er ikkje godt nok, seier kringkastingssjef Vibeke Fürst Haugen.

Ho er klar på at kravet frå Medietilsynet om at 25 prosent av innhaldet på kvar plattform skal vere på nynorsk, ikkje berre 25 prosent av den totale produksjonen, er noko NRK støttar.

- Nynorskoppdraget er ein viktig del av kringkastaroppdraget vårt og vi jobbar no iherdig for at 25 prosent av det vi produserer på kvar av dei tre ulike plattformene, TV, nett og mobil, skal vere på nynorsk.

- NRK skal løfte og gjere norsk og samisk språk og kultur rikare og ein naturleg del av det er å styrkje og utvikle det nynorske språket, slår kringkastingssjef Vibeke Fürst Haugen fast.

- Jobbar strategisk godt for å få det til

Noko språksjefen i NRK, Karoline Riise Kristiansen, er samd i. – At over 25 prosent av innhaldet vårt totalt sett er på nynorsk i ei uroleg tid med både pandemi og krig og dermed også høg direkteproduksjon, er bra. Men det er likevel ikkje godt nok, seier Riise Kristiansen.

- Vi er eit stykke unna å nå kravet om 25 prosent nynorsk på kvar plattform, men vi jobbar strategisk godt for å få det til, fortset Riise Kristiansen.

Første gong over 25 prosent i 2019

2019 var året NRK for første gong totalt sett hadde meir enn 25 prosent av innhaldet sitt på nynorsk, då 25,2 prosent av heile produksjonen var på nynorsk. Så kom «koronaåret» 2020 og delen innhald på nynorsk vart mindre med 24,2 prosent før NRK landa på ein nynorskdel på 25,4 prosent i 2021 totalt på nett, TV og radio totalt i 2021.

I fjor gjekk bruken av nynorsk litt ned igjen og totalt var altså 25,1 prosent av produksjonen på nynorsk.

Varierer mellom kanalane

Det er over femti år sidan styresmaktene kom med kravet som seier at 25 prosent av innhaldet skal vere på nynorsk. Men sjølv om NRK tidlegare har sagt at dei når kravet med ein total del på 25 prosent nynorsk, har Medietilsynet gitt tilbakemelding om at kravet om 25 prosent nynorsk gjeld for alle medieplattformer

2022-tala viser at TV-kanalen NRK2 ligg på topp med ein nynorskdel på 31,7 prosent. Like bak følgjer NRK P1, NRK3 og NRKSuper. NRK1, NRKP2, NRKP3 og NRK.no ligg under 25 prosent.

Samla utgjer dette 25,1 prosent, ein liten nedgang frå fjoråret då talet var 25,4 prosent.

Sjølv om nynorskprosenten i NRK er lågare enn både 2021 og 2019, så er språksjefen likevel nøgd med ein ting.

Karoline Riise Kristiansen, språksjef i NRK smiler til kamera.

- Konkrete tiltak gir meir nynorsk i NRK, seier språksjefen Karoline Riise Kristiansen.

Foto: Ole Kaland/NRK / NRK

Konkrete tiltak gir meir nynorsk

- I løpet av dei siste åra har vi sett i gang fleire konkrete tiltak for å auke bruken av nynorsk i NRK. To av desse tiltaka er auka bruk av språkteknologi og rekruttering av fleire nynorskbrukarar. Spesielt viktig har det vore å auke bruken av nynorsk på NRK.no, noko vi no er nøgde med å sjå effekten av, seier språksjefen i NRK, Karoline Riise Kristiansen.