Olav skuar utover
Foto: Siri Flatlandsmo / NRK

Dei siste kvalfangarane

I alle år har folket på Fedje hausta av havet. I 1986 endra alt seg.

FEDJE (NRK): – Folk begynte å selje båtane sine, minnest Oddvar Nilsen Husa.

Sidan Oddvar stod konfirmant for nesten seksti år sidan har han vore kvalfangar. Då heldt elleve kvalfangstbåtar til på øya. No duvar berre éi skute ved brygga.

På brygga står Olav Nilsen Husa, sonen til Oddvar. Den er han som styrer skuta no. Sidan han blei fødd i 1972, er talet på ferjingar redusert med ein tredel.

Kvalfangarsonen ser tilbake til 80-talet. Då var både den vesle øya Fedje og kvalfangstindustrien noko heilt anna.

– Du kunne gå ned på kaia for å sjå på kvalfangstbåtane.

Kjølig vind uler rundt skuta «Olavson», kalla opp etter Olav sin bestefar.

Frå tønna på skuter som denne har han og forfedrane før han speida etter kval og farar på det opne havet. Kanonen står som alltid fastmontert på baugen.

Trass i dårlege tider for kvalfangsten vil ikkje Olav gje opp. Sjølv ikkje etter skotet for baugen i 1986.

Hva gjør man når et lokalsamfunns primærnæringer i ferd med å dø ut?

NEDGANG: Kva skjer med eit samfunn når ei av hovudnæringane nesten forsvinn? Foto/redigering: Tim Christian Wassmo/NRK

Ei ulukke kjem sjeldan åleine

1986. Det året vedtok Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC) totalforbod mot all kommersiell kvalfangst, eit vedtak som skulle få store konsekvensar for fangstnæringa. Og for Fedje.

Då hadde Olav ennå ikkje begynt å fange kval, ikkje på ordentleg.

– Men kvalfangst var jo draumen, då.

Denne draumen var nær ved å breste på slutten av 80-talet. Han drog først til Bergen for å utdanne seg, men tanken var alltid å komme tilbake til «landsbyen i havet».

Fedje

SJØLIV: I sjarken som ligg fortøydd like under kyrkja håpar Oddvar å reise på lofotfiske i sommar. Det gjorde han i fjor også, åleine.

Foto: Siri Flatlandsmo / NRK

.

Samtidig som kvalfangsten blei stoppa, kollapsa loddefisket i området. Dette var nok til at mange valde å droppe harpunar og not og heller prøve andre yrkesvegar, til dømes i industrien på Mongstad, i Bergen eller Nordsjøen.

– Me var ganske hardt ute og køyrde då. Privat har me ikkje levd over evne, minnest eldste blad Husa.

Kvalfangst

MANNSKAP: Olav Nilsen Husa (f.v.), Jan Nilsen, Odd Torstensen, Oddvar Nilsen Husa og Hans-Erik Ådnanes har fanga kval.

Foto: PRIVAT

Frå fiske til turisme

Familien fortsette med fiske og unngjekk konkurs under fangststoppen. Etter nokre lange år vedtok regjeringa ein eigen norsk reservasjon mot forbodet, og gjekk inn for kvalfangst nok ein gong i 1992. Det har kort fortalt skapt mykje negativ blest for Norge.

For Olav vart det starten på eit naturleg val. Å begynne karrieren på havet.

– Eg hadde tru på at det var viktig å ta vare på kvalfangst, for Fedje-samfunnet sin skuld.

Regjeringen går inn for hvalfangst. Dagsrevyen 29. juni 1992, med innslag fra CNN. Reportere: Eiliv Flakne, Cecilie Ellingsen. Med bl.a. norsk USA-ambassadør Kjeld Vibe. OBS: LIGGER UTE I NRK NORDLAND FYLKESLEKSIKON!

I GANG ATT: Kvalfangarane i Nordland feirar opning av fangst av vågekval. Dette skapte opprør blant mange.

Men dei andre kvalfangarane kom ikkje tilbake. No er miljøet nesten heilt borte.

Sidan Olav begynte med kvalfangst som 19-åring, har talet på fiskarar på Fedje gått frå 39 til 4. Og folketalet har minka frå 705 til dagens 576.

– Folk synst det er stas med kvalfangst, men veit ikkje kva det dreier seg om lenger, seier Olav.

Det er ikkje utenkeleg at det kan bli «in» igjen å få seg en sjark. Det er jo krise i fleire næringar i Norge.

Oddvar Nilsen Husa, kvalfangar

I dag er det berre tre land i verda som driv kvalfangst; Norge, Japan og Island.

Motstanden er stor, og mange har også lagt ned forbod mot import av kjøtet. Den norske kvoten var i fjor på 880 dyr, 400 færre enn året før. I fjor var det 19 kvalfangstskuter i norske farvatn.

Overlevering av bedrifta

FRÅ FAR TIL SON: Kvalfangst har blitt overlevert frå generasjon til generasjon på Fedje. No fiskar Oddvar på frikvoten, medan Olav har teke over stafettpinnen som kvalfangar.

Foto: Siri Flatlandsmo / NRK

Ordførar Stian Herøy meiner Fedje-samfunnet endra seg veldig då det blei forbod mot kvalfangst.

– I dag er det meir moglegheiter i turisme, trur han.

Laster innhold, vennligst vent..

Er blitt eksotisk

Ein gong kom ein austlending på tur til Fedje. Der blei ein kval flensa ved hamna.

– Nei, dette var eksotisk! sa han.

Oddvar forstod ikkje kva austlendingen snakka om. Fangst og fiske har alltid vore ein naturleg del av livet for 73-åringen.

– Me som vaks opp i den tida, blei gripne av fangsten og folket som fór ut og kom heim att. Far hadde jo alltid kjøpt noko godt til oss, fortel Oddvar.

– Det er showdelen som ligg folk nær no. Viss me hadde laga sabeltannshow med lauskrut og oppblåsbare kvalar, hadde det sikkert vore store greier, seier sonen.

Han vil ikkje drive kvalfangst vidare for turistane sin del, men som ei berekraftig næring. Men drive vidare, det skal han. Og bu på Fedje.

På Olavson

VAIAR I VINDEN: Olav og kanonen på skuta Olavson. Den er kalla opp etter bestefaren hans, Olav Nilsen.

Foto: Siri Flatlandsmo / NRK

– Men det er litt lite ungar her no, så å laga eit fotballag er ikkje berre-berre. Ein kan få spela spiss viss ein vil, seier Olav og flirer.

Om ungane hans kjem til å bli, veit han ikkje ennå.

– Det avheng vel om dei får noko å gjere på. Det første du må ha i ein kommune er arbeidsplassar. Viss ikkje er det vanskeleg å etablere seg.

Øl skapar liv i fråhaldskommune

Tone Irgens bryggar på noko.

– Kan du halde glasa, Sandra?

Tone Irgens framføre ferja

UTSYN: Frå kontoret til Northern & Co i Fryseriet har Sandra Herøy (t.v.) og Tone Irgens full oversikt over den viktige ferja.

Foto: Siri Flatlandsmo / NRK

Irgens fyller eit glas med nyprodusert ingefærøl. Kollega Sandra Herøy frå Tyskland hjelper til. Irgens og Herøy er mellom dei nye på Fedje, dei som ikkje har noko med kvalfangst å gjere.

Sommaren 2015 brygga firmaet Northern & Co sitt første øl i eit næringsbygg tidlegare brukt til fiskeforedling. Der arbeider tre no på fulltid i det som lokalt vart kalla «Fryseriet», og dei vil skape nye arbeidsplassar.

Øl frå Northern

FLYTANDE GULL: På det minste av dei to bryggeria til Northern & Co er ein av øltypane klar til prøvesmaking.

Foto: Siri Flatlandsmo / NRK

På bakketoppen like ved tronar kyrkja over heile lokalsamfunnet. Fedje har tradisjonelt sett vore ein fråhaldskommune. Irgens kjenner seg likevel velkomen til øya.

– Fleirtalet har teke imot oss med opne armar. Folk har hjelpt oss med dugnadar og liknande, seier den nybakte fedjingen.

Rundt Irgens boblar det i metallbehaldarar. Ute brusar det i havet.

– Det var spesielt å komme til ein så liten stad. Fedje-folket er veldig annleis enn folket i storbyar. Folk seier hei til kvarandre her.

Kyrkja på Fedje

TRONAR: Steinkyrkja ruvar over øya, som eit naturleg midtpunkt. Fedje har tradisjonelt vore ein religiøs kommune, og i dag stemmer rundt ein tredel KrF.

Foto: Siri Flatlandsmo / NRK

For Irgens er det låge innbyggjartalet ei utfordring. Målet er å bli ti tilsette, og dei vil då vere ei av dei største private bedriftene på øya.

– Me håpar å få folk til å flytte hit. Viss ikkje må dei ta ferja for å komme seg til jobb, seier ho.

Ferja er livlina for Fedje og alle som bur der. Den er einaste kollektivtransporten til verda innanfor. I vinter har ferjetilbodet vore svekka. Det har ikkje gjort Fedje til ein meir attraktiv plass å slå seg ned.

– Eg rår ingen frå å flytte til Fedje, seier kvalfangar Olav Husa.

– Men du må ta høgde for at du bur på ei øy. Det kan skje ting, det er havet du har mellom deg og land. Det må ikkje koma som eit sjokk viss ferja ein dag ikkje går, legg han til.

MF Fedjefjord tilbake på Fedje

LIVLINA: MF Fedjefjord er den einaste kollektive transportåra på Fedje. No er den på sjøen att etter driftsstans i vinter.

Foto: Siri Flatlandsmo / NRK

Fekk 40 aktivistar om bord

Det har lenge vore eit mønster på Fedje at befolkninga ikkje har auka meir enn to år på rad. No har kommunen endeleg fått til vekst det tredje året også.

Fedje kan telje 26 nye hovud på øya frå 2014 til tredje kvartal i fjor. Femten av desse er syriske flyktningar.

– Eg håpar sjølvsagt me greier positiv vekst eit par år til, seier ordføraren.

Han trur ikkje flyktningar kjem til å vere redninga for øykommunen.

Stopp kvalfangst

ILLSINTE: Ikkje alle er einige om at kvalfangst er ein tradisjon det er verd å ta vare på. Kvalfangarane fekk uventa besøk på båten i 1996.

Foto: PRIVAT

Oddvar viser fram ein granat.

– Her er ein granat. Den er brukt, då. Det er den me skrur på spissen av harpunen.

For kvalfangarane kunne det tidlegare bli opp imot 320 dagar på sjøen i året. Oddvar og Olav forstår dei som ikkje vel dette livet.

– Dei aller fleste er med nokre sesongar, og så ser dei at heile sommaren går til fangst. Dei har lyst å ha seg ein sommarferie. Det må du eigentleg gje avkall på, i alle fall ein del av det, seier Olav.

Granaten skal gjere kvalfangsten meir human og blei utvikla på 90-talet. Tidlegare brukte kvalfangarane harpun utan eksplosiv.

Våpenet har skapt mykje strid rundt kvalfangst. I 1996 fekk Olav og Oddvar seg ei overrasking då dei la til kai i Ålo. 40 aktivistar frå Greenpeace borda skuta. Det braut ut slåstkamp om bord.

– Men etter tumultane blei det litt dialog, og det viste seg at mange av demonstrantane hadde misforstått det meste om norsk kvalfangst. No konsentrerer dei seg vel meir om plast i havet, som er ein mykje større trussel for kvalbestanden og livet i havet enn den norske fangsten, seier Olav.

Uværet på Fedje

HARDT KLIMA: Naturkreftene herjar ofte på Fedje, som ligg utsett til i havgapet.

Foto: Vidar Sandvik

Så dramatisk er det ikkje lenger. Byråkratiet, ikkje Greenpeace, er den største bøygen.

– No er det blitt så mange reglar at det er mykje du ikkje har lov å gjere. Ein må ha sertifisert personell, og det er blitt papirarbeid opp og i mente, seier Olav.

Avlivingstida blir kontrollert både elektronisk og med kontrollør, og dei må sende vevsprøvar av alle kvalane inn til kontroll.

– Viss den kjem vekk i posten, skal du ha backupkoffert med vevsprøvar. Så nøye er det vel knapt med ein blodprøve av eit menneske, seier Olav.

I fjor fanga Olav og Oddvar 15 vågekval, og ifølgje Olav døydde 14 momentant.

Oddvar og Olav

VIL IKKJE GÅ I LAND: Kvalfangst var draumen for både Oddvar og Olav då dei var små. Den har dei gjort verkelegheit av.

Foto: Siri Flatlandsmo / NRK

Far og son trur ikkje det er umogleg at det kan bli «in» att å få seg ein sjark.

– I heile Norge er det jo krise i forskjellige næringar. Fiske er noko som går bra her for tida. Ein skal ikkje sjå vekk ifrå at det kan bli meir fiske igjen på Fedje. Om ikkje kvalfangst, så mindre fisk, trur Olav.

Han og faren meiner all fangst no skjer under kontrollerte former.

– Kvalkjøt er godt og sunt og ein god ressurs frå havet. I mange år har det vore delte meiningar om kvalfangst. Det er ikkje nokon fare for bestanden, i alle fall, meiner Olav.

Det blir ein liten pause, før Oddvar seier:

– Mennesket er skapt for å hauste av naturen. Det står i fjerde mosebok. Eg trøystar meg med det.

Fedje frå ferja

NEDGANG: Sola går ned over Fedje, slik både folketalet og talet på kvalfangarar har minka i minst eit halvt hundreår. Men, snart står sola opp att.

Foto: Siri Flatlandsmo / NRK