Hopp til innhold

Solvik-Olsen meiner Hordaland framleis vinglar mellom E16 og ferjefri E39

Samferdsleministeren meiner Hordaland ikkje klarar å bestemma seg for kva det skal brukast pengar på.

Ketil Solvik-Olsen og Erna Solberg ved E16

PÅ E16: Ketil Solvik-Olsen og Erna Solberg vitja rasstaden ved Bolstad langs E16 i juni i fjor. I ny NTP kjem utbetring av ulukkesvegen i bakre rekkje.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Statsråden kritiserer politikarane i Hordaland for å seia «ja takk, begge deler» til store vegprosjekt.

Dei enorme prosjekta rassikker E16/jernbane og ferjefri E39 konkurrerer om pengane frå regjeringspotten.

Då statsminister Erna Solberg presenterte utdrag frå ny Nasjonal transportplan (NTP) i slutten av februar, var misnøya stor med at bygginga av ny E16 hamna i andre halvdel og oppstart utsett til tidlegast 2024.

Solberg, Hareide og Njåstad på Arna stasjon

ERNA I ARNA: Statsminister Erna Solberg og samarbeidspartnarane i Frp, KrF og V presenterte drypp frå Nasjonal transportplan på Arna stasjon i februar.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Meiner det er for mykje vingling

Etter lange diskusjonar og protestar mot utsetting av ny veg , er fylkesordførar Pål Kårbø (KrF) den siste å ta til orde for å prioritera ny E16 framfor gigantprosjektet langs kysten.

Då BT skreiv at Kårbø «vil vrake Hordfast», fekk det NHO og LO til å bryta samarbeidet med Hordaland fylkeskommune.

Statsråden er oppgjeven over vinglinga på Vestlandet.

– Då Hordaland var på høyring i departementet var alt like viktig. Men me ser jo kva debatt det blei då nokon sa at ein burde skyva på Hordfast. Då var ikkje det så populært likevel, seier Solvik-Olsen.

Befaring ras E16

PÅ SYNFARING: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp, til venstre) og statsminister Erna Solberg (H) på synfaring saman med Voss-ordførar Hans Erik Ringkjøb (Ap) etter raset ved Hyvingstunnelen i juni 2016.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Svært urimeleg

I Hordaland er ein forundra over at statsråden meiner fylkespolitikarane har vingla.

Leiar i samferdsleutvalet i Hordaland, Nils T. Bjørke, seier absolutt alt tilsa at vegen ville få høg prioritet i NTP, og viser til at statsminister og statsråd fleire gongar har vitja rasstader langs E16 og uttrykt si uro.

– Når både minister og statsminister er så tydelege på at dette skal koma, vel å droppa det i NTP, for så å prøva å skubba skulda for det over på fylket, er det uforståeleg.

Dag Skansen

UT MOT EIGEN MINISTER: Dag Skansen reagerer på at Solvik-Olsen plasserer deler av ansvaret på lokale politikarar.

Foto: Ingvild Fjelltveit / NRK

Han poengterer at fylkestinget allereie i 2015 understreka at det var viktig for fylket å få utbetra den rasfarlege strekninga.

Dag Skansen frå regjeringspartiet Høgre er også blant dei som reagerer. Han meiner det største problemet er at lokalpolitikarane har for lite sjanse til å påverka før NTP kjem ut.

– Prioritering av prosjekta er noko eg heilt klart meiner ikkje ligg til oss lokalt. Det er ein nasjonal prioritering som regjeringa må ta, seier Skansen, som meiner regjeringa sjølv skapar forventningar om når ulike vegprosjekt skal stå ferdige.

– Om Solvik-Olsen skal halde lokalpolitikarar ansvarlege for manglande prioriteringar må det også leggjast til rette for at vi faktisk kan gjera det.

Steinras E16 ved Voss

TUSEN LASTEBILLASS: Ras mellom Hyvingstunellen og Kluftafjellstunellen ved Bolstad på E16 i juni i 2016. Massane som måtte ryddast blei rekna til 10.000 kubikkmeter, eller tusen lastebillass.

Foto: Dronefoto/Bergen brannvesen

– Kan ikkje «juksa med budsjett»

SV-leiar Audun Lysbakken meiner Hordaland kunne fått ny E16 tidlegare dersom andre parti hadde klart å prioritera ønskelista tidlegare.

– Føresetnaden for å gje tydelege svar er at me som politikarar ikkje seier ja til alt når NTP skal handsamast.

Bjørke meiner fylket og Hordalandsbenken på Stortinget har vore tydelege heile vegen.

– Det har ikkje vore tema for oss å velja vekk noko når fagetatane og politikarane har vore så klare: At vegen skal sikrast mot ras så snart som mogleg. Då er det spesielt å høyra statsråden fråskriva seg ansvaret.

Til NRK vedgår ministeren at han har lova for mykje når han tidlegare har lovd å få den rasutsette E16 inn i NTP med oppstart i 2021.

– Den informasjonen eg hadde då tilsa at løfta var realistiske.

Solvik-Olsen avviser at det finst nokon måtar å «hasteløyva» pengar til vegen.

– Det å ta «Hordfast-pengar» frå 2024 og seia at dei skal brukast til ny E16 i 2021, er juks med budsjett. For det kjem ikkje statlege pengar til Hordfast i 2021.