I fylkesrådmannen sitt opphavlege forslag til uttale til Nasjonal transportplan sist veke var ikkje E16 og Bergensbanen teke med.
No stiller altså eit samla fylkesting seg bak ein høgrøysta appell til regjeringa om å avklara trasevalet for bane og veg mellom Bergen og Voss. Ein ber også om å setta inn strakstiltak på den rasutsette strekninga.
– Det er flott at fylkestinget kan stå tverrpolitisk samla. Me forventar ei snarleg avklaring på konseptvalutgreiinga slik at me kjem i gong med det vidare planarbeidet for ein endeleg ny E16 og aller helst i kombinasjon med ny jernbanelinje slik som fylkespolitikarane i Hordaland har hatt ønske om, seier gruppeleiar for Frp i Hordaland fylkesting, Terje Søviknes.
Håper at regjeringa lyttar
– Kva forventningar har de til å få krava gjennom?
– Me ser jo at samferdsleministeren er på ballen. Ketil Solvik-Olsen har vore tydeleg på at han må forsøka å få på plass ein del kortsiktige tiltak. Men det er jo umogleg å rassikra heile E16 slik den ligg i dag. Det er berre ein ny trase, og då primært gjennom tunnel, som vil skapa naudsynt tryggleik for bilistane og dei reisande med jernbana, seier Søviknes.
I forslaget går det fram at overvakingsrutinar og overvakingsteknologi som kan varsla før ras, må komma på plass.
Vil ikkje måtta velja
Søviknes meiner det er bra at fylkestinget ikkje har valt å setta E16 og E39 opp mot kvarandre.
– E39 og E16 er to store samferdsleprosjekt I Hordaland, og begge er veldig viktige på kvar sin måte, seier Søviknes.
Seinast i samanheng med neste Nasjonal transportplan krev fylkestinget å få på plass midlar til bygging av ny E16/Bergensbanen Arna-Voss, om nødvendig at det blir bygga etappevis der strekninga Arna-Vaksdal er første steg med oppstart 2018.