Velten laga kaos på E39 – no vil regjeringa bruke milliardar på to flaskehalsar

Regjeringa lovar 3 milliardar kroner kvar til to svingete europavegar. – Dette har vi venta på i 40 år, jublar lastebileigar.

Velt i Halbrendslia.

KRAPPE SVINGAR: For sjåførar med større køyretøy har svingane på E39 i Halbrendslia ned mot Førde skapt frustrasjon og utfordringar.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Dette er ein gledas dag! Vi skal heim å heise flagget og sprette champagnen, seier Arne Nistad.

Han er dagleg leiar i Nistad Transport og gler seg stort over at den svingete Halbrendslia på E39 i Førde er på veg til å bli historie.

No blir det sett 3 milliardar til strekninga i Nasjonal Transportplan (NTP). Planen er å byggje tunnel gjennom Hafstadfjellet i Førde, slik at ein unngår den svingete vegen.

Det er hovudvegen mellom Bergen og Ålesund og det er fleire krappe og bratte svingar ned mot Førde sentrum.

I januar velta eit steinknuseverk i ein av svingane og stengde vegen.

– Halbrendslia har vore ei kostbar affære, mykje meir enn kva folk trur. Dette har vi venta på i 40 år, og behovet for ny veg har berre auka med åra, forklarar Nistad.

e39-bilberging-halbrendslia-førde

OPPRYDDING: Det var krevjande å rydde vegen då tungtransporten velta i svingane i januar.

Foto: Steinar Lote / Steinar Lote

Frå mareritt til draum

Særleg om vintrane skapar Halbrendslia store utfordringar, med lange køar og venting. Bilbergarar må nemleg stadig rykke ut for å redde tungtransport.

Spesialtransporten som velta i januar førte til stengt veg i rushtida i Førde, og vidare gjennom natta.

Skisse - ny E39 forbi Førde

TUNNEL: Prosjektet E39 Storehaug-Bruland legg vegen i tunnel gjennom Hafstadfjellet, og forbi Førde.

Foto: Statens vegvesen

Ifølgje ordførar i Sunnfjord, Olve Grotle (H), passerer eitt vogntog vegen kvart minutt.

– Det er ein kraftig trafikk her med tungtransport opp og ned, men heldigvis er Halbrendslia fjerna om nokre år. Strekninga har blitt kalla yrkessjåførane sitt mareritt, no blir det meir ein søt draum med ny E39, seier han.

Stortingskandidat Alfred Bjørlo (V) meiner dette er viktig for heile fylket.

– Dette er den verste flaskehalsen mellom Bergen og Ålesund. Her står trafikken i stampe, og det er ein heilt uhaldbar situasjon, seier Bjørlo.

Arne Nistad, lastebileigar og sjåfør.

HEISER FLAGGET: Arne Nistad er dagleg leiar i Nistad Transport og jublar over nyheita om tunnel forbi Førde. – Vi skal heim å heise flagget og sprette champagnen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Kan bli bompengar

Samferdselsdepartementet har gitt signal om at dette kan vere eit aktuelt prosjekt for bompengar. Dagens Førdepakke er nedbetalt rundt 2028.

– Dette kom overraskande på oss, men det er Vegvesenet som har sagt at det er bompengepotensial her. Det er ikkje avklart endå, men det blir i så fall eit beskjedent beløp, seier Grotle.

Olve Grotle, Tore Storehaug og Alfred Bjørlo.

FORNØGDE: Ordførar i Sunnfjord, Olve Grotle (H), Tore Storehaug, stortingskandidat for KrF i Vestland og stortingskandidat Alfred Bjørlo (V) var på plass i Halbrendslia då nyheita kom i dag.

Foto: Aleksande Åsnes

Tunnelen har ein pris på kring 2,9 milliardar kroner. I første NTP-periode er 1,3 milliardar kroner sett av til prosjektet.

Tore Storehaug, stortingskandidat for KrF i Vestland, seier pengar i første del av NTP lovar godt.

– Det viser at dette er blant dei prosjekta som er høgast prioritert, understrekar han.

E6 får milliardar

Også i Namdalen er det glede i dag. Der har lokalsamfunnet lenge kjempa for utbetring av den ti mil lange E6-strekninga frå Grong til grensa til Nordland.

Vegen er smal, svingete og ulykkesutsett. Store mengder laks og tømmer blir frakta på strekninga.

I dag kom nyheita om at 3 milliardar er sett av til strekninga.

Tømmerbil veltet E6 Grong

PENGEDRYSS: Det er sett av tre milliardar til E6 i Grong.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

– Folk køyrer med hjarte i halsen på denne strekninga. Den er langt ifrå slik standarden på ein stamveg skal vere, seier stortingsrepresentant for Høgre, Elin Agdestein.

Dei reknar med at vegen får støtte når statsbudsjettet blir vedtatt i Stortinget.

– Dette betyr enormt mykje for folk i Namdalen, men også for næringslivet, seier Andre Skjelstad, stortingsrepresentant for Venstre.