– Veldig ekkelt å ikkje kunne stola på drikkevatnet

KLEPPESTØ (NRK): Innbyggjarar på Askøy kritiserer at drikkevatnet er forureina og meiner kommunen har informert for seint og for dårleg. Om lag ti personar er innlagt på sjukehus og over 50 har kontakta legevakta.

Anders Holmberg og Sissel Anita Hovland

– EKKELT: Anders Holmberg og Sissel Anita Hovland og borna har vore sjuke i fleire dagar

Foto: Mikal Olsen Lerøen / NRK

Anders Holmberg står på kjøkkenet og kokar vatn.

– Det er ikkje haldbart viss det er drikkevatnet som har gjort oss og mange andre sjuke.

Familien var sjuke i fleire dagar før kommunen sende ut kokevarsel torsdag ettermiddag og kveld.

– Vi er frustrerte og veldig oppgitt over at kommunen gav så lite informasjon. Dei burde vore på banen får når så mange sjuke kom til legevakta.

Kleppe vannverk på Askøy

SMITTEKJELDA? Askøy kommune fryktar at Kleppe vannverk er kjelda til at svært mange innbyggjarar har blitt sjuke denne veka.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

– Det er veldig ekkelt å ikkje kunne stola på drikkevatnet, seier Holmberg.

Såg mønster

Sjølv om nokon vart sjuke tidlegare i veka, var det først torsdag kommunen byrja å sjå mønsteret med mange sjuke sør i Askøy,

– Det er eit mønster som indikerer at det er ein infeksjon blant innbyggjarar tilknytt Kleppe vannverk, seier rådmann Eystein Venneslan.

Heile sørlege delen av kommunen har no derfor fått varsel om at dei må koka drikkevatnet og ha god handhygiene. Vannverket forsyner mellom 10.000 og 15.000 innbyggjar på Askøy.

– Dei første meldingane byrja å komma frå legevakta på Askøy torsdag føremiddag, seier smittevernlege Thomas Hetland.

Symptom

Han seier symptoma først og fremst er diaré og magesmerter. Mange har feber og er kvalme og uvel.

– Det kan vera ein bakterie, men det kan også vera eit virus. Uansett er det ein lokal epidemi, for pasientane bur ganske nær kvarandre.

Anders Holmberg

– UHALDBART: Anders Holmberg er frustrert over både vasskvaliteten og informasjonen frå kommunen.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Også heime hjå Erlend Lilletvedt er familiemedlemane sjuke.

– Me har prøvd å halda oss hydrerte og drukke ekstra mykje vatn det siste døgeret. Det har sikkert gjort vondt verre.

– Informerte seint og dårleg

Han er kritisk til informasjonen kommunen har gitt.

– Dei la ut ei vag skildring av at mange hadde blitt alvorleg sjuke, utan å gi konkrete helseråd. Då vart me jo bekymra. Men det var svært vanskeleg å komma gjennom på telefon til legevakta, og dei visste ikkje kva dette skuldast.

Dessutan fekk han ikkje SMS frå kommunen om å koka vatnet før klokka 20, sjølv om kommunen seier dei byrja å varsla kvar enkelt klokka 16.

– Når dei snakkar om alvorleg sjukdom så er fire timar ganske lang responstid, meiner Lilletvedt.

– Forbanna

Hege Njøten seier ho først tenkte omgangssjuke då mange i familien blei sjuke tysdag.

– Men så oppdaga vi at også naboane var sjuke.

Ho er misnøgd med informasjonen frå kommunen.

– Vi fann ingenting på Askøy kommune sine sider før i dag. Eg er forbanna over at det som kom då var svært lite.

Kommunikasjonsdirektør Erik Vikander stadfestar til NRK at Haukeland universitetssjukehus har mottatt opp mot ti pasientar frå Askøy med magesmerter og ulike symptom knytte til dette.

Han skriv at dei ikkje kan kommentera tilstanden til enkeltpasientar.

Rådmann i Askøy, Eystein Venneslan

TILTAK: – Kok vatnet og vask hendene, oppmodar rådmann Eystein Vennesland og resten av krisestaben i Askøy.

Foto: Øyvor Bakke / NRK

Vassprøvar

Folkehelseinstituttet svarar til NRK at dei har vore i dialog med kommunen, men at det generelt er kommunen som har hovudansvaret for smittevern lokalt.

Seksjonsleiar for vatn og avløp i Askøy, Anton Bøe, presiserer torsdag kveld at dei ikkje veit om smitten kjem frå drikkevatnet.

– Men vi er opptatt av å sikra at bakterien eventuelt ikkje spreier seg frå Kleppe vassverk, og har no mellom anna tilsett meir klor.

Han seier det ikkje dei vanlege «kokevarsel-bakteriane» som E. coli, og at det heller ikkje er mistanke om salmonella.

Dei første svara på vassprøvane kjem i morgon, og det vil også bli tatt nye prøvar i morgon.

Kommunen held krisemøte i staben klokka 08.00 fredag morgon.