Arvid Folke Järnbert

I ei enkel hytte utan straum og innlagt vatn, skal Arvid Folke Järnbert bu dei neste ti månadene for å få pause frå nett.

Foto: Jorun Vang / NRK

20-åringen fekk nok

KVIKNEHØGDA, NORD-FRON (NRK): Arvid Folke greidde ikkje lenger lese eit heilt kapittel eller tenkje ein samanhengande tanke. No loggar han ut av sosiale medium.

I en tidligere versjon av denne artikkelen ble det brukt feil bilde av psykolog Rune Mentzoni. NRK beklager.

Vi har køyrd halvannan mil opp frå dalbotnen. Her oppe på 900 meters høgde er det snaufjell, beitande sauer og spreidde setergrender. Vi humpar oss fram den siste stubben fram til setertunet der Arvid Folke Järnbert har fått leigd seg hytte.

– Eg har kjøpt meg firehjulstrekk, men i vinter må eg gå på ski den siste biten, seier 20-åringen.

Han har forgjeves prøvd å gje nettbruken mindre plass, men utan og lukkast. Mobiltelefonen har teke alt fokus.

Arvid hadde byrja på Universitetet i Oslo i fjor haust og skulle lese fag. Som tidlegare russepresident, debattleiar og svært samfunnsengasjert hadde han eit stort nettverk, og var levande opptatt av å halde seg orientert om kva som skjedde i debattforum, i nyheitsverda, samtalegrupper og blant vener.

Særleg var han aktiv på Snapchat, der han delte bilete fleire gonger dagleg, og med det fekk han tilsvarande respons. Det plinga inn meldingar, nyheiter, invitasjonar og oppdateringar medan han prøvde å ha fokus på studiane.

– Mobilen var alltid i handa. Eg måtte sjekke appane kvart 5. minutt. Det vart som ein avhengigheit, det fekk ei makt over meg.

Arvid Folke Järnbert

Fekk ikkje arbeidsro

– Ein ting var det sosiale, men det var og det eg såg som nødvendige plikter, seier Arvid. Det kunne vere politiske arrangement, ein fest han ikkje måtte gå glipp av, ein konsert, ei innlevering......

– Til slutt fekk eg aldri tid til å verkeleg sette meg ned for å tenkje, seier han.

Han var heilt desperat, og lagde ti bod for ei god arbeidsøkt. Mobiltelefonen skulle vere avslått, han sette seg i bomberommet på skulen for å få arbeidsro, skreiv regler og mål, men fekk det likevel ikkje til. I dagboka for 26., 27. og 28. feb. stod det berre: "Dårleg dag", "dårleg dag", "dårleg dag".

Det hadde gått så dårleg at han ikkje ein gong ville skrive om det.

– Eg forstod at det var ein frustrasjon over at eg ikkje nådde måla mine, så eg bestemte meg for å logge meg heilt av, seier Arvid Folke Järnbert.

Saka fortsett under biletet.

Arvid Folke Järnbert

Her er Arvid Folkes melding til facebookvenene sine før han logga seg av.

Foto: Skjermdump

Ganske ekstremt

Ikkje mange gjer som Arvid.

Halvdan Haugsbakken er forskar ved institutt for sosiologi og statsvitskap hjå NTNU. Han ser at sosiale medium nå er på veg inn ei ny fase som fordrar at brukarane set grenser.

– Det har vore mykje snakk om såkalt «digital detox», om å velje burt sosiale medier for ei periode.

Halvdan Haugsbakken, forskar på sosiale medier, NTNU

LES: Vil ikkje ha digital detox

LES: Motreaksjon til nettpress

Halvdan Haugsbakken

Den nye digitale kvardagen nyttar spelteknologi for å aktivisere og engasjere oss som brukarar.

Foto: Ingrid Tinmannsvik / NRK

Spår at fleire vil melde seg ut

Forskaren greier ut korleis nettet har utvikla seg.

– I starten oppsøkte vi nettadresser der vi kunne hente informasjon, fortel Haugsbakken. Det var nettaviser og heimesider der vi kommenterte på artiklar andre hadde produsert, Forskarane kallar det. com-perioden, eller på fagspråket web 1.0.

Så tok vi Facebook i bruk, der vi sjølv styrte informasjonen som vart publisert. Her kunne vi lage venegrupper og dele med kvarandre. Dette er den nettperioden der brukarane styrer aktiviteten, eller på fagspråket kalla web 2.0.

Skjermbilde av smarttelefon

85 prosent av alle i Norge hadde ein smarttelefon med tilgang til internett ved utgangen av 2015. Kjelde: Statistisk sentralbyrå.

Foto: Arvid Torsgard / NRK

No bombarderast vi av interaktive appar som Pokémon GO, nettsamfunn og chatterom som krev engasjement. Det finst ikkje oppskrift på korleis ein skal gå fram, så brukarane er overlatne til seg sjølve for å knekkje koda og finne ut korleis alt fungerer. For å gjere det, er du avhengig av å delta i nye chattar og grupper.

Haugsbakken trur fleire vil melde seg ut for ei kort periode, men at dei så vil attende. Han trur utmeldingstrenden vil gå over, og at vi finn måtar til å handtere den auka informasjonsstraumen.

Redd og einsam

På hytta er det korkje innlagt vatn eller straum. Han låser opp hengjelåsen og syner oss dei rundt 20 kvadratmetrane der han skal bu dei neste ti månadene, heilt avstengd frå resten av verda.

Eg er litt spent, og vil nok bli både redd og einsam, seier han.

Ein gong i veka reiser Arvid dei 15 kilometrane til kommunesenteret for å lade telefonen, lese og skrive e-post, halde kontakt med universitetet og handle mat. Han kallar det sabbatsdagen, ein dag han unner seg litt ekstra til middag og treffer andre folk.

Arvid Folke Järnbert

Telefonen har ein batterikapasitet på over 800 timar. Då held det med lading ein gong i veka.

Foto: Jorun Vang / NRK

Det var mora som sette som krav før han drog, at han måtte ha med seg telefon i tilfelle ein naudssituasjon. Med smarttelefon og 4G-dekning på hytta såg Arvid fort at dette kunne bli eit problem for prosjektet hans. Difor har han kjøpt seg ein telefon utan høve til å kople til nett.

Kvar gong han skal ta turen, må han førebu seg godt, slik at han ikkje skal freistast til å klikke seg inn på nettstader for til dømes å sjekke det siste om Donald Trump. Han tvingar seg sjølv til å berre gjere det han skal, slik at han ikkje sporar av. Dersom han fyrst opnar ei nettside, er han redd han vil verte fanga att.

– Det er utfordrande, men litt det eg flyktar frå også, seier Järnbert.

Lettare å bli avhengig

At nettet nå er over i ein ny fase med appar der vi blir aktivisert og deltek, gjer det lettare å bli nettavhengig. Det seier psykolog Rune Mentzoni ved Universitetet i Bergen. Han har forska på korleis vi let oss påverke av forskjellige typar spel.

Les: Slik fangast vi av facebook

Det at nettutviklarane no brukar spelteknologi når dei utviklar nettløysingar gjer det artigare å bruke sosiale medium og nettstader, men også skumlare for den som er disponert for å bli avhengig, seier han.

– Plutseleg tek nettbruken mykje meir tid og krefter enn du hadde tenkt i utgangspunktet, seier Mentzoni.

Rune Mentzoni

Forskar Rune Mentzoni ser at det finst felles trekk mellom dei som blir avhengig av pengespel og dei som blir avhengige av nett.

Foto: Siri Løken / NRK

For dei aller fleste av oss, vil likevel nettløysingane vere positive, meiner han. Dei vil motivere oss til bruk og vere eit viktig verktøy i jobbsamanheng. Med eit bevisst forhold til korleis vi bruker nettet, vil dei fleste klare seg fint og kunne kose seg med det, seier Mentzoni.

Grensa går, der du går frå å føle at det du held på med, er noko som gjev livet noko positivt, til å verte noko som tek noko burt frå livet.

Rune Mentzoni, psykolog og forskar på spelavhengnad ved universitetet i Bergen

Lever på grensa

Kvar grensa går blir opplevd forskjellig frå person til person, seier Mentzoni, både når det gjeld omfang og korleis ein elles brukar nettet.

– Åtferdsforsking syner at personar som er impulsive har lettare for å bli avhengige, seier forskaren.

Impulsive personar lever meir i nået og tenkjer ikkje så mykje på konsekvensar. Dei er difor meir disponert for å utvikle avhengnad anten det gjeld overdriven nettbruk, spel, alkohol eller kva som helst anna, syner forskinga.

Det er flest unge menn under 30 som toppar statistikken over kven som blir avhengig av interaktive spel, alkohol oa. Når det gjeld å bli avhengig av nett eller sosiale medium, er middelaldrande kvinner like utsett, seier forskaren.

Mentzoni meiner det handlar mest om å vere medviten på kva ein driv med. Finne ut korleis plattformene verkar, og korleis dei lokkar oss til å investere tid og krefter for å delta.

– Dei fleste vil vere på trygg grunn, seier forskar Rune Mentzoni.

Strengt regime

Arvid Folke Järnbert sit bøygd over bøkene, understrekar og noterer i margen. Når han treng eit avbrekk tek han fram fela. Livet som einsleg på hytta krev at han fyller tida si sjølv.

Arvid Folke Järnbert

Han har med seg eit breitt spekter av bøker frå skjønnlitteratur til fagbøker.

Foto: Jorun Vang / NRK

Rutinane blir like kvar dag. Han står opp klokka 09.00 og les til kl. 16.00. Då et han middag. Så les han til 0100 før han legg seg. – Det blir nesten noko hypnotisk over det, seier Arvid. Han seier han treng disiplin og stabilitet, og at han prøver å få det til på hytta.

Han kjenner seg godt førebudd på å leve dei neste ti månadene som avlogga. For å motverke det sjokket han visste måtte komme, var han mindre saman med vener før han reiste, han var og mindre på snapchat og Facebook for å gå inn i det tankesettet han ville ha.

Når hyttelivet er over, håper Arvid at han har fått påfyll av kunnskap og styrka seg som eit intellektuelt menneske, slik at han kan ha rike samtalar med folk når han kjem tilbake til samfunnet.

Arvid Folke Järnbert

'Seterjentens søndag' passar godt på setervollen. Arvid har spelt fele frå han var 4 år, og fingrane finn lett fram rette grepet. For Arvid er det viktig med eit kulturelt avbrekk i ein elles ganske teoritung kvardag.

Foto: Jorun Vang / NRK