Hopp til innhold

Svigerinna gruar og gler seg til å møte Frode Berg i fengselet

Frode Berg ønskjer ikkje å ha besøk av sine aller næraste i fengselet i Moskva. Men svigerinna Gry Nilsen Aaker er klar for å besøke Berg, noko ho ser fram til med blanda kjensler.

Gry Nilsen Aaker

For familien var det eit stort sjokk då det for éi og ei halv veke sidan kom fram at Frode Berg skal ha vore i Moskva på oppdrag for den norske etterretningstenesta. Svigerinna Gry Nilsen Aaker kjenner Frode Berg som ein familieglad mann, og meiner det som har kome fram om saka ikkje minner om svogeren.

Foto: Arne Egil Tønset

– Eg både gruar og gler meg til å møte og prate med Frode. Eg ønskjer å fortelje han at vi «står han av» her heime. Det blir godt både for meg og for han å møte kvarandre, seier Aaker, og legg til:

– Eg er budd på at det blir tøft. Men eg skal klare det så lenge eg får lov.

For på første forsøk fekk Aaker avslag frå ambassaden om å besøke Frode Berg, men det er eit godt håp om å få tommelen opp på neste forsøk.

Grunnen til at det nettopp er svigerinna som skal besøke Frode Berg, er at 62-åringen meiner det blir for sterkt for dei aller næraste å sjå korleis han har det i fengselet.

– Frode vil ikkje ha besøk av kona (Anita Berg) og dottera (Christina Berg), fordi det blir for tøft for dei. Dei må skjermast. Men Frode har sagt at det er OK at eg kjem, seier Aaker.

Frode Berg i retten i Moskva 3. mai 2018

Frode Berg føler seg lurt og manipulert. No sit han fengsla i Moskva under tronge og trasige forhold.

Foto: Morten Jentoft, NRK

Bekymra for helsa

Då Berg vart intervjua av NRK tidlegare i dag, i høve at han er varetektsfengsla i ytterlegare tre månader, gav han uttrykk for at forholda i høgsikkerheitsfengselet Lefortovo i Moskva ikkje er gode. Berg sa at han derfor har blitt bekymra for si eiga helse. 23 timar i døgnet bur han saman med ein annan person på 9.5 kvadratmeter.

– Kosthaldet er einsidig og forferdeleg. Eg er ikkje 30–40 år lenger. Eg er ikkje tilpassa denne situasjonen, sa Berg i dag.

Det var i desember den pensjonerte grenseinspektøren Frode Berg vart arrestert i Moskva og sikta for spionasje. Både Berg og advokatane hans er klare på at 62-åringen ikkje er skuldig.

Berg seier at han har vore på oppdrag for den norske e-tenesta i Moskva, men at han har blitt manipulert til å gjere noko han ikkje ønskte.

Frode Berg føres ut av retten i Moskva 3. mai 2018

Maskerte vakter følgde Frode Berg til og frå torsdagens fengslingsmøte.

Foto: Morten Jentoft, NRK

– Ingen forhåpningar

Når Berg kan kome heim til Norge er heilt i det blå. Den situasjonen er også familien klar over.

– Det var tøft å høyre at Frode blir varetektsfengsla i ytterlegare tre månader. Men vi var førebudde på at det kunne skje. Den norske advokaten vår, Brynjulf Risnes, har vore veldig fornuftig og klok, seier Gry Nilsen Aaker.

Og utdjupar:

– Han har ikkje gitt oss nokre forhåpningar til denne prosessen. Vi er førebudde på at dette kjem til å ta tid. Men sjølvsagt er det veldig tøft når vi veit kva forhold Frode lever under.

- Jeg er forberedt på at det blir tøft, men jeg skal klare det så lenge jeg får lov, sier Gry Nilsen Aaker om utsiktene til å få møte Frode Berg i fengselet i Moskva.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark