Hopp til innhold

– Blir godt å bli kvitt den dunkinga

Ei av Norges største fiskerihamner får landstraumanlegg. Det gir ikkje berre lågare utslepp, men òg eit betre arbeidsmiljø for fiskarane.

Båtsfjord havn

FÅR LANDSTRAUM: Alle dei offentlege kaiane i Båtsfjord i Finnmark skal rustast med landstraumanlegg etter at Enova har gitt 25 millionar kroner til prosjektet.

Foto: Stian Strøm / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Hamner frå Stavanger i sør til Båtsfjord i nord har i dag fått tildelt 118 millionar kroner til landstraumanlegg frå det statlege føretaket Enova. Mest av alle får hamneprosjektet i Båtsfjord.

– Det er heilt fantastisk! Det blir godt å bli kvitt den dunkinga, seier ein stornøgd ordførar i Båtsfjord, Geir Knutsen.

Båtsfjord hamn får 25 millionar kroner i støtte til straumforsyning til fiskebåtar, og blir det så langt største landstraumprosjektet for Enova, målt i kroner og øre. Tildelinga vil gi landstraumanlegg til alle offentlege hamner i kommunen.

Geir Knutsen

Dette viser at vi blir lagt merke til som fiskerihamn, seier Geir Knutsen, ordførar i Båtsfjord kommune.

Foto: Dan Robert Larsen / NRK

– Dette har vore etterspurt blant flåten som bruker hamna, men òg av befolkninga i Båtsfjord. Vi har eit tett og lite sentrum her, og det er mykje støy her når skipa ligg tett i hamna.

I Båtsfjord kan det ligge 10–20 russiske fartøy inne til ei kvar tid. Utan tilgang til landstraum må hjelpemotorane i gang medan skipa er inne for å levere råstoff eller bruker Båtsfjord som liggehamn.

Over 300 millionar kroner er fram til no delt ut til det formål å kunne tilby landsstraum langs kysten.

Tabell tildeling av midler fra Enova

Det statlege føretaket Enova jobbar for eit samfunn med lågare klimautslepp. I dag la dei fram dei nyaste landstraumtildelingane på til saman 118 372 538 kr.

Foto: Enova

– Betyr mykje for mannskapet om bord på båtane

Til hamna i Båtsfjord kjem alt frå store latviske krabbefartøy til mindre fiskebåtar som høyrer til kystflåten. For dei mindre fartøya finst dei allereie eit tilbod som gjer at dei kan kople seg på landstraum når dei ligg til kai.

Dei større skipa kan ligge lenge å vente på neste tildelte kvote. Ventetida kan vere fleire månader – med konstant dunking frå motor.

– For mannskapet om bord har det mykje å seie å få eit støyfritt miljø, seier Jens-Einar B. Johnsen, som er leiar for Båtsfjord fiskarlag.

Jens-Einar B Johnsen

Leder i Båtsfjord fiskarlag, Jens-Einar B. Johnsen, seier dei små fiskefartøya allereie har eit godt tilbod, men at det nye anlegget vil bety mykje for dei som jobbar på dei større skipa.

Foto: Privat

Med pengestøtta som no kjem vil Båtsfjord hamn få fem landstrømanlegg som til saman kan forsyne opptil 44 fartøy samtidig.

– Dette vil gjere hamna meir attraktiv, og det er bra for oss alle. Betre hamn betyr betre infrastruktur, noko som vil skaffe inntekter til staden, og meir aktivitet.

Rustar seg for framtida

Båtsfjord er allereie ei av Norges største fiskerihamner. To av landets største filetanlegg ligg nettopp her. Ordførar Knutsen håpar hamna no vil kunne vekse ikkje berre innan fiskeri, men òg bli attraktiv for større godsbåtar og etter kvart større turistskip.

– Hurtigruta ligg no i forholdsvis kort tid i hamna her. Og vi ser at Hurtigruta etter kvart kjem med krav om landstraum, seier Knutsen.

– Ser ein enda lenger fram i tid, så ein i framtida få elektriske båtar. Då vil vi vere klare.

Arbeidet vil starte etter sommaren, og prosjektet skal stå klart 1. desember 2018.

Bellona mener staten må stille høyere miljøkrav til kystruta

Her er Hurtigrutens nye hybridskip

Flere nyheter fra Troms og Finnmark