Hopp til innhold

Desse 20 hamnene får 118 landstraum-millionar

Enova deler ut nye millionar til landstraumanlegg i norske hamner. Stavanger, Ålesund, Bodø og Tromsø vil snart kunna bli forsynt med straum frå land.

Landstraum

50 HAMNER: Femti norske hamner skal kunna tilby landstraumanlegg når utbygginga etter dei siste Enova-tildelingane er gjennomførte.

Foto: Robin Strand

Til saman vil Enova i løpet av to år ha støtta landstraumutbygging i 50 hamner med 300 millionar kroner.

– Heile sju prosent av klimagassutsleppa frå sjøfarten skjer medan skipa ligg heilt i ro ved kai, så landstraum kan kutta store utslepp, seier administrerande direktør Nils Kristian Nakstad i Enova i ei pressemelding.

Nils Kristian Nakstad

DIREKTØR: Administrerande direktør Nils Kristian Nikstad i Enova.

Foto: NRK

– Få fartøy som kan ta landstraum

Over 50 landstraumprosjekt langs heile kysten har fått støtte, og Enova-direktøren meiner det er all grunn til å rosa hamnene for ei offensiv tilnærming til elektrifiseringa av sjøtransporten. Den siste tildelinga kom i dag (sjå oversikt i botn).

– Jo tidlegare dei er på bana, jo større er dei kostnadsmessige ulempene for dei, ettersom det førebels er få fartøy som kan nytta landstraum. Det er denne økonomiske risikoen Enova er med og avlastar, seier Nakstad.

Landstrømanlegg på Stornespiren i Ålesund

ÅLESUND: Landstraumanlegg på Stornespiren i Ålesund. No får Ålesundregionens Havnevesen pengar til ytterlegare to anlegg.

Foto: Ålesund Havnevesen

Bellona jublar

Dei fleste norske skip til kai får straum frå dieselaggregat om bord. Ved å gå over til landstraum, kan dei lite miljøgunstige hjelpemotorane slåast av. Det gir eit mindre utslepp av helseskadelege stoff som nitrogenoksid og svoveloksid, i tillegg til klimagassen CO₂.

– Det er veldig gledeleg at så mange hamner kastar seg på dette tilbodet. Landstraum vil fjerna store utslepp i dei aktuelle byene, seier seniorrådgjevar Jan Kjetil Paulsen i Bellona.

Ein rapport (ekstern lenke) frå Siemens, Bellona, NELFO og Elektroforeningen viser at landstraum i de 28 største hamnene vil kunna spara Noreg for utslepp av 356.000 tonn CO₂ i året. I tillegg kjem store utslepp av NOx og partiklar.

– Skip som ligg i hamn har like store partikkelutslepp som heile den norske personbilparken.

Supplybåter i Bergen havn

SUPPLYSKIP: På det meste kan det ligga opp mot 40 suppylskip i Bergen hamn. Snart skal fleire av desse over på landstraum.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Klare for å ta kampen mot «giftlokket» i Bergen

Det er ei utfordring Bergen har slite med i mange år. Byen mellom sju fjell har tidvis store vanskar med «giftlokket» av svevestøv som legg seg over Bergen på dagar med kaldt vêr.

– Dette er gode nyheiter for luftforureininga i Bergen. Ved at fleire skip kan gå på landstraum, vil me få ned utsleppa, seier klimabyråd i Bergen, Julie Andersland (V).

På det meste kan det ligga 40 supplyskip til kai i Bergen. Forureininga frå desse har vore heftig debattert i fleire år.

Ulrik Jørgensen

HAMNEDIREKTØR: Ulrik Jørgensen i Bergen og Omland Havnevesen.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Med den siste tildelinga får hamnedirektøren dei oppgraderingane han har ynskt seg.

– Desse millionane vil gje ei vesentleg oppgradering og utbygging av landstraum i Bergen. Det reduserer og fjernar utslepp av både CO₂, svoveldioksid og nitrogenoksid, seier konstituert hamnedirektør i Bergen og Omland Havnevesen, Jørgen Ulriksen.

Desse hamnene får Enova-støtte:

  • Bergen og Omegn Havnevesen – Festningskaien: 5 600 000 kr
  • Bergen og Omegn Havnevesen – Dokken: 5 500 000 kr
  • Bergen og Omegn Havnevesen – Nykirkekaien: 5 000 000 kr
  • Bodø Notbøteri Eiendom–Bodø: 560 352 kr
  • Båtsfjord Havn–Båtsfjord: 25 455 155 kr
  • Halsnøy Dokk–Høylandsbygda: 5 769 831 kr
  • Harstad Havn–Langneset og Stangnes: 5 515 120 kr
  • Kristiansund og Nordmøre Havn–Storkaia: 6 712 000 kr
  • Norcem AS–Brevik: 5 070 586 kr
  • Norcem AS–Slemmestad: 4 791 000 kr
  • Omy Hustadmarmor AS–Elnesvågen: 3 000 000 kr
  • Rana Industriterminal AS–Mo i Rana: 2 972 300 kr
  • Stavangerregionen Havn–Stavanger sentrum: 6 994 000 kr
  • Stavangerregionen Havn–Risavika: 6 411 000 kr
  • Tromsø Havn–Kai 7 og 8: 7 261 668 kr
  • Trondheim Havn–Hurtigrutekaiene: 5 865 300 kr
  • Wergeland Base–Gulen industrihamn: 4 332 600 kr
  • Westcon Yards–Florø: 3 004 426 kr
  • Ålesundregionens Havnevesen–Storneset pirkai: 5 954 400 kr
  • Ålesundregionens Havnevesen–Skansekaia: 2 602 800 kr

Enova planlegg ein ny konkurranse med søknadsfrist 20. september og tildeling før nyttår.