Hopp til innhold

Vil revidere lov: – Har fått konsekvensar ho ikkje burde fått

Fleire parti opnar for å endre lova om valdserstatning, som vart endra 1. januar. Men justisministeren vil vente.

En anonym kvinnes hender. Sol treffer fingrene. Svart bukse. Nærbilde.

LOV OM VALDSERSTATNING: Fleire parti ynskjer å revidere lova om valdserstatning, som vart sette i kraft 1. januar i år. Illustrasjonsfoto.

Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

Då Stortinget vedtok ei ny lov for valdserstatning for snart eitt år sidan, følgde det med mange store endringar.

Fleire av dei har blitt sterkt kritiserte frå ulike hald.

Nokre parti ville sende lova tilbake til regjeringa, men til slutt var det berre Raudt som stemte mot endringa.

No opnar fleire parti opp for å endre ho:

– Lovendringa har tydelegvis fått konsekvensar ho ikkje burde fått, seier justispolitisk talsperson for KrF, Kjell Ingolf Ropstad, til NRK.

Også Høgre meiner ein bør sjå på lova på nytt. Venstre, SV og MDG meiner lova bør bli revidert.

«Ei varsla krise»

NRK har skrive fleire saker om lovendringa, som har fått sterk kritikk frå fornærma, bistandsadvokatar og interesseorganisasjonar.

Mykje av kritikken kom allereie i høyringssvara.

Under kan du lese utdrag frå nokre av dei:

NKVTS

«NKVTS (Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress) meiner at det nye lovforslaget vil føre til at langt færre vil få erstatning i framtida, enn med dagens ordning. Forslaget svekkjer, snarare enn styrkar, valdsutsettes moglegheiter til å få erstatning.»

Advokatforeininga

«Me fryktar at ofre for vald som ville hatt rett til full erstatning etter dagens ordning, ikkje vil kunne hevde si rett til å ta imot full erstatning, dersom departementets forslag vert vedteke.

Dette vil kunne ramme dei ofra for vald som har dei største skadane og minst menneskelege ressursane til å saksøke skadevaldar i eit sivilt søksmål.»

Barneombodet

«Når eit barn er utsett for vald eller overgrep, er det ofte frå dei næraste. Det er ein ekstra stor belastning for eit barn å melde desse sakene til politiet.»

Landsforeininga for valdsofre

«Endringane i den nye ordninga vil gje særleg god grobotn for auka mein for valdsoffer. Justisdepartementets framlegg er ikkje berre uetisk, men barbarisk.»

Stine Sofies Stiftelse

«Er overordna sterkt imot departementets framlegg, då det vil svekke ordninga drastisk og ta frå dei fleste barn utsett for vald moglegheita til å få erstatning.»

Norske kvinners sanitetsforeining

«Resultatet av det nye lovforslaget er å leggje enda meir ansvar over på offeret.»

– Dette kan jo ikkje kome som eit sjokk på regjeringa. Alt me ser no, vart varsla av fleire aktørar i høyringssvara. Dette er vilja politikk, meiner Andreas Unneland.

Unneland er justispolitisk talsperson for SV. Han meiner dette er «ei varsla krise».

Kjell Ingolf Ropstad seier rettane til offer som er utsette for vald ikkje skal bli «svekte på denne måten».

– Det er grufullt å høyre om situasjonen og korleis ho er blitt. Eg meiner me må gjere endringar i lova.

Kjell Ingolf Ropstad fotografert inne på vandrehallen i Stortinget. Han står foran et vegghengt teppe med mønstre i gult, rødt, blått og grønt. Han har blå dress, lys blå skjorte og briller med sort innfatning. Han ser inn i kameraet med et nøytralt uttrykk.

Justispolitisk talsperson for KrF, Kjell Ingolf Ropstad.

Foto: Lise Åserud / NTB

Justispolitisk talsperson for KrF, Kjell Ingolf Ropstad.

Foto: Lise Åserud / NTB

Utilsikta konsekvensar

Justispolitisk talsperson for Høgre, Ingunn Foss, seier til NRK at det var brei einigheit i Stortinget om at lova måtte bli endra.

Det var hennar parti, saman med KrF og Frp, som fremma forslaget om endring då dei var i regjering.

– Hovudmålet var at valdsutøvaren skulle bli heldt ansvarleg for sine handlingar og at utbetalinga av erstatning skulle bli meir effektiv.

Ingunn Foss sitt ansikt vises mellom bakhodet til to personer som står foran henne. Foss har kort, brunt hår og briller med mørk innfatning. Hun har sort jakke og genser. Foss er i fokus i bildet og har et passivt, avventende uttrykk.

Ingunn Foss, justispolitisk talsperson i Høgre.

Foto: Per-Kåre Sandbakk

Ingunn Foss, justispolitisk talsperson i Høgre.

Foto: Per-Kåre Sandbakk

Ho seier at partiet var tydelege på at lova skulle bli evaluert etter at ho vart sett i kraft.

No meiner Foss at lova bør bli sett på igjen:

Det høyrest ut for meg som det er konsekvensar av lova som ikkje var tilsikta. Eg tenkjer absolutt det er grunnlag for å sjå på dette igjen og ta ei vurdering på om det er sånn me ynskjer å ha det.

– Snevre reglar og lite skjønn

Kjell Ingolf Ropstad i KrF seier dei støtta lovforslaget i trua på at ei endring ville føre til ein meir effektiv prosess.

– Erfaringane og konsekvensane som har oppstått i praksis, viser at me må rydde opp, seier han no.

Ropstad seier at resultatet av lovendringa ikkje «samsvarar med det dei forventa».

Han peiker spesifikt på fleire punkt:

  • Dei som ikkje får tilkjent erstatning i ei rettssak, må søke erstatning åleine, utan hjelp frå bistandsadvokat
  • Endringar i fristane for å sende inn kravskjema eller søknad om erstatning
  • Påstått valdsutøvar kan søke innsyn i dokumenta ein leverer med ein søknad på eit tidlegare tidspunkt
Illustrasjon av ein bunke ark som ligg oppå kvarandre. På det øvste arket står det «KRAVSKJEMA» med store, røde bokstavar. under er grå linjer bortover, som skal illustrere tekst.

Om ein vinn mot valdsutøvar i retten og får innvilga erstatning der, sender ein inn eit kravskjema.

Ein illustrasjon av ein bunke papir som ligg oppå kvarandre. På det øvste arket står det «SØKNAD OM VALDSERSTATNING» med store, røde bokstavar. Under er grå linjer, som skal illustrere tekst.

Om saka vert lagt vekk av politiet eller du ikkje får erstatning i ein domstol, må ein sende inn ein søknad.

Då er det ofte mykje info som må med.

illustrasjon. Ein hand held ein mobiltelefon. teikninga er i sortkvitt , med unntak av et rektangel i raudt øvst på mobilskjermen. der står det med kvite bokstavar «DIGIPOST».

Det er i desse tilfella at påstått valdsutøvar blir part og kan søke innsyn i dokumenta.

– Me må ta omsyn til at dette er menneske som kan vere i ein tilstand kor det er vanskeleg å prosessere kva dei har opplevd, seier Ropstad, og held fram:

– I ein slik situasjon er ein ikkje nødvendigvis oppteken av snevre reglar og juss med lite skjønn.

Ville sende lova tilbake

SV ynskja først og fremst å sende heile lova tilbake til Justis- og beredskapsdepartementet for ny behandling.

Venstre og MDG ville det same, men dei fekk ikkje gjennomslag.

Dei enda då med å stemme på dei endringsforslaga fremma av nokre av partia, seier Unneland.

Andreas Sjalg Unneland står i inne i hallen på stortinget. bak ham er utydelige gul-brune vegger i mur og stein. han har brunt hår gredd til siden, mørk dressjakke, genser og hvit skjorte. På det ene jakkeslaget er det festet en grønn og rød SV-pin. Han ser rett inn i kameraet.

Justispolitisk talsperson for SV, Andreas Sjalg Unneland.

Foto: William Jobling / NRK

Justispolitisk talsperson for SV, Andreas Sjalg Unneland.

Foto: William Jobling / NRK

Med endringa vart lova betre, samanlikna med det fyrste forslaget frå Solberg-regjeringa, meiner han.

Likevel, no som lova har fått verke i snart eitt år, opnar Unneland og SV for endring:

– Me hadde ei historisk moglegheit til å lage ei lov som kunne styrka rettane og vernet til ofre for vald. Så har me enda opp med eit system som er alt for dårleg, seier Unneland.

Bistandsadvokat Hilde Cecilie Matre sitt til venstre i biletet, ei kvinne sitt til høgre. Biletet er tatt i speglinga frå døra på ein mikrobølgeomn, så biletet bølgar seg, eller hakkar, på eit vis. Bak dei heng eit verdskart.

Har ikkje lenger krav på bistandsadvokat: – Eit kjempestort problem

«Silje» vart utsett for fleire, grove overgrep frå ein vaksen mann då ho var lita.

Born utsette for vald og overgrep har ikkje lenger rett på hjelp frå bistandsadvokat om dei skal søke erstatning. «Silje» hadde ikkje klart å søke åleine.

Les heile saka her.

Kvinna er anonym av tryggleiksomsyn. Silhuett av kvinne mot lyst vindauge. Ho har hestehale og genser og står i profil. Kvite gardiner.

Trur ikkje politikarane forstår kva dei har vedteke

No kan personen som skada deg søke innsyn i alle dokumenta du sendar med søknaden.

«Kristin» vart utsett for grov vald frå sambuaren i fleire år. Ho trur det blir færre søknadar om valdserstatning etter lovendringa.

Les om «Kristin» og lovendringa her.

Ingvild Wetrhus Thorsvik ser til høyre mot ein person vi berre ser bakhovudet av. Ho har brunt hår og sort, høyhalset genser. Bakgrunnen er blurret/utydeleg.

Born utsette for vald og overgrep har fått dårlegare rettar: – Graverande

Før lovendringa, kunne norske born utsette for overgrep på nett av gjerningspersonar frå utlandet, søke om erstatning frå staten.

1. januar vart dei fråtekne dei rettane.

Les saka her.

Siluett av en kvinne foran et vindu. Kvinnen er helt svart og er fotografert i profil. Bak henne er et vindu ut mot en gate. Bildet er i blått og svart.

Må vente ekstra lenge på erstatning: – Ein kjenner seg tråkka på

Då lova om valdserstatning vart endra, skulle ventetida ned. Så fekk saksbehandlarane beskjed om å prioritere dei nyaste søknadene.

«Marte» blir difor dytta lenger bak i ein allerede lang kø.

Les heile saka her.

Mehl: – For tidleg

Fleire parti på Stortinget er einige om at lova ikkje fungerer godt nok.

– Lova var ikkje god nok. Endringane som vart gjort var heller ikkje gode nok, seier Tobias Lund i Raudt, det einaste partiet som stemte mot endringa.

– Me vil støtte at Stortinget tek initiativ til å betre ordninga, om ikkje regjeringa tek tak i dette sjølv, seier stortingsrepresentant Rasmus Hansson frå MDG.

Partiet sit ikkje i justiskomiteen og kunne difor ikkje ta del i arbeidet med lova.

Ingvild Wetrhus Thorsvik (V) seier ho og partiet hadde fleire innvendingar mot lovendringa då ho vart behandla.

Ingvild Wetrhus Thorsvik sitter på en stol rundt et bord. Hun ser fremfor seg, mot høyre, mot en person som sitter med ryggen mot kameraet. Hun har brunt, langt hår og hvit bluse. Bak henne er hvite vegger og et maleri.

Justispolitisk talsperson for Venstre, Ingvild Wetrhus Thorsvik.

Foto: Per-Kåre Sandbakk

Justispolitisk talsperson for Venstre, Ingvild Wetrhus Thorsvik.

Foto: Per-Kåre Sandbakk

Ho skriv i ein e-post til NRK at lova har fått mange uheldige konsekvensar for menneske utsette for vald.

– Me meiner at lova bør verte evaluert, med sikte på revidering, seier Thorsvik.

I november spurte ho om justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) ville opne for å evaluere korleis lova fungerer.

– Ho svarte, ikkje overraskande, at det er for tidleg å evaluere lova, seier Thorsvik.

NRK har lagt fram for justisdepartementet at seks av ni parti på Stortinget meiner tida er inne for å gjere noko med lova.

Dei hadde ikkje høve til å svare.

Mehl har tidlegare sagt til NRK at alle som vert utsette for vald eller overgrep gjer inntrykk på ho, men at det er for tidleg å trekke konklusjonar om dei generelle erfaringane med lova, etter berre ti månader.

Emilie Enger Mehl står i Stortingshallen. Hun har blondt hår festet bak hodet og har på seg sort- og hvitmønstret jakke. Bak henne er vegger i gult og oransje. Hun har hvit skjorte, som er åpen i halsen. Hun ser til venstre og har et uttrykk som er litt avslappet og litt avventende/spent.

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl.

Foto: William Jobling / NRK

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl.

Foto: William Jobling / NRK

– Skal vere meir automatikk

Mehl er ikkje åleine om å meine at tida for evaluering eller endring ikkje er moden.

Hadia Tajik, medlem av justiskomiteen for Arbeidarpartiet, seier at målet med endringa var eit tydelegare lovverk, kortare behandlingstid og å ta vare på rettstryggleiken til dei utsette betre.

Hadia Tajik samler hendene foran seg og ser mot høyre. Hun har svart dressjakke og svart genser og har langt, løst brunt hår. Bak henne er lys murvegg. Hun ser nøytral ut i ansiktet.

Justispolitisk talsperson for Arbeidarpartiet, Hadia Tajik.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Justispolitisk talsperson for Arbeidarpartiet, Hadia Tajik.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Det same svarar justispolitisk talsperson for Senterpartiet, Ivar B. Prestbakmo, som også skriv i ein e-post:

– Til dømes skal utbetaling av erstatning gå raskare, og det skal vere meir automatikk i desse prosessane.

– No skal utbetaling gå raskare, og det skal vere meir automatikk rundt desse prosessane, skriv Tajik, i ein annan e-post.

Dei er begge einige om at det alltid er lurt med vurderingar av lover med jamne mellomrom.

Tor André Johnsen står på talerstolen i stortinget under en spørretime. Bak ham er lysebrune trestoler med rødt trekk. Johnsen har på blå dress, lys blå skjorte og mønstret slips. Han har blondt hår, briller med kantet innfatning og ser mot venstre.

Tor André Johnsen, justispolitisk talsperson for Framstegspartiet.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Tor André Johnsen, justispolitisk talsperson for Framstegspartiet.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Tor André Johnsen, justispolitisk talsperson for Frp, seier det er for tidleg å snakke om endring av lova på «bakgrunn av enkeltoppslag i media, med relativt tendensiøse vinklingar, etter så kort tid».

– Men om den nye lova har utilsikta konsekvensar, er det noko Frp har interesse av å rette opp, seier Johnsen.