Familiebilde

Alle distriktskommunar håpar å trekkje til seg småbarnsfamiliar som Ystad/Tveito.

Foto: Erlend Dalhaug Daae / NRK

Synne vil flytte heim – men har for høg utdanning for kommunen

Distrikts-Noreg står i fare for meir eller mindre å døy ut, om dei ikkje klarer å lokke til seg unge. Magnus og Synne er akkurat eit slikt par Ål kommune treng. Klarer kommunen å få dei heim?

– Det ser blodraudt ut. Eg forstår ikkje at ikkje fleire er veldig bekymra.

Orda frå kommunalminister Monica Mæland i sommar seier eigentleg det meste. Om ein er glad i bygda, er det lett å bli motlaus av å høyre korleis forskarane i SSB meiner distrikta vil sjå ut i 2040.

Ål

Ål er i dag den mest folkerike kommunen i Hallingdal som til saman har om lag 20.000 innbyggarar fordelt på seks kommunar.

Foto: Erlend Dalhaug Daae / NRK

Det vil framleis bu folk utanfor byane, men meir enn 1 av 3 i mange av distriktskommunane vil vere over 70 år. Det blir ikkje mange barn eller framtidsutsikter av det. I ei fersk undersøking seier 4 av 10 utflytta ungdom frå distriktsfylket Sogn og Fjordane at det er uaktuelt å flytte heim.

Mangel på relevante jobbar

Samtidig sit mange unge par i dei store byane med ynskje om å flytte til ein mindre stad, kanskje heim til der ein av dei har vakse opp. Dei vil kome nærmare familie, natur og ha meir plass rundt seg.

Men på mindre stader finst det ikkje alltid gode, relevante og spennande nok jobbar.

Synne og Magnus er eit slikt par.

Magnus Tveito (34) og Synne Otteraaen Ystad (35) voks opp i den mellomstore bygda Ål i Hallingdal. Bygda med togstasjonen omtrent midt mellom Oslo og Bergen. Da Magnus gjekk siste året på ungdomsskulen blei han kjærast med Synne som gjekk på vidaregåande.

Synne alvorleg

Etter 12–13 år i Bergen hadde Synne Otteraaen Ystad fått nok av bylivet.

Foto: Erlend Dalhaug Daae / NRK

16 år seinare er dei framleis eit par. Dei bur i Bergen, men er så ofte dei kan heime i Ål. Den største draumen har blitt å flytte heim og gje sonen Viljar den same gode oppveksten som dei sjølv hadde.

Det er berre eitt stort problem. Synne har ei fem år lang utdanning som det ikkje går an å bruke heime i Hallingdal. Magnus er veldig skeptisk til om det nokon gong skal dukke opp ei stilling ho ikkje er overkvalifisert for.

Magnus riggar festival

Magnus Tveito driv sitt eige selskap og arrangerer mellom anna festivalar

Foto: Erlend Dalhaug Daae / NRK

Kommunen ser ut til å miste to av sine eigne som faktisk vil flytte heim og bringe nye borgarar til bygda. Det er krise for Bygde-Noreg om par som Synne og Magnus blir buande i byen fordi dei ikkje får jobb.

Dyster statistikk

Berre 18 barn blir fødd i Ål i 2018. I ein kommune med fire barneskular er det ikkje rart at politikarane blir bekymra av så låge fødselstal. I 2017 var det 47 barn i årskullet. Slike tal svingar mykje i små kommunar, men i ein kommune med like under 5000 innbyggjarar er det ingen tvil om at dette er urovekkjande tal.

Går det som SSB ser for seg vil folketalet gå ned med 485 personar i Hellbillies-bygda i 2040.

Det er ikkje berre i Ål i Hallingdal prognosane ser dystre ut. Det er i Oppland, Hedmark, delar av Trøndelag og Nord-Noreg aldringa vil gå verst utover distriktssamfunna.

Ikkje at eldre menneske ikkje er hyggeleg folk, men det blir alt for få personar i yrkesaktiv alder som kan ta vare på desse menneska som stadig lev lenger.

I Bygde-Noreg vil den venta eldrebølgja bli meir ekstrem. I sju små kommunar vil det til og med bli fleire pensjonistar enn yrkesaktive i 2040. Det vil gå utover tilbod og tenester.

Norske kvinner har heller aldri fødd færre barn enn i 2018. Arbeidsinnvandringa frå Aust-Europa som fleire stader har redda bygdesamfunn kjem til å bli mindre framover. Lista er vond og lang.

Det er livsviktig for ein kommune som Ål å få par som Synne og Magnus til å flytte heim.

Ordførar Solveig

Ordførar Solveig Vestenfor (Ap) nektar å sjå negativt på dei dystre statistikkane.

Foto: Erlend Dalhaug Daae / NRK

September 2018.

Ordførar Solveig Vestenfor har kalla kommunestyret inn til ein heil dag med workshop. Det er fargerike post-it lappar og flip-over.

Det store spørsmålet er: korleis kan dei få unge til å flytte til bygda og etablere seg der? Dei vil snu trenden som alle forskarar seier berre skal bli verre.

Solveig veit om mange ålingar som bur i byane og gjerne vil flytte heim. Det er slikt ein veit i ei bygd som Ål.

Ho er den typen ordførar som alltid er positiv. Ho vil ikkje seie ho er bekymra og legg ut om at ho veit om mange par i kategorien til Synne og Magnus.

Ordføraren veit også at det er spesielt ein ting som kan hindre dei. At dei ikkje kan tilby gode og interessante nok jobbar.

Beste og verste som kan skje

Politikarane får i oppgåve å skrive ned kva dei fryktar og håpar skal kome ut av workshopen.

Foto: Erlend Dalhaug Daae / NRK

Politikarane klistrar opp lappar. Ein skriv at det verste må vere at ingen orkar å bu i Ål etter møtet. Andre er redd for at ikkje engasjementet er stort nok. At det berre blir snakk og ingenting blir gjort.

På tavla med håp, står det: at det blir fleire barn, fødselstala går opp og gode idear som aukar folketalet.

I pausane innrømmer kommunepolitikarane at dei er bekymra.

– Kommunane må ta grep

Forskarane på SSB er heilt sikre på at befolkninga i Ål og resten av Hallingdal kjem til å eldast ganske markant framover. Grunnen er at få eldre flyttar og gruppa 65 til 74 år har auka betrakteleg dei siste ti åra.

Dei neste ti åra er det gruppa frå 80 til 90 år som aukar. Kvinner i fruktbar alder blir det færre av.

Det ser dystert ut for mange distriktskommunar. Det er utruleg viktig at kommunane tek grep.

Astri Syse, SSB

Realiteten for kommunepolitikarane på workshopen i Ål er altså brutal. Men i konferanserommet høyrer ein berre latter. Politikarane har fått i oppgåve og helse på kvarandre for å øve seg på å helse på nye innbyggarar.

Det er ein kanskje ikkje flinke nok til, seier ein. Kanskje er det enda vanskelegare å kome inn på bygdefolk om ein er heilt ny. Store klemmar blir gitt til kvar og ein og alle er glade for å helse på dei fiktive nye innbyggarane. Dette er jo draumen.

Helsar på kvarandre

Politikarane i kommunestyret får i oppgåve å øve på å ta imot nye innbyggarar. Det får Solveig Vestenfor og Torhild Bergaplass til å glise breitt.

Foto: Erlend Dalhaug Daae / NRK

Denne dagen har dei i tillegg til gruppearbeidet, høyrt på føredrag og fått tips frå andre som har fått det til. Vesle Vang kommune i Valdres har fortald korleis dei har klart å stabilisere folketalet på rundt 1600 etter mange års kraftig nedgang.

Tiltaka er mange. Dei satsar på store jobbpakker der mange stillingar blir lyst ut samtidig. Dei inviterer innbyggarane og alle nyinnflyttarar på «Fredagskos» der dei nye blir presentert. Og satsar stort på eigedomsformidling. Ordførar Solveig er inspirert.

– Den fredagskosen falt eg veldig for, smiler ho.

– Me vil jo ikkje at denne aldringa skal skje. Nå handlar det om å lande noko konkret som kan motverke det. Ofte blir det berre prat, men det hjelper ikkje med gode tankar. Me er nøydt til å handle.

Det var det dei prøvde i 2016 da Synne fyrst tok kontakt om jobb.

Treng kompetansen til Synne

Ein vinterdag i 2016 har Synne forstått at ho må ta initiativ sjølv om det skal vere mogleg å få ein relevant jobb det er spennande nok å flytte heim til.

Dei har vore klare for å flytte i eit par år. Synne er ikkje like skeptisk som Magnus og trur det må vere bruk ho der heime. Ho skriv ein e-post til Ål kommune og håpar på det beste.

Synne Ystad

Det var eigentleg ikkje før etter at Synne var ferdig med utdanninga ho skjønte at ho ville flytte heim til Ål.

Foto: Erlend Dalhaug Daae / NRK

I Ål sit kommuneoverlege Øystein Lappegård og tek imot mailen. Han forstår at her kan kommunen få ei dame med stor kompetanse som kommunen treng.

Han veit at bygda har mange eldre og berre får fleire og fleire av dei i åra som kjem. Mange eldre slit med undernæring og får ikkje i seg god og riktig nok mat. Der har Synne som klinisk ernæringsfysiolog ekspertkompetanse.

Men Ål kommune har ikkje råd til ei slik stilling. Kommuneoverlegen forstår ikkje heilt korleis dei skal få det til heller.

Magnus fiksar festival

Magnus Tveito driv sitt eige selskap Fjellfest og blir mellom anna leigd inn for å arrangere festivalar. Her riggar han opp til Fårefestivalen i nabokommunen Gol.

Foto: Erlend Dalhaug Daae / NRK

For jobben til Magnus er det beste å flytte heim til Ål. Han har laga sin eigen arbeidsplass og legg til rette for at andre kan gjere det same. Mellom anna har han bygd opp bygdas største happening – sykkelfestivalen Hillbilly Huckfest.

Ein gong var han ein av landets råaste skikøyrarar. Magnus levde av hobbyen og reiste verda rundt på ski, medan Synne studerte i Bergen.

Magnus Tveito på ski

Magnus Tveito levde av skikøyringa i fleire år og brukte store delar av vintermånadane i Alpane, som her i Gargellen i Austerrike.

Foto: Vegard Breie

Det var gjennom arbeidet med festivalen at skikarrieren og auget hans blei øydelagd.

Magnus trefte ein stein med ei ryddesag og ein metallsplint fauk som eit prosjektil gjennom visiret og rett i auget. Sidan har Magnus sett på berre eitt auge og mangla djubdesyn.

Magnus og Viljar på festival

Sonen Viljar får vere med far Magnus på sin fyrste Hillbilly Huckfest på 10-årsjubileet i 2017.

Foto: Vegard Breie

– Det blei eit vegval for Magnus, seier Synne og ser på sambuaren som smiler lurt.

– Da måtte eg satse på Synne.

Vegvalet førte dei langt nærmare ei heimflytting til Ål. Men framleis hadde berre ein av to jobb.

Gol-Geilo?

Ål ligg 194 kilometer frå Oslo og 270 kilometer frå Bergen.

Foto: Erlend Dalhaug Daae / NRK

Ville bruke utdanninga

Snøballen begynte å rulle med mailen Synne sende i 2016. Kommuneoverlegen inviterte nabokommunane i Hallingdal til samarbeid. Prosessen var tung og det tok tid.

Lenge høyrde ikkje Synne noko frå kommunen. Synne rakk å bli gravid og sonen Viljar blei fødd før dei visste om det var mogleg å flytte heim.

Dei trengde heller ikkje å ta omsyn til to forskjellige heimstader som mange par må når ein skal flytte. Begge hadde familiane sine og all tilknyting og identitet i same bygd.

Det var da Viljar blei fødd dei for alvor innsåg at dei ikkje ville bu i byen.

Viljar kunne få vakse opp med to sett med besteforeldre i nærleiken. Det var ingenting dei meir ville enn å flytte til heimbygda Ål. Skulle det likevel ikkje gå?

Viljar og mor og far

Dei siste åra i Bergen var dei så mykje heime i Ål at det føltes som heime, sjølv om dei ikkje visste om det kunne bli ein realitet.

Foto: Erlend Dalhaug Daae / NRK

Da Synne høyrde frå kommunen att var det snakk om ei stilling, men ikkje ei som passa utdanninga. Magnus var skeptisk til å flytte heim om han ikkje var sikker på at Synne ville trivst i jobben. Synne visste at det er unntakstilstand om små kommunar som Ål har klinisk ernæringsfysiologar.

I juni i år kom telefonen som snudde alt.

Samarbeidsprosjekt

Ål kommune klarte ikkje sjølv å tilby jobb. Men i samarbeid med dei andre fem kommunane i Hallingdal skjedde det ting. Etter lang tids arbeid kunne kommuneoverlege Lappegård fortelje Synne at dei hadde fått til ei 60 prosents stilling som ernæringsfysiolog i heile Hallingdal. I tillegg kunne ho få 20 prosent i Halling Sjukestugu.

Synne forstår at stillinga er designa for ho. Og heilt perfekt. Ho måtte sjølvsagt søkje. I juni i år kunne Øystein Lappegård ringe til Bergen og ynskje velkomen heim. Blant seks kvalifiserte søkjarar var ho den sterkaste.

Ved frokostbordet

Medan den vesle familien siklar på drøymetomta bur dei i eit mellombels hus midt i skisenteret i Ål.

Foto: Erlend Dalhaug Daae / NRK

Jobben Synne og iallfall Magnus nesten ikkje klarte å forstå korleis skulle dukke opp i Ål, var ein realitet.

– Da var det berre å flytte heim. Det var jo jobben din det stod på, seier Magnus med eittåringen Viljar på fanget eit halvår etter.

Synne nikkar. Dei et frukost i det mellombelse huset midt i skisenteret i Ål med utsikt til både fjell og besteforeldre. Snart skal Synne køyre dei ti minutta til sentrum til den nye jobben sin. Ho jobbar med å kurse helsearbeidarar i heile Hallingdal i ernæring.

Stillinga er eit prosjekt over to år. Ein spennande og givande jobb, som gjer at Synne ikkje føler ho trappar ned ved å flytte heim til distriktet.

– Nå må eg vise at eg er uerstatteleg. Dei har jo verkeleg vist at dei vil ha oss heim, flirer ho.

Synne på jobb

Jobben i dei seks Hallingdalskommunane går mellom anna på å kurse helsefagarbeidarane i ernæring for eldre og sjuke.

Foto: Erlend Dalhaug Daae / NRK

Vil få ting til å skje

Kommunen klarte å legge til rette for at ein ung familie kunne flytte heim. Men problemet er stort og Synne og Magnus veit heimbygda er inne i ein skummel trend det blir vanskeleg å rette opp.

Magnus vil få ting til å skje i Ål. Han og kameratane har planar om å starte ein arrangementspub. Dei har alt starta eit kreativt kontorfellesskap. Dei veit at fleire vurderer å flytte til Hallingdal fordi det skjer ting her. Det må det gjere skal det vere mogleg å gjere noko med den dystre trenden.

Magnus og Viljar

Viljar er heldigvis lykkeleg uvitande om kor dyster framtidsutsiktene til kommunen han har flytta til er.

Foto: Erlend Dalhaug Daae / NRK

Dei to foreldra ser på avkomet som stabbar seg av garde og tviheld på vogna som gjer at han tørr å gå aleine.

– Me vil jo ha litt unge folk her, ikkje sant, Viljar? spør mor.

Far Magnus smiler og tek sonen opp på fanget.

– Me har jo lyst til å bidra. Me har jo ikkje lyst til å bu i ei bygd med berre gamlingar.