Hopp til innhold

8 av 10 kommunar satsar feil for å få nye innbyggarar

Nærmast alle kommunar satsar på kampanjer for å folk til å flytte til kommunen sin. Det fungerer nesten aldri, seier distriktsforskar.

Ved frokostbordet

Det var ikkje kampanjar som fekk Magnus Tveito og Synne Otteraaen Ystad til å flytte heim til Ål. Jobb, skuletilbod og at det skjer ting i bygda er viktige faktorar for dei.

Foto: Erlend Dalhaug Daae / NRK

– Folk flyttar ikkje heim eller til ein kommune på grunn av kampanjar.

Hildegunn Nordtug er rådgjevar ved Distriktssenteret i Steinkjer. Der jobbar dei for å styrke lokalsamfunn og gjere dei meir attraktive.

For som NRK fortalde i går har distriktskommunar ei svært tøff framtid framfor seg.

Hildegunn Nordtug

Rådgjevar Hildegunn Nordtug meiner kommunane må tenkje på heilskapen og ikkje kampanjeprega stunts.

Foto: Distriktssenteret

Vil gå utover tilbod og tenester på bygda

I Bygde-Noreg vil den venta eldrebølgja bli meir ekstrem. I 2040 vil meir enn 1 av 3 i fleire kommunar vere over 70 år, ifølgje tal frå SSB. Spesielt bygder i Oppland, Hedmark, Nordland og delar av Trøndelag ligg dårleg an.I sju små kommunar vil det til og med bli fleire pensjonistar enn yrkesaktive i 2040. Det vil gå utover tilbod og tenester.

– Det er utruleg viktig at distriktskommunar tek grep. Det vil ha mykje å seie for livskvaliteten til dei som bur i distriktskommunane, seier Astri Syse som har jobba med desse befolkningsframskrivingane som forskar hos Statistisk sentralbyrå.

Alle brukar naturen som lokkemiddel

Derfor er kommunar og bygder heilt avhengige å tiltrekkje seg unge folk. Men mange satsar heilt feil, ifølgje Nordtug.

– Me ser at kampanjeprega stunts fungerer dårleg. Det kan så klart vere med på å skape merksemd og at innbyggarane blir stolte av heimstaden sin, men folk flyttar av heilt andre årsaker.

Hallgrim Rogn og Solveig Vestenfor

Forskarane meiner kommunane må lære av dei som har fått til det. Det var nettopp derfor ordførar i Ål, Solveig Vestenfor inviterte Hallgrim Rogn frå Vang i Valdres tidlegare i haust.

Foto: Erlend Dalhaug Daae / NRK

Gjennom kartlegginga dei har gjort ser dei også at mange kommunar lokkar med det same og satsar på ei snever gruppe. Dei vil gjerne få heim att dei som har flytta ut av kommunen sin og helst småbarnsfamiliar. Og brukar nærheit til flott natur som det viktigaste lokkemiddelet.

– Det er mange som marknadsførar seg med fin natur, men det kan dei fleste distriktskommunar tilby. Det må vere noko meir, seier Nordthug og fortel om gruppene dei bør satse meir på.

– Dei single over 45 år og innvandrarar ser ikkje ut til å vere interessante for kommunane. Dei hendvender seg til ei snever gruppe, spesielt til småbarnsfamiliane, seier Nordtug.

Mogleg å unngå forgubbinga

Vang i Valdres er ein av kommunane som har satsa stort dei siste åra for å få auka tilflytting. Kommunen har klart å stoppe ein dramatisk nedgang i folketalet med mange forskjellige tiltak og på meir enn berre kampanjar.

Nedadgåande kurve

Grafen viser korleis folketalet i fjellkommunen Vang i Oppland falt dramatisk frå 70-talet til 2000-talet. For åtte år sidan skjønte kommunen at dei måtte ta tak og dei siste åra har dei klart å flate utviklinga ut.

Foto: Erlend Dalhaug Daae / NRK

Dei utlyser mellom anna større jobbpakker slik at ikkje berre ein i paret skal finne seg jobb, jobbar aktivt for å ha forskjellige typar bustader, legg til rette for næringslivsutvikling og har arrangement som gjer at tilflyttarar kan få eit nettverk.

– Klarer ein å skape levande lokalsamfunn, får du levande kommunar og distrikt også. Viss ein klarer å jobbe på ein måte der alle tek i eit tak, er det fullt mogleg å unngå forgubbe bygdene, meiner Hallgrim Rogn, som har stillinga «innovangsjonsminister» i bygda.

Må lære av kvarandre

Forskarane hos SSB trur det blir vanskeleg å snu sentraliseringstrenden heilt. Men med gode tiltak kan det vere mogleg å bremse bygdeforgubbinga.

– Sentraliseringa har vore ein veldig stabil trend, så eg har liten tru på at ein kan snu den. Ein kjem likevel langt med ei bremsing og det er nokre kommunar som klart det. Eg vil anbefale at ein ser til dei kommunane og prøvar å lære, seier Astri Syse.

Ål

Ål i Hallingdal er ein av kommunane som vil bli påverka av at innbyggarane blir eldre og eldre i åra framover.

Foto: Erlend Dalhaug Daae / NRK