Hopp til innhold

Store grupper av bygde-ungdom vil ikkje flytte heim

BERGEN (NRK): Nær heile årskull er i ferd med å forsvinne frå Bygde-Noreg. Marte Sandal Gangsø er usikker på om ho nokon gong vil forlate bylivet.

Ingrid Årdal og Marte Sandal Gangsø

BY FRAMFOR BYGD: – Det er klart det ikkje er bra for utviklinga i Måløy viss mange unge ikkje kjem heim. Det er viktig at ein ikkje bygger ned samfunnet i staden for bygge det opp, seier Marte Sandal Gangsø (t.h) frå Måløy. Saman med venninna Ingrid Årdal lever ho studentlivet i Bergen.

Foto: Ole Heilevang / NRK

– Det er mykje i ein by du ikkje møter i heimbygda. Ein kan møte partnarar frå andre plassar, og ein vil utforske arbeidsmarknaden. Då er det naturleg at ein blir verande, seier Ingrid Årdal frå Jølster.

Saman med venninnene Marte Sandal Gangsø og Miriam Sandes har ho flytta frå Sogn og Fjordane til kollektiv og studenttilvære i Bergen.

I ei meiningsmåling seier fire av ti, som bur utanfor Sogn og Fjordane, at det er svært, eller noko usannsynleg at dei bur i heimfylket om fem år. To av ti er høgst usikre, viser ei spørjeundersøking Sentio har gjort for NRK og Fjordenes Tidende.

Store delar av årskull flyttar vekk

Forskar Gro Marit Grimsrud ved Norwegian Research Centre har sett på flyttemønster blant unge. Ho seier flyttestraumen går frå land til by.

– I utkantstrøk er det opp mot 80 prosent av årskulla som flyttar ut. Då snakkar vi ikkje om dei som flyttar for å ta utdanning, men dei som registererer utflytting, seier Grimsrud.

Tala frå meiningsmålinga er ikkje godt nytt for eit fylke der flyttepilene alt peiker feil veg.

– Når dei unge flyttar ut frå bygda til byane, får dei borna i byane i staden for i bygdene, som bidreg til at befolkningsveksten skjer i sentrale strøk, seier forskar og demograf i SSB, Marianne Tønnesen.

Gro Marit Grimsrud

UTFORDRINGAR: Kommunar med store avstandar og få folk vil møte utfordringar, seier forskar Gro Marit Grimsrud.

Foto: Odd Iversen / NRK

Ifølgje befolkingsframskrivingane til SSB vil Noreg få ein folkevekst på kring 700 000 fram mot 2040. Likevel er det varsla nedgang i kring 40 prosent av kommunane.

– Framover blir ein stadig større del av befolkninga i dei eldste aldersgruppene. Det ser vi i heile landet, med ujamt fordelt mellom by og land. Distriktskommunane har den kraftigaste aldringa, seier Tønnesen.

– Saman med at dei unge flyttar ut, blir det ein dobbel effekt.

Dette kan få følgjer.

– Det er mange utfordringar i kommunar med store avstandar og få folk, særleg når befolkninga blir eldre. Det kan vere utfordrande å få nok folk til å drive kommunane som samfunn, seier Grimsrud.

Held valet ope

I meiningsmålinga frå Sentio svarer om lag 21,3 prosent av dei spurde at dei trur det er svært sannsynleg at dei faktisk vil flytte heim.

Tilbake i Bergen er ingen val tekne. Byen er staden å vere no, framtida open. Jobbmoglegheiter vektar tungt, men også kjærleiken dreg. Både Sandnes og Gangsø trur dei framleis bur utanfor heimfylket om ti år. Årdal trur ho er flytta heim, eller i alle fall er i vurderingsfasen.

– Eg kan absolutt tenke meg å flytte heim til Sogn og Fjordane. Det er ein fantastisk plass. Ein tenkjer kanskje at det å flytte heim til Jølster kan bli litt kjedeleg i lengda. Eg kan nok få meg jobb heime, men det er klart det er mindre å velje i enn i byen.