Hopp til innhold

Får millionar til nytt naturprosjekt: – Vesentleg å få til kartlegging

Norsk natur blir bygd ned. No blir millionar gitt til KI-forsking, og klima- og miljøministeren seier dette er viktig for framtida.

Myr, Vegglifjell

Myrer og våtmark er blant våre sterkast trua naturtypar. Her frå Vegglifjell.

Foto: Cecilie Valentine Brekke / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Den manglande kunnskapen skaper utfordringar i samband med blant anna arealplanlegging og offentleg forvaltning.

Det seier avdelingsdirektør for Kartverkets forskings- og utviklingsavdeling, Astrid Marie Flattum Muggerud.

Norsk natur blir bygd ned – og særleg dei svært trua typane myr og våtmark er utsett.

Muggerud viser til undersøkingar som anslår at fleire tusen kvadratkilometer med myr og anna våtmark har minka eller blitt øydelagd dei siste åra.

Dette grunna arealbruksendringar.

Astrid Marie Flattum Muggerud

Astrid Marie Flattum Muggerud hos Kartverket.

Foto: Kartverket

Utviklinga held fram.

– Våtmark er truleg eit av dei viktigaste økosystema i Noreg, både for klimaet og for artsmangfaldet, supplerer Carl William Lund, overingeniør i Kartverkets forskings- og utviklingsavdeling.

– Kan redusere nedbygging av natur

Nå skal Kartverket samarbeide med Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), Norsk institutt for naturforsking (NINA), Norsk Regnesentral og Miljødirektoratet.

Ved bruk av blant anna kunstig intelligens (KI), informasjon frå satellittbilde og offentlege kartdata, er håpet at ein skal få ei betre oversikt over myrar og våtmark i heile Noreg.

Ein går ut frå at våtmarkene er leveområde for rundt 15 prosent av dei trua artane våre.

Carl William Lund, Kartverket

Carl William Lund hos Kartverket.

Foto: Kartverket

I tillegg bind dei over 300 prosent meir karbon enn skog- og jordbruksareal – samanlagt.

– Likevel veit vi lite om kor våtmarkene våre er lokaliserte, særleg over tregrensa. Det vil prosjektet «Landsdekkande våtmarksdatasett» prøve å gjere noko med, seier Lund.

I NIBIOs arealundersøking er det berekna at det manglar rundt 10.000 kvadratkilometer våtmark i dei nasjonale karta.

Derfor er det sentralt og vesentleg å få til kartlegging, seier Muggerud.

Myr

Rundt 10.000 kvadratkilometer våtmark manglar i dei nasjonale karta våre.

Foto: Cecilie Valentine Brekke / NRK

Vi som bygde ned landet

Nedbygginga av norsk natur fortset i eit rasande tempo, noko som blei dystert dokumentert i NRK-saka «Norge i rødt, hvitt og grått».

Kartlegginga viste at vi til saman ofrar minst 79 kvadratmeter i minuttet.

Ein NINA-rapport frå 2023 kunne fortelje at kommunane har sett av 164 kvadratkilometer til utbyggingsformål. NIBIO har også undersøkt faktisk nedbygging i perioden 2013–2018.

Myr, Vegglifjell

Myr eller motorveg? Det er ofte spørsmålet.

Foto: Cecilie Valentine Brekke / NRK

Miljødirektoratet har rekna:

Blir 164 kvadratkilometer bygde ned, vil det gi eit samla klimagassutslepp på mellom 19 og 55 millionar tonn CO2-ekvivalentar, avhengig av myrdjupne.

Til samanlikning var dei samla norske klimagassutsleppa i 2022 på 48,9 millionar tonn CO2-ekvivalentar.

Les også Må skrote Natos radaranlegg: – Et kjempedigert inngrep i naturen

Gyrihaugen

Ikkje perfekt, men ønskt velkommen

I desember foreslo Miljødirektoratet å frede all myr i Noreg.

– Forbod mot nedbygging av myr vil hindre frigjering av klimagassar som har vore lagra i tusenvis av år, sikre framtidig karbonbinding og samtidig bidra til at over 600 artar på raudlista får behalde heimane sine, uttalte Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Ellen Hambro er direktør i Miljødirektoratet

Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.

Foto: Miljødirektoratet

NIBIOs arealstatistikk viser at når sumpskogen og tresette myrar også blir tatte med, omfattar dette i underkant av 30.000 kvadratkilometer.

Det svarer omtrent til 9 prosent av landsarealet i Noreg.

Skal Miljødirektoratets forslag om å frede myr la seg gjennomføre, trengst likevel ei nøyaktig oversikt over kor myr og våtmark er.

Ennå er det usikkert nøyaktig kva som er mogleg å identifisere med KI og fjernmålingsdata.

Prosjektpartane uttaler likevel i pressemeldinga si at i ein situasjon der «35 prosent av våtmarka manglar i karta, er det grunn til å ønske eit forbetra kartgrunnlag velkommen, også om det ikkje er perfekt».

Les også Her er Norges største natur­inngrep

Collage med byggefelt

I forslaget vil det berre vere mogleg å gi løyve til bygging i myr viss tiltaket er heilt nødvendig av omsyn til vesentlege samfunnsinteresser.

Slik som bygging av samfunnskritisk infrastruktur, eller i andre særlege tilfelle når det er nødvendig for regional eller viktig lokal infrastruktur, grunngir miljødirektør Hambro.

– Store utslepp, seier klima- og miljøministeren

NRK legg fram tala for klimagassutsleppa for klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap).

Han seier dette:

– Det er store utslepp, og det er ein av hovedgrunnene bak regjeringas ønske om å forby nedbygging av myr. I tillegg til å vere ein svamp for CO₂-utslepp, er myr også viktig for naturmangfald og klimatilpassing.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) på Nyhetsmorgen.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK

– Kva synest du om Miljødirektoratets forslag om å frede all myr i Noreg?

Miljødirektoratet har levert et grundig og godt grunngav lovforslag, svarer Eriksen.

Forslaget er nå til vurdering, og vanleg saksgang er at det skal vere ein offentleg høyring før lovforslag fremmast for Stortinget.

Det er viktig at berørte offentlege og private aktørar får uttale seg før det takast endeleg stilling til om forbod er vegen å gå og korleis det i så fall bør utformes.

Prosjektet startar 1. april 2024 og vil vare i tre år.

Eriksen seiar at regjeringa er opptatt av at vi bruker arealene våre på ein meir berekraftig måte.

– Denne kartleggingen bidrar aktivt til at vi kan redusere nedbygging av natur.

Hei!

Hei. 

Hyggelig at du leste helt hit ned. Fikk du noen tanker da du leste denne artikkelen? Har du tips til andre nyheter, reportasjer eller historier NRK bør fortelle?  

Send meg gjerne e-post. 

Tips og informasjon behandles konfidensielt.

Her er en aldri så liten bukett saker jeg har skrevet: 

Sondre (21): – I dataspillene er jeg ikke handikappet

Mahrous avverget knivdrap på kvinne: – Jeg er ikke en helt, men hadde gjort det igjen

Ett stikk fra denne, og du kan klø i ett år

Nå har «Flekkulf» fått seg venner

Aksjonerte foran stortinget

Når er drapsdømte friske nok for et normalt liv?