Hopp til innhold

Breivik: - Pompøsitet var feilslått propaganda

Ordet «pompøs» har blitt ein gjengangar i forklaringane til Anders Behring Breivik i retten. Onsdag forklarte han dommarane kva som var tanken bak den såkalla pompøse retorikken.

Breivik og dei sakkunnige rettspsykiatrane i sal 250

Anders Behring Breivik kritiserte i dag arbeidet til dei fire sakkunnige rettspsykiatrane. Samstundes tek han sjølvkritikk for å ha nytta villeiande pompøs retorikk.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Også på onsdag, den 8.dagen i retten, nytta Breivik ordet pompøst ei rekkje gonger. Torsdag førre veke sa han ordet heile 33 gonger i løpet av rettsdagen.

Rettspsykiater Torgeir Husby har saman med dei tre andre sakkunnige vore til stades kvar dag i retten, og registrert den hyppige bruken av det spesielle ordet. Onsdag spurde Husby tiltalte kva som var grunnen til at han i utgangspunktet var pompøs.

Som marknadsføring

– Eg ønskte å bruka den rettspykiatriske rapporten som propaganda fordi eg visste at den ville leka ut. Det ville vore interessant å skildra det som stod i kompendiet så nøye som mogleg. Det var for å marknadsføra, det viste seg å vera heilt feil, svara Breivik.

– Også i skildringa av det påståtte Knight Templar-nettverket dreiv eg med pompøseri for å bruka dykk og politiet som ein marknadsføringskanal, la han til.

Den terror-tiltalte hevdar pompøse ordval og formuleringar kan ha fått han til å framstå som irrasjonell, og dermed bidrege til utilreknelegheitskonklusjonen i rapport nummer éin. Ein konklusjon han er sterkt usamd i.

– Eg tek sjølvkritikk for det. Eg har nok framstilt det som litt pompøst, seier Breivik.

Modererte seg

Breivik brukar no ordet gjennomgåande om innhaldet i kompendiet sitt, og om framstillingar han tidlegare har gitt i samtalar med både politiet og med dei første sakkunnige rettspykiatrane.

Samstundes hevdar 33-åringen at han i ettertid har forstått at dette var eit feilsteg, og at han følgjeleg har tona ned pompøseri-retorikken. I store trekk meiner han likevel å ha formidla det same til alle psykiatrane.

– På kva måte begynte du å registrera at du hadde vore pompøs, og ville moderera deg? fortsette Husby.

– Det står skildra i omstenda rundt då eg første gong snakka om det i avhøyr, sa Breivik, som med det ikkje vil svara på spørsmålet.

– Har ikkje sagt «pompøs» før 1. mars

For Breivik er det viktig å bli erklært tilrekneleg. Av den grunn brukte forsvararane hans mykje tid på å overbevisa dommarane om at Breivik heile tida har visst at han har formulert seg pompøst.

Då fagdommar og administrator Wenche Elizabeth Arntzen bad tiltalte om å gjera greie for kva tid han først tok i bruk dette ordet, forklarte Breivik at han hadde brukt ordet over lang tid, også i politiavhøyra.

Men då aktor Svein Holden tok ein sjekk med etterforskarane som bistår aktoratet i eit tilstøtande rom på tinghuset, kom det fram at det først var i eit avhøyr den 1.mars i år at ordet pompøs vart registrert.

– Kva? Nei, det kan ikkje stemma, det kan IKKJE stemma altså. Då må du sjekka på nytt, var Breivik sin reaksjon på den innskotne opplysninga.

Forsvarar Vibeke Hein Bæra poengterte deretter at ikkje alle ord blir tekne med i samandrag av avhøyra.

Meiner psykiatrane lyg og er mentalt ustabile

Eivind Dahl Thoresen

Eivind Dahl Thoresen (26) kom til tinghuset for å vitna på krykker. Jusstudenten overlevde terroråtaket i Regjeringskvartalet, men vart hardt såra.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Onsdag fekk Breivik høve til å kommentera psykiatrirapportane. Han gjekk særleg til åtak på den første, laga av Torgeir Husby og Synne Sørheim.

Breivik meiner 80 prosent av innhaldet i deira rapport er løgn, og presenterte for dommarane fem teoriar for kvifor han trur dei erfarne psykiatrane vil dikta opp størsteparten av den 243 sider lange rapporten.

LES OGSÅ: Breivik sine fem teoriar om kvifor dei sakkunnige lyg

Den 8.dagen i 22. juli-rettssaka starta med nye grufulle detaljar om korleis bilbomba i Regjeringskvartalet tok livet av åtte menneske i Oslo sentrum. Rettsmedisinarane gjekk gjennom kva Hanne Marie Orvik Endresen, Kjersti Berg Sand, Kai Hauge og Tove Åshill Knutsen døydde av.

Deretter vitna Eivind Dahl Thoresen (26), som vart alvorleg såra men som overlevde bomba. Aktoratet las etterpå opp politiforklaringa til Vidar Vestli, som har operert 12-13 gonger og mista ein fot som følgje av eksplosjonen den 22. juli.

Etterlatte og overlevende hadde møtt opp for å høre Stoltenbergs tale. En av dem var Line Nersnæs som ble skadet under angrepet.

– Jeg er her for å hedre kollegene mine

For to år siden gikk bildet av Line Nersnæs med en pinne i hodet verden rundt. I dag synes hun det er viktig, men også vanskelig å minne de som ikke kom fra angrepet i live.