Hopp til innhold

Nikolas (20): – Dommen betyr ingenting

BERGEN (NRK.no): Nikolas Dale Skjerping håpar han slepp å sjå hat og skadefryd når dommen mot mannen som prøvde å drepa han, kjem fredag.

Nikolas Dale Skjerping var den einaste frå Osterøy som kom heim i live frå Utøya. Han håpar han ikkje ser skadefryd etter dommen mot Anders Behring Breivik.

LIKEGYLDIG: Av tre gode vener frå Osterøy var Nikolas Dale Skjerping den einaste som kom tilbake frå Utøya. Han meiner det er likegyldig kva dom massemordaren får.

Om få timar blir det klart kva som blir framtida til mannen som drap 77 menneske 22.juli 2011.

Nikolas Dale Skjerping (20) frå Osterøy utanfor Bergen er fast bestemt på at det ikkje skal påverka framtida hans. Han meiner det er likegyldig kva dom massemordaren får.

– Om han skal sitja på ei einecelle på Ila med litt ekstra helsepersonell, eller om han skal sitja på Ila utan ekstra helsepersonell, det er ikkje viktig for meg, seier han.

Ein av tre kom heim

Tretten månader har gått sidan 20-åringen drog til Utøya saman med dei to venene Tore Eikeland og Tarald Kuven Mjelde.

Av dei tre som reiste saman frå den vesle øykommunen utanfor Bergen, var det berre Dale Skjerping som kom tilbake i live.

– Det er sjølvsagt veldig tøft. Dei var to gutar eg har hatt kjempemykje med å gjera, og som eg var veldig, veldig glad i. Det pregar deg, og du sit att med tanken om at det kunne ha vore deg, fortalde han til NRK.no like før 22.juli-rettsaka starta.

Tore Eikeland

MISTA VEN: Nikolas Dale Skjerping mista venen Tore Eikeland på Utøya.

Foto: Hommedal, Marit / Scanpix

Vil ikkje sjå skadefryd

Likevel kjenner ikkje Dale Skjerping sinne etter Anders Behring Breivik har gjort.

– Eg var tidleg klar på at eg må bruka energi på det som gir meg overskot. Så lenge eg er trygg på at han ikkje kjem ut att, så er han ikkje verd tida mi, seier han.

Det som derimot er viktig for han, er korleis samfunnet reagerer på dommen.

– Eg håpar me unngår hat og skadefryd, og eg håpar folk har tillitt til rettssystemet også etter at dommen er avsagt. Då får me sjå kva type samfunn me er.

Endrar ikkje saknet

Han legg vekt på at dommen ikkje kjem til å endra saknet etter dei som gjekk bort 22.juli.

– Eg trur dei hadde ynskt ein verdig rettsprosess, at systemet tok ansvar. For det var eit system dei trudde på, og eit system dei stod for, seier 20-åringen.

Tingrettane i Bergen, Trondheim, Tromsø, Tønsberg, Ringerike og Kristiansand har overføring frå sal 250 i tingretten i Oslo frå klokka 10.00 fredag. Domstolen reknar med at det vil ta fem til seks timar å lesa opp dommen.

Bergen tingrett 22. juli

VIDEOOVERFØRING: Her i Bergen og i fem andre tingrettar rundt om i landet vil dei som ynskjer kunne følgja opplesinga av dommen frå sal 250 fredag.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Etterlatte og overlevende hadde møtt opp for å høre Stoltenbergs tale. En av dem var Line Nersnæs som ble skadet under angrepet.

– Jeg er her for å hedre kollegene mine

For to år siden gikk bildet av Line Nersnæs med en pinne i hodet verden rundt. I dag synes hun det er viktig, men også vanskelig å minne de som ikke kom fra angrepet i live.