Willoch meiner vitne-kritikk er urimeleg

OSLO TINGHUS (NRK.no): – Han talte godt, men uriktig, er Kåre WIlloch si oppfatning av sakkunnig-vitnet som i dag skulda han for tåkelegging i innvandringsdebatten.

Video - Urimelig kritikk fra Anfindsen

VIDEO: Kåre Willoch meiner kritikken som blei retta mot han frå eit vitne i 22. juli-saka tysdag, er urimeleg.

Den høgreorienterte samfunnsdebattanten, forfattaren og statistikaren Ole Jørgen Anfindsen vitna i dag som privatengasjert sakkunnig vitne om forsking på innvandringstrender og demografisk utvikling i Noreg.

Han gjekk langt i å skulda Statistisk sentralbyrå (SSB), tidlegare statsminister Kåre Willoch og andre politikarar i å tåkeleggja innvandringsdebatten ved å underrapportera om innvandring til Noreg.

Willoch (83) reagerer på skuldingane som blei retta mot han i Oslo tingrett tysdag.

– Det tykkjer eg er urimeleg. Eg har alltid vore for lite innvandring, og uroa over at et lett kan bli for mykje. Då greier me ikke den inkluderinga av innvandrarane som det gode samfunnet er avhengig av, seier Willoch til NRK.

Ole Jørgen Anfindsen

Den høgreorienterte samfunnsdebattanten, forfattaren og statistikaren Ole Jørgen Anfindsen vitna tysdag som privatengasjert sakkunnig vitne i 22. juli-saka.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

– Politiske og økonomiske årsaker

Han gir Anfindsen rett i at SSB sine prognosar for innvandringstal ikkje alltid stemmer med dei reelle tala.

– Det er riktig at det avvik frå prognosane, men eg kan ikkje sjå at det er ei stor overrasking. Det heng saman med uføreseielege forandringar i politikk og store endringar i verdsøkonomien og i Noreg sin økonomi.

Anfindsen trekte i retten fram ein Dagbladet-artikkel frå 2007. Han la Willoch sine utsegn i denne artikkelen til grunn for skuldingane om tåkelegging.

I intervjuet seier Willoch at han ikkje er overraska over innvandringstrenden, og at dei blei førespegla slike scenario allereie for 19 år sidan.

Er dine utsegn til Dagbladet i 2007 representativt for «tåkelegging» av innvandringsdebatten, slik Anfindsen tolkar det?

–Eg kan ikkje hugsa nøyaktig kva eg sa, men eg trur ikkje det dreier seg om tåkelegging, nei. Det er riktig at me etter 2007 har fått ei kraftig auke i innvandringa frå europeiske land. Det er på grunn av forandring i økonomien og som følgje av EØS-avtalen, svarar Willoch.

– Han talte godt, men uriktig

Willoch seier han er usamd i mykje av det Anfindsen sa under sitt vitnemål tysdag.

– Han talte godt, men etter mitt skjønn uriktig då han ymta om at SSB hadde justert sine prognosar av politiske grunnar.

Men ein ting gir Willoch Anfindsen rett i:

– Breivik og diverre mange andre har ei katastrofal feilvurdering av muslimar. Han forvekslar ekstremistar med muslimar flest. Dette er noko som ofte skjer med andre religionar, seier Willoch, som var statsminister i Noreg frå 1981-1986.