Hopp til innhold

Dette er DNA

Molekylet som lagrar livets informasjon.

DNA helix against the colored background

Kvar celle i kroppen inneheld 180 centimeter av livets molekyl.

Foto: Aleksandr Khakimullin / Colourbox

Deoksyribonukleinsyre, DNA, er livets molekyl. Det lagrar den unike informasjon om kvar enkelt av oss og kontrollerer samtidig prosessane i cellene til alle levande organismar.

For 60 år sidan, I 1953, klarte forskarar for første gong å avsløre strukturen til dette viktige molekylet, og kunne dermed forstå mekanismane for korleis genetisk informasjon blir kopiert og vidareført til nye celler.

DNA

DNA har fire basar til rådvelde, adenin, tymin, guanin og cytosin, og desse går alltid saman i para adenin-tymin og guanin-cytosin.

Foto: Wikimedia commons

DNA har form som ein dobbeltspiral, eller ei slags vindeltrapp. Dobbeltspiralen er bygd opp av to trådar av sukkerfosfat som er knytt saman av basepar på midten.

Rekkjefølgje av basane utgjer genetisk informasjon om til dømes fysiske eigenskapar som hårfarge og augefarge.

Basesekvensane utgjer ei oppskrift som kan lesast av og nyttast til å produsere protein i cellene.

DNA finst i enorme mengder i cellene i kroppen vår, og er vanlegvis krølla opp og lagra i kromosoma i cellekjernane. Det er berekna at vi har så mykje som 20 milliardar kilometer DNA nysta saman inne i oss.

DNA er krølla opp i kromosom som finst i cellekjernen

DNA er til vanleg krølla opp i kromosoma som finst i cellekjernen.

Foto: Kazakov Alexey / Colourbox

Protein først mistenkt

På 1930- talet var det blitt oppdaga at virus, som nesten berre er genar, hadde ein struktur bygd opp av 90 prosent protein og 10 prosent nukleinsyre. Dette gjorde at ein først trudde at det var protein som bar med seg genetisk kunnskap.

Først på 40-talet byrja forskarar å konsentrere seg om nukleinsyra. Denne fanst i to variantar, RNA og DNA. Vidare forsøk på bakteriar, det såkalla Avery-MacLeod-McCarty eksperimentet, viste i 1944 at det var DNA som var ansvarleg for å bringe vidare genetisk informasjon.

Spørsmålet var berre korleis DNA-molekylet både kunne kopiere seg sjølv og bere koda informasjon som førte til utvikling i organismar. Dette fall på plass med oppdaginga av dobbeltspiralen.

Liv fungerer ved at dobbeltspiralen blir delt opp, og den eine tråden blir brukt til å laga ein ny kopi.

Nordmann la grunnlag

Sven Furberg

Norske professor Sven Furberg ved Universitetet i Oslo føreslo ein spiralstruktur for DNA året før Watson og Cricks avslørte DNAets struktur.

Foto: Universitetet i Oslo

Arbeid frå fleire forskarar, blant anna den norske molekylærbiologen Sven Furberg, la grunnlaget for avsløringa av strukturen.

Furberg bestemte strukturen til ein av fire basar som byggjer opp DNA, cytosin. Dette var den første strukturbestemminga av ein DNA-base, og viste seg å bli svært viktig for å kunne sette saman DNA-puslespelet.

Furberg føreslo også ein spiral struktur for DNA i 1949, men hans modell bestod av berre ein tråd.

Francis H. C. Crick, ein av oppdagarane av DNA-strukturen, skildrar Furbergs arbeid som «a remarkable achievement for the time». Crick og Watson viste også til Furbergs arbeid i Nature-artikkelen der dei publiserte sin modell av DNAets struktur.