Hopp til innhold

Vil løyse Alzheimer-gåta med norsk forsking

Nobelprisvinnar May-Britt Moser var blant ekspertane som diskuterte korleis forsking på hukommelse kan nyttast til behanding av demens.

Nobelprisvinnar May-Britt Moser i snakk med norske biotekfirma og Leif-Rune Skymoen i Nansen Neuro

Møte mellom forsking og biotekindustri. Professor May-Britt Moser i diskusjon med Leif Rune Skymoen i Nansen Neuroscience Network, og biotek-leiarane Anders Fugelli i Pharmasum og Håkon Sæterøy i Pre Diagnostics.

Foto: NRK, Unni Eikeseth

Ei rekke av Noregs fremste ekspertar på hukommelse, var samla på ei seminar i Trondheim torsdag.

Tema var korleis framskritta innanfor forsking på hukommelse kan nyttast til å få betre førebygging, men også diagnostikk og behandling av sjukdommar som påvirker hukommelsessystemet.

Behandling av Alzheimers sjukdom, som i dag råkar 70.000 nordmenn, er eitt av dei viktigaste måla for forskarar og legemiddelfirma.

– Må forstå for å kunne reparere

– Då vi var interessert i stadsansen som ein modell av hjernen var det eit sjokk for oss å oppdage at gitterceller var i eit område av hjernen som først vart affisert når du har Alzheimer. Men dei første symptoma hos personar med Alzheimer er at dei slit med stadssansen, og dei slit også på hukommelse, så det gir jo meining, fortel May-Britt Moser ved Kavliinstittutet, NTNU.

– Det vi tenker, er at viss du skal reparere ei vaskemaskin så må du vite korleis ho fungerer, elles så blir det berre ei overflatisk reparasjon. Slik er det også med hjernen – for å kunne reparere delar i den må ein først kunne forstå korleis dei virkar, seier Moser.

Nevroforskar Clifford Kentros ved Kavliinstituttet, NTNU.

Nevroforskar Clifford Kentros ved Kavliinstituttet, NTNU.

Foto: Unni Eikeseth, NRK

– Berre det å forstå korleis systemet fungerer, kan gi deg innsikt i kva som gjekk galt, seier Clifford Kentros som også er forskar ved Kavliinstituttet.

Han studerer blant anna på bruk av virusvektorar i hjerneceller, ein metode for å slå av eller på ulike mekanismar i hjerneceller ved hjelp av virus.

– Når du gir nokon eit legemiddel som virker på hjernen, så vil du også påverke alle andre nerveceller som har den same reseptoren. Men viss du kan adressere legemiddelet til dei riktige cellene, vil du unngå alle bieffektane.

– I mi levetid er eg rimelig sikker på at vi vil behandle nevrologiske sjukdommar med virusvektorar, seier Kentros.

Utviklar ny behandlingsform

Anders Fugelli i det norske biotekselskapet Pharmasum, fortalde at dei er i ferd med å utvikle ein mogleg behandling for Alzheimers sjukdom. Deira metode er basert på eit enzym som ser ut til å vere kopla til proteinflokar i hjernen, såkalla tau-protein.

–Slike flokar av protein ser ut til å smitte frå celle til celle, omtrent som måten prion smittar i sjukdommar som Creutzfeld Jacobs, fortel Fugelli.

Pharmasum vil forsøke å hemme enzyme som forårsakar proteinflokane, for å stoppe alzheimerprosessen. Dei har nokre kandidatmolekyl som dei vil teste ut på dyr i løpet av det kommande året.

I 2017 håpar dei å vere klar til å teste legemidla på menneske.

På møtet presenterte også firmaet Pre Diagnostics ein ny test for tidleg diagnostikk av alzheimer, basert på forsking frå Universitetet i Oslo.

Ved ein enkel blodprøve som måler nedbrytingsstoff i blodet, skal testen kunne slå fast på eit tidleg stadium om ein pasient har alzheimer.

– Stort potensial

Møtet var arrangert av Nansen Neuroscience Network.

– Dette nettverket er oppretta for å gi betre utnytting av norsk nevroforsking, fortel leiar Leif Rune Skymoen.

– Vi har ein stolt tradisjon for forsking i nevrovitskap, og det er satsa stort på denne type i forsking i Noreg så det er eit stort potensial her som vi kan utnytte, seier leiar Leif Rune Skymoen.

–Vi lagar møteplassar der aktørane langs heile utviklingskjeda kan komme saman og skape nye samarbeid, fortel Skymoen.

At norsk nevroforsking no er krona med Nobelpris, vil styrke moglegheitene for å skape internasjonale samarbeid for våre eminente forskingsmiljø, trur han.