Hopp til innhold

Ny vulkan oppdaga under isen i Antarktis

– Vi hadde ikkje venta å finne noko slikt, seier forskar bak oppdaginga.

Maria Byrd land i Vest-Antarktis

Ein kilometer under isen i Maria Byrd-land i Vest-Antarktis fann forskarane ein ulmande vulkan.

Foto: Michael Studinger / NASA Goddard Space Flight Center/ Wikimedia Commons

Forskarar frå Washington University i USA skulle studere iskappa over Maria Byrd-land i Vest-Antarktis ved hjelp av eit nettverk av seismografar, då dei kom over ei heilt anna og overraskande oppdaging.

Målingane viste nemleg to seismiske hendingar utanom det vanlege mellom januar 2010 og mars 2011.

Då forskarane såg nærare på desse hendingane, fann dei at ristinga skuldast ein ny vulkan som er i ferd med å bli danna ein kilometer under isen.

– Vi hadde ikkje venta å finne noko slikt, seier professor Doug Wiens ved Washington University i ei pressemelding. Wiens er ein av forskarane bak oppdaginga som er publisert i Nature Geoscience.

Uvanleg djupt

Mount Sidley i Antarktis

Mount Sidley er den siste synlege vulkanen i fjellrekka Executive Committee Range. Den nyoppdaga vulkanen ligg om lag 50 kilometer unna dette fjellet.

Foto: Doug Wiens

Dei fleste hendingane hadde skjedd på djupner frå 25 til 40 kilometer under overflata, noko som er uvanleg djupt, og svarar til den såkalla Moho-linja der jordskorpa møter mantelen.

Eit så djupt opphav gjorde at forskarane meir eller mindre kunne sjå bort frå isbrear som årsak til ristingane.

Radararbilete over området viser ein bulk i topografien som fell saman med dei seismiske hendingane, samt avslører eit lag av oske under isen i akkurat dette området.

Aust- og vest-Antarktis på veg bort frå kvarandre?

– Dei fleste fjella i Antarktis er ikkje vulkanske, men dei fleste i dette området er det. Om dette skuldast at den austlege og den vestlege delen av Antarktis er i ferd med å drive frå kvarandre, er vi usikre på. Men vi trur at det mest sannsynleg er eit varmepunkt i mantelen her som produserer magma djupt under overflata, seier professor Doug Wiens ved Washington University i ei pressemelding.

Forskarane er sikre på at den nye vulkanen vil få eit utbrot i framtida, og at han også har hatt utbrot tidlegare.

Berre ved eit usannsynleg kraftig utbrot vil kunne bryte gjennom det tjukke islaget, men forskarane trur at eit framtidig vulkanutbrot vil kunne smelte store ismengder.

–Vulkanen vil føre til millionar av liter vatn under isen, nok til å fylle mange innsjøar, seier Wiens.

Forskarane fryktar også at eit eventuelt utbrot kanskje vil kunne auke tap av ismassar i Vest-Antarktis ved å smørje grunnfjellet slik at isen beveger seg raskare.