Amerikanske forskarar har for første gong dokumentert funn av bakteriar som lever i stummande mørke i ein isolert Antarktis-innsjø.
Mikrobane er funne ved å bore gjennom isen i Lake Vida, ein av fleire unike innsjøar i McMurdo Dry Valleys i Antarktis.
– Denne studien gir oss innsikt i eitt av dei mest unike økosystema på jorda, fortel forskar Alison Murray i ei pressemelding.
Ørsmå og talrike bakteriar frå svært salthaldig vatn i den antarktiske innsjøen Lake Vida.
Foto: Christian H. Fritsen, Desert Research Institute– Innsikt i unikt økosystem
Innsjøen Lake Vida ligg under 20 meter is, og vatnet i innsjøen inneheld ikkje noko oksygen. Saltinnhaldet i innsjøen er seks gongar større enn for vanleg sjøvatn, noko som gjer at vatnet held seg flytande sjølv om det held ein gjennomsnittstemperatur på minus 13,5 grader celsius.
– Fram til no har vi hatt svært liten innsikt i geokjemiske og mikrobielle prosessar i mørke, iskalde omgivnader, spesielt temperaturar under null, seier Alison Murray. Saman med Christian Fritsen er ho hovudforfattar på studien som er publisert i Proceeding of National Academy of Science.
– Dette arbeidet utvidar vår forståing av kva typar liv som kan overleve i desse isolerte kryoøkosystema, og korleis ulike strategiar kan bli nytta for å eksistere i slike krevjande miljø, seier Murray.
Forskarar er også interessert i å undersøke andre og meir djuptliggjande innsjøar i Antarktis, blant anna Lake Vostok som ligg 4000 meter under isen, og Lake Ellsworth som er dekka av 3,4 kilometer is. Boring til Lake Ellsworth er planlagt til å starte i midten av desember i år.
- Les også:
- Les også:
Biletet viser forskarteamet i ferd med å bore gjennom isen i Lake Vida. For å unngå å forureine vassprøvane er forskarane kledd i sterile drakter.
Foto: Desert Research Institute, Emanuele KuhnIsolert i 3000 år
Tidlegare studiar av Lake Vida tyder på at den salthaldige innsjøen og organismane som lever der har vore isolert frå utanomverda i over 3000 år.
Korleis liv overlever i desse ramsalte, iskalde, og bekmørke omgivnadene, er eit interessant spørsmål for forskarane.
Ifølgje forskarane kan det tyde på at innsjøens mikrobar delvis får energi frå hydrogengass som blir produsert i innsjøen.
Geokjemiske analysar tyder på at kjemiske reaksjonar mellom det salthaldige vatnet og jernhaldige sediment på havbotnen dannar nitrogenoksid og hydrogengass.
– Det er rimeleg å tru at kjemiske reaksjonar mellom saltvatn og stein kan utgjere ei energikjelde som kan oppretthalde liv, seier Murrays kollega Christian Fritsen f.
– Dersom det viser seg å stemme gir det oss eit heilt nytt rammeverk for å tenke korleis liv kan bli oppretthalde i kryoøkosystem på jorda og på andre iskalde klodar i universet, seier Murray.
Sjå video frå boringa i Lake Vida:
–Viktig å forstå
Astrobiolog og geolog Hans Amundsen synest funnet i Lake Vida er interessant.
– Organismar som lever i stummande mørke i veldig salte løysingar, er eit type scenario som vi kan finne andre stader i solsystemet, seier Amundsen til NRK.no.
Han nemner under bakken i permafrosten på Mars som eit mogleg samanliknbart miljø.
Mens det vil vere for mykje stråling på overflata av planeten, er det mogleg å tenke seg liv kan eksistere i lommer av salthaldig vatn under bakken, ifølgje Amundsen.
– Det å forstå kva desse organismane lever av er viktig for å forstå kvar ein skal leite etter liv på for eksempel Mars, seier han.
Han er også spent på kva undersøkingane i dei djupareliggjande innsjøane som Lake Vostok vil vise.
– Her er det endå særare forhold med endå større trykk og innsjøen har vore isolert lenger.
Russiske forskarar skal etter planen ta vassprøvar frå Lake Vostok mot slutten av 2012.