Hopp til innhold

Kokain kan endre hjernar på få timar

Endringar i hjernen hos mus oppstod berre timar etter første kokain-inntak, viser ny studie.

Mus og nervecelle med forgreiningar

Mus utsett for kokain-injiseringar fekk nye forgreiningar på hjernecellene.

Foto: Colourbox/ UC Berkeley/montasje NRK

Forsøk på mus viser at nye strukturar i hjernen kopla til læring og hukommelse byrja å vekse kort etter inntak av kokain. Dette skriv BBC News.

Mens tidlegare forsøk har vist endringar i hjernen hos kokainavhengige mus etter at dei var døde, skal dette vere første gong forskarar har kunne studere hjerneceller hos levande mus før og etter deira første oppleving med kokain.

Nye forgreiningar på hjerneceller

Endringar i hjerneceller hos levande mus etter inntak av kokain

Time-lapse bilete som viser endringar i forgreiningar på nerveceller hos ei levande mus. Grøne piler indikerer nye forgreiningar, mens blå piler viser tap av forgreiningar og dei gule pilene viser stabile forgreiningar.

Foto: UC Berkeley

Forskarane ved University of California Berkeley og UC San Francisco såg inn i pannelappen til levande mus på cellenivå ved hjelp av ein teknikk kalla 2-foton laser skanning mikroskopi.

Studien som er publisert i Nature neuroscience viser at allereie etter ein dose med kokain vart det danna fleire forgreininga på utløparane til nerveceller i hjernen til musene.

Slike forgreiningar bind saman nerveceller og utgjer knutepunkta i hjernens leidningsnett.

Talet på forgreiningar på musenes nerveceller heng saman med kor mykje kvar enkelt mus lærte å føretrekke konteksten rundt kokainopplevinga.

–Våre bilete gir eit klart bevis for at kokain fører til rask utvikling av nye forgreiningar, og di fleire forgreiningar musene får, di meir lærar dei om kokain, seier førsteamanuensis Linda Wilbrecht i ei pressemelding frå UC Berkeleley.

Funnet kan medverke til å forklare korleis avhengigheit kan overstyre andre sider ved livet hos menneske.

–Ulempen er at du kan lære alt for mykje om kokain på bekostning av andre ting, seier Wilbrecht.

Føretrekte kokain-rom

Forsøka var gjort i ein kasse med to ulike rom med ulik utforming og lukt.

Forskarane registrerte kva rom musene føretrekte å opphalde seg mest i. Injisering med kokain i rommet musene likte minst, viste seg å verke inn på kva rom musene føretrekte etterpå.

–Når dei fekk eit val, føretrekte dei fleste musene å utforske sida der dei hadde fått kokain, noko som indikerer at dei var ute etter meir kokain, seier Wilbrecht.

Det er stor forskjell på mus og menneske, men likevel meiner forskarane at det går an å dra parallellar til rusavhengigheit hos menneske.

Ifølgje Wilbrecht kan endringane i hjernen hos musene forklare korleis narkotika begynner å dominere avgjerdstaking hos stoffavhengige, mens meir daglegdagse handlingar får relativt mindre makt til å kunne påverke hjernens evne til å ta avgjerder.

– Studien gir oss ei forståing av korleis hjernen lærer å bli stoffavhengig, kommenterer Gerome Breen ved King's College London til BBC News.

–Men det er ikkje umiddelbart mogleg å sjå korleis vi kan nytte dette i utviklinga av behandling for rusavhengigheit, seier han.