Hopp til innhold

Hjernar kan vere programmert for å bli rusavhengige

Hjerneskanningar viser at sysken av rusmisbrukarar deler misdanningar i det same område av hjernen. Dette kastar lys på kvifor risiko for å bli avhengig går i familien.

Hjerneskanning

Hjerneskanningar av syskenpar der den eine misbruker narkotika og den andre ikkje.

Foto: Science

Forskarar ved University of Cambridge skanna hjernane til femti syskenpar, der det eine syskenet er avhengig av kokain eller crack, mens den andre ikkje misbruker verken narkotika eller alkohol.

Hjernane deira vart også samanlikna med hjernane til femti friske frivillige.

Dei fann avvik i hjernane til begge syskena, i eit område av hjernen som har med sjølvkontroll å gjere.

Studien som er publisert i Science tyder altså på at enkelte av oss arvar ein hjerne som gjer oss meir tilbøyelege til å bli avhengige av eit rusmiddel.

– Spennande studie

Kokain og hjerne

Hjerneskanningar viste at kokainavhengige sysken delte misdanningar i hjernen med sine ikkje-avhengige sysken.

Foto: Colourbox

– Det har lenge vore kjent at ikkje alle som brukar narkotika blir avhengige, og at menneske med ein risiko for å bli avhengig av rus har problem med sjølvkontrollen. Våre funn kastar lys på kvifor risikoen for å bli avhengige av narkotika er auka hos menneske der narkotika eller alkoholmisbruk går i familien. Delar av hjernane deira som har med sjølvkontroll å gjere, verkar mindre effektivt, seier Karen Ersche i ei pressemelding frå University of Cambridge.

– Dette er ein veldig spennande og godt gjennomført studie, seier professor Jørgen Bramness til NRK.no.

Bramness er forskingsleiar ved Senter for rus- og avhengighetsforskning, SERAF, ved Universitetet i Oslo.

Bramness fortel at forskarar har stort sett vore einige om at rusavhengigheit er ein kronisk tilbakevendande hjernesjukdom, og at det er ein stor genetisk komponent som gjer at nokre er fødde inn i verda med rustilbøyelegheit.

– Det forskarane her gjer er at dei kan peike på kvar denne tilbøyeligheita ligg, seier Bramness.

Senter for sjølvkontroll

Området i hjernen det er snakk om blir kalla det fronto-striatale området. Dette området i hjernen har med sjølvkontroll og impulsivitet å gjere, og styrer også kva effekt ein får ved inntak av rusmiddel.

– Men det studien ikkje klarar å seie så mykje om, er om området peiker i retning av bestemte rusmiddel, eller om dei peiker på ein generell rustilbøyelegheit, seier Bramness.

Bramness trur også det kan bli vanskeleg å finne ut kva det er med akkurat dette området i hjernen som gjer at det gir ein større tendens til å bli avhengig.

Kvifor er ikkje syskena avhengige

Bramness peiker på at studien også opnar for eit interessant spørsmål; Kvifor er ikkje syskena rusmiddelavhengige?

Nettopp dette er forskarane bak studien interessert i å finne ut meir om.

– Gitt at vi trur at nokre formar for rusavhengigheit kjem av dårlege vanar som kjem ut av kontroll, er det svært interessant at søsken som ikkje misbruker rusmiddel viser liknande misdanningar i hjernen som dei som har misbrukt narkotika over mange år, seier Ersche.

Forskarane vil no prøve å forstå kva det er som gjer dei ikkje-rusavhengige søskena motstandsdyktige mot å bli avhengige. Dei håpar dette kan føre til utvikling av meir effektive behandlingar for menneske som er rusavhengige.